Høring Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Høyringa omfattar forslag om endringar i spesielle opptakskrav og unntak frå krav om generell studiekompetanse til nokre få studium. Dette er forslag som departementet har mottatt frå universitet og høgskolar. Med referanse til vedtak i Stortinget ved behandlinga av Meld. St. 7 (2015-2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn, frå Barne- og likestillingsdepartementet ber departementet om innspel og synspunkt på bruk av spesielle kvoter og tilleggspoeng for underrepresentert kjønn.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 03.10.2016

Vår ref.: 16/3704

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Kunnskapsdepartementet fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Departementet vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. Samstundes med endringane i 2016 vil departementet omsetje forskrifta til nynorsk. Vi ber derfor høyringsinstansane nytte denne målforma når dei uttalar seg om forslaga under.


1.    
Forslag om endringar

Departementet har fått forslag om endringar i opptaksforskrifta frå åtte instansar innan fastsett frist, 15. april 2016. Alle forslaga er vurdert i samråd med FSAT/Samordna opptak (SO). 

Det tas sikte på at endringar som ikkje påverkar val av fag som elevane gjer i vidaregåande opplæring, skal få verknad frå og med opptak til studieåret 2017-2018. Mindre tekniske endringar og endringar knytt til at forskrifta vert omsett til nynorsk, vil ikkje bli sendt på høyring fordi det synes å være openbart unødvendig, jf. forvaltningslova § 37 fjerde ledd, bokstav c. 

Forslaga om endringar omfattar søknader om unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til nokre studium (kapittel 3) og spesielle opptakskrav til nokre studium innan helsefag, kunstfag og diverse fag (kapittel 4). I tillegg er det forslag om ei teknisk endring i § 7-2 om kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote. 

Kvoter/tilleggspoeng for underrepresentert kjønn

Departementet har fått søknader frå Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) som begge ønskjer ei femårig forsøksordning med kvote på 30 % for menn ved opptak til profesjonsstudia i psykologi. I tillegg ønskjer dei begge ei nedre poenggrense for søkjarar i denne kvoten. UiO ønskjer at dei skal ha minimum 50 karakterpoeng i både ordinær kvote og kvote for førstegongsvitnemål, medan UiB vil ha ei nedre karakterpoenggrense på 60 poeng i ordinær kvote og 50 poeng i kvote for førstegongsvitnemål. UiB ber sekundært om å få gi 2 tilleggspoeng til menn til dette studiet. 

Både søknader om spesiell kvote og tilleggspoeng for underrepresentert kjønn, kan departementet med heimel i forskrifta behandle utan høyring, jf. § 7-3 om spesielle kvotar og § 7-9 om tilleggspoeng for underrepresentert kjønn. Søknadene reiser likevel spesielle problemstillingar om bruk av kvoter og/eller eventuelle tilleggspoeng for underrepresentert kjønn. 

Departementet gjer i denne samanheng merksam på at Stortinget under behandlinga 14. april 2016 av Meld. St. 7 (2015-2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn, frå Barne- og likestillingsdepartementets (BLD), fatta følgjande vedtak (605): 

Stortinget ber regjeringen utrede utforming og innføring av ekstrapoeng til gutter og jenter som søker på studier der det er for eksempel 80 prosent eller mer av det motsatte kjønn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. 

Med grunnlag i stortingsvedtaket har NTNU tilbode seg å vere "vertskap for en nasjonal satsning i å rekruttere menn til utdanninger hvor  det tradisjonelt har vært kvinnedominans". Departementet er samde med NTNU om at det å utforme innføring av tilleggspoeng for underrepresentert kjønn krev nasjonal koordinering og er i dialog både med NTNU og med Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komitéen) om oppfølging av dette initiativet. NTNU har brei erfaring gjennom det arbeidet dei har lagt ned for å auke rekrutteringa av jenter til mannsdominerte utdanningar. Dei har i denne samanhengen også streka under at kjønnspoeng ikkje aleine vil føre til meir likestilling på fleire studium. 

Tal frå DBH og SO viser at det til fleire studium, til dømes innan helse- og sosialfag, også er skeiv kjønnsfordeling. Nokre av desse studia fell klart inn under den definisjonen som Stortinget har gitt. 

Med bakgrunn i søknadane frå UiO og UiB og vedtaket i Stortinget ber departementet høyringsinstansane vurdere om det kan være eit alternativ å avsette kvote for å sikre at menn som har eit minimum av konkurransepoeng i kvoten, kan få tilbod om studieplass, eller om det er tilleggspoeng for underrepresentert kjønn som bør nyttast for å utjamne kjønnsforskjellar.

