Høring - forslag til forskriftsendringar knytt til samdrift, selskapsnøytral regulering og auka MTB for aure

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist:

Høringsfrist: 29.07.05

Vår ref.:

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

15.06.05

Høyring – forslag til forskriftsendringar knytt til samdrift, selskapsnøytral regulering og auka MTB for aure

Fiskeri- og kystdepartementet sender med dette på høyring forslag til enkelte endringar i forskrift av 22. desember 2004 nr. 1785om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskrifta), forskrift om tildeling, endring og bortfall av konsesjoner og lokaliteter for oppdrett av laks, ørret og regnbueørret (laksetildelingsforskriften) av 22. desember 2004 nr. 1798 og forskrift av 21. desember 2001 nr. 1597 om innkreving av gebyr til statskassen for offentlige oppgaver i forbindelse med oppdretts- og havbeitevirksomhet.

Forskriftsendringane gjeld fire ulike tema:

samdrift: vilkår for og krav til drift på lokalitetar med fleire konsesjonsinnehavarar

meir selskapsnøytral regulering ved større likestilling mellom selskap og konsern

Auka maksimal tillaten biomasse (MTB) for aure

Oppbevaringstid for driftsjournalar

Høyringsfristen er satt til 29. juli 2005. Departementet tar sikte på å vedta aktuelle endringar kort tid etter dette med snarleg iverksetjing. Det vert bedt om at høyringskommentarane til underliggjande etatar vert sendt via overordna forvaltningsorgan.

1. Samdrift

Med samdrift meiner departementet ei driftsform der to eller fleire konsesjonsinnehavarar driv oppdrett av fisk av same art, saman på ein eller fleire lokalitetar og der fisken ikkje vert halden separert, men der fisken vert eigd i sameige. I dag er denne driftsforma ikkje tillaten.

Gjeldande regelverk tillet at fleire konsesjonsinnehavarar driv på same lokalitet, men då må fisken haldast åtskilt i kvar sine produksjonseiningar (merdar).

Departementet har mottatt ønskjer frå næringa om å tillate samdrift. Departementet har kome til at det er formålstenleg å etablera et system som opnar for samdrift. Dette aukar fleksibiliteten og dermed også lønnsemda i næringa.

Etter forslaget til ny § 35a i akvakulturdriftsforskrifta vert samdrift tillate for konsesjonar for produksjon av matfisk. Ei samdrift kan omfatta matfisk av same art og same type konsesjon. Kravet om same art medfører at ein ikkje kan drive samdrift med torsk og laks, eller laks og aure. Kravet om at det må vera same type konsesjonar inneber at ein til dømes ikkje kan driva samdrift med ein matfiskkonsesjon og ein FOU-konsesjon. Det er vidare ikkje tillate med samdrift og samlokalisering på same lokalitet.

Ein grunnleggjande føresetnad for å kunna etablere samdrift, er at dei ulike konsesjonsinnehavarane har felles lokalitetar knytt til dei konsesjonane som skal gå inn i samdrifta. Har ein ikkje det, må ein søkja om slik klarering etter laksetildelingsforskrifta eller tildelingsforskrifta for andre artar enn laks, aure og regnbogeaure.

For samdrifta skal det vera ein felles driftsplan, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 35. Etablering av samdrift vil i dei fleste tilfelle krevja godkjenning av driftsplanen utarbeidd for samdrifta.

Departementet legg opp til ei ordning der samdrift skal meldast inn til Fiskeridirektoratets regionkontor seinast ein månad før ho vert sett i verk. Meldinga skal innehalda opplysningar om kva lokalitetar, konsesjonar og konsesjonsinnehavarar som er omfatta av samdrifta og kva ideell del av fisken som knyt seg til dei ulike konsesjonane. Meldinga må underskrivast av alle konsesjonsinnehavarane som deltar i samdrifta.

