International Migration 2007-2008

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, International Migration 2007-2008 – Sopemi report for Norway, er eit bidrag til OECD sitt felles rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda, kalla SOPEMI. Den siste rapporten dekkjer 2007 og i nokon grad 2008.

Den norske SOPEMI-rapporten, laga av medarbeidarar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI. Rapporten gjev oversikt over utviklingstrekk i innvandrings-, integrerings- og inkluderingspolitikken og gjev tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødte med innvandrarforeldre. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring (arbeid, familie, humanitær, utdanning), statsborgarskap, generell integreringspolitikk, opplæring, arbeidsmarked, valdeltaking, rasisme og diskriminering. I tillegg er det ei oversikt over nye publikasjonar på engelsk. Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook.

Last ned: