Høyring - forslag om etablering av inter-regionalt biomassetak for verksemder som vidareforedlar ein vesentleg del av eigen oppdrettsfisk

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 18.11.2009

Vår ref.:


 

1. Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å innføre høve til inter-regionalt biomassetak for utøvarar som vidareforedlar ein vesentleg del av den fisken som blir oppdretta i innehavaren si eiga verksemd, medrekna verksemder i same konsern. Vi ber om at eventuelle merknader blir sende Fiskeri- og kystdepartementet innan 18. november 2009.

Merknader kan sendast per post til Fiskeri- og kystdepartementet, Postboks 8118 Dep, 0032 Oslo eller per e-post til postmottak@fkd.dep.no.

Liste over adressatane er vedlagt. Vi ber om at instansane sjølve legg høyringsbrevet fram for eventuelt interesserte underliggjande etatar og organ.

Høyringsforslaget er også tilgjengeleg på departementet si heimeside www.regjeringa.no/fkd - under saker på høyring.

2. Bakgrunn

Løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure blir fordelte geografisk, og knytt til éin av Fiskeridirektoratet sine regionar. Det er ein føresetnad at løyva som hovudregel blir nytta i den regionen dei er tildelte i. Dette går fram av laksetildelingsforskrifta § 33. Grunngjevinga for føresegna om regiontilknyting ligg særleg i distrikts- og næringspolitiske omsyn – oppdrettsverksemd bør skape vekst og arbeidsplassar langs heile kysten. Det kan gjerast unntak frå forbodet i tilfelle der ein innehavar har lokalitetar på begge sider av ei regiongrense, slik at forbodet vil slå særleg urimeleg ut.

Somme næringsaktørar har sett fram ønskje om å kunne flytte konsesjonar ut av heimeregionen. Sjølv om desse søknadene har vore like med tanke på ønsket om å flytte ut av heimeregionen, er det likevel skilnader i kvar selskapa vil flytte til og frå – og kvifor.

Hovudregelen om forbod mot flytting over regiongrensene er klar, og høvet til dispensasjon er snevert. Dette går klart fram av ordlyden og i merknadene til føresegna. Høvet til dispensasjon har vore praktisert i samsvar med dei restriktive merknadene. Næringsaktørane har difor i all hovudsak fått avslag på dispensasjonssøknadene sine.

3. Inter-regionalt biomassetak

Vi ser at forbodet mot flytting over regiongrensene kan slå uheldig ut for aktørar som driv vidareforedling av eigen biomasse. Departementet meiner at selskap/konsern som brukar ein vesentleg del av biomassen sin til vidareforedling i eiga verksemd, og som har løyve fordelt mellom naboregionar, bør gjevast høve til eit felles inter-regionalt biomassetak. Det inter-regionale biomassetaket vil omfatte tillaten biomasse etter alle løyve av same type og same art tilhøyrande søkjaren innanfor to av Fiskeridirektoratet sine regionar.

Endringa vil gi auka fleksibilitet som kan bidra til at verksemder med vidareforedling lettare kan tilby fisk gjennom heile året samtidig som det kan stimulere til meir lokal bearbeiding. Dette kan bidra til auka sysselsetjing og sikre eksisterande arbeidsplassar i distrikta. Vidare er dette i samsvar med ambisjonen i Soria Moria-erklæringa om at fiskeforedlingsindustrien skal sikrast stabil tilgang på råstoff. 

Vi ønskjer at forskriftsendringa faktisk kan bidra til meir stabil råstofftilgang, og bli ei ordning med praktisk verdi for relevante næringsaktørar. For å oppnå dette foreslår vi at vidareforedling inneber filetering eller høgre bearbeidingsgrad, og at den delen av verksemda sin biomasse som blir vidareforedla må vere 50 % eller høgre. Departementet ber her særleg om høyringsinstansane sine merknader.

Departementet meiner det høver best å plassere forslaget om inter-regionalt biomassetak i ei eiga føresegn i akvakulturdriftsforskriften § 48a. Forslaget er nært i slekt med det alminnelege biomassetaket for konsern. Det er ønskjeleg at dokumentasjonskravet og vilkåret for bortfall, jf. gjeldande § 48 andre, tredje og fjerde ledd, også skal gjelde for verksemder med inter-regionalt biomassetak. Vi foreslår at dette blir gjort ved at det blir teke inn ei tilvising i § 48a andre ledd om at desse gjeld tilsvarande.

4. Økonomiske og administrative konsekvensar

For næringa vil forslaget, slik departementet ser det, føre til auka fleksibilitet ved utøvinga av løyva. Dette kan vere med på å sikre ei meir effektiv økonomisk drift for dei enkelte verksemdene.

Departementet meiner også at forslaget kan få positive samfunnsøkonomiske ringverknader i form av auka sysselsetjing og verdiskaping i distrikta.

Forslaget har ikkje store forvaltningsmessige konsekvensar. Departementet ser at det kan kome til auka kostnader i samband med gjennomføringa av Fiskeridirektoratet sine kontrollfunksjonar på tvers av regiongrensene.

 

Med helsing

Magnor Nerheim
ekspedisjonssjef
Kari Bjørbæk
avdelingsdirektør

 

 

Utkast til forskrift om endring i forskrift 22. desember 2004 nr. 1785 om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskriften)

Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet xx.xx. 2009 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 6.

I
Forskrift 22. desember 2004 nr. 1785 om drift av akvakulturanlegg (akvakulturdriftsforskriften) blir endra slik:

§ 48a skal lyde:

§ 48a. Inter-regionalt biomassetak for virksomheter som videreforedler en vesentlig del av egen oppdrettsfisk

Innehavere av akvakulturtillatelse, som videreforedler en vesentlig del av den fisk som oppdrettes i innehaverens egen virksomhet, herunder virksomheter i samme konsern jfr. regnskapsloven § 1-3, kan etter søknad til Fiskeridirektoratets regionkontor i den regionen der selskapet har størstedelen av sin oppdrettsvirksomhet, innvilges et inter-regionalt biomassetak. Biomassetaket omfatter tillatt biomasse etter alle tillatelser av samme type og samme art tilhørende søker innenfor to av Fiskeridirektoratets regioner.
Bestemmelsene i § 48 andre til og med fjerde ledd gjelder tilsvarende.

II

Forskrifta trer i kraft straks.

Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Fiskeridirektoratet
Kystverket
Mattilsynet
Direktoratet for naturforvaltning
Statens forurensningstilsyn
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
NHO
Kommunenes sentralforbund
LO v/Fellesforbundet
Finansnæringens hovedorganisasjon
Havforskningsinstituttet
Veterinærinstituttet
Fylkeskommuner og fylkesmenn i:
Finnmark
Troms
Nordland
Nord-Trøndelag
Sør-Trøndelag
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane
Hordaland
Rogaland

Til toppen