Endringar i kva lokalitetar, konsesjonar og konsesjonsinnehavarar som er omfatta, må meldast inn til Fiskeridirektoratets regionkontor og kan først setjast i verk ein månad etter at ny melding er komen inn. Endringar i den ideelle fordelinga av fisken må seinast rapporterast inn saman med den månadlege rapporteringa, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 40.

Ved samdrift vil fisken vera i sameige mellom partane. Det nærare rettsforholdet mellom konsesjonsinnehavarane vert ikkje regulert av forskrifta. Det må vera opp til næringsaktørane sjølve å finna ut kva ordning seg imellom dei ønskjer. Ved forvaltninga av konsesjonar som vert drivne i samdrift, vil departementet leggje til grunn den sameigebrøken som er meldt inn til styresmaktene. Dersom ein konsesjonsinnehavar faktisk har trekt seg ut av samdrifta, men utan at det er meldt til styresmaktene, vil han likevel vera ansvarleg for samdrifta ved brot på akvakulturdriftsforskrifta. Tilsvarande vil ikkje nye konsesjonar kunna inkluderast i samdrifta før det er sendt melding til Fiskeridirektoratet. Bakgrunnen for dette er at forvaltninga ikkje på noko tidspunkt skal måtta venta på ei avklaring av private avtalar for å kunna setja i verk naudsynte tiltak.

Konsesjonsinnehavarane som deltek i ei samdrift er solidarisk ansvarlege for brot på akvakulturdriftsforskrifta. Vert det t.d. fastsett tvangsmulkt for brot som knyter seg til samdrifta, vil styresmaktene kunna krevja ein av konsesjonsinnehavarane for heile summen. Korleis mulkta skal fordelast mellom partane, er det opp til partane sjølve å regulera. Av § 7 første ledd går det klårt fram at ein ved samdrift skal laga ein felles beredskapsplan. Det skal vidare førast felles driftsjournal etter § 36. Rapportering og melding etter § 40 skal gjerast felles.

Ved overdraging av ein konsesjon som vert driven i samdrift, vil selskapet som overtek konsesjonen vera bunden av den samdrifta som er registrert på konsesjonen. Dette er fordi ei melding om samdrift knyter offentlegrettslege plikter til konsesjonen, som berre kan endrast ved ny melding til styresmaktene.

Ved fastsetting av biomassen til den enkelte konsesjonsinnehavar i høve til kontroll av biomassetaket, legg ein den enkelte konsesjonsinnehavars ideelle del av biomassen på lokaliteten til grunn, jf. § 42 andre ledd. Det er då sjølvsagt den ideelle delen i forhold til den brøken som er meldt inn til direktoratet.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Innføring av samdrift som driftsmodell vil auka fleksibiliteten i næringa. Det vil gjera det enklare å samarbeida om drifta og dermed spara kostnader. Føring av felles driftsjournal og felles rapportering vil spara næringsaktørane for arbeid.

Solidaransvar gjer ansvaret overfor offentlege styresmakter tydlegare.

Innføring av solidaransvar vil i visse tilfelle letta arbeidet for tilsynsstyresmaktene, som vil ha fleire ansvarlege å kunne forholda seg til ved brot på regelverket og treng dermed ikkje å gå i detalj og undersøkja kven som er skuld i eit brot som skjer på ein lokalitet med fleire aktørar.

Innføringa av samdrift som tillaten driftsform vil i oppstartsfasen krevja noko ekstra arbeid for forvaltninga i utforminga av meldingsskjema, system for fellesrapportering, rutinar for kontroll osv. Dette vert tatt innanfor eksisterande budsjettrammer.

Felles rapportering, drifts- og beredskapsplanar på lokalitetsnivå vil innebera ei viss forenkling for tilsynsstyresmaktene. For å få oversyn over drifta på ein lokalitet, treng ein ikkje innhenta fleire rapportar.

2. Selskapsnøytral regulering

I dag kontrollerer tilsynsstyresmaktene oppfylling av regelverket primært på to nivå: lokalitets- og selskapsnivå.

Miljø- og fiskehelsekrava vert kontrollert på lokalitetsnivå. Produksjonsavgrensinga maksimalt tillate biomasse (MTB) vert kontrollert både på lokalitetsnivå og på selskapsnivå. Også andre reguleringar inneheld avgrensingar knytt til selskap.

Forskriftsverket likestiller ikkje konsern med selskap på same måte som fôrkvoteregimet gjorde. Departementet legg med dette fram eit forslag som gjer regelverket meir nøytralt i forhold til ulike selskapsmodellar, ved at reglar som gjeld for selskap, på visse vilkår også vil gjelda for selskap innanfor eit konsern.

I dette forslaget er det tre reglar som vert endra for å sikra ei meir selskapsnøytral akvakulturforvalting.

A. Krav til regiontilknyting

Etter laksetildelingsforskrifta § 33 første ledd er det ikkje tillate å klarere ein lokalitet i ein annan av Fiskeridirektoratets regionar enn den regionen konsesjonen er heimehøyrande i. Dersom ein konsesjonsinnehavar har lokalitetar på begge sider av ei regiongrense og forbodet må slå særleg urimeleg ut, er det mogleg å dispensera frå forbodet.

Departementet ønskjer å utvida krinsen av dei som kan søkja om dispensasjon, til konsesjonsinnehavarar innan same konsern. Retten til dispensasjon fell bort dersom selskapa ikkje lengre tilhøyrer same konsern. Dette forslaget inneber inga liberalisering av kravet om at forbodet vil slå særleg urimeleg ut.

Søkjarane må dokumentera at dei tilhøyrer same konsernet. Fiskeridirektoratet avgjer kva dokumentasjon som skal krevjast. Grunnlaget for ein dispensasjon fell bort dersom dei ulike konsesjonsinnehavarane ikkje lenger er i same konsernet. Konsesjonsinnehavarane pliktar å melda frå om dette.

B. Melding ved relokalisering av konsesjonar

Etter laksetildelingsforskrifta § 37 kan ein konsesjonsinnehavar lokalisera ein konsesjon til ein lokalitet har klarert, utan å søkja om ny klarering av lokaliteten for denne konsesjonen. Det er tilstrekkeleg å melda om relokaliseringa samstundes som det vert søkt om ei eventuell endring i driftsplanen. Ei slik melding er ikkje gebyrpliktig og direktoratet pliktar å laga nytt konsesjonsdokument så snart som mogleg og fortrinnsvis innan ei veke.

Departementet føreslår no at denne meldingsregelen også skal gjelda for konsesjonsinnehavarar innan same konsern.

C. Felles biomassetak for konsesjonsinnehavarar innan eit konsern

Som nemnt ovanfor vert biomassegrensene kontrollert på lokalitet og selskapsnivå. Dersom eit selskap har fleire konsesjonar, vert det kontrollert at den totale produksjonen i selskapet ikkje overstig summen av biomasse tillate i dei enkelte konsesjonane. Denne regelen favoriserer dei som driv fleire konsesjonar i eitt selskap i forhold til dei som har samla fleire selskap i eit konsern.

Departementet føreslår at det vert etablert eit system der konsesjonsinnehavarar innanfor same konsern kan søkja om å få eit felles biomassetak for summen av alle konsesjonane av same type som tilhøyrer søkarane innan same art og innan same region av Fiskeridirektoratet, jf. forslag til ny § 42 a i akvakulturdriftsforskrifta. Retten til felles biomasse opphøyrer dersom dei ulike konsesjonsinnehavarane ikkje lenger tilhøyrer same konsernet. Kravet om at det må gjelda konsesjonar av same type inneber at ein ikkje kan ha eit felles biomassetak for matfisk, stamfisk og FOU-konsesjonar. Kravet om at det må vera same art inneber at eit felles biomassetak ikkje kan reknast for laks og aure, eller laks og torsk.

Søknaden må innehalda dokumentasjon på konserntilknytinga. Kva dokumentasjon som krevst vert avgjort av Fiskeridirektoratet. Retten til felles biomassetak fell bort dersom konserntilknytinga opphøyrer. Deltakarane i det felles biomassetaket vil ha plikt til å melda frå om endringar i konserntilknytninga som er avgjerande for godkjenninga av eit felles biomassetak.

Konsesjonsinnehavarane i eit felles biomassetak vil vera solidarisk ansvarlege for overskridingar av biomassetaket.

Ein søknad om felles biomassetak vil ikkje vera gebyrpliktig. Ei presisering av dette vert tatt inn i gebyrforskrifta § 2, nytt femte ledd.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga vil bidra til auka fleksibilitet og dermed innteningsevne for dei i næringa som driv innanfor eit konsern. Det vert enklare å knyta nye lokalitetar til konsesjonar og kostnaden ved dette vert lågare. Fleire vil ha høve til å få dispensasjon frå kravet til regiontilknyting. Selskap som etter forslaget inngår i eit felles biomassetak, vil få auka fleksibilitet i forhold til å utnytta den maksimalt tillatne biomassen (MTB).

For det offentlege vil utvidinga av krinsen som kan melda om samlokalisering i staden for å søkja, truleg medføra reduserte inntekter. Dette fordi den gruppa som etter forslaget kan melda om samlokalisering, før måtte søkja om dette. For ein slik søknad må det betalast kr. 12 000.

Ved at det for visse grupper vert enklare å flytte konsesjonar frå ein lokalitet til ein annan, vil forslaget kunna medføra at mengda av meldingar vert større enn den eksisterande mengda søknader. Dette vil auka saksmengda til Fiskeridirektoratet. Samstundes vil sakshandsaminga knytt til ei melding vera enklare enn ei sakshandsaming knytt til ein søknad. For det offentlege vil ordninga truleg føra til auka arbeidsbyrde og reduserte inntekter.

Dersom talet på dispensasjonar frå kravet om regiontilknyting aukar, vil dette truleg gjera kontrollen av MTB meir arbeidskrevjande, ved at ein konsesjon må kontrollerast i fleire regionar.

Eit felles biomassetak for konsesjonsinnehavarar innanfor same konsern kan føra til ein total auke i produksjonen. Innføringa av høve til å søkja om felles biomassetak, vil medføra auka saksmengde i Fiskeridirektoratet.

3. Auka MTB for aure

Under høyringa av regelverket som innførte MTB (Maksimalt tillaten biomasse) som nytt produksjonsavgrensingssystem, vart det mellom anna av fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) tatt til orde for at MTB burde setjast høgare for aure og regnbogeaure enn for laks. I samband med fastsetjinga av forskrifta som innførte MTB gjorde Departementet til kjenne at ein var innstilt på å fastsetja ein særskilt, høgare MTB for konsesjonar som berre vert brukt til produksjon av aure.

Departementet foreslår med dette at MTB for aure og regnbogeaure vert på det dobbelte av den MTB som gjeld for laks. Gjeldande MTB for matfiskkonsesjonar av laks, aure, og regnbogeaure går fram av laksetildelingsforskrifta § 6 som avgrensar denne til 65 kg pr. m3 etter omgjøring frå volum til maksimalt tillaten biomasse, dvs. 780 tonn MTB for standard matfiskkonsesjonar. Vidare går det fram av § 6 tredje ledd at for konsesjonar i Troms og Finnmark er omrekningsfaktoren 75 kg pr. m3, dvs. 900 tonn MTB pr. standard matfiskkonsesjon.

Forslaget inneber at ein ved produksjon av aure eller regnbogeaure kan produsera 1560 tonn for ein standard matfiskkonsesjon i heile landet, bortsett frå Troms og Finnmark, der ein kan produsera 1800 tonn.

