Høyring - endring av forskrift om arbeidsledighetstrygd i fiske
Høyring | Dato: 16.03.2009 | Nærings- og fiskeridepartementet
Opphavleg utgjeve av: Fiskeri- og kystdepartementet
Sjå adresseliste
Dykkar ref |
Vår ref |
Dato |
200801230- /IV |
1. Innleiing
Departementet foreslår i dette høyringsbrevet å gjere endringar i føresegnene om kontroll i forskrift om arbeidsledighetstrygd i fiske av 26. januar 1990 nr. 67, og å ta inn i forskrifta to nye føresegner om vedtaksmyndigheit og forholdet til føresegnene i folketrygdloven.
Høyringsfristen er sett til fredag 8. mai 2009.
2. Gjeldande rett
Forskrift om arbeidsledighetstrygd i fiske (a-trygd) er gitt med heimel i folketrygdloven § 4-18 og regulerer fiskarar og fangstfolk sin rett til økonomisk kompensasjon når eit fartøy blir sett ut av drift, når ein blir oppsagt eller når ein blir ledig av andre grunnar. Forskrifta gir blant anna føresegner om kven som har rett til a-trygd og om korleis a-trygda skal bereknast. Forskrifta inneheld i liten grad saksbehandlingsreglar. Dei generelle saksbehandlingsreglane for arbeidsløysetrygd i folketrygdloven gjeld då så langt dei passar.
Folketrygdloven legg i hovudsak det administrative ansvaret for dei ulike trygdeordningane til Arbeids- og velferdsetaten (NAV). I folketrygdloven § 21-15 er det likevel gitt ein særregel om at arbeidsløysetrygd for fiskarar og fangstmenn etter folketrygdloven § 4-18 skal behandlast av dei organ og etter dei reglar som departementet bestemmer. Denne myndigheita er lagt til Garantikassen for fiskere.
3. Bakgrunn for forslaget
Garantikassen for fiskere skal også gjennomføre kontroll med ordninga om arbeidsløysetrygd i fiske, jf. forskrift om arbeidsledighetstrygd i fiske § 10. Feilaktig utbetaling av a-trygd skal tilbakebetalast eller trekkjast i framtidige ytingar. Ytterlegare reaksjonsmåtar ved grove brot på forskrifta går fram av § 10 nr. 3 andre ledd.
Garantikassa har for året 2006 utført kontrollar/stikkprøvekontrollar av utbetalt a-trygd. I ein rapport frå kontrollane går det fram at fleire personar ikkje har svart på spørsmåla frå Garantikassa. Dette gjer det vanskeleg å gjennomføre ein god kontroll med ordninga og å finne ut om dei enkelte fyller vilkåra for å ta i mot a-trygd. Administrasjonen i Garantikassa ønskjer dermed å sende ut varsel om at a-trygd vil bli kravd tilbake dersom det ikkje ligg føre svar innan svarfristen.
Garantikassa vurderer § 10 i forskrifta slik at han ikkje gir nokon klar heimel for å krevje tilbake utbetalt a-trygd ved manglande svar frå fiskaren. På denne bakgrunn har styret i Garantikassen for fiskere lagt fram forslag om at forskrifta § 10 nr. 1 og nr. 3 får ny ordlyd.
Forslaget inneber blant anna at det blir tatt inn eit nytt andre punktum i forskrifta i § 10 nr. 1 om at fiskar er pliktig til å gi dei opplysningar som Garantikassa ber om i samband med kontroll.
Vidare blir det foreslått at det blir tatt inn eit nytt andre punktum i forskrifta i § 10 nr. 3 første ledd om at styret i Garantikassa eller den styret gir fullmakt kan krevje at delar av eller all utbetalt a-trygd skal betalast tilbake dersom fiskar let vere å gi dei opplysningar som Garantikassa ber om ved kontroll som nemnt under nr. 1. Det blir også foreslått at det blir tatt inn eit nytt tredje punktum om at krav om tilbakebetaling av utbetalt a-trygd er tvangsgrunnlag for utlegg.
Det blir foreslått å fjerne tilvisinga i forskrifta til folketrygdas § 4-10 jfr. § 4-8 og § 10 andre ledd andre punktum bokstav b).
4. Vurdering av endringar i forskrift om arbeidsledighetstrygd i fiske
4.1 Om fiskarar si plikt til å gi opplysningar ved kontroll
Av forskrifta § 10 nr. 1 går det fram at ”Garantikassen gjennomfører kontroll i forbindelse med innvilgning av a-trygd.” Føresegna gir såleis Garantikassa eit sjølvstendig ansvar for å føre kontroll med a-trygdordninga. Føresegna regulerer likevel ikkje kva plikter dei som blir kontrollerte har til å gi opplysningar til Garantikassa ved kontroll.
Det følgjer av folketrygdloven § 21-3 andre ledd at NAV, Helsedirektoratet eller underliggande organ ”..kan kreve at den som mottar eller har mottatt en ytelse, gir de opplysninger og leverer de dokumenter som er nødvendige for å kontrollere ytelsens størrelse eller vilkårene for rett til ytelsen.” Garantikassa er ikkje nemnt i denne føresegna.
Departementet kan ikkje sjå nokon grunn til at Garantikassa ikkje skal ha same heimel etter forskrifta til å hente inn opplysningar som skal nyttast i kontrollsamanheng som NAV har i etter folketrygdloven.
Departementet foreslår å ta inn ein ny § 12 i forskrifta der det uttrykkeleg går fram at dei generelle saksbehandlingsreglar for arbeidsløysetrygd i folketrygdloven kjem til bruk og at Garantikassa har same kompetanse som NAV etter desse føresegnene, så langt dei passar. I praksis er det særleg NAVs kompetanse etter folketrygdloven §§ 21-3 og 21-4 som det bør tydeleggjerast at også Garantikassa har. Ei føresegn slik som det er foreslått vil tydeleggjere at Garantikassa, til liks med NAV, kan innhente opplysningar i etterkant av trygdevedtak, for å kontrollere innhaldet i vedtaket.
4.2 Om Garantikassa sitt høve til å reagere ved manglande opplysningar ved kontroll
For å kunne gjennomføre ein tilfredsstillande kontroll er Garantikassa avhengig av å få opplysningar frå fiskar. Det er derfor nødvendig at det fører til konsekvensar for fiskar dersom han ikkje følgjer pålegg ved kontroll. Garantikassa ønskjer å kunne krevje tilbake utbetalt a-trygd dersom fiskaren ikkje gir dei opplysningar som Garantikassa ber om ved kontroll. Dagens ordlyd i § 10 gir ingen uttrykkeleg heimel for Garantikassa til å krevje ei slik tilbakebetaling.
Departementet viser til folketrygdloven § 21-7 om uriktige opplysninger m.m. – følger for ytelser fra trygden. I føresegna heiter det:
”Et krav om en ytelse kan avslås og en innvilget ytelse kan holdes tilbake eller stanses helt eller delvis dersom vedkommende
a) mot bedre vitende gir uriktige opplysninger
b) holder tilbake opplysninger som er viktige for rettigheter og plikter etter denne loven, eller
c) uten rimelig grunn unnlater å etterkomme pålegg som er gitt med hjemmel i denne loven.”
Som nemnt ovanfor gjeld dei generelle saksbehandlingsreglane for arbeidsløysetrygd i folketrygdloven så langt dei passar. Departementet vurderer det dermed slik at ordlyden i folketrygdloven § 21-7 bokstav c) gir Garantikassa heimel til heilt eller delvis å kunne halde tilbake eller stanse a-trygda til fiskaren dersom han utan rimeleg grunn let vere å gi nødvendige opplysningar som Garantikassa ber om i samband med kontrollen.
Departementet følgjer såleis ikkje opp forslaget om at Garantikassa skal kunne krevje tilbake utbetalt a-trygd dersom fiskar ikkje gir dei opplysningar som Garantikassa ber om ved kontroll. Skulle ein kontroll avdekke at a-trygd er utbetalt på grunnlag av urette eller mangelfulle opplysningar frå fiskaren, følgjer det av forskrifta § 10 nr. 3 første ledd at Garantikassa kan krevje a-trygda tilbakebetalt.
4.3 Andre endringar
Forskrifta § 10 nr. 3 andre ledd inneheld ei tilvising til ”folketrygdens § 4-10, jfr. 4-8”som ikkje er relevant i høve til resten av ordlyden i føresegna. Administrasjonen i Garantikassa har derfor foreslått at denne tilvisinga blir fjerna. Departementet er einig i dette.
Etter gjeldande forskrift § 10 nr. 3 andre ledd kan styret ved grove brot på forskriftene nekte forskotslån for seinare periodar, jf. bokstav b). Ettersom ordninga med forskotslån opphøyrte 01.01.2004 blir det foreslått at denne reaksjonsforma no blir oppheva.
Departementet finn det tenleg at det uttrykkeleg går fram av forskrifta kven som administrerer ordninga med arbeidsløysetrygd i fiske. Departementet foreslår derfor ein ny § 11 om at det er Garantikassen for fiskere som kan gjere vedtak etter forskrifta og at slike vedtak kan klagast inn til Fiskeri- og kystdepartementet. Dette inneber ingen realitetsendring.
5. Konklusjon og forslag til forskriftsendringar
På bakgrunn av det som er sagt ovanfor foreslår departementet at forskrift 26. januar 1990 nr. 67 om arbeidsledighetstrygd i fiske blir endra fom følgjer:
§10. Kontroll/ansvar ved uriktige opplysninger (endret)
1. Garantikassen gjennomfører kontroll i forbindelse med innvilgning av a-trygd.
2. Avviker opplysningene som framkommer under kontrollen fra de gitte opplysninger, vil fiskeren bli gitt mulighet til å uttale seg i saken før videre beslutning tas.
3. A-trygd som er utbetalt på grunnlag av uriktige eller mangelfulle opplysninger fra fiskeren, skal betales tilbake til Garantikassen eller kan trekkes i fiskernes fremtidige ytelser fra Garantikassen.
Konstateres det grove brudd på disse forskriftene, kan styret benytte følgende reaksjonsmåte:
a) skriftlig advarsel,
b) utelukkelse fra de ordninger som Garantikassen administrerer i inntil to år,
c) politianmeldelse.
§ 11. Vedtaksmyndighet (ny)
Vedtak etter denne forskrift fattes av Garantikassen for fiskere. Fiskeri- og kystdepartementet er klageinstans.
§ 12. Forholdet til folketrygdloven (ny)
Folketrygdlovens bestemmelser i kapittel 21 om saksbehandling i trygdesaker og kapittel 22 om utbetaling kommer til anvendelse så langt de passer. Garantikassen for fiskere har samme kompetanse som Arbeids- og velferdsetaten etter disse bestemmelsene så langt det passer.
Høyringsfristen blir sett til fredag 8. mai 2009.
Med helsing
Johán H. Williams ekspedisjonssjef |
|
Vidar Landmark avdelingsdirektør |
Fiskeridirektoratet
Sametinget
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Sør-Norges trålerlag
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Fiskekjøpernes forening
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Det norske maskinistforbund
Innovasjon Norge
Finansnæringens hovedorganisasjon
Sparebankforeningen
Norsk Nærings og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Garantikassen for fiskere
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
NAV