M-71/1993 - Produksjonstillegg i jordbruket - søknadsomgangen 10.01.1994

(27.12.1993)

Rundskriv
M-71/1993

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1993/12425

27.12.1993

Til

Fylkesmenn, landbruksavdelingen, Kommunen, landbruksforvaltningen

Produksjonstillegg i jordbruket - søknadsomgangen 10.01.1994

I samband med søknad om produksjonstillegg 10.01.1994 vil ein gjere merksam på nokre endringar.

Søknadskjemaet

Feltet for brukarskifte er forenkla. Her skal ein no krysse av for JA eller NEI.

Feltet for sau er inndelt i tre kodar. Formålet med denne oppdelinga er å skilje mellom avlsdyr og andre dyr som blir fåra over vinteren, og dei dyra som blir slakta i løpet av vinteren - som f. eks. blålam - før 1. april. Ein kan her merke seg at fristen 1. april ikkje gjeld avlsdyr, d.v. s. at ein godtek ein normal avgang i løpet av vinteren.

I kode 130 skal ein som tidlegare, føre opp avlsdyr - dvs, både vaksne og lam.

I kode 131 skal ein føre opp dyr (vaksne og lam) som ikkje går inn i avlen, men som skal fôrast fram til 1. april.

I kode 132 skal ein føre opp dyr (vaksne og lam) som skal slaktast utover vinteren, før 1. april. Det kan her vere tale om lam som ikkje er slaktemodne før 31.12.

I kode 140 mjølkegeiter er det i definisjonen snike seg inn ein feil; der er kyr omtala, det skal sjølvsagt vera geiter.

Generell forskrift om produksjonstillegg i jordbruket

Det er foreteke mindre redaksjonelle og språklege endringar i forhold til søknadsomgangen 10.08.1993. I § 3 siste ledd i generell forskrift om produksjonstillegg er det gjort ei presisering av kravet til sprejeareal.

Vidare har ein flytta regelen om avgrensing/trekk i årsverktillegget, når det er ført opp for lågt dyretal i søknaden, frå § 4, nr. 5 i forskrift om årsverktillegg for husdyr til § 9 siste ledd i generell forskrift om produk­sjonstillegg. Ein har i denne samanheng utvida regelen til også å gjelde der ein har gitt opp for lågt areal.

Forskrift om års verktillegg for husdyrproduksjon

I forskrift om årsverktillegg for husdyr er det også gjort ein del språklege og redaksjonelle endringar utan at realiteten er endra.

Fristar i samband med søknadsomgangen 10.01.94.

31.12.93

Registreringstidspunkt for produksjonstillegg og avløysarrefusjon.

10.01.94

Søknadsfrist for produksjonstillegg.

25.01.94

Frist for å sende inn søknadsskjema frå landbruksforvaltningen i kommunen til fylkesmannen.

28.01.94

Tidlegaste tidspunkt for å sende ut kontrollskjema til landbruksforvaltningen i kommunen.

01.02.94

Kontrollstart.

15.02.94

Siste frist for innsending av kontrollskjema til NIT for registrering.

21.02.94

Siste frist for innsending av diskettar med søknadsdata frå fylkesmannen til NIT.

01.03.94

Siste frist for utsending av feillister frå NIT til landbruksforvaltningen i kommunen og fylkesmannen.

15.03.94

Siste frist for å sende retta søknadsskjema og kontrollskjema til NIT for ny registrering.

Kontroll skal utførast hjå alle søkjarane der kontrollskjemaet er utfylt på førehand. For søkjarar der det blir gjennomført kontroll, blir kontrollskjemaet lagt til grunn for utrekning av årsverktal i staden for søknaden. Det er difor viktig at kontrollskjemaet blir fullstendig og korrekt utfylt.

Kontrollskjemaet er utfylt på førehand for ca. 5 % av søkjarmassen.

På kontrollskjemaene skal ikkje utbetalingsmåte, gironummer eller søkjar 2 fyllast ut.

Sjå elles rettleiinga i handboka på side 56 ff.

Med hilsen

Martin Holtung

Aase Storhaug

Saksbehandlar: konsulent Ola Arne Ellestad



Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55