Høyring om organisering av ei framtidig yrkesskadeordning

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 01.10.2007

Vår ref.:

Høyring – organisering av ei framtidig yrkesskadeordning

I Noreg er det to ordningar som gjev økonomisk kompensasjon ved yrkesskade. Dette blir gjort dels gjennom folketrygdlova, og dels gjennom lova om yrkesskadeforsikring.

Innstillinga til yrkesskadeutvalet, NOU 2004: 3 Arbeidsskadeforsikring, har vore på høyring tidlegare. Det var ulikt syn i utvalet og mellom høyringsinstansane om fleire viktige spørsmål, mellom anna korleis ei framtidig yrkesskadeordning bør organiserast.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet meiner at ei forenkling er naudsynt, særlig av omsyn til skadelidne. Departementet legg i eit høyringsnotat av i dag fram forslag til ei ny organisering av yrkesskadesystemet. Høyringsnotatet er lagt ut på heimesida til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, www.regjeringen.no/aid. Ein kan òg få notatet ved å kontakte postmottak@aid.dep.no, eller telefon 22 24 86 01.

Høyringsfristen er 1. oktober 2007. Vi ber om at høyringsfråsegner så langt råd er, blir sende elektronisk til e-postadressa postmottak@aid.dep.no

 

Med helsing
Tomas Berg (e.f.)
ekspedisjonssjef

 

 

 
Lars R. Bærøe
avdelingsdirektør

Høyringsnotat – Frå to til éi yrkesskadeordning

 

 1 Innleiing

I Noreg er det no to ordningar som gjev økonomisk kompensasjon ved yrkesskadar og yrkessjukdommar utover det som blir dekt av det ordinære stønadssystemet i folketrygda. Folketrygdlova inneheld ei rekkje reglar som gjev betre trygdeytingar ved yrkesskadar og yrkessjukdommar enn ved andre skadar og sjukdommar. Lov om yrkesskadeforsikring har reglar om erstatning i tillegg til normalytingane og særytingane frå folketrygda. Føremålet med reglane om økonomisk kompensasjon ved yrkesskadar er å sikre den som blir ramma av ein yrkesskade eller ein yrkessjukdom, personleg og økonomisk tryggleik.

Systemet i dag med to ordningar som gjev økonomisk kompensasjon ved yrkesskadar,  har vore i bruk lenge, og har møtt kritikk. Eit offentleg utval, yrkesskadeutvalet, som gav si innstilling i NOU 2004: 3 Arbeidsskadeforsikring, gjekk grundig gjennom dei gjeldande ordningane og kom med forslag til endringar. Både innstillinga frå utvalet og høyringa viste at det er stor semje om at systemet bør reviderast. Men det er ulikt syn på fleire viktige spørsmål, mellom anna korleis ei framtidig yrkesskadeordning bør organiserast.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet konstaterer at ein ikkje har kome fram til ei samlande løysing på spørsmålet om organiseringa. Det er likevel gode grunnar til å forenkle dei gjeldande yrkesskadeordningane, som er uoversiktlege, omstendelege og krevjande, både for den som blir skadd, og for dei som administrerer ordningane.

Departementet ynskjer å finne fram til ei ordning som både medverkar til å forenkle regelverket, og som har legitimitet hos brukarane av ordninga, det vil seie arbeidsgjevarane og arbeidstakarane. Departementet føreslår i dette høyringsnotatet å gå over til éi ny ordning som skal erstatte dei to ordningane vi har i dag:

  • Reglane i folketrygdlova om yrkesskade og lov om yrkesskadeforsikring blir oppheva.
  • Det blir innført ei ny lov om arbeidsskadeforsikring.
  • Erstatninga til skadelidne blir om lag på same nivå som i dag.
  • Det blir oppretta ei frittståande og uavhengig arbeidsskadeeining som skal avgjere krav om erstatning ved arbeidsskade. Partane i arbeidslivet skal vere representerte i styret.
  • Ein klageinstans skal kunne overprøve alle sider av saka.
  • Saksbehandlingsreglane skal byggje på prinsippa i forvaltningslova.

Det er ein føresetnad for omlegginga at dei etablerte rettane som arbeidstakarane har ved yrkesskadar og yrkessjukdommar, blir vidareførte.

Arbeidsgjevarane skal som i dag finansiere ordninga.

Dette høyringsnotatet gjeld dei organisatoriske spørsmåla. I NOU 2004: 3 blir det og drøfta ei rekkje andre spørsmål som kjem opp dersom dei to regelverka vi har i dag blir slått saman. Til dømes gjeld dette vilkåra for å få erstatning (mellom anna årsakskravet), utmålingsreglar og kven som skal vere omfatta av ordninga. Eit anna spørsmål som har vorte diskutert i ei rekkje år, som låg utanfor mandatet til yrkesskadeutvalet (NOU 2004: 3), er kva sjukdommar som skal vere likestilte med yrkesskade. Mellom anna er det hevda at reglane som gjeld no ikkje tek hand om arbeidstakarar i visse typar yrke i tilstrekkeleg grad.  

Kva sjukdommar som skal vere likestilte med yrkesskade er regulert i ei forskrift gjeve med heimel i folketrygdlova, den såkalla yrkessjukdomsforskrifta. Ein har tidligare greidd ut spørsmålet om å utvide forskrifta, mellom anna i 1999 [1]. Ei arbeidsgruppe føreslo å utvide yrkessjukdomslista med nokre sjukdommar. Høyringsinstansane var ikkje samde, og forslaget vart ikkje følgd opp. Departementet meiner det er gode grunnar til å gjere ei ny og grundig utgreiing av dette spørsmålet, og vil vurdere korleis dette best kan gjerast.   

Regelverka for ordningane vi har i dag er ulike på fleire punkt. Ein må difor ta stilling til kva regelsett ein ynskjer å føre vidare. Høyringsinstansane fekk høve til å uttale seg om desse spørsmåla då innstillinga til yrkesskadeutvalet var på høyring.

Eit sentralt spørsmål det ikkje var semje om i NOU 2004: 3, og i høyringsrunden som følgde, var korleis årsaks- og beviskrava skal vere i ei ny lov om arbeidsskadeforsikring. Fleirtalet og det eine mindretalet i yrkesskadeutvalet ynskte å føre vidare prinsippet i yrkesskadeforsikringslova § 11, men var usamde om utforminga av lovteksten. Eit anna mindretal ynskte hovudsakleg å føre vidare prinsippa i folketrygdlova § 13-4. Departementet legg til grunn at ei ny lov må ha klåre og tydelege årsaks- og bevisreglar som er eigna til å skape tryggleik om rettstilstanden. Dette vil føre til færre rettstvistar og eit forenkla regelverk, noko departementet ser som eit vesentleg føremål med den nye organiseringa som blir føreslått.

Synspunkt og innspel som kom fram i samband med høyringa av NOU 2004: 3, vil bli teke med i det vidare arbeidet. Departementet er òg ope for synspunkt om yrkesskadeordninga i denne høyringsrunden, ut over dei tema som er omfatta av dette høyringsnotatet.

 

2 Bakgrunn

Yrkesskadedekninga i folketrygda har røter i eldre lovgjeving om ulykkestrygd og yrkesskadetrygd. Dekninga omfattar mellom anna gunstigare inngangsvilkår og utmåling av trygdeytingar enn elles, og meinerstatning for ikkje-økonomisk tap.

Yrkesskadeforsikringa vart lovfesta i 1990. Ho avløyste tryggleiksforsikringar som var av ulik kvalitet, og som ikkje omfatta alle arbeidstakarar. Erstatninga kjem i tillegg til folketrygda. Dekninga gjeld mellom anna tap av framtidig inntekt etter standardiserte satsar og meinerstatning.

Det er meininga at desse ordningane til saman skal gje den skadelidne full kompensasjon.

Utviklinga har ført til at vi i dag har to ordningar for økonomisk kompensasjon ved yrkesskade, administrerte av arbeids- og velferdsetaten (tidlegare trygdeetaten) og forsikringsselskapa. Men ingen av dei er bundne av avgjerslene som den andre tek, og det er visse skilnader i regelverket, mellom anna når det gjeld personkrins og krav til årsakssamanheng.

Gjennom 1990-åra vart spørsmålet om endringar i yrkesskadeordningane teke opp frå fleire hald. Til dømes reiste både LO og NHO spørsmål om organiseringa var føremålstenleg.

Regjeringa Stoltenberg I sette difor ned yrkesskadeutvalet i 2001. Utvalet fekk i oppgåve å vurdere om det var mogleg å slå saman yrkesskadefordelane i folketrygda og yrkesskadeforsikringa til ei ny ordning. Mellom anna skulle utvalet greie ut om det burde opprettast eit eige oppgjerskontor for yrkesskadesaker.

Yrkesskadeutvalet drøfta i NOU 2004: 3 fleire moglege løysingar for organisering på yrkesskadeområdet:

  • vidareføre to ordningar administrerte på same måten som i dag, men harmonisere reglane der dei er ulike
  • la all erstatning ved yrkesskade bli dekt gjennom folketrygda, som blir administrert av trygdeetaten (no arbeids- og velferdsetaten)
  • opprette ei ny arbeidsskadeforsikring som blir administrert fullt ut av forsikringsselskapa, eventuelt at eit eige sjølvstendig oppgjerskontor avgjer krava.

Både i yrkesskadeutvalet og i høyringa var det usemje om korleis eit framtidig yrkesskadesystem burde organiserast. Fleirtalet føreslo ei ny arbeidsskadeforsikring administrert fullt ut av forsikringsselskapa. Men sentrale partar i arbeidslivet, som LO, NHO og KS, var ikkje einige i det. LO ynskte at når trygdeetaten godkjende ein yrkesskade eller ein yrkessjukdom, skulle det vere bindande for forsikringsselskapa. NHO gav i høyringsrunden uttrykk for at dagens to ordningar burde vidareførast, men at eit felles oppgjerskontor skulle opprettast for å behandle sakene. KS meinte at dei to lovene vi har i dag, burde slåast saman, men at eit nytt oppgjerskontor skulle behandle sakene.

 

3 Departementets vurdering og forslag

3.1 Mål og omsyn som ligg til grunn for ei ny yrkesskadeordning

Departementet vil peike på viktige mål og omsyn som bør stå sentralt i ei ny ordning. Dei dannar utgangspunktet for forslaget frå departementet til ei framtidig yrkesskadeordning.

Personleg og økonomisk tryggleik for skadelidne
Det viktigaste målet med ei framtidig yrkesskadeordning er å sikre arbeidstakarane personleg og økonomisk tryggleik. Skadelidne skal ha same økonomiske stilling som om dei ikkje hadde vore ute for skaden.

