M-4/2002 - Omsynet til busetjing i odelsfrigjeringssaker etter lov om odelsretten og åsetesretten av 28. juni 1974 nr. 58 (odelsloven) § 31

R-976 (29.05.2002)

Rundskriv
M-4/2002
R-976

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr.

29. mai 2002

Til

Statens landbruksforvaltning, fylkesmennene, fylkeslandbruksstyra og kommunane

Omsynet til busetjing i odelsfrigjeringssaker etter lov om odelsretten og åsetesretten av 28. juni 1974 nr. 58 (odelsloven) § 31

1 Innleiing

Landbruksstyresmaktene handsamar ei rekke saker der omsynet til busetjinga skal vurderast. Dette er situasjonen mellom anna når eit landbruksareal vert teke over som tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom. I mange høve må ein rekne med at den som tek over tilleggsarealet vil ta steg for å gjere dette arealet fri for odel. I dette rundskrivet informerer Landbruksdepartementet om korleis omsynet til busetjinga best kan handsamast i slike høve.

2 Om bakgrunnen for rundskrivet

Reglane om buplikt i odelslova og konsesjonslova vart endra ved lov 4. mai 2001. 1Sjå rundskriv M-5/2001 Om reglene og praktiseringen av bo- og driveplikt. Omsynet til busetjinga vart klargjort og styrkt. Det vart gjort ei endring i føremålsparagrafen i konsesjonslova for at det ikkje lenger skal kunne reisast tvil om omsynet til busetjinga er relevant når søknader om konsesjon vert vurdert. Det vart samstundes gjort endringar i konsesjonslova og odelslova for å klargjere innhaldet i buplikta og for å styrke den relative vekta omsynet til busetjinga skal ha når det gjeld søknader om fritak frå buplikt.

Odelslova § 31 gir heimel for å fri ein eigedom for eldre odelsrett når odelsretten vil øydelegge for ei bruksrasjonalisering. Det sentrale i vurderinga av om ein skal fri eigedomen for odel, er omsynet til odelsretten som rettsinstitutt, odelsrettshavarane sine interesser, og dei jordrasjonaliseringsomsyna som gjer seg gjeldande i saka.

Det har i den seinare tid vore reist spørsmål om kva plass omsynet til busetjinga i ein meir distriktspolitisk samanheng skal ha i saker om odelsfrigjering.

Det vil som hovudregel vere naudsynt å få eit eller anna offentleg løyve når ein landbrukseigedom, eller del av han, skal overdragast for å verte nytta som tilleggsareal til annan eigedom. Det kan vere delingssamtykke, fritak frå buplikt eller konsesjon. Det kan og vere at det offentlege gjer vedtak om å kjøpe eigedomen for å selje han vidare som tilleggsareal. Omsynet til busetjinga skal vektleggast ved avgjerda av desse sakene. Målet med dette rundskrivet er å få fram korleis omsynet til busetjinga skal handsamast i odelsfrigjeringssaker.

3 Kort om kva odelsrett er og den tradisjonelle grunngjevinga for å ha odelsrett

Det sentrale ved odelsretten er at etterkomarar etter ein person kan krevje odelsjorda utlagt til seg på skifte etter eigaren, eller løyse odelsjorda der eigedomen er selt til nokon utan odelsrett eller dårlegare odelsprioritet. Lova gir reglar om prioritetsrekkefølja mellom etterkomarane.

Grunntanken i odelsretten tar sikte på å ta vare på slekta og odelsrettshavarane sine interesser.

Grunngjevinga for odelsretten har tradisjonelt mellom anna vore prega av mange kjenslemessige faktorar. Det har til dømes vorte sagt at odelsretten har ærverdige tradisjonar og at han har ein viktig plass i folk sin rettskjensle. 2NOU 1972:22 side 27 flg. gjør reie for dette og for odelsretten sin grunngjeving.

Det vert vist til at odelsbonden såg det som ei plikt å ta vare på og forbetre garden slik at den kunne gå til etterkomarane hans i stadig betre stand. Odelsbonden kunne stole på at eigedomen ikkje gjekk ut av ætta, sjølv om han råka ut for økonomiske problem. Det er og sagt at odelsretten gjer det lettare å planleggje for neste generasjon. I eit historisk perspektiv har odelsretten truleg motvirka ”storgodsoppsamling” og gjort sitt til å sikre ein sjølveigande, fri og uavhengig bondestand.

