Endringar i opplæringslova og privatskulelova

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Høyringsbrev

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 18.02.2000

Høyringsinstansane
(sjå vedlagt liste)

Vår ref 99/8918
Dato 17.12.99

Høring - Forslag om endringar i lov av 17. juli 1998 Nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), og i lov av 14. Juni 1985 Nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

Departementet legg med dette fram fleire forslag til endringar i opplæringslova, sjå vedlagt høringsnotat. Endringane er i hovudsak oppfølging av St. meld. nr. 42 (1997-1998) Kompetansereformen og St. meld. nr. 32 (1998-1999) Videregående opplæring. I tillegg kjem nokre andre lovforslag, som oppheving av ordninga med godkjenning av lærebøker. Forslaga om endringar i privatskulelova knytter seg til reglar om politiattest og klage på enkeltvedtak om spesialundervisning og skyss.

Reglane knytta til rett til gratis skyss er ei vidareføring av det som følgjer av opplæringslova § 5-2 og § 7-5. Departementet ber om høringsinstansane sine merknadar knytta til desse ordningane.

Departementet ynskjer høringsinstansane sitt syn på når det er rimeleg at den vaksne skal ha krav på at grunnskoleopplæringa startar, eventuelt om ein skal operere med ein søknadsfrist.

Departementet ber også særskilt om kommentarar til omgrepa knytta til fagopplæring og om ein eventuell klageordning på lærebøker.

Høyringsfristen er sett til 18. februar 2000.

Med helsing

Stig Klingstedt
ekspedisjonssjef

Lars Gunnar Nag
førstekonsulent

Vedlegg
Høringsnotat om endringar i opplæringslova og privatskulelova

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen