M-54/1994 - Driftstillegg på mjølk - endring i forskrift

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet

(13.07.1994)

Rundskriv
M-54/1994

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1994/06972

13.07.1994

Til

Fylkesmannen vi landbruksavdelingen, Norsk Bonde -og Småbrukarlag, Norges Bondelag

Driftstillegg på mjølk - endring i forskrift

Ved jordbruksoppgjeret nå i 1994 blei satsane for driftstillegg på mjølk reduserte. Dei nye satsane er tekne med i SS 5 og 7 i forskriften som følgjer vedlagt.

Det er elles gjort nokre små justeringar i § 2,2; Definisjoner.

Under fase II i jordbruksforhandlingane blei det fastsett at geitmjølksprodusentar skal få etterbetalt driftstillegg for opphald på inntil 3 månader i produksjonen når produksjonen held fram, uavhengig av tidspunktet for opphaldet. Endringa er teken inn i § 7.

Forskrifta gjeld frå 1. juli 1994.

Med hilsen

Martin Holtung

Kjell Nyhus

Saksbehandlar: Åse Marie Rusaanes




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55

Forskrift om driftsillegg for mjølkeproduksjon

Fastsett av Landbruksdepartementet 01.07.94.1 medhald av jordbruksoppgjeret og med heimel i 5 75 i Grunnloven og etter samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

§ 1 FormåI

Driftstillegget skal medverke til at del landbrukspolitske måla for mjølkeproduksjonen blir oppfylde.

§ 2 Definisjoner

1. Bruk
Med bruk er meint ein landbrukseigedom med minst 10 dekar jordbruksareal og med våningshus og nødvendige driftsbygningar som blir nytta i vanleg jordbruksdrift.

Brukar er den som elg eller leiger .it bruk og driv det. For leigetakar må leigevilkåra vere fastsette i godkjend forpakingskontrakt og brukaren må sjølv bu på det leigde bruket, jfr. lov om forpakting av 25. juni 1965.

3. Jordbruksareal
Med jordbruksareal er meint fulidyrka jord, overflatedyrka jord og gjødsla beite der minst 50 % av arealet er dekt med grasartar.

4. Samdrift
To eller f leire brukarar som går saman om felles husdyrhald eller andre former for sterk integrering av drifta.

Vilkåra for å koma inn under reglane om samdrift er at:

  • brukarane i del to siste åra før samdrifta kom i stand, hadde bruka som arbeidsplass,
  • brukarane har hatt ein vesentleg del av inntekta frå bruket,
  • medlemmene i samdrifta framleis bur på og driv bruka sine,
  • del deltek aktivt i samdrifta og har inntekter frå denne.

Medlemmer i slike samdrifter skal ved tildeling av driftstillegg reknast som enkeltbrukarar med ein gjennomsnittleg del av samdrifta sin totale mjølkeleveranse. Driftstillegg blir gitt som om brukarane ikkje hadde vore medlemmer av ei samdrift.

Samarbeid om mjølkeproduksjon i beitesesongen skal ikkje reknast som samdrift sjølv om dyra er plassert på same bruket.

§ 3 Avgrensingar

Det kan ytast driftstillegg berre til ein brukar på eitt bruk. To eller f leire brukarar på eit bruk blir rekna som ein brukar. To eller f leire bruk som blir drivne av same brukar blir rekna som eitt bruk. Det same gjeld bruk som blir drevne av ektefeller/sambuarar.

To eller fleire bruk som blir drivne av forskjellige eigarar eller leigarar som bur på same bruket, blir rekna som eitt bruk sjølv om brukarane seg i mellom har anna avtale eller blir likna kvar for seg. Dette gjeld også ektefeller/sambuarar.

Fleire bruk som har vore drivne som ei driftsøkonomisk eining i 5 år eller meir, skal reknast som eitt bruk med mindre den opprinnelege eigaren eller den han/ho har overdrege bruket til, sjølv tek over drifta av bruket.

Dyra skal vere plasserte på det bruket som ligg til grunn for tildeling av driftstillegg. Fylkesmannen kan gjera unntak frå dette kravet ved:

a) brann, nybygging og liknande

b) dersom dyra er plasserte i leigd driftsbygning på elt bruk som ikkje har husdyr og det kan leggjast fram leigekontrakt på minst 5 år. Det er ein føresetnad at brukaren sjøv eig dyra.