Nokre har meint at vissa om at ætta kan ta eigedomen attende fremjar tiltakslyst og innsatsvilje på gardane. Det kan hende dette påverkar driftsresultatet i landbruket i positiv retning. Det er tradisjonelt vorte framheva at odelsretten har styrkt ansvarskjensla. Det er og sagt at utan odelsrett, vil eigedomen sin lagnad kunne vere avhengig av eigaren sine anti- og sympatier som i enkelte tilhøve i det minste kan verke moralsk støytande.

Odelsretten har hindra at jordbruksjord har vorte handelsvare og spekulasjonsobjekt. Det er sagt at den har vore ein brems mot bråe skifte i eigedomstilhøva. Den har jamna ut overgangen mellom slektsledda og skapt kontinuitet og stabilitet. Det er og sagt at odelsretten har noko å seie for den tilknyting ungdom kjenner til landbruksnæringa.

4 Odelsfrigjering

Vedtak om odelsfrigjering kan mellom anna gjerast for å sikre kjøp staten har gjort etter jordlova 3Jf jordlova § 6. og friviljuge private kjøp som er godkjent av di kjøparen treng tilleggsareal. 4Sjå odelslova §§ 30 og 32 som gir heimel for å odelsfrigjere i andre høve. Odelsfrigjering vert brukt for å sikre nasjonale interesser knytt til målet om å skape eit robust landbruk med stabile arbeidsplassar og god lønsemnd.

Odelslova § 31 lyder slik:

” I den mon odelsrett vil kunne skiple ei eigedomstileigning som staten har gjort etter reglane i jordlova(……) 5Merk at forkjøpsretten er oppheva ved lov 4. mai 2001., kan Kongen fri slik jord for eldre odelsrett. Odelsfrigjering kan likevel ikkje skje andsynes dei som etter konsesjonslova § 6 nr. 1 kunne kjøpe eigedomen utan at staten har forkjøpsrett, med mindre det gjeld eigedom der arealet er under 30 dekar, eller vilkåra for oreigning etter jordlova § 13 ligg føre.
Det som er sagt i første stykket gjeld tilsvarande for jord som er gått over til ny eigar ved friviljug handel, når fylkeslandbruksstyret har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord.”

Føresegna viser at det offentlege i forkant av odelsfrigjeringssaka må ha tatt stode til om eigedomen skal nyttast som tilleggsareal til ein eller fleire landbrukseigedomar.

Det kan gjerast vedtak om odelsfrigjering etter første ledd når staten har kjøpt eigedomen på friviljug grunnlag. Staten må då mellom anna vurdere omsynet til busetjinga før staten kjøper eigedomen for å bruke han til bruksutbygging.

Odelsfrigjering etter andre ledd tek sikte på situasjonen når nokon annan tek over tilleggsareal. Vilkåret i andre ledd om at kjøpet skal vere godkjent av di kjøparen bør få tilleggsareal, vil då kunne vere stetta i samband med at det vert gitt samtykke til frådeling av det areal som skal nyttast som tilleggsareal. Det vil vidare kunne vere stetta i samband med at det vert gitt fritak frå buplikt av di eigaren eig eigedom frå tidlegare og skal bruke eigedomen som tilleggsareal til det han eig frå før. Det mest praktiske høve er likevel når det vert gjeve konsesjon på overtakinga av tilleggsarealet.

Landbruksdepartementet strekar under at det er i samband med avgjerda om kjøp eller ved godkjenning etter andre ledd at det offentlege må vurdere omsynet til busetjinga i full breidde. Frå praksis finn ein døme på at det offentlege har hatt eit syn på vekta av omsynet til busetjinga når det vurderte konsesjonsspørsmålet, men har skifta meining når søknaden om odelsfrigjering vart handsama. Det offentlege si handsaming kan då virke vilkårleg.

