M-13/1996 - Delegering av kompetanse til Statens Kornforretning

R-455 (16.02.1996)

Rundskriv
M-13/1996
R-455

Saksnr. 1996/00542

16. februar 1996

Til

Fylkesmenn, landbruksavdelingen, Kommunar, landbruksforvaltningen, Avløysarlag, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, NIT, Grovforsenteret, Selskapet for Norges Vel, Norges Birøkterlag, Felleskjøpet Trondheim

Delegering av kompetanse til Statens Kornforretning

Frå 1. mars 1996 overfører Landbruksdepartementet til Statens Kornforretning kompetanse vedk. produksjonstillegg, velferdsordningar og katastrofeordningar i planteproduksjon og honningproduksjon.

Fullmakta inneber at dei oppgavene som tidlegare låg til departementet, vil bli utført av Statens Kornforretning. Dette er til dømes å tolke forskrifter. instruere ytre etatar, ha ansvaret for edb-systema m.v. Følgjande sekretariat vil dessutan bli overført:

  • Kontaktgruppa for velferdsordningane i landbruket
  • Styringsgruppa for Landbruksregisteret
  • Styret for fondet for katastrofeordninger i planteproduksjon, m.m.

Med heimel i jordlova er det 9.2.96 laga ny forskrift som formelt fører over funksjonane frå og med 1. mars. Alle saker som ikkje er behandla av departementet, vil bli handsama og avgjerd vil bli teken av Statens Kornforretning etter denne dato.

All post fram til 1. mars skal adresserast til Landbruksdepartementet, mens all post frå og med 1. mars adresserast til Statens Kornforretning.

Den nye adressa er:
Statens Kornforretning
Stortingsgaten 28
Postboks 1 167 Vika
0114 Oslo

Telefonnummer til Statens Kornforretning er 22 93 72 00 og telefaxnummeret er 22 93 72 05.

Med hilsen

Martin Holtung

   
   

Aase Storhaug