For samdrifter gjeld særlege forskrifter, jf.§ 2.

§ 4 Deling av driftstillegget ved eigar-/brukarskifte

Dersom elt bruk skifter eigar eller blir bortforpakta i tildelingsåret, er fordeling av driftstillegget i slike høve ei sak mellom den tidlegare og den nye eigaren eller forpaktaren.

Er det ikkie gjort avtale om deling, vil den nye eigaren eller forpaktaren få utbetalt resten av driftstillegget for året. Det vil seie at driftstillegg som er betalt ut før bruket skifta eigar eller blei forpakta bort, gjeld som endeleg utbetaling til den tidlegare eigar eller forpaktar.

§ 5 Storleiken på driftstillegget

Det blir gitt driftstillegg på mjølk levert frå produsent til meieri på grunnlag av desse satsane:

Leveransegruppe

Sør-Norge

Nord-Norge

Kumjølk

(kr)

(kr)

(liter)
0 - 29.999

2,00/1
66.000/bruk

2,00/1
66.000/bruk

Geitmjølk
(liter)
15.000 og over


4,40/1
66.000/bruk


4,40/1
66.000/bruk

Plassering i leveransegruppe byggjer på leveransen og kvoten føregåande kalenderår samt kvote i leveranseåret. Storleiken på tillegget gjeld avtaleåret.

Driftstillegget skal ikkje betalast ut til produksjon ut over kvoten til full pris i toprisordninga for mjølk.

Kombinert ku- og geitmjølkproduksjon
Ved kombinert produksjon skal liter produsert geitmjølk multipliserast med 2 og leggjast til liter produsert kumjølk. Satsane for driftstillegget vil vera avhenge av kva leveransegruppe del kjem i.

For kombinerte bruk i Nord-Norge skal ein nytte satsane for Nord-Norge. I resten av landet skal ein nytte satsane for kumjølk i Sør-Norge.

§ 6 Leveringsformer

Driftstillegget blir utbetalt for kumjølk, geitmjølk og fløyte som blir:

  1. Levert frå produsent til meieriselskap.
  2. Brukt til heimeproduksjon av fjell- og gardssmør og gards- og sæterost som blir avrekna frå meieriselskap.
  3. Brukt til lokal foredling (geitmelk) etter avtale med meieriet, jamf. særskilde forskrifter om tilskot til geitmjølk nytta til lokal foredling.

Føresetnaden for å få driftstillegg er at del leverte produkta fyller kvalitetskrava som er fastsette for det enkelte produkt.

Mjølk levert til meieriselskap skal avreknast med feitt- og proteinkorreksjon etter forskrifter som er fastsette av Landbruksdepartementet.

Levert fløyte skal reknast om til liter mjølk etter feitt-innhaldet og til same feittprosent som basisfeittprosenten i Riksoppgjeret.

Fjell- og gardssmør og gards- og sæterost blir rekna om til mjølk av Norske Melkeprodusenters Landsforbund etter omrekningsfaktorar som er godkjende av Landbruksdepartementet.

§ 7 Utbetaling

Det skal utbetalast driftstillegg i månadsrater etter utgangen av kvar månad til dei bruka som i føregåande år har levert minst 30.000 1 kumjølk, 15.000 1 geitmjølk eller smør og ost som tilsvarer desse mengdene og kvoten for året er større enn desse grensene.

For del som i føregående år leverte under 30.000/15.000 1 mjølk skal driftstillegget betalast ut kvar månad etter ein fastsett sats pr. liter for den mengde mjølk, smør, ost som er levert i vedkomande månad.

For produsentar med leveranse over 30.000/15.000 liter vert det utbetalt eit tilskot pr. månad så sant produsenten har leveranse.

Dersom produsenten ikkje har leveranse ein månad vil det ikkje bli betalt ut tilskot.

Dersom dette opphaldet ikkje er lengre enn 2 månader for kumjølkprodusentar, vil tilskotet bli etterbetalt for del månadene det ikkje er betalt ut tilskot, når leveransen frå bruket kjem igang igjen.

Geitmjølksbruk i leveransegruppe over 15.000 liter får etterbetalt driftstillegg for opphald på inntil 3 månader i produksjonen når produksjonen held fram, uavhengig av tidpunktet for opphaldet.

