Innvandring og integrering 2019–2020

Rapport frå Noreg til OECD

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten "Immigration and Integration 2019–2020 – Report for Norway to the OECD" er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2019 og i nokon grad 2020, særleg med omsyn til ny politikk. Rapporten er utarbeidd hausten 2020 av Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Utanriksdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Rapporten inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering som i all hovudsak byggjer på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar, og politikk som gjeld migrasjon og utvikling. I år er det også eit særskilt kapittel om Covid-19, innvandrarar og informasjon. I tillegg er det ei oversikt over nokre nyare, relevante publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Rapporten for Noreg og liknande rapportar for dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon. (legg inn link til http://www.oecd.org/migration/)