Rettstryggleik for skadelidne
Skadelidne skal sikrast rett yting gjennom ei trygg og forsvarleg saksbehandling. Det set krav mellom anna til utforminga av saksbehandlingsreglane, og til at det er høg fagleg kompetanse der avgjerslene blir tekne.

Eit enklare regelverkt
Regelverket på yrkesskadeområdet bør bli enklare. Vi har i dag to ulike regelsett som det er vanskeleg å få oversikt over. Eitt regelverk vil vere lettare å setje seg inn i for skadelidne og andre aktørar, og det vil gjere arbeidet for dei som administrerer ordninga enklare.

Førebygging av yrkesskadar
Yrkesskadeordninga bør ha ein førebyggjande effekt ved å gje insentiv til å redusere risiko, slik at det ikkje skjer skadar. Det er viktig å setje meir fokus på førebygging av arbeidsrelaterte skadar og sjukdommar. Førebyggjande HMS-tiltak vil kunne føre til færre skadetilfelle og med det lågare premiar.

Rehabilitering og attføring av skadelidne
Rehabilitering og attføring er viktig, også utover det folketrygda kan tilby. Dette gjeld både arbeidstakarane og arbeidsgjevarane. For den som blir skadd, har det ein eigenverdi å vende tilbake til arbeidslivet, og for arbeidsgjevarane vil dette føre til lågare utgifter til ordninga. 

Raske og effektive oppgjer
Ei viktig målsetjing er at den generelle saksbehandlingstida skal vere forsvarleg, og at oppgjeret skal skje raskt så sant det er mogleg. Ei sak kan likevel ikkje gjerast opp før det er klarlagt kva som blir dei varige følgjene av ein skade. I nokre tilfelle må det difor gå noko tid før det endelege oppgjeret. 

Effektiv administrasjon
Det må leggjast til rette for eit effektivt, einsarta og brukarvennleg system. Dette vil redusere den samla ressursbruken i samband med saksbehandlinga og dermed gje administrativ innsparing.

Førebygging av konfliktar på arbeidsplassen
At det i yrkesskadesaker ikkje må påvisast skuld hos arbeidsgjevarane for at skadelidne skal ha rett til yrkesskadeerstatning, er med på å førebyggje konfliktar på arbeidsplassen. Ei ny ordning bør vidareføre dette prinsippet.

Ordninga må ha tillit hos brukarane
Brukarane av ordninga er dei som har krav på erstatning (arbeidstakarane), og dei som betaler utgiftene til ordninga (arbeidsgjevarane). Det er avgjerande at ordninga har legitimitet hos brukarane og organisasjonane deira (partane i arbeidslivet). 

 

3.2 Departementets vurdering

3.2.1 Éi eller to ordningar?
I NOU 2004: 3 føreslo fleirtalet å slå saman dei to ordningane i dag til ei ny lovfesta arbeidsskadeforsikring. Mindretalet (LO) føreslo at dagens regelverk skulle oppretthaldast, men at avgjerslene i trygdeetaten skulle vere bindande for forsikringsselskapa. Fleirtalet var ueinig om korleis éi ny ordning skulle administrerast, mellom anna om ei eiga eining skulle avgjere krav om erstatning ved yrkesskade, eller om det skulle skje via forsikringsselskapa.

Departementet meiner at dagens system med to ordningar er uheldig, men konstaterer at ein til no ikkje har kome fram til ei løysing på organisasjonsspørsmålet som kan samle alle partar. Departementet ser det som nødvendig å forenkle regelverket, særleg av omsyn til skadelidne.

Dei to regelverka er ikkje identiske, mellom anna er vilkåra for erstatning (årsakskrav) og personkrins noko ulike. Ein yrkesskadd person kan difor få ulike avgjersler i dei to ordningane. Det er vanskeleg å forklare og forsvare. Departementet meiner at det vil vere lettare å setje seg inn i eitt regelverk for alle partar. Det vil forenkle administrasjonen av ordninga, og dermed spare ressursar. Ein unngår dobbelbehandling til dømes ved at to ulike instansar hentar inn medisinske spesialisterklæringar.

Departementet ser det slik at eit yrkesskadesystem med to ordningar ikkje kan forsvarast, same om dei to regelverka blir reviderte med sikte på harmonisering, vedtak i arbeids- og velferdsetaten skulle binde forsikringsselskapa, eller det blir oppretta ei felles eining (oppgjerskontor) som behandlar sakene. Skadelidne må likevel ha å gjere med to administrative system, og då vil det vere vanskeleg å redusere dei økonomiske og administrative ressursane og få til raskare og meir effektive oppgjer enn i dag.

Departementet har på denne bakgrunnen vurdert ulike løysingar for éi ordning.

3.2.2 Ulike løysingar for éi ordning
Innleiing
Det er to måtar å slå saman dei eksisterande yrkesskadeordningane på:

  • Reglane i folketrygda om yrkesskade kan utvidast, slik at all erstatning blir dekt gjennom folketrygda (yrkesskadeforsikringslova blir oppheva). Dette inneber at arbeids- og velferdsetaten (tidlegare trygdeetaten) administrerer ordninga.
  • All yrkesskadeerstatning kan dekkjast gjennom ei lovheimla forsikringsbasert ordning (yrkesskadereglane i folketrygdlova blir oppheva). Ordninga kan administrerast anten fullt ut av forsikringsselskapa eller ved at det blir oppretta ei eiga eining som avgjer erstatningskrava.

