M-4/1995 - Tilskott til rydding av frukttrefelt 1995

R-368 (16.01.1995)

Rundskriv
M-4/1995
R-368

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1995/00135

16. januar 1995

Til

fylkesmennene, landbruksavdelinga og kommunane

Tilskott til rydding av frukttrefelt 1995

Ved jordbruksoppgjeret i 1994 blei det sett av 2 mill. kroner til ordninga for 1995, ein reduksjon på 2 mill kroner samanlikna med 1994.

Det kan løyvast 3170 kroner pr. dekar til rydding av eple og pærefelt.

Areal det blir søkt ryddetilskott til skal målast opp av kommunen. Det kan ikkje løyvast tilskott til rydding av areal som er mindre enn eitt dekar.

Ved stor søknadspågang bør område som er lite eigna for fruktdyrking og sonar (av eple og pære) som ikkje er godkjende for distrikts- og kvalitetstillegg prioriterast. Det er elles eit vilkår for å løyva tilskott at det tidlegare er drive eple- og pæreproduksjon med næringsmessig verdi.

Eit vilkår for å få utbetalt tilskott er at trea blir høgne innan 1. juli. Før tilskottet blir utbetalt, skal kommunen kontrollera arealet som er høgd.

Landbruksavdelinga må fastsetja ein søknadsfrist slik at rydding det blir løyvd tilskott til, blir utført innan 1. juli 1995.

Departementet har fastsett maksimalt areal det kan løyvast tilskott til i dei einskilde fylka. Ved fastsetjing av kvotane er fruktarealet i dei einskilde fylka og oppgaver over rydda areal i 1994 lagt til grunn.

Fylke

Kvote

Dekar

(Kroner)

Østfold

0

(0)

Akershus

10

(31.700)

Hedmark

10

(31.700)

Oppland

0

(0)

Buskerud

85

(269.450)

Vestfold

35

(110.950)

Telemark

65

(206.050)

Aust-Agder

0

(0)

Vest-Agder

15

(47.450)

Rogaland

30

(95.100)

Hordaland

200

(634.000)

Sogn og Fjordane

180

(570.600)

Møre og Romsdal

0

(0)

Totalt

630

(1.997.100)

Maksimal kvote er ført opp i parantes.

Innanfor den fastsette fylkeskvota kan det løyvast tilskott til rydding (1920 kr/dekar) og planting (1250 kr/dekar) av andre fruktslag enn eple og pære, jfr. forskrift for tilskott til rydding, planting og drift av frukttrefelt fastsett 19. januar 1990.

Fylke som treng auka kvote eller som ikkje nyttar den tildelte kvota, må gje melding om dette til departementet innan 15. juli 1995.

Landbruksavdelinga må føre særskilt rekneskap over løyvd tilskott til rydding av eple- og pæreareal. Det skal og førast særskilt rekneskap over løyvd og utbetalt tilskott til rydding og planting av andre fruktslag enn eple og pære. Oversiktene skal sendast Landbruksdepartementet, jordbruksavdelinga, postboks 8007 Dep, 0030 Oslo innan 15. juli 1995.

Utbetalt tilskott skal posterast på Landbrukets utbyggingsfond, fondsnr. 810 340

  • post 7-01 Planting
  • post 7-02 Drift av pærefelt
  • post 7-03 Rydding

og takast med i kassarapporten til departementet på vanleg måte.

Tilskott til drift av pærefelt

Det vart i 1981 innført ei ordning med tilskott til drift av nyplanta felt med pæretre i tillegg til det vanlege plantetilskottet, jfr. rundskriv M-97/81 og forskrift for tilskott til rydding, planting og drift av frukttrefelt. Arealtilskottet er 2000 kroner pr. dekar og år, avgrensa til dei fyrste fem åra etter planting. 1987 vart sett som siste året for løyving av slikt tilskott. Tilskott kan utbetalast i fem år løpande etter at pæreplantinga var ferdiggodkjent. Tilskott til drift av pærefelt kan no berre utbetalast i dei tilfella der femårsperioden ikkje er gått ut, og 1995 er siste året det kan foretas utbetaling.

Utbetalt arealtilskott skal posterast på Landbrukets utbyggingsfond, fondsnr. 810 340, post 7-02. Landbruksavdelinga skal innan 15. januar 1996 sende oppgåver over utbetalt tilskott i 1995. Det skal sendast kassarapport over utbetalt tilskott kvart år.

Vi bed landbruksavdelingane syta for informasjon til fruktdyrkarane om ordninga med frist for framsetjing av søknad, slik at ryddinga blir utført innan 1. juli.

Med hilsen

Martin Holtung e.f.

Johan Kollerud

Sakshandsamar: Bent Gunnar Næss



Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55