Høyring – Vederlag for auka produksjonskapasitet for eksisterande løyve (auka MTB) til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 29.09.2009

Vår ref.:


 

1.  Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å endre akvakulturloven slik at det kan takast vederlag også for auka produksjonskapasitet for eksisterande løyve (auka maksimalt tillaten biomasse (MTB)) til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.

Frist for merknader er 29. september 2009. Merknadene skal sendast til Fiskeri- og kystdepartementet, PB 8118 Dep, 0032 Oslo eller per e-post til postmottak@fkd.dep.no.

Liste over adressatane er vedlagt. Vi ber om at instansane sjølve legg høyringsbrevet fram for eventuelt interesserte underliggjande etatar og organ.

Høyringsforslaget er også tilgjengeleg på departementet si heimeside www.regjeringa.no/fkd - under saker på høyring.

2. Forslaget


Regjeringa har bestemt at det skal vere ein moderat vekst i  produksjonskapasiteten for laks, aure og regnbogeaure i 2010. Veksten skal takast ut i form av auka produksjonskapasitet for eksisterande løyve. Regjeringa ønskjer at tilbodet om auka MTB skal giast mot vederlag til staten.

Akvakulturloven gir heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve. Akvakulturloven fastset ikkje ein absolutt storleik på løyvet. Det inneber at det er mogleg å auke storleiken på nye løyve utover det nivået vi har i dag (900 tonn i Troms og Finnmark og 780 tonn i resten av landet) utan lovendring. Loven er heller ikkje til hinder for å auke storleiken på eksisterande løyve, dvs. auke av MTB i det enkelte eksisterande løyvet. Det vi ikkje har heimel til i dag, er å ta vederlag for å auke omfanget av eit eksisterande løyve.

I 2001 vart den dåverande oppdrettsloven endra slik at det skulle vere mogleg å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve.  Dette er vidareført i akvakulturloven. Grunngjevinga for å ta vederlag er at når oppdrettaren blir tildelt eit løyve som kan seljast, og har ein verdi i andrehandsmarknaden, er det rimeleg at samfunnet (staten) får noko tilbake i form av vederlag. Dette har skjedd ved tildelingane av nye løyve i 2002, 2003, 2006 i Finnmark og i 2009. Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på eksisterande løyve som regjeringa legg opp til i 2010. På denne bakgrunn foreslår departementet at akvakulturloven blir endra slik at det kan takast vederlag for auka produksjonskapasitet ved eksisterande løyve.

3. Økonomiske og administrative konsekvensar


For oppdrettarane vil den økonomiske konsekvensen tilsvare vederlaget for utvidinga i MTB på det enkelte løyvet.

For staten vil forslaget innebere høve til å ta vederlag for utviding av eksisterande løyve.

4. Vidare prosess


På bakgrunn av endringsforslaget i denne høyringa og høyringsinstansane sine merknader, tek vi sikte på å fremme ein Proposisjon L  for Stortinget i oktober.


Med helsing

Astrid Holtan
fung. ekspedisjonssjef
Kari Bjørbæk  
avdelingsdirektør

 

 

 

Utkast til lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven):


I

Lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) endres slik:
 
Ny § 7 andre ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om vederlag for tildeling av tillatelse til utvidelse av eksisterende tillatelse.

Nåværende § 7 andre ledd blir nytt tredje ledd.


II

Loven gjelder fra den tid Kongen fastsetter.

Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Fiskeridirektoratet
Kystverket
Mattilsynet
Sametinget
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
NHO
Kommunenes sentralforbund
LO v/Fellesforbundet
Finansnæringens hovedorganisasjon
Fylkeskommuner og fylkesmenn i:
Finnmark
Troms
Nordland
Nord-Trøndelag
Sør-Trøndelag
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane
Hordaland
Rogaland