Føresetnaden er at heile konsesjonen vert nytta til aure eller regnbogeaure. Kva ein driv med vil gå fram av driftsplanar og den alminnelege rapporteringa til styresmaktene. Departementet er kome til at det ikkje er trong for å laga eit ekstra forvaltningsregime for å sikra at styresmaktene har kunnskap om kven som driv med aure og regnbogeaure og kven som driv med laks.

Føresetnaden for å auka produksjonen, er at ein har lokalitetar som er klarerte for tilstrekkeleg biomasse. Dersom ein ikkje har det, må ein på ordinær måte søkja om klarering av nye lokalitetar eller utviding av biomassegrensa for dei lokalitetane ein har.

Økonomiske og administrative kostnader

Formålet med å setja ein auka MTB for aure, er å unngå at dei som i dag driv med aureproduksjon går over til lakseproduksjon.

Innføring av auka konsesjonsbiomasse for dei konsesjonane som driv produksjon av aure og regnbogeaure vil auka fleksibiliteten i næringa. Det vil totalt sett føra til auka produksjon av aure.

I og med at forslaget berre gjeld på konsesjonsnivå og ikkje på lokalitetsnivå, vil truleg enkelte næringsaktørar søkja om utviding av aktuelle lokalitetar og det kan vera trong for klarering av nye lokalitetar for å kunna nyttiggjera seg utvidinga av den tillatne konsesjonsbiomassen. Fleire slike søknader vil medføre noko meirarbeid for forvaltninga.

4. Oppbevaringstid for driftsjournalar

Akvakulturdriftsforskrifta §§ 36, 48 og 56 krev at driftsjournalar skal lagrast på akvakulturanlegget i tre år. Rådsdirektiv 95/70 og 93/53 stiller krav om at journalar skal lagrast på akvakulturanlegget i minimum fire år. Departementet føreslår derfor å endra kravet om lagringstid i §§ 36, 48 og 56 frå tre til fire år.

Med helsing

Magnor Nerheim
ekspedisjonssjef

Kari Bjørbæk
Avdelingsdirektør

Offentlige:

Miljøverndepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Finansdepartementet

Direktoratet for naturforvaltning

Fiskeridirektoratet

Kystdirektoratet

Konkurransetilsynet

Politidirektoratet

Mattilsynet

Statens forurensningstilsyn

Statens naturoppsyn

Innovasjon Norge

Toll og avgiftsdirektoratet

Fylkeskommunene

Fylkesmannsembetene

Sametinget

Forskningsinstitusjoner:

Akvaforsk

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)

Fiskeriforskning

Havforskningsinstituttet

NIVA

SINTEF fiskeri og havbruk

Norges veterinærhøgskole

Statskonsult

Veterinærinstituttet

Nærings- og interesseorganisasjoner:

Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Norges Kystfiskarlag

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Norske sjømatbedrifters landsforening

Næringsmiddelbedriftenes Landsforening

NHO

Kommunenes Sentralforbund

LO v/ Fellesforbundet

Eksportutvalget for fisk

Konkursrådet

Rådet for dyreetikk

Bellona

Norges Naturvernforbund

WWF Norge

Norges Fiskarlag

Norges Miljøvernforbund

Norges Naturvernforbund

Norges Jeger- og fiskerforbund

Private aktører/andre:

Nordlaks

Volden Group

Blom Fiskeoppdrett

Sinkaberg Hansen

Kleiva Fiskefarm

Wilsgård Fiskeoppdrett

Steinvik Fiskefarm

Fjordlaks Aqua

Osland Havbruk

Akvafarm

Nils Williksen AS

Follalaks

Salmar

Sjøtroll Havbruk

Alsaker Fjordbruk

Firda Seafood

Hydrotech

Grieg Seafood

Stolt Seafarm

Pan Fish

Fjord Seafood

Marine Harvest

Advokatforeningen

Advokatfirmaet Simonsen & Føyen, Oslo

Advokatfirmaet Selmer, Oslo

Advokatfirmaet DLA Nordic (tidligere Lindh Stabell Horten), Bergen

Advokatfirmaet Haavind Vislie, Oslo

Til toppen