 Departementet ber institusjonane vurdere om det er andre studiar enn profesjonsstudia i psykologi som kan være aktuelle for kvote eller tilleggspoeng. Samstundes ber vi om synspunkt frå høyringsinstansane på kva som bør nyttast for å rette opp skeiv kjønnsbalanse. 

 

Forslag til endringar i opptaksforskrifta

Nedanfor omtalast forslaga til endringar i opptaksforskrifta som med dette sendast på høyring. 

Kapittel 3 Unntak frå krav om generell studiekompetanse 

§ 3-6 Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte kunstfag 

Høgskolen i Lillehammer (HIL) har søkt om å få unntak frå kravet om generell studiekompetanse (GSK) ved opptak til studium ved Den norske filmskolen (DNF). HIL ønskjer å ha rom for å kunne ta opp søkjarar utan GSK, men med spesielle talent som gir særlege føresetnader for å bli utvikla under denne utdanninga.
 

Vurdering og forslag frå departementet

På same måte som for anna kunstfagleg utdanning er talentutvikling innafor filmfaget nødvendig. Normalt vil nye studentar som tas opp til DNF ha GSK og ha bestått opptaksprøve etter reglar fastsette av høgskolen. Høgskolen har opplyst at dette framleis skal være hovudregelen. Nokre år kan det likevel være søkjarar som ikkje oppfyller alle krava til GSK, men som har særskilt talent knytt til eit av studieprogramma ved DNF. Det er desse enkeltståande tilfella HIL er oppteken av å kunne tilby studieplass. 

Departementet er samde med HiL og foreslår at dei får høve til å gjere unntak frå krav om GSK i spesielle tilfelle. Departementet foreslår å presisere i forskrifta at GSK er det normale opptakskravet slik at ordlyden i denne paragrafen blir som følgjer: 

Generell studiekompetanse skal framleis vere det normale kravet for opptak også for desse studiane. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som fyller spesielle faglege krav fastsett av institusjonen ved opptak til følgjande utdanningar og/eller institusjonar  (jf § 4-1).

 Departementet foreslår nytt punkt 10: 

  • studiar ved Den norske filmskolen, Høgskolen i Lillehammer 

Som følgje av denne endringa foreslår departementet også å flytte studiane ved Den norske filmskolen frå § 4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag til § 4-9 Spesielle opptakskrav til enkelte kunstfag. Dette er ei teknisk endring som ikkje vil bli høyrt.

 

Kapittel 4 Spesielle opptakskrav

Vi minner om at søkjarar som ønskjer studium med spesielle opptakskrav også må oppfylle krav om generell studiekompetanse (GSK). 

Gjeldande krav som det er søkt om endringar i: 

§ 4-2 Spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag 

Andre punkt

  • Bioingeniørutdanning og Reseptarutdanning

Matematikk R1 eller (S1+S2) og anten Fysikk 1 eller Biologi 1 eller Kjemi 1. 

Fjerde punkt

  • Tannteknikarutdanning

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) eller Fysikk 1 eller Kjemi 1. 

Sjette punkt

  • Ernæringsstudiar (bachelor) ved Universitetet i Bergen  og Universitetet i Agder

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og Fysikk 1 og Kjemi (1+2) 

Frå og med opptak til studieåret 2018-2019 fell ernæringsstudium (bachelor) ved Universitetet i Agder inn under føresegna.

 Om forslag til endringar i andre punkt:

  • Spesielle opptakskrav til Bachelorutdanning i farmasi

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) søkjer, også på vegne av Nord universitet (NU) og Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT), om endring i dei spesielle opptakskrava til reseptarutdanning, jf. andre punkt. Det er foreslått å endre namn frå reseptar til bachelor i farmasi. Det er desse tre institusjonane som tilbyr slik utdanning på bachelornivå. Dei ønskjer følgjande krav: 

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og Kjemi 1 og anten Fysikk1 eller Biologi 1 eller Kjemi 2 

HiOA ber om at desse endringane skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2018-2019. Det er ikkje forslag om endring i dei spesielle krava til bioingeniørutdanning, jf. vedlegg. 

Vurderingar og forslag frå departementet:

Departementet viser til at dei tre institusjonane som tilbyr reseptarutdanning, alle ønskjer å kalle studietilbodet for bachelorutdanning i farmasi. Universitet i Bergen og Universitetet i Oslo tilbyr begge eit intregret femårig masterprogram i farmasi, som har opptakskrav fastsett i første punkt, medan UiT har ei 3+2 ordning og NTNU har tilbod om eit toårig masterprogram i farmasi som bygg på bachelorutdanning i farmasi.

