Forenkling og tilrettelegging for næringslivet - handlingsplan for Eit enklare Noreg

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Kommunar og fylkeskommunar



Dykkar ref

Vår ref
200402098-70

Dato
31.01.2005


Forenkling og tilrettelegging for næringslivet - handlingsplan for Eit enklare Noreg

Forenkling og tilrettelegging for næringslivet er ei næringspolitisk hovudsak for samarbeidsregjeringa. Målet er at norsk regelverk skal vere minst mogleg ressurs­krevjande å etterleve og framstå som ein fordel for bedrifter lokalisert i Noreg. Bedriftene vil dermed kunne bruke meir av si tid på produksjon og utvikling, og mindre på administrasjon.

Eit godt utforma regelverk og gode offentlege tenester er med på å gje føreseielege og gode rammevilkår for næringslivet. Det vil også fremje entreprenørskap og innovasjon i samfunnet. Slik kan vi ta vare på og vidareutvikle dagens velferdssamfunn.

Eg vil med dette få gjere dykk kjende med Tilstandsrapport 2004for Eit enklare Noreg-arbeidet, sjå vedlegg. Denne byggjer på ein handlingsplan som vart lagt fram i 2002, og ein tilstandsrapport frå 2003. Planane tek først og fremst for seg kva staten bør gjere for å tilretteleggje betre. Men her er også mange satsingar og tiltak som både er direkte relevante for, og som kan vere til inspirasjon og motivasjon for kommunar/fylkes­kommunar i dykkar arbeid for tilrettelegging for næringslivet.

Først vil eg vise til dei prinsippa for forenklingsarbeidet som regjeringa har slått fast. Det overordna prinsippet er at vi alltid skal tilretteleggje for dei små og mellomstore bedriftene. Då er vi sikre på at også dei store få ei enklast mogleg ordning. Prinsippa er elles tredelte, og omfattar prinsipp for regelverksarbeidet, prinsipp for arbeidet med å redusere innrapporteringsbyrdene for næringslivet og prinsipp for korleis offentleg sektor skal vere for å framstå mest mogleg næringsvennleg. Eg vil oppfordre også kommunesektoren til å ha ei aktiv haldning til desse prinsippa, som grunnlag for å finne aktuelle forbetringstiltak.

Eg vil vidare kort nemne tre av satsingane våre der eg trur det kan vere særlege utfordringar også til kommunesektoren:

  • Utvikling av elektroniske tenester for næringslivet. IT skal brukast til å tilby nye og betre tenester til brukarane, og til å effektivisere offentleg sektor. Altinn er den store satsinga på området, og målet er ein felles portal for alle offentlege tenester til næringslivet. I første omgang prioriterer vi å gi bedriftene tilbod om å innrapportere elektronisk. Kan også kommunane gjennom auka bruk av IT gi eit betre tenestetilbod til næringslivet?
  • Brukarmedverknad er eit anna innsatsområde: Eg trur at betre kontakt mellom brukarane og det offentlege, så tidleg som mogleg i prosessane, kan gjere at så vel regelverksinnhald, tenesteutforming og andre service-/tilretteleggingstiltak blir betre. Eg vil utfordre kommunane til å tenkje gjennom om kontakten med næringslivet i kommunen kan forbetrast.
  • Plan- og bygningslovområdet er eit område som har blitt mykje kritisert frå næringslivet, særleg på grunn av lange saksbehandlingstider og komplisert regelverk. Staten har ansvaret for regelverket på området, og det skjer mykje der. Vidare blir det tilrettelagt for elektronisk saksbehandling gjennom prosjekta Byggsøk og Byggsøk Plan, løysingar som har som mål å effektivisere bygge- og plansakene hjå både private og kommunane. Eg vil her utfordre kommunane til å ta i bruk desse saksbehandlingsløysingane som del av arbeidet med å tilretteleggje dette tenesteområdet på ein god og næringsvennleg måte.

Vi tek sjølvsagt gjerne mot innspel på kva de ser som viktig at regjeringa gjer på desse områda.

Lykke til med arbeidet for god næringsutvikling i kommunen din!

Med vennleg helsing
Børge Brende

-------------------------------------------------------------------

Kopi (med vedlegg): Kommunenes Sentralforbund

Vedlegg:

 Tilstandsrapport 2004: Forenkling og tilrettelegging for næringslivet. Regjeringas handlingsplan for Eit enklare Noreg.

(Både Tilstandsrapporten og vedlegget (tiltaksplanen) finn de på nettsidene www.nhd.no/forenkling. Der ligg også handlingsplanen frå 2002 og tilstandsrapporten frå 2003. Fleire papir-eksemplar kan tingast frå NHD, telefon 22 24 66 75 eller e-post: postmottak@nhd.dep.no)