Utviding av yrkesskadedekninga i folketrygda
Spørsmålet om å utvide yrkesskadedekninga i folketrygda har vore framme tidlegare, men har vorte avvist mellom anna fordi det vil skape større skilje mellom yrkesskadde og andre trygda i ei ordning som er meint å vere universell. Eit anna argument som ein har lagt vekt på, er at målet om å førebyggje skadar betre kan nåast med ei erstatnings- eller forsikringsløysing enn gjennom folketrygda.

Departementet er einig i desse synspunkta.

Folketrygda omfattar heile befolkninga, med like vilkår for alle. Ho sikrar normalt ytingar ut frå behova som den einskilde har, innanfor rammene av ei rettsbasert lovgjeving, og ikkje ut frå årsaka til behovet. Yrkesskadeytingar er derimot baserte på årsaka til skaden eller sjukdommen, og skil seg såleis ut frå dei ordinære ytingane i folketrygda. Også yrkesskadeutvalet såg det som lite aktuelt å slå saman yrkesskadeordningane ved å utvide folketrygdytingane.

Departementet meiner at yrkesskadeerstatning ikkje kjem inn under det naturlege arbeidsområdet til arbeids- og velferdsetaten, som har som hovudoppgåve å få fleire i arbeid og færre på stønad. Yrkesskadeytingar har store likskapstrekk med erstatningsretten, og skil seg dermed ut frå kjerneoppgåvene til arbeids- og velferdsetaten.

Departementet ser det difor slik at det ikkje er ei aktuell løysing å utvide yrkesskadedekninga i folketrygda.

Ei forsikringsbasert ordning
Departementet meiner at ei forsikringsbasert ordning vil realisere viktige omsyn og mål som er sentrale i ei ny yrkesskadeordning. Som nemnt ovanfor kan ei slik ordning administrerast fullt ut anten av forsikringsselskapa eller ved at det blir oppretta ein eiga eining som avgjer erstatningskrava.

Fleirtalet i yrkesskadeutvalet føreslo at forsikringsselskapa skulle behandle og avgjere erstatningskrav. Men LO, NHO og KS har i høyringsfråsegnene sine uttrykt at dei ikkje ynskjer ei løysing som blir administrert fullt ut av forsikringsselskapa.

Det er viktig for departementet å finne fram til ei organisatorisk løysing som har legitimitet hos partane i arbeidslivet (brukarane av ordninga). Departementet meiner at ei slik løysing kan vere å opprette ei uavhengig arbeidsskadeeining som avgjer krav om erstatning. Ein slik eining vil samle kompetanse på eit komplisert rettsområde på éin stad og sikre likebehandling.

Departementet viser i denne samanhengen til Danmark, som har ei løysing der eit organ i offentleg regi (Arbejdsskadestyrelsen) avgjer om ein skade eller sjukdom kan bli godkjend som arbeidsulykke. Dette organet fastset òg kor stor erstatninga skal vere. Forsikringsselskapet til arbeidsgjevaren betaler ut erstatninga og dekkjer kostnadene ved behandling av saka.

Departementet meiner at ei liknande form for organisering òg kan vere aktuell i Noreg.

Dette vil innebere at eit uavhengig organ i offentleg regi (arbeidsskadeeining) skal avgjere om det er yrkesskade eller yrkessjukdom i kvart tilfelle. Ordninga må forankrast i ei eiga lov som i tillegg til reglar om vilkår for ytingar, utmåling osv. inneheld reglar om saksbehandling. Departementet meiner at ei slik organisering på yrkesskadeområdet vil kunne representere eit rimeleg kompromiss mellom kryssande omsyn.

Med ei eiga arbeidsskadeeining som avgjer arbeidsskadesaker etter ei ny arbeidsskadeforsikringslov, vil forsikringsselskapa og arbeids- og velferdsetaten ikkje lenger avgjere yrkesskadesaker, slik dei gjer i dag for saker som fell inn under yrkesskadeforsikringslova eller folketrygdlova.

Departementet ser det som sentralt i ei ny ordning at skadelidne blir sikra like oppgjer ved like skadetilfelle. Etter departementet sitt syn oppnår ein det best ved at ei arbeidsskadeeining avgjer arbeidsskadesaker, mellom anna fordi kompetansen til å ta avgjersler då blir samla på éin stad.

Den nye ordninga må leggje til rette for fornuftig ressursbruk, og departementet meiner at ei arbeidsskadeeining vil kunne realisere stordriftsfordelar fordi høg fagleg kompetanse på eit komplekst rettsområde blir samla på éin stad. Bruk av juridiske og medisinske ressursar vil kunne bli vesentleg redusert, mellom anna vil skadelidne få mindre behov for juridisk bistand.

Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) har i høyringsrunden til NOU 2004: 3 gjeve uttrykk for at organisasjonen er skeptisk til ei løysing som inneber ei uavhengig arbeidsskadeeining. Grunngjevinga er mellom anna at forsikringsselskapa vil miste kontrollen over produktkjeda og erstatningsoppgjeret, og at erstatningsoppgjeret er ei levering av den vara forsikringsselskapet har selt.

Departementet har merkt seg synspunkta frå FNH, men meiner at dei ikkje er avgjerande som motargument mot å opprette ei uavhengig arbeidsskadeeining. Som nemnt ovanfor meiner departementet at ei uavhengig arbeidsskadeeining med særleg spisskompetanse på arbeidsskadar best vil realisere sentrale mål og omsyn i eit framtidig arbeidsskadesystem.