Driftstillegget skal betalast ut etter følgjande satsar pr. liter/bruk pr. månad:

Kumjølk
(liter)

Sør-Norge
(kr)

Nord-Norge
(kr)

0 - 29.999
30.000 og over

2,00/1
5.000

2,20/1
5.500

Geitmjølk
(liter)
0 - 14.999
15.000 og over

Sør- og Nord-Norge

4,40/1
4,40/1

Landbruksdepartementet betalar ut samla tilskot for vedkomande månad til Norske Melkeprodusenters Landsforbund, som syter for utbetaling til meieria, som betalar ut driftstillegg til produsentane.

§ 8 Om oppgåver

Meieriet skal føre særskild oppgåve over utbetalt tilskot til kvar enkelt produsent.

Tilskotet skal gå fram som eigen post i leverandøroppgjeret. Meieria skal syte for at grunnlagsmaterialet for oppgåvene er tilgjengelege for kontroll.

Kvart enkelt meieriselskap skal for kvar månad sende spesifisert oppgåve til Norske Melkeprodusenters Landsforbund over mjølk, fjell -og gardssmør og gards- og seterost som er tatt imot frå produsent og mjølk som er nytta til lokal foredling i vedkomande månad forutan tilskot som er betalt ut i vedkomande månad. Meieriselskapet sin revisor skal revidere og stadfeste oppgåvene kvart halvår.

Norske Melkeprodusenters Landsforbund skal for kvart halvår, respektive 01.07 og 31.12, sende ei spesifisert og samla oppgåve for heile landet til Landbruksdepartementet. Denne oppgåva skal vere revidert og stadfesta av statsautorisert revisor.

§ 9 Kontroll og tilbakebetaling m.v.

I tillegg til dei vilkåra for utbetaling av driftstillegget som går fram av forskriften gjeld elles:

  1. Meieriselskapa og Norske Melkeprodusenters Landsfor­bund syter for at dei oppgåver som blir gitt som grunnlag for utbetaling er i samsvar med forskriften.
  2. Landbruksdepartementet og Riksrevisjonen kan krevje alle opplysningar som er nødvendige for å avgjere om utrekning og utbetaling av driftstillegget til mjølkeprodusent er rett.
  3. Er det tvil om retten til driftstillegg, pliktar meieriselskapa og Norske Melkeprodusenters Landsforbund å leggje saka fram for fylkesmannen som avgjer saka. På same vis pliktar fylkesmannen å gje melding til dei aktuelle meieria kvar gong ny avklaring skjer med omsyn til retten til produksjonstillegg i jordbruket.
  4. Er det betalt ut driftstillegg for mjølk som ikkje oppfyller kvalitetskrava, jmf. S 2 i forskrift for grunntilskot, skal driftstillegget for vedkommande månad betalast tilbake.

Er det betalt ut driftstillegg for mjølk som etter forskriften ikkje gir rett til driftstillegg, skal dette betalast tilbake. Dersom kravet ikkje blir innfridd og vedkommande produsent framleis leverer mjølk, skal kravet dekkjast ved trekk i mjølkeoppgjeret. For produsentar som har slutta med mjølkeproduksjon, kan uteståande krav bli avrekna mot produksjonstillegget eller bli krevd inn på annan måte.

Det kan krevjast morarente f rå utbetalingstidspunktet til tilbakebetaling skjer. Det same gjeld dersom brukaren burde ha visst eller forstått at utbetalinga var feil. Landbruksdepartementet kan, når særlege høve tilseier det, krevje tilbakebetaling for fleire år.

§ 10 Dispensasjon og nærare retningsliner

Landbruksdepartementet kan i særskilde høve dispensere frå denne forskriften og fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføring av ordninga. Søknad om dispensasjon skal sendast om meieriet og Norsk Melkeprodusenters Landsforbund til Landbruksdepartementet.

§ 11 Klage

Vedtak som er fatta etter denne forskriften kan i medhald av reglene i kap. VI i forvaltningslova av 10. februar 1967 påklagast til Landbruksdepartementet. Eventuell klage skal vera underteikna av klagaren og sendast om meieriet og Norske Melkeprodusenters Landsforbund til Landbruksdepartementet som treff endeleg vedtak i saken. Klagefristen er 3 veker rekna frå det tidspunktet avgjerda er kome fram til søkjaren.

§ 12 Iverksetting

Denne forskriften gjeld frå 1. juli 1994. Frå same tid er føresegn gitt av Landbruksdepartementet 23. november 1993 om driftstillegg for mjølkeproduksjon sett ut av kraft.