M-68/1993 - Endringar i forskriftene for pristilskot på mjølk - ny forskrift om tilskot til geitmjølk ved lokal foredling

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet

(14.12.1993)

Rundskriv
M-68/1993

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1993/11084

14.12.1993

Til

Fylkesmannen v/Landbruksavdelingen Norges Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag

Endringar i forskriftene for pristilskot på mjølk - ny forskrift om tilskot til geitmjølk ved lokal foredling

Vedlagt følgjer 3 ulike forskrifter for tilskot på mjølkesektoren; (ikke elektronisk)

  • Forskrift om særskilde statstilskot for mjølk og smør i visse distrikt (distriktstilskot)
  • Forskrift om driftstillegg for mjølkeproduksjon
  • Særskild forskrift for tilskot til geitmjølk ved lokal foredling.

Ved jordbruksforhandlingane i år blei avtalepartane bl.a. samde om at det og skulle kunna gis tilskot til geitmjølk som blir foredla og omsett lokalt. Likeeins blei det vedteke å endra reglane for utbetalinga av driftstillegget.

På grunnlag av desse vedtaka har Landbruksdepartementet gått gjennom alle forskriftene f ar tilskot på mjølkesektoren og gjort ei rekkje endringar. Vi vil peike på nokon av endringane.

Felles for alle forskriftene:

Heimelsgrunnlaget er presisert, formålsparagrafen er skreven om og klageadgang er teken inn der denne paragrafen ikkje var med før.

I samband med omorganiseringa av fylkeslandbruks- og landbrukskontora, er fylkes landbrukskontora bytta ut med Fylkesmannen og landbrukskontoret er bytta ut med kommunen.

Kommentarar vedrørande kvar enkelt forukrift:

1) Særskild forskrift om tilskot til geitmjølk ved lokal foredling (Ny forskrift).

Departementet har valgt å laga ei særskild forskrift for dette området. Samstundes blir det i dei eksisterande forskriftene for grunn- og distriktstilskot og driftstillegg synt til den særskilde forskrifta.

2) Distriktstilskot

Utvalet for distriktstiltak i landbruket har i avtaleåret 1992—93 vedteke ein del endringar i sonegrenser, det gjeld kominunane Sel og Vestre Slidre i Oppland, Bygland i A-Agder samt ei rekkje kommunar i Nordland . Alle desse endringane er det gitt melding om tidlegare til dei det vedkjem.

Det blei i november 1993 gjort nye endringar i sonegrensene i Nordland, N-Trøndelag og i S-Trøndelag. Endringane er tekne med i forskriften. Dei fylka dette angår, vil få brev om endringane seinare.

§§ 5 og 7 er endra i trå med vedtaket om lokal foredling.

4) Driftstillegg

I § 2 er definisjonen av bruk forenkla og ein har tatt inn definisjonar av brukar og jorbruksareal, dette er i samsvar med produksjonstilleggsforskrifta. Plassering av dyr som tidlegare var omtalt i eigen paragraf er nå teken inn i 5 3.

I SS 5 og 7 er øresatsen for leveranser under 30.000/15.000 liter mjølk sett opp.

I 5 6 er forholdet til lokal foredling teken med. Størst endring har ein fått i § 7 , tidlegare § 9. Det skal nå ikkje vera forskotsutbetaling, men ei utbetaling på grunnlag av månadsleveransen for dei som leverar under 30.000/15.000 liter og på grunnlag av leveransen i føregåande kalenderår samt tildelt kvote for dei som er over denne grensa.

Med hilsen

Martin Holtung

Kjell Nyhus

Saksbehandler: Åse Marie Rusaanes



Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55