Eit anna viktig moment i denne samanhengen er om dei organisasjonane som representerer brukarane (arbeidsgjevarane og arbeidstakarane), har tillit til ordninga. Sentrale partar i arbeidslivet, som LO, NHO og KS, har tidlegare vore skeptiske til ei ordning som blir administrert fullt ut av forsikringsselskapa. Departementet meiner at ei uavhengig arbeidsskadeeining vil medverke til at ordninga får nødvendig legitimitet både hos dei som finansierer, og hos dei som får utbetalt erstatning frå ordninga.

Departementet ynskjer synspunkt frå høyringsinstansane på ei slik løysing. Utforminga av ei slik arbeidsskadeeining er det gjort nærare greie for nedanfor.

Yrkesskadeutvalet føreslår i NOU 2004: 3 at omgrepet «yrkesskade» blir erstatta med omgrepet «arbeidsskade» i ei ny lov. Det er for å skilje ordninga frå ei rekkje tidlegare ordningar. Departementet er einig i det og vil bruke ny terminologi i forslaget til ny ordning.

 

3.3 Departementets forslag  

Innleiing
Forslaget frå departementet inneber at dei to ordningane vi har i dag, blir avløyste av éi ordning, der ei uavhengig arbeidsskadeeining avgjer arbeidsskadesaker etter ei ny arbeidsskadeforsikringslov. Reglane i folketrygdlova om yrkesskade og yrkesskadeforsikringslova blir oppheva.

Arbeidsskadeeininga avgjer om det ligg føre arbeidsskade eller arbeidssjukdom i kvart tilfelle, og om det godkjende skadetilfellet gjev grunnlag for rett til erstatning. Eininga fastset òg kor stor erstatninga skal vere. Saker av mindre omfang bør likevel kunne avgjerast fullt ut av forsikringsselskapet.

Oppgåvene til arbeidsskadeeininga
Hovudoppgåva til arbeidsskadeeininga blir å behandle arbeidsskadesaker for alle forsikringsselskap, medrekna å godkjenne eller avslå ein skade som arbeidsskade, fastsetje medisinsk invaliditet og ervervsmessig uføregrad, og måle ut erstatninga.

I dag blir om lag 50 000 yrkesskadar og yrkessjukdommar pr. år melde til arbeids- og velferdsetaten og forsikringsnæringa.[2] Dei fleste skadane er av mindre omfang og fører til små erstatningsutbetalingar, til dømes dekning av medisinske utgifter.

Departementet meiner at for å spare ressursar bør saker av mindre omfang kunne avgjerast av forsikringsselskapet, utan å vere innom arbeidsskadeeininga. Grensedraginga mellom kva for saker som kan avgjerast av forsikringsselskapa, kan til dømes basere seg på erstatningssummen eller om skaden gjer den skadde varig ufør. Den konkrete grensedraginga må fastsetjast seinare etter ei nærare vurdering.

Departementet føreslår at skadelidne bør kunne anke avgjersler frå forsikringsselskapa i slike mindre saker til arbeidsskadeeininga. Ei slik løysing er vald i Danmark.

Arbeidsskadeeininga bør òg kunne få andre oppgåver enn saksbehandling, til dømes å

  • informere om ordninga
  • leggje til rette for at statistikk kan brukast til førebyggjande arbeid
  • delta i vedlikehald av regelverket

Dagens yrkesskadesystem har ikkje eit fast opplegg for jamleg revisjon av kva for sjukdommar som skal vere likestilte med yrkesskade (yrkessjukdomslista). Dersom ein vil etablere eit system for regelmessig revisjon, er det naturleg at arbeidsskadeeininga får ei sentral rolle i dette arbeidet. I den danske ordninga er det eit slikt opplegg.

Saksbehandlingsreglar
Skadelidne skal sikrast rett yting gjennom ei trygg og forsvarleg saksbehandling. Eit viktig spørsmål er difor kva for saksbehandlingsreglar som bør gjelde for ei ny lov om arbeidsskadeforsikring.

Skadelidne er i dag verna av rettstryggleiksgarantien i forvaltningslova ved behandling av krav etter særreglane i folketrygdlova om yrkesskadar. Når forsikringsselskapa behandlar saker etter lov om yrkesskadeforsikring, gjeld dei privatrettslege prinsippa om tilbod og aksept, og rettstryggleiken til skadelidne er teken vare på mellom anna ved at dei har høve til å leggje sakene fram for domstolane.

Yrkesskadeutvalet meinte at tilsvarande prinsipp som i forvaltningslova burde gjerast gjeldande for arbeidsskadeforsikringslova. Det blir vist mellom anna til føremålet med forvaltningslova, som i første rekkje er å leggje forholda til rette for ei fullgod saksbehandling.

Departementet er einig i vurderinga til yrkesskadeutvalet, og føreslår difor at den nye lova skal byggje på prinsippa i forvaltningslova.

Forsikringsselskapa
Som nemnt inneber forslaget frå departementet at forsikringsselskapa ikkje lenger skal avgjere yrkesskadesaker, med unntak av mindre saker. Rolla til forsikringsselskapa blir å fastsetje og krevje premie, og å betale ut erstatningar.

Det må vurderast om det er forsikringsselskapa eller arbeidsskadeeininga om skal ta imot erstatningskravet frå skadelidne (skademeldingar). Vidare må det vurderast om det er ynskjeleg at forsikringsselskapa førebur sakene for arbeidsskadeeininga ved å hente inn relevante opplysningar. Departementet vil gjerne vite kva høyringsinstansane meiner om desse spørsmåla.

