Høyring av Statnett si konseptvalutgreiing (KVU) med behovsvurdering og ekstern kvalitetssikring, for Bergen og omland
Høring | Dato: 01.12.2020 | Energidepartementet
Opprinnelig utgitt av: Olje- og energidepartementet
Eit konsept er ei prinsippløysing som varetek eitt eller fleire behov i kraftsystemet. I konseptvalutgreiinga gjer Statnett greie for kva framtidige behov føretaket meiner kraftforsyninga til Bergen og omland skal tilfredsstille, og kva konsept som best varetek desse behova. Oslo Economics har gjennomført ei kvalitetssikring av Statnett si konseptvalutgreiing.
KVU og rapporten frå Oslo Economics er lagt ut på høyring på https://www.regjeringen.no/no/dokument/hoyringar/. Ytterlegare informasjon er tilgjengeleg på Statnett si prosjektside: https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/konseptvalgutredning-bergen-og-omland/
Prosessen vidare
Etter høyringa skal departementet gje ei fråsegn om behovet og konseptvalet. Vurderingane frå den eksterne kvalitetssikraren og høyringsinnspela vil inngå i departementet si behandling.
I konseptvalutgreiinga tas det ikkje stilling til konkret trasé eller anna arealbruk. Departementet si fråsegn vil avgrense seg til dei overordna prinsipielle spørsmåla, behovsvurderinga og val av konsept.
Når departementet har gitt fråsegn til konseptvalutgreiinga, kan Statnett gå vidare med prosjektet og konsesjonssøke konkrete nettløysingar eventuelt etter forutgåande melding og konsekvensutgreiing der lovverket krev dette. Statnett skal i den samanheng utgreie konkrete traséval og plassering av alle elektriske anlegg av betydning for arealbruk, miljø og samfunn. Meldingar og konsesjonssøknadar underleggast ei brei offentleg høyring der alle interesserte får høve til å uttale seg.
Departementet tek sikte på å halde eit opent, digitalt høyringsmøte i samband med høyringa av KVU. Mottakarar av dette brevet vil få nærare orientering om tid og stad for eit slikt møte.
Høyringsfrist
Fråsegn kan gis digitalt på regjeringen.no. Høyringsinstansar kan registrere seg, mellomlagre eit fråsegn og laste opp vedlegg. Høyringsinstansane kan også sende inn høyringssvar utan å registrere seg elektronisk, til postmottak@oed.dep.no. Også andre enn dei som står på høyringslista, står fritt til å kome med kommentarar. Fråsegn er offentlege etter offentleglova og blir publisert saman med andre innspel. Merknadar til Statnett si konseptvalutgreiing og den eksterne kvalitetssikringa sendast Olje- og energidepartementet innan 31. januar 2021.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Peder Grimstad Helset, peder-grimstad.helset@oed.dep.no og på telefon 22 24 63 26.
Med helsing
Eli Jensen (e.f)
avdelingsdirektør Peder Grimstad Helset
rådgjevar
Alver kommune
Askøy kommune
Aurland kommune
Austrheim kommune
Bergen kommune
BKK Nett
BKK Kraft
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
DNT Bergen og Hordaland Turlag
DNT Sogn og Fjordane Turlag
EL & IT Forbundet
Energi Norge
Equinor
Fedje kommune
Fiskeridirektoratet Region Vest
Gassco
Greenpeace
Gulen kommune
Havforskningsinstituttet
Høyanger kommune
Industri Energi
Kvam kommune
Kystverket Vest
Landsorganisasjonen i Norge
Masfjorden kommune
Miljødirektoratet
Miljøstiftelsen Bellona
Modalen kommune
Natur og Ungdom
Naturkraft
Naturvernforbundet
Norges Bondelag
Norges Fiskarlag
Norges Jakt- og fiskeriforbund
Norges Miljøvernforbund
Norsk Industri
Norsk Olje og Gass
Norsk ornitologisk forening
Oljedirektoratet
Osterøy kommune
Petroleumstilsynet
Riksantikvaren
Samnanger kommune
Samtlige departementer
Samtlige fylkeskommuner
Samtlige fylkesmenn
Sametinget
Sogndal kommune
Telenor Kabelnett
TeliaSonera Norge AS
Vaksdal kommune
Vik kommune
Voss kommune
WWF Norge AS
Zero Emission Resource Organization AS
Øygarden kommune