Høyring - endringar i vegtrafikklova knytt til andre rusmiddel enn alkohol

Samferdselsdepartementet sender på høyring rapporten "Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Forslag til endringer i vegtrafikkloven".

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 30.06.2009

Ved brev av 23. mai 2007 nedsette Samferdselsdepartementet i samråd med Justisdepartementet, ei arbeidsgruppe som skulle ha til oppgåve å greie ut moglege endringar i vegtrafikklova knytt til køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol. Nedsetjinga av arbeidsgruppa var eit ledd i oppfylginga av rapporten ”Forslag til tiltak mot kjøring av motorvogn under påvirkning av andre rusmiddel enn alkohol” og omtale i St. prp nr. 1 (2006-2007).

Resultat:

Prop. 9 L (2010–2011) - Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

 

 


 

Vår ref.:

Ved brev av 23. mai 2007 nedsette Samferdselsdepartementet i samråd med Justisdepartementet, ei arbeidsgruppe som skulle ha til oppgåve å greie ut moglege endringar i vegtrafikklova knytt til køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol. Nedsetjinga av arbeidsgruppa var eit ledd i oppfylginga av rapporten ”Forslag til tiltak mot kjøring av motorvogn under påvirkning av andre rusmiddel enn alkohol” og omtale i St. prp nr. 1 (2006-2007).

Arbeidsgruppa har vore leia av Samferdselsdepartementet, og har elles hatt med representantar frå Justisdepartementet, påtalemakta, politiet og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Samferdselsdepartementet har og ivareteke sekretærfunksjonen. I vedlagde rapport frå arbeidsgruppa er det gjort nærare greie for arbeidsgruppa sin samansetnad, samt gruppa sitt mandat og arbeid. 

Rapporten ”Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Forslag til endringer i vegtrafikkloven” blei avgitt til samferdselsministeren 19. mars 2009. Arbeidsgruppa gjer i rapporten framlegg om fleire endringar i vegtrafikklovgivinga knytt til ruspåverka køyring. Som dei viktigaste finn departementet grunn til å framheve fylgjande endringsframlegg:

• Endring av vegtrafikklova § 22 for å innføre låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av ulike narkotiske stoff. Arbeidsgruppa omtalar framlegget som basert på eit ”nulltoleranseprinsipp med minstegrenser”. Med minstegrenser siktar gruppa til at dei låge lovfastsette grensene skal setjast ved slike nivå at ein sikrar at lovforbodet berre rammar konsentrasjonar av stoff i blodet, der det ligg føre moglegheit for at evna til å føre motorvogn har vorte nedsett. Frå dette ”nulltoleranseprinsippet” foreslår arbeidsgruppa å gjere unntak for dei som har innteke aktuelle stoff i medhald av føreskriven resept. For dei som tek reseptføreskrivne legemiddel vert det ikkje gjort framlegg om å endre rettstilstanden. Arbeidsgruppa foreslår at ein for desse tilfella framleis skal foreta ei individuell vurdering av om vedkomande var påverka i slik grad at køyredugleiken var sett ned.

• Endringar i vegtrafikklova § 31 andre og tredje ledd for å innføre særskilte straffeutmålingsreglar for køyring under påverknad av annan rus enn alkohol og forenkling av straffeutmålingsreglane i promillesaker.

• Endring av vegtrafikklova § 22a for å innføre lovheimel for bruk av hurtigtest ved trafikkontroll for å avdekke mogleg påverknad av andre rusmiddel enn alkohol.

Tilrådinga frå arbeidsgruppa inneber at ein skal kunne gjennomføre slik kontroll utan krav om mistanke.

• Presiserande endring av vegtrafikklova § 34 fyrste ledd, slik at politiet, ved skjelleg grunn til å tru at det ligg føre misbruk av alkohol eller andre rusmiddel, kan pålegge vedkomande å gjennomføre legeundersøking for å opplyse saka.

• Innføring av obligatorisk krav om legeattest/legeundersøking for personar som søkjer om å få førarkortet attende etter å ha mista det som fylgje av straff for ruspåverka køyring eller ved administrativt tilbakekall på grunn ikkje tilfredsstillande ”edruelegheit”. 

I dag har vegstyresmaktene ein fakultativ åtgang til å krevje legeattest i slike tilfelle. For å gjennomføre denne tilrådinga synest det tilstrekkeleg med endring av førarkortforskrifta.   

• Eit fleirtal i arbeidsgruppa foreslår endring av vegtrafikklova § 33 nr. 1, slik at dei med førarkort på prøve som vert straffa for ruspåverka køyring med påverknad svarande til 0,5 promille eller lågare - uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller anna rus - som hovudregel skal tape føreretten for ei kortare periode.

Eit mindretal i arbeidsgruppa går inn for at ei slik endring av vegtrafikklova § 33 nr. 1 skal gjelde alle førarar, ikkje berre dei som har føreretten på prøve.

Samferdselsdepartementet sender med dette rapporten med tilhøyrande framlegg til lov- og forskriftsendringar på offentleg høyring. Høyringsfristen vert sett til 30. juni 2009. Vi ber om at merknader vert sendt på e-post til postmottak@sd.dep.no og lennart.garnes@sd.dep.no.


Høyringsbrevet er sendt:

Departementa
Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund
Bilimportørenes Landsforening
Bioteknologinemnda
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Domstolsadministrasjonen
Forbrukerombudet
Forsvarergruppen av 1977
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Helsedirektoratet
Høgskolen i Nord-Trøndelag, avdeling for trafikklærerutdanning
Høgsterett
Kommunenes Sentralforbund
Kongelig Norsk Automobilforbund
Lagmannsrettane
Landsforeningen for trafikkskadde
Landsorganisasjonen i Norge
Motorførernes Avholdsforbund
Nasjonalt Folkehelseinstitutt
Norges Automobilforbund
Norges Bilbransjeforbund
Norges Forsikringsforbund
Norges Handikapforbund
Norges Juristforbund
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Lensmannslag
Norges Taxiforbund 
Norges Turbileierforbund
Norsk Bilsportforbund
Norsk Motorcykkel Union
Norsk Trafikkmedisinsk Forening
Norsk Transportarbeiderforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplysningsrådet for vegtrafikken
Oslo politidistrikt
Politiembetsmennenes Landsforening
Politiets Fellesforbund
Politidirektoratet
Riksadvokaten
Sivilombudsmannen
Sosial- og helsedirektoratet
Statens havarikommisjon for transport
Statens institutt for rusmiddelforskning
Statens legemiddelverk
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Tingrettane i Oslo, Bergen og Trondheim
Transportbedriftenes Landsforening
Transportøkonomisk institutt
Trygg Trafikk
Universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø
Utrykningspolitiet
Yrkestrafikkforbundet

Til toppen