Høyring - Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (Oppfølging av forslag frå Pasientovergrepsutvalget)

Helse- og omsorgsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven. Forslaga følgjer opp tilrådingar i ein rapport frå Pasientovergrepsutvalget. Forslaga inneber at Statens helsetilsyn kan ileggje strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell i dei alvorlegaste sakene. Dette er saker der helsepersonell utgjer ein alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Det kan mellom anna vere tilfelle der helsepersonell har utført overgrep eller utvist annan grensekrenkande åtferd overfor pasientar. Lovforslaga er generelt utforma og omfattar også andre typar saker

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 28.06.2023

Vår ref.: 23/1109

Høyring - Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (Oppfølging av forslag frå Pasientovergrepsutvalget) 

Helse- og omsorgsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven. Forslaga følgjer opp tilrådingar i ein rapport frå Pasientovergrepsutvalget. Forslaga inneber at Statens helsetilsyn kan ileggje strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell i dei alvorlegaste sakene. Dette er saker der helsepersonell utgjer ein alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Det kan mellom anna vere tilfelle der helsepersonell har utført overgrep eller utvist annan grensekrenkande åtferd overfor pasientar. Lovforslaga er generelt utforma og omfattar også andre typar saker.

 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet

Departementet foreslår å innføre ei ny føresegn om ei generell karantenetid på to år i helsepersonelloven § 62 før det kan søkjast om ny autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning. Karantenetida for ny søknad gjeld i tilfelle der helsepersonell har mista autorisasjon ved tilbaketrekking eller ved frivillig avkall under ei pågåande tilsynssak. Forslaget må sjåast i samanheng med at det vanlegvis tar tid før helsepersonell igjen kan sjåast på som skikka til å utøve yrket sitt. Ein del søkjer likevel om ny autorisasjon relativt kort tid etter at dei er fråtekne autorisasjonen, sjølv om søknaden verkar openbert grunnlaus. Helsetilsynet må i dag bruke ressursar på å behandle desse søknadane. Forslaget inneber at Helsetilsynet får klar heimel for å avvise nye søknadar som er sett fram før det er gått to år. Departementet foreslår at Helsetilsynet kan gjere unntak frå kravet om karantenetid på to år når særlege grunnar tilseier det, sidan dette kravet i enkelte tilfelle kan slå særleg uheldig ut.

Vidare foreslår departementet at Helsetilsynet får klar heimel i helsepersonelloven § 57 for å trekke tilbake autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning for alltid (varig tilbaketrekking) i saker der helsepersonell for framtida er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Eit slikt vedtak vil vere svært inngripande, samstundes som situasjonen kan endre seg over tid også i dei alvorlegaste sakene. Departementet foreslår derfor at det i desse tilfella blir opna for å kunne søkje om ny autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning etter ei karantenetid på ti år. Forslaget sikrar at eit vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon for alltid i dei alvorlegaste sakene, får ei varigheit på minst ti år. Departementet sitt forslag inneber dermed at det blir innført ein todelt modell, der det vil vere ei karantenetid på to år for dei aller fleste søknadane om ny autorisasjon, medan karantenetida for ny søknad i dei alvorlegaste sakene vil vere ti år.

Departementet foreslår i tillegg ei ny føresegn i helsepersonelloven § 57 a som inneber at Helsetilsynet kan ileggje forbod mot å yte helsehjelp for helsepersonell som ikkje lenger har autorisasjon eller lisens, men som likevel held fram med å praktisere yrket. Eit forbod føreset at dei utgjer ein alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Manglande etterleving av forbodet blir foreslått sanksjonert med tvangsmulkt gjennom ei endring i helsetilsynsloven § 9. Departementet har avgrensa forslaget om forbod mot å yte helsehjelp til helsepersonell som har mista autorisasjonen. Forslaget omfattar ikkje helsepersonell som fell utanfor autorisasjonsordninga i helsepersonelloven. Uautorisert og ufaglært helsepersonell er i stor grad tilsett i verksemder innan helse- og omsorgstenesta og arbeidsgivar er dermed nærast til å følgje opp tilsette med arbeidsrettslege verkemiddel, politimelding mv.