Organisering
Departementet føreslår at arbeidsskadeeininga blir organisert som eit uavhengig forvaltningsorgan, oppretta med heimel i den nye lova om arbeidsskadeforsikring. Arbeidsskadeeininga skal vere fagleg uavhengig, slik at departementet er avskore frå å instruere i einskildsaker.

Departementet har vurdert om det er føremålstenleg å knyte arbeidsskadeeininga til eksisterande etatar eller organ. Eit alternativ kunne vere å organisere eininga i regi av arbeids- og velferdsetaten. Departementet meiner at ei erstatningsbasert arbeidsskadeordning ikkje fell inn under det naturlege verkeområde til etaten, som hovudsakleg er innanfor arbeids-, pensjons- og velferdspolitikken. Saker som gjeld arbeidsskadar, har viktige element som skil dei frå til dømes vanlege uføresaker. Det gjeld særleg spørsmålet om det ligg føre ei arbeidsulykke, og om det er tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom ulykka og skaden. Tilsvarande problemstillingar gjer seg gjeldande for yrkessjukdomstilfella.

Departementet meiner at ei uavhengig organisering vil leggje til rette for at alle partar får nødvendig tillit til at det blir teke rette avgjersler i den einskilde saka, og at eininga får den legitimiteten som er nødvendig.

Departementet føreslår at eininga skal ha eit styre som blir valt av departementet, der mellom anna partane i arbeidslivet er representerte. Styret bør ikkje kunne behandle eller overprøve einskildsaker. Slik departementet ser det, bør det vere eit klart skilje mellom politikk og vedtak i einskildsaker, slik at ordninga er føreseieleg for partane. Departementet meiner at eit slikt opplegg vil gje ordninga legitimitet. Styret vil då ha ansvar for dei andre sidene av verksemda til eininga, mellom anna føre tilsyn med eininga slik at ho er organisert i samsvar med lover og forskrifter, fastsetje budsjett og rekneskap og gje årsrapport.

Det må tilsetjast ein direktør eller leiar for eininga. Departementet vil gjerne vite om høyringsinstansane meiner at leiaren for eininga bør veljast av departementet eller av styret.

Finansiering av arbeidsskadeeininga
Departementet føreslår at arbeidsskadeeininga skal vere sjølvfinansierande, det vil seie at ho skal finansierast gjennom forsikringspremien som arbeidsgjevaren betaler, og gjennom gebyr for saksbehandling. Det kan òg tenkjast andre inntektskjelder for eininga, til dømes gebyr for rettleiing. Gebyr kan fastsetjast i forskrift med heimel i lov. Ein liknande finansieringsmodell er nytta i det danske yrkesskadesystemet.

Behandlinga av arbeidsskadesaker skal vere gratis for skadelidne.

 

3.4  Klageorgan

Ved overgangen frå dagens ordningar til éi ordning må ein velje ei form for klageordning, slik at skadelidne blir sikra høve til å klage på vedtak. Yrkesskadeutvalet drøfta fleire alternativ i NOU 2004: 3, mellom anna i kapittel 14.

Dei to yrkesskadeordningane har i dag kvart sitt system for behandling av klager. Vedtak som folketrygda gjer på yrkesskadeområdet, kan ankast inn for Trygderetten, medan avgjersler frå forsikringsselskapa kan leggjast fram for Forsikringsskadenemnda.

Trygderetten er eit uavhengig forvaltningsorgan, som vart oppretta for å fremje rettstryggleiken i trygde- og pensjonssaker. Hovudoppgåva til retten er å avgjere tvistar mellom ein borgar og eit forvaltningsorgan om trygde- eller pensjonsytingar.

Saksbehandlinga følgjer fleire av reglane i prosesslovgjevinga. Avgjersler i Trygderetten kan leggjast direkte fram for lagmannsretten.

Forsikringsskadenemnda er basert på ein avtale mellom forsikringsselskapa og Forbrukarrådet, og uttalar seg utan at det er bindande for partane. Nemnda er sett saman av representantar frå mellom anna forbrukarsida og forsikringsselskapa.

Fleirtalet i yrkesskadeutvalet meinte at klageinstansen burde vere ei uavhengig nemnd, medan mindretalet heldt på at ei eiga avdeling i Trygderetten burde vere klageinstans. I høyringsrunden var biletet noko meir samansett. Dei fleste (m.a. NHO, YS, KS, NAVO og HSH) ynskte eit nytt uavhengig klageorgan, og YS sette som vilkår at partane i arbeidslivet skulle vere med. LO og Trygderetten argumenterte for at klagebehandlinga burde leggjast til Trygderetten.

Slik departementet ser det, er det to løysingar som kan vere aktuelle for å organisere ein klageinstans knytt til ei slik ordning med arbeidsskadeforsikring som departementet føreslår i dette notatet:

  • Opprette ei eiga uavhengig klagenemnd, eller
  • leggje klagebehandlinga til Trygderetten.

Uavhengig av korleis klageeininga blir organisert, meiner departementet at forsikringsselskapa bør få høve til å klage vedtak inn for klageinstansen. I motsett fall vil forsikringsselskapa måtte nytte det ordinære rettsapparatet for å få ei overprøving. I det danske systemet har forsikringsselskapa eit slikt klagealternativ.

