Høyring – forslag til endringar i kommunelova og enkelte andre lover (eigenkontrollen i kommunane m.m)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i kommunelova, inndelingslova, lov om interkommunale selskap, kvitvaskingslova, revisjonsforskrifta og kontrollutvalforskrifta.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 15.09.2011

Kommunal- og regionaldepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i kommunelova, inndelingslova, lov om interkommunale selskap, kvitvaskingslova, revisjonsforskrifta og kontrollutvalforskrifta.

Høyringsnotat er ei oppfølging av rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane frå desember 2009. Vi ber om å få vite kva syn høyringsinstansane har også på tilrådingane som departementet omtalar i høyringsnotatet, men ikkje følgjer opp med forslag til endringar.

Eventuelle merknader til forslaga kan sendast til postmottak@krd.dep.no eller til Kommunal- og regionaldepartementet, Postboks 8129 Dep, 0032 Oslo, merkt sak 11/1383. Frist er sett til 15. september 2011.

Vi gjer merksam på at også andre enn dei som står på høyringslista kan sende inn merknader. Alle svar blir lagt ut på departementet sine nettsider.

Med helsing


Anne Nafstad Lyftingsmo
ekspedisjonssjef

Sølve Monica Steffensen
avdelingsdirektør