Departementet foreslår endringar i tråd med forslaget frå HiOA. Dette fører til at det må leggjast til eit nytt punkt i § 4-2. Endringane går fram av vedlegg. Sidan dette forslaget om endring er ei skjerping av det kravet som gjeld, bør det varslas slik at elevane i vidaregåande opplæring (VGO) får høve til å velje programfag. Departementet foreslår at det nye kravet skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2018-2019, i tråd med forslaget frå HiOA. 

Om endringar i fjerde punkt:

  • Spesielle opptakskrav til tannteknikarutdanning

HiOA ber primært om at det spesielle opptakskravet for tannteknikarutdanning, som er fastsett i fjerde punkt, vert fjerna som ei forsøksordning for to opptak. Dette betyr at dei ønskjer å prøve ut opptak med grunnlag i GSK for slik utdanning. Sekundært ber HiOA om at dei, som ei forsøksordning, kan krevje at søkjarane må bestå ei opptaksprøve i tillegg til GSK. 

Vurdering og forslag frå departementet

HiOA argumenterer for forslaget at kunnskap i matematikk "ikkje gir noen spesielle fortrinn", for tannteknikarutdanning. I tillegg opplever HiOA at det i dei seinare åra har vore lav inntakskvalitet. Det inneber at fleire studentar har hatt gjennomsnittleg lave karakterar frå VGO, og at dei som følgje av dette også har hatt svake kunnskapar i grunnleggjande kjemi og fysikk. HiOA har derfor måtta tilby ein del av studentane slik undervisning i form av eit forkurs i starten av studiet. Om dei no får høve til å fjerne krava om minimum eit programfag realfag, vil dei tilby alle nye studentar grunnleggjande undervisning i kjemi og fysikk. 

Departementet viser til at HiOA er den einaste institusjonen som tilbyr tannteknikarutdanning og at dei sjølve meiner det ikkje er naudsynt med programfag realfag for dette studiet. Dei seier også at rekrutteringa har vore svak i dei seinare åra. Departementet tilrår derfor no å fjerne dei spesielle opptakskrava. Departementet meiner det kan skje som ei permanent ordning, og at det kan tre i kraft frå og med opptak til studieåret 2017- 2018. Dersom HiOA seinare ser at spesielle opptakskrav likevel er naudsynt, må dei komme tilbake med ny søknad. Departementet kan ikkje sjå at HiOA har argumentert for at det er naudsynt med opptaksprøve til dette studiet.

 I tråd med det primære forslaget frå HiOA foreslår departementet derfor at dei spesielle opptakskrava til tannteknikarutdanning vert fjerna. Dette betyr at krav for opptak til tannteknikarutdanning blir generell studiekompetanse. Endringane går fram av vedlegg.
 

Spesielle opptakskrav til ernæring (bachelor) ved Høgskolen Kristiania

Høgskolen Kristiania (HK) tilbyr bachelorstudium i ernæring med GSK som opptakskrav. Dei har opplyst at deira studietilbod både har eit biologisk og eit samfunnsretta perspektiv. Dei meiner at dei hausten 2015, bad om at deira studium skulle ha same krav som gjeld for UiB, og som vil gjelde for UiA frå hausten 2018. Departementet oppfatta ikkje deira høyringsinnspel som ein søknad om endra opptakskrav. Dei opptakskrava som gjeld for opptak til integrert master i ernæring, er fastsett i punkt 1. For opptak til dei ernæringsstudia som ikkje er nemnt, gjeld krav om GSK. 

Ernæring (bachelor) ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet

UiT ber om skjerpa opptakskrav til deira nyoppretta bachelorstudium i ernæring. For årets opptak har dei fastsett eigne opptakskrav til dette studiet som er meint å være eit (3 + 2) masterstudium:

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og Fysikk 1 eller Biologi 1 eller Kjemi 1.  

Vurdering og forslag frå departementet

Departementet viser til at HK meiner at deira ernæringsstudium er på same nivå som tilsvarande studiar ved UiB og UiA, medan UiT har oppretta eit nytt studium etter modell frå tilsvarande studium ved UiB. Ved ein inkurie har UiT for årets opptak lyst ut det nye studietilbodet i ernæring med same krav som no gjeld for opptak til reseptar- og bioingeniørutdanningar utan at dette har vore fastsett i opptaksforskrifta. Departementet foreslår at HK og UiT får nytte opptakskrav som fastsett i sjette punkt frå og med opptak til studieåret 2018-2019, sjå vedlegg.

 § 4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag

Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology (WOACT)

WOACTber om at deira studium bachelor i maske- og hårdesign, og bachelor i lys for scene blir lagd til i lista under § 4-9.  