Som nemnt tidlegare, bør forsikringsselskapet kunne avgjere visse saker av mindre omfang. Dei skadelidne bør kunne klage på avgjerslene. Departementet meiner at for å forenkle saksgangen, bør slike klager først gå til arbeidsskadeeininga.

Departementet ynskjer synspunkt på spørsmålet om klageorgan i ei ny ordning.

Nærare om ei ny uavhengig klagenemnd
Dersom det blir oppretta ei ny uavhengig klagenemnd, vil ho behandle og avgjere klagesaker etter ei ny lov. Klagenemnda bør kunne prøve alle sider av saka og gjere nytt vedtak. Dei rettslege styringsverkemidla til departementet må avgrensast til lov og forskrift.

Det er ei føresetnad at saksbehandlinga er gratis for skadelidne, og bistand frå advokat skal ikkje være nødvendig for at saka skal bli behandla. Det skal ikkje vere krav om at det omtvista tihøvet skal ha ein viss verdi.

Ei uavhengig klagenemnd kan hente juridisk og medisinsk spisskompetanse frå yrkesskademiljøa i Noreg. Klageorganet kan organiserast som eit uavhengig forvaltningsorgan med heimel i lov. Ei slik nemnd vil kunne etablerer ein fast og eintydig praksis og få eit breitt erfaringsgrunnlag.

Ei etablering av ei ny uavhengig klagenemnd vil gje større etableringskostnader enn om Trygderetten blir klageinstans, fordi Trygderetten alt i dag har mykje av den administrative organiseringa på plass. Departementet vil kartleggje desse kostnadene i det vidare arbeidet.

Nærare om Trygderetten som klageinstans
Trygderetten er sett saman av juristar, legar, attføringskunnige og lekfolk. Samansetjinga varierer frå sak til sak, avhengig av spørsmålet som blir behandla. Saker om yrkesskadar og yrkessjukdommar utgjer i dag om lag 10 % av sakstypane som Trygderetten behandlar, berre saker om uførepensjon er det fleire av. Trygderetten har såleis brei erfaring med behandling av yrkesskadessaker etter folketrygdlova.

Dersom skadelidne i dag ynskjer å anke ei avgjersle til Trygderetten, er det få formelle krav til utforminga av ankeskrivet. I denne prosessen har skadelidne krav på rettleiing frå forvaltninga, som medverkar til at dei får det som trengst av opplysningar og kunnskap.

Saksbehandlinga er gratis for skadelidne, og bistand frå advokat er ikkje nødvendig for behandling av saka. Det er ikkje krav om at det omtvista tihøvet skal ha ein viss verdi, og saksbehandlingstida er kortare enn hos domstolane.

  

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Departementet vil nedanfor peike på nokre viktige økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget som er skissert i dette høyringsnotatet. Yrkesskadeutvalet har i NOU 2004: 3 kapitla 7 og 18 gjort ein del vurderingar av økonomiske og administrative forhold. Mykje av desse vurderingane er òg aktuelle for den løysinga som er skissert i høyringsnotatet.

Utgiftene ved å administrere saksbehandlinga av yrkesskadesaker skal dekkjast gjennom forsikringa ved at arbeidsgjevaren betaler inn premiar. Det er ein føresetnad at det samla avgifts- og premienivået ved yrkesskadar og yrkessjukdommar blir om lag som i dag.

I NOU 2004: 3 kapittel 7 har utvalet sett på dei administrative kostnadene som fell på trygdeetaten, forsikringsnæringa og Statens pensjonskasse i samband med yrkesskadesaker, og samanlikna med den danske Arbejdsskadestyrelsen. Tala er frå 2001 og 2002. Utrekningane viser at trygdeetaten bruker ca. 150 årsverk på å administrere særreglar om yrkesskadar og yrkessjukdommar i folketrygda, forsikringsnæringa bruker ca. 50 årsverk på å administrere lov om yrkesskadeforsikring, og Statens Pensjonskasse bruker ca. 4 årsverk. Den danske Arbejdsskadestyrelsen bruker ca. 140 årsverk.

Utvalet set kostnadene pr. årsverk for oppgjer av saker om yrkesskadar og yrkessjukdommar til ca. 500 000 kroner for trygdeetaten, ca. 1 050 000 kroner for forsikringsnæringa og ca. 850 000 kroner for Statens Pensjonskasse. Kostnadene pr. årsverk er ca. 1 125 000 danske kroner for Arbejdsskadestyrelsen. Tala viser ikkje forholdet mellom utgiftene til behandling av «like» saker med «lik» vanskegrad.

Konklusjonen i utvalet er at det er svært vanskeleg å samanlikne desse tala. Grunngjevinga er at det er nytta ulik utrekningsmåte, at ikkje alle har med dei same komponentane i dei ulike postane, og at somme har med fleire komponentar i postane.

Forslaget frå departementet har likskapstrekk med den danske modellen, og tala er såleis interessante. Departementet peikar på at den danske Arbejdsskadestyrelsen og arbeidsskadeeininga som blir føreslått, ikkje nødvendigvis vil ha same arbeidsoppgåver og ansvarsområde. I det vidare arbeidet med lovproposisjonen vil det bli vurdert kva for saker arbeidsskadeeininga skal avgjere, og kor mange årsverk det vil krevje.

Det er klart at ei samanslåing av dei to ordningane i dag på sikt vil avlaste ressursar som no blir nytta til å administrere yrkesskadesaker i arbeids- og velferdsetaten (tidlegare trygdeetaten).

Departementet meiner at forslaget vil avlaste forsikringsnæringa, fordi arbeidsskadeeininga vil behandle og avgjere dei meir kompliserte sakene.

Departementet meiner at éi ordning som blir administrert av éi eining, vil leggje til rette for framtidig administrativ innsparing. Det vil bli ein meir effektiv administrasjon av yrkesskadeordninga og dessutan mindre belastning på medisinsk sakkunnige, advokatar og andre.

Dersom det blir oppretta ei ny uavhengig klagenemnd for arbeidsskadesaker, rekna utvalet med at Trygderetten på sikt vil bli avlasta med om lag 600 saker i året og Forsikringsskadenemnda med om lag 40 saker i året.

Yrkesskadeutvalet vurderte òg dei økonomiske konsekvensane ved klagebehandling i éi ny ordning. Utvalet meiner at kostnadene ved ei slik klageeining vil utgjere ca. 10–15 millionar kroner, som skal dekkjast gjennom forsikringsordninga. Kostnadene vil bli noko mindre dersom Trygderetten blir klageinstans for arbeidsskadesaker etter ei ny lov.

Departementet vil kartleggje nærare dei samla administrative og økonomiske konsekvensane av ei ny organisering på yrkesskadeområdet i lovproposisjonen om ei ny arbeidsskadeforsikring.

 


[1] ”En rapport om mulighetene for å likestille visse muskel-/ og skjelettlidelser med yrkesskade”. Rapporten vart gjeve til Sosial- og helsedepartementet 22. november 1999.

[2] I tillegg blir om lag 30 000 skuleskadar melde til arbeids- og velferdsetaten. Yrkesskadeutvalet føreslår at desse sakene ikkje skal vidareførast i ei ny lov, men at det bør lovfestast ei plikt til å teikne kollektiv ulykkesforsikring for denne gruppa. Kunnskapsdepartementet har sendt eit høyringsnotat med forslag til innføring av ei føresegn om kollektiv ulykkesforsikring for elevar. Fristen for å uttale seg var 9. januar 2007.

 

 

 

 

  • Akademikerne
  • Direktorat for arbeidstilsynet
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Arbeidsmiljøskaddes landsforening
  • Befalets fellesorganisasjon
  • Datatilsynet
  • Den norske Advokatforening
  • Den norske Lægeforening
  • Den norske Revisorforening
  • Departementene
  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
  • Finansforbundet
  • Finansnæringens Hovedorganisasjon
  • FN-veteranenes Landsforbund
  • Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
  • Kommunenes Sentralforbund
  • Kredittilsynet
  • Kreftregisteret
  • Landsforeningen for trafikkskadde
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Likestillingsombudet
  • NAVO
  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)
  • Norges Bondelag
  • Norges Fiskarlag
  • Norges Handikapforbund
  • Norges Juristforbund
  • Norges Rederiforbund
  • Norges Turbileierforbund
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Norsk folkehjelp
  • Norsk Pensjonistforbund
  • Norsk Studentunion
  • Norsk Sykepleierforbund
  • Norsk Tjenestemannslag
  • Norske Siviløkonomers Forening
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Petroleumstilsynet
  • Regjeringsadvokaten
  • Røde Kors
  • Samfunnsøkonomene
  • Statens arbeidsmiljøinstitutt
  • Sosial- og helsedirektoratet
  • Statens helsetilsyn
  • Statens Pensjonskasse
  • Statistisk sentralbyrå
  • Trygderetten
  • Universitets- og høgskolerådet
  • UNIO
  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund
  • Yrkesskaddes Forbund
  • Yrkesskadeforsikringsforeningen

 

 

Akademikerne
Aker Group 
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsmedisinerne (Arbeidsmedisinsk miljø)
Arbeidsmiljøskaddes landsforening (A.L.F)
Arbeidstilsynet
Datatilsynet
De selvstendige kommunale pensjonskasser
Den norske legeforening
Finansdepartementet
Finansforbundet
Finansnæringens hovedorganisasjon
FN-veteranenes Landsforbund
Forbrukerrådet
Handel- og servicenæringens hovedorganisasjon (HSH)
Helse- og omsorgsdepartementet
Hydro
Jernbaneverket
Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)
Kredittilsynet
Kreftregisteret
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Landsforeningen for trafikkskadde
Likestillings- og diskrimineringsombudet
LO
Maskinentreprenørenes Forbund - MEF
NHO
Norges Bondelag 
Norges Fiskarlag
Fiskebåtredernes Forbund
Norges Rederiforbund
Norsk pensjonistforbund
Norsk sykepleieforbund
Norges Lastebileier Forbund
Orkla
Petroleumstilsynet
Regjeringsadvokaten
Røde Kors
Samferdselsdepartementet
Sosial- og helsedirektoratet
Arbeidsgiverorganisasjonen SPEKTER
Statens Arbeidsmiljøinstitutt - STAMI
Statens Pensjonskasse (SPK)
Statens vegvesen
Statistisk sentralbyrå
Trygderetten
Unio
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund - YS
Yrkesskaddes forbund
Justis- og politidepartementet
Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum
Norsk Folkehjelp
Norske alpine redningsgrupper
Barne- og likestillingsdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Kultur- og kirkedepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Norske pensjonskassers forening
Nærings- og handelsdepartementet
Utenriksdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Den norske Revisorforeningen
Forsvarsdepartementet



Til toppen