Lovforslaga i høyringsnotatet må sjåast i samanheng med andre tiltak for å styrkje pasienttryggleiken. Tilsynsmyndigheitene har fått betre mogelegheit til å følgje opp uautorisert helsepersonell gjennom lovendringar sette i verk 1. juli 2022, der reaksjonen åtvaring blei erstatta med den nye reaksjonen fagleg pålegg. Fagleg pålegg kan gjere det meir sannsynleg at helsepersonell legg om praksis. I høyringsnotatet er det gitt ei omtale av Helsetilsynet sitt pågåande forbetringsarbeid når det gjeld endring av praksisen til tilsynsmyndigheitene, i lys av Pasientovergrepsutvalget sin rapport og tilsynet sin internrapport. Mellom anna er innhaldet i temaet rollesamanblanding oppdatert i saksbehandlingsrettleiarar for tilsynet og statsforvaltarane. Det blir også opp lagt til at statsforvaltarane raskare skal vurdere melding til politiet og etablere eit samarbeid med politi og påtalemakta. Lovforslaga frå departementet må også sjåast i samanheng med Varselutvalget sin rapport som vil bli lagt fram i løpet av kort tid. 

 Høyringsfrist 

Høyringsfristen er 28. juni 2023. Vi ber om at høyringssvar blir levert digitalt på regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Her kan ein registrere seg, mellombels lagre eit høyringssvar og laste opp vedlegg. Høyringar er opne, og alle kan sende svar til oss. Det er også høve til å sende høyringssvar utan å registrere seg. Vi gjer merksam på at høyringssvar er offentlege etter offentleglova, og vil bli publisert saman med andre høyringssvar. Vi ber mottakarane av dette brevet vurdere om høyringsnotatet også bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, medlemmar osb. som ikkje står på lista.  

Med helsing

 

Atle Gøhtesen (e.f.)

avdelingsdirektør

 

 

Hege Louise Østlyngen

seniorrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

 

ACOS AS
Advokatforeningen
LHL Hjerneslag og Afasi
Akademikerne
Allmennlegeforeningen
Apotekforeningen
Aurora - støtteforening for mennesker med psykiske helseproblemer
Autismeforeningen i Norge

Barnekreftforeningen
Barneombudet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Bioteknologirådet

CGM (Compugroup Medical Norway AS)

Datatilsynet
Den Norske Jordmorforening
Den norske legeforening
Den norske tannlegeforening
Departementa
Diabetesforbundet
DIPS ASA
Direktoratet for e-helse
Diskrimineringsnemnda
Dixi – ressurssenter i Oslo

Fagforbundet
Fampo
Fellesorganisasjonen (FO)
Folkehelseinstituttet
Forbrukertilsynet
Forbrukerrådet
Foreningen for blødere i Norge
Foreningen for hjertesyke barn
Foreningen for Muskelsyke
Foreningen for kroniske smertepasienter
Forskerforbundet
Forskningsstiftelsen FAFO
Frambu
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Fylkesrådet for funksjonshemmede

Helsedirektoratet
Helse- og sosialombudet i Oslo
HIV-Norge
Hørselshemmedes Landsforbund

IKT Norge
Infodoc
Innovasjon Norge
Institutt for helse og samfunn HELSAM
Institutt for samfunnsforskning

Juristforbundet
JURK – Juridisk rådgivning for kvinner
Juss-Buss
Jussformidlingen i Bergen
Jusshjelpa i Nord-Norge
Kliniske ernæringsfysiologiske forening
Kreftforeningen
Kreftregisteret
KS