Vidare opplyser dei at dei hausten 2016 planlegg å starte to nye studieprogram innan film og tv som dei kallar bachelor i manus og bachelor i lyddesign (revisjon av tidlegare program innan film og tv-lyd). Frå hausten 2017 planlegg dei ytterlegare eit nytt og eitt revidert  studieprogram, bachelorstudium i visual effects og bachelorstudium i spilldesign. Alle desse studia ber dei om å få legge til lista over studium som nytter opptaksprøve med heimel i

§ 4-10. 

Vurdering og forslag frå departementet

Departementet viser til at Bachelor i maske- og hårdesign er eit nytt namn på studiet karakterdesign, som etter det WOACT opplyser er namnet som gjeld for opptak hausten 2016. Departementet kan ikkje sjå at dette studiet tidlegare har hatt spesielle opptakskrav. Bachelor i lys for scene er ei vidareutvikling av studiet Lys og scene som er lista opp i punkt 11, underpunkt 14, i denne  paragrafen.

Departementet legg til grunn at bachelor i maske og hårdesign ikkje kan kategoriserast som ein scenekunstutdanning. Det same gjeld for bachelor i lys for scene. Departementet meiner at desse kan kategorisert under § 4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag. 

WOACT har også tidlegare gitt uttrykk for at dei ønskjer å nytte opptaksprøve til alle studia innanfor film- og tv. Dei ønskjer framleis primært at heile deira studieportefølje innan film- og fjernsynsutdanningar blir tatt inn som eige punkt under § 4-10 under navnet Film- og fjernsynsutdanningar ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology, 

Departementet viser til at fleire av dei aktuelle studiane var vurdert og lagt inn under § 4-10 i januar i år, med verknad frå og med opptak til studieåret 2016-2017. 

Departementet vurderer framleis at  dei aktuelle studiane ved WOACT skal være lista i

§ 4-10 slik: 

"Søkjarar til desse studia og institusjonane må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette ved institusjonen":

  • Bachelor i maske- og hårdesign vedWesterdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology
  • Bachelor i Lyddesign vedWesterdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology
  • Bachelor i Visual Effects vedWesterdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology
  • Bachelor i Spilldesign vedWesterdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology 

Departementet minner om at studium som ikkje er lista under kapittel 4 om unntak frå krav om GSK, skal oppfylle GSK i tillegg til opptaksprøve fastsett av institusjonen. 

Departementet minner om at grunnlag for rangering til studium med opptaksprøve, jf. § 7-14, vert vurdert etter høyringa.

Kapittel 7 Rangering av søkjarar ved opptak 

§ 7-2 Kvote for førstegongs vitnemål og ordinær kvote. 

FSAT/SO har foreslått ei endring første ledd: 

Gjeldande ordlyd (omsett til nynorsk):

(1) Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter tre år i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Kvoten omfattar òg søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har oppnådd generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag som er fullførte og bestått på normal tid, i tillegg til at dei oppfyller fagkrava i § 2-1.

FSAT viser til at omgrepet "normal tid" i forskrift til opplæringslova (forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa) ikkje alltid er tre år, ettersom somme elevar kan få innvilga utvida tid. Dei foreslår å endre ordlyden for at regelverka skal stå betre i harmoni med kvarandre.

Forslag om endring i første setning:

Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter normal tid i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. 

Vurdering og forslag frå departementet

Departementet er samde med FSAT og sender forslaget på høyring, jf. vedlegg.

 

Høyringsfrist

Høyringssaka er tilgjengeleg på regjeringen.no. Høyringsfråsegner kan sendes elektronisk ved bruk av den digitale løysninga for høyringsfråsegner på: www.regjeringen.no/id 2507114

Alternativt kan høyringsfråsegner sendes Kunnskapsdepartementet postmottak@kd.dep.no

Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og blir publisert. 

Høyringsfristen er 3. oktober 2016.

 

Med helsing                                                                 

 

Rolf L. Larsen (e.f.)
fung. ekspedisjonssjef

                                                                              

                                                                   Inger Johanne Christiansen
                                                                   seniorrådgjevar


 

 

Vedlegg

 

 

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrivne signaturar.

 

 

Adressater:
Universiteter og høyskoler
Felles studieadministrativt tjenestesenter
Utdanningsdirektoratet
Fylkesmennene
Fylkeskommunene
Videregående skoler
Elev- og studentorganisasjonene

Kopi
Universitets- og høgskolerådet
Nettverk for private høyskoler
Rådet for fylkeskommunale fagskoler
Forum for fagskoler
Lærerorganisasjonene
Forskerforbundet
Justisdepartementet
Statens lånekasse for utdanning
NAV
VOX
NOKUT