Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

M-1/2016 - Om forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane – departementets kommentarar til einskilde føresegner i forskrifta

Ved kgl.res. av 22. juni 1984 blei det med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 38 fastsett forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning. Forskrifta er endra fleire gonger; 1 november 1985 nr. 1899, 6. oktober 1989 nr. 1033, 4. april 2000 nr. 346, 14. desember 2000 nr. 1296, 27. mars 2007 nr. 358, 26. august 2009, 28. mars 2014 nr. 352 og 22. september 2014 nr. 1223. Landbruks- og matdepartementet sender med dette ut eit nytt rundskriv om praktiseringa av føresegnene i forskrifta. Rundskrivet erstattar rundskriv M-4/2009.