Landet sine helseføretak
Landet sine høgskolar (m/helsefagleg utdanning)
Landet sine kommunar
Landet sine pasient- og brukarombod
Landet sine private sjukehus
Landet sine regionale helseføretak
Landet sine statsforvaltarar
Landet sine universitet
Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende (LUPE)
Landsforeningen Alopecia Areata
LHL
Landsforeningen for Huntingtons sykdom
Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte
Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse (LPP)
Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer
Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO)
Landsgruppen av psykiatriske sykepleiere
Landsgruppen av helsesøstre, NSF
LO - Landsorganisasjonen i Norge
Legeforeningens forskningsinstitutt
Legemiddelindustrien
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Likestillingssenteret

Mental Helse Norge
Munn- og halskreftforeningen
MS – forbundet

Nasjonalforeningen for folkehelsen
Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse
Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten
Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin – NAKOS
NKVTS – Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress
Nok. Norge
Norges Astma- og Allergiforbund
Norges Blindeforbund
Norges Døveforbund
Norges Farmaceutiske Forening
Norges Fibromyalgi Forbund
Norges forskningsråd
Norges Handikapforbund
Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM)
Norges kristelige legeforening
Norges Kvinne- og familieforbund
Norges Parkinsonforbund
Norsk Biotekforum
Norsk Cøliakiforening
Norsk Epilepsiforbund
Norsk Ergoterapeutforbund
Norsk Forbund for Osteopatisk Medisin
Norsk Forbund for psykoterapi
Norsk Forbund for utviklingshemmede (NFU)
Norsk Forening for cystisk fibrose
Norsk Forening for Ernæringsfysiologer
Norsk Forening for nevrofibromatose
Norsk Forening for Psykisk Helsearbeid
Norsk Forening for Tuberøs Sklerose
Norsk Forum for terapeutiske samfunn
Norsk Fysioterapeutforbund
Norsk Gestaltterapeut forening
Norsk gynekologisk forening
Norsk helsenett SF
Norsk Immunsviktforening
Norsk Intravenøs Forening
Norsk Kiropraktorforening
Norsk Logopedlag
Norsk Manuellterapeutforening
Norsk OCD forening, ANAKE
Norsk Ortopedisk Forening
Norsk Osteopatforbund
Norsk Osteoporoseforening
Norsk Palliativ Forening
Norsk Pasientskadeerstatning (NPE)
Norsk Presseforbund
Norsk Psoriasis Forbund
Norsk Pasientforening
Norsk Psykiatrisk Forening
Norsk Psykoanalytisk Institutt
Norsk Psykologforening
Norsk Radiografforbund
Norsk Revmatikerforbund
Norsk selskap for ernæring
Norsk sykehus og helsetjenesteforening (NSH)
Norsk sykepleierforbund
Norsk Tannpleierforening
Norsk Tjenestemannslag (NTL)
Norsk Tourette Forening
Norske Fotterapeuters Forbund
Norske Ortoptister forening
NUPI
NHO - Næringslivets Hovedorganisasjon

Parat
Pensjonistforbundet
Personskadeforbundet
Personvernnemnda
Politidirektoratet
Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund

Reform – ressurssenter for menn
Regelrådet
Regionsentrene for barn og unges psykiske helse
Regjeringsadvokaten
Rettspolitisk forening
Riksadvokaten
Riksrevisjonen
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser
Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)
Ryggforeningen i Norge
Ryggmargsbrokk og hydrocephalusforeningen
Rådet for legeetikk
Rådet for psykisk helse

Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner SAFO
Sametinget
Senter for medisinsk etikk ved universitetet i Oslo
SINTEF Helse
Sivilombudet
Spekter
Spiseforstyrrelsesforeningen
Statens helsetilsyn
Statens legemiddelverk
Statens råd for likestilling av funksjonshemmede
Statens seniorråd
Statistisk sentralbyrå
Statsadvokatembeta
Statstjenestemannsforbundet
Stoffskifteforbundet
Stiftelsen Menneskerettighetshuset
Stiftelsen Norsk Luftambulanse
Stiftelsen Organdonasjon
Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning
Sysselmesteren på Svalbard

Turner Syndrom foreningen i Norge

UNIO
Utdanningsforbundet

Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Vestlandske Blindeforbund
Virke
Visma
Voksne for Barn
Volvat Medisinske Senter AS

Yngre legers forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)