Statlege rettleiande retningsliner for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Alle kommunar
Alle fylkesmenn

 

Nr.
A – 1/2010

Vår ref
200706156-/CSH

Dato
17.12.2010

 

Sosial- og helsedepartementet ga 13. februar 2001 rettleiande retningsliner for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova. Det vert vist til rundskriv I-34/2001, der dei rettleiande retningslinene er omtala. Ny lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga blei sett i kraft frå 1. januar 2010. Reglane om økonomisk stønad til livsopphald er vidareførd med same innhald som i sosialtenestelova, og rundskriv I-34/2001 gjer framleis rettleiing for bruk av lova.

Dei rettleiande retningslinene blei prisjustert i 2002, 2004, 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010. Satsane for barn sitt livsopphald blei i 2002 heva utover prisstigninga. Vidare blei alle satsane heva i 2007 og 2009 med 5 prosent utover prisstigninga.

Satsane i dei rettleiande retningslinene vert i 2011 prisjustert i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2011 (1¾ pst.). Dei rettleiande retningslinene er fastsett med følgjande satsar per månad frå 1. januar 2011 (satsar gjeldande frå 1. januar 2010 i parentes):

Einsleg

kr. 5 288

(kr. 5 197)

Ektepar/sambuarar

kr. 8 783

(kr. 8 632)

Person i bufellesskap

kr. 4 392

(kr. 4 316)

Barn 0-5 år

kr. 2 017

(kr. 1 982)

Barn 6-10 år

kr. 2 681

(kr.2 632)

Barn 11-17 år

kr. 3 361

(kr. 3 303)

Dei rettleiande retningslinene omfattar utgifter til det fortløpande, daglege livsopphaldet; mat og drikke, klede og sko, hushaldsartiklar og hygiene med meir, TV-lisens, avis og telefon, fritidsaktivitetar, fritidsutstyr til barn og reiseutgifter (bruk av offentleg kommunikasjon i samband med daglege gjeremål). Jf. rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.5.1.

Utgifter til bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i kjerneområdet i livsopphaldet, jf. rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.4.1, men er ikkje inkludert i utrekningsgrunnlaget for dei rettleiande retningslinene. Spørsmålet om stønad til dekning av denne typen utgifter må vurderast særskilt i kvart enkelt tilfelle. Dette gjeld og dersom stønad vert utmålt på grunnlag av dei rettleiande retningslinene.

Utgifter som i rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.4.2 er definert som spesielle utgifter er ikkje inkludert i utrekningsgrunnlaget for dei rettleiande retningslinene. Dette gjeld utgifter i samband med høgtids- og merkedagar, fritidsutstyr, spedbarnsutstyr, barnepass, skulestart, vidaregåande opplæring, utgifter knytt til samvær med born, lege, psykolog mm., legemidlar, tannbehandling, syns- og høyrselshjelpemidlar mm., flytteutgifter, vedlikehald av egen bustad, bilhald og elles særlege behov. Dette er utgifter som avhengig av den konkrete situasjonen kan vere ein del av livsopphaldet, og i desse tilfella skal inngå i grunnlaget for utmåling av stønad. Det vert vist til kommentarar til dei ulike utgiftstypane i rundskriv I-34/2001.

Økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga er ein skjønnsmessig yting, jf. lovas § 18 første ledd. Dei kommunale tenestene i NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjønn når dei vurderar om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i dei rettleiande retningslinene må derfor sjåast på som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønn som skal utøvast. Det vert vist til rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.5.2 om forholdet mellom individuell behovsprøving, kommunale normer og statlege rettleiande retningsliner.

 

Med helsing
Tom Gulliksen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Heidi Lohrmann
avdelingsdirektør