Ein skal trekkje inn omsynet til busetjing når staten får tilbod om å kjøpe areal og i saker om deling, buplikt og konsesjon. Staten må vurdere eit kjøp i ljos av føremålsparagrafen i jordlova, jf. jordlova § 1. Føresegna peikar på omsynet til busetjinga som eit viktig moment. Landbruksdepartementet viser til det som er sagt i rundskriv M-35/95 ”Jordlovens formål” når det gjeld statlege friviljuge kjøp. Konsesjonssøknader skal handsamast i ljos av konsesjonslova si føremålsparagraf, jf. konsesjonslova § 1. Ein viser her til det som er sagt i rundskriv M-4/2001 om konsesjonslova punkt 5.2.1.3. Ein viser vidare til det som er sagt i rundskriv
M-5/2001 om bu og driveplikt punkt 7.5 om omsynet til busetjinga sin plass i vurderinga av ein søknad om fritak frå buplikt når søkjaren eig landbrukseigedom frå før. Departementet viser dessutan til rundskriv M-34/95 om omdisponering og deling KAP V, C punkt 2. Det går fram at det og i delingssaker kan takast omsyn til busetjinga.

Omsynet til busetjing kan etter dette takast vare på, på ein god måte, før handsaminga av sjølve odelsfrigjeringssaka.

5 Kva det skal leggjast vekt på i samband med vurderinga av ein søknad om odelsfrigjering

Odelsfrigjering inneber at eksisterande odelsrett vert oppheva ved administrativt vedtak. Når ein eigedom vert gjort fri for odel, mister alle odelsrettshavarane odelsretten sin.

Det går ikkje direkte fram av § 31 kva det kan leggjast vekt på ved vurdering av odelsfri-gjering. Lova har heller ingen føremålsparagraf som kan gi rettleiing. Ein dom frå Høgsterett gir likevel retningsliner for det skjønet som må gjerast. Det som skal gjerast er å vege jordrasjonaliseringsomsyna mot omsynet til odelsretten og omsynet til odelsrettshavarane. Høgsterett uttalte: 6Rt 1985 side 743.

”Ved den interesseavveining som her må foretas, vil hensynet til odelsretten som rettsinstitutt og til de enkelte odelsberettigedes interesser ha en sentral plass. Men hvor stor betydning dette hensyn må tillegges, vil måtte variere ut fra vekten av de motstående jordrasjonaliseringshensyn og ut fra en vurdering av den odelsberettigedes tilknytning til eiendommen og forholdene for øvrig.”

Omsynet til odelsretten som rettsinstitutt og den einskilde odelsrettshavar skal etter dette ha ein sentral plass. Dette må haldast opp mot slike omsyn som taler for å bruke eigedomen som tilleggsareal. Spørsmålet om søkjaren treng tilleggsjord er avgjort på dette stadiet. Det som må vurderast i høve til odelsretten som rettsinstitutt og odelsrettshavaren er sjølve rasjonaliseringsgevinsten.

Det skal leggjast vekt på ”forholdene for øvrig”. Det kan ikkje eksakt seiast kva som ligg i det. Departementet meiner likevel ”forholdene for øvrig” må ha tilknyting til det som er hovudtema. Det er som tidlegare nemnd odelsretten som rettsinstitutt, dei einskilde odelsrettshavarane sine interesser og jordrasjonaliseringsomsyna. Dette inneber ikkje at omsynet til busetjinga aldri kan trekkjast inn i vurderinga. Busetjingsomsynet kan vere eit korrigerande moment når ein elles er i tvil om utfallet av saka. Det kan til dømes vere slik at denne odelsløysaren vil busetje seg på eigedomen, mens ein tidlegare gjekk ut frå at busetjing på denne eigedomen var lite aktuelt. Dersom det er grunn til å rekne med at busetjing får positive verknader for området der eigedomen ligg, må det vere høve til å peike på det. Her som elles krevjast det likevel noko meir enn berre trua.

6 Avslutning.

Departementet gjer i rundskriv M-6-95 ”Lov om odelsretten og åsetesretten av 28. juni 1974 nr. 58 (odelsloven). Endring i bestemmelsene om delegasjon til fylkeslandbruksstyret” greie for korleis søknader om odelsfrigjering skal handsamast. Rundskrivet gjer greie for reglar om sakshandsaming og kven som avgjer spørsmål om odelsfrigjering. Dette rundskrivet gjeld framleis.

Departementet viser elles til rundskriv M-35/95 ”Om jordlovens formål”. I det rundskrivet vert det gjort greie for føremålet med jordlova. Det går fram av rundskrivet at og søknader om odelsfrigjering må vurderast ut frå føremålsparagrafen i jordlova. 7Sjå rundskriv M-35/95 sidene 5 og 12. Det som er sagt gjeld framleis.

Med hilsen

Kåre Selvik

Frode Langaker




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55