M-42/1993 - Produksjonstillegg i jordbruket - utbetaling for søknadsomgangane 10. august 1992 og 10. januar 1993

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

(10.06.1993)

Rundskriv
M-42/1993

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1993/06622

10.06.1993

Til

alle landbrukskontor og fylkeslandbrukskontor, Jordbruksetaten

Produksjonstillegg i jordbruket - utbetaling for søknadsomgangane 10. august 1992 og 10. januar 1993

Utbetaling av produksjonstillegg for søknadsomgangane 10.8.92 og 10.1.93 vil skje den 23. juni 1993. Følgjande produksjonstillegg vert betalt ut:

  • årsverktillegg for husdyrproduksjon for søknadsomgangen 10.1.93
  • areal- og kulturlandskapstillegg for grovfôr for søknadsomgangen 10.8.92, 2. termin (restbeløp)
  • areal- og kulturlandskapstillegg for korn mv. for søknadsomgangen 10.8.92 2. termin (restbeløp)

Areal- og kulturlandskapstillegg - termin-2-beløp

Areal- og kulturlandskapstillegg for grovfôr og areal- og kulturlandskapstillegg for kom mv. vert nå betalt ut i to terminar, jfr. § 4pkt. 4 i forskrift om areal- og kulturlandskapstillegg for grovfôr og § 4i forskrift om areal- og kulturlandskapstillegg for kom mv. Andre termin vert betalt ut samtidig med årsverktillegg for husdyrproduksjon for søknadsomgangen 10.1.93, og til søkjaren pr. 10.8.92.

Behandling av lister

Sjå handbok for saksbehandlarar 1992/93 side 58-59 for informasjon om tilsendte lister.

Manuell behandling på fylkeslandbrukskontoret

Søknader som ikkje er behandla i det sentrale edb-systemet skal fylkeslandbrukskon­toret behandle. Dei søkjarane som skal ha utbetaling, skal fylkeslandbrukskontoret registrere.

Utrekning av produksjonstillegg

For utrekning av årsverkstillegg sjå handbok for saksbehandlarar 1992/93.

Registrering av manuelle utbetalingar

Ved manuelle utbetalingar skal beløp for dei ulike ordningane registrerast. Dersom det er trekk av ulik art, skal desse registrerast i eigne kodar. Aktuelle beløpskodar går fram av oversikt i handbok for saksbehandlarar 1992/93 side 60-62, og aktuelle trekkodar står på side 43-45.

Søknader som er ajourholdt første periode

Søknader som var ajourholdt første periode (utbetaling for søknad 10.8.92) vil også komme med ved ordinær utbetaling så sant dei var ajourholdt før 14.4. (NIT henta ajourhald 14. april), og ikkje forkasta (jfr. PT-1201 frå NIT).

Hjelpeutrekning

Datasentralen (NIT) vil hente data for hjelpeutrekninga frå fylkeslandbrukskontora 28.6. Resultata frå hjelpeutrekninga vert sendt ut til fylkeslandbrukskontora i form av meldingsbrev og lister over beløpskodar. Dato for retur til fylkeslandbrukskontora er sett til 30.6.

Siste frist for å ha ferdig ajourhaldet er 20.8.93.

Med hilsen

Aase Storhaug

Alf J. Selnesaunet




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55