Med utkantbutikken i sentrum

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Evaluering av Merkantilt kompetanseprogram (Merkur) for utkantbutikkane i regionane

Rapport

Med utkantbutikken i sentrum

Evaluering av Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane

Rapporten Med utkantbutikken i sentrum er basert på ei evaluering av merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (Merkur). Dette er andre evalueringa av dette Merkur-programmet. Oppdragsgjevar er Kommunal- og regionaldepartementet.

Evalueringa er primært basert på dei erfaringane butikkdrivarar og sentrale aktørar rundt desse har gjort gjennom deltaking i programmet. Utan velvilje frå desse, hadde det ikkje vore råd å gjennomføre eit slikt arbeid. Dei skal såleis ha stor takk.

Judith Kortgård har vore kontaktperson i Kommunal- og regionaldepartementet. Helge Schei ved Merkur-sekretariat har vore viktig i gjennomføringa av den praktiske delen av evalueringa. Dei regionale Merkurkonsulentane har også gitt oss nyttig grunnlagsinformasjon. Ei stor takk til alle for eit godt og konstruktivt samarbeid.

I tillegg til forfattarane, har Johan Barstad vore med i utforminga av opplegget av evalueringa.

Volda, 07.02.2006

Finn Ove Båtevik (prosjektleiar)
Geir Tangen
Else Ragni Yttredal