Innvandring og integrering 2018–2019

Rapport frå Noreg til OECD

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten Immigration and Integration 2018–2019 – Report for Norway to the OECD er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2018 og i nokon grad 2019. Rapporten er utarbeidd hausten 2019 av Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, , Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet og Utanriksdepartementet.

Rapporten inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering som i all hovudsak byggjer på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar, og politikk som gjeld migrasjon og utvikling. I tillegg er det ei oversikt over nokre nyare, relevante publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Rapporten for Noreg og liknande rapportar for dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon.