13 Kunnskapsdepartementet
Nedanfor blir det gitt ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026, og dessutan dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 (2025–2026) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabell 13.1 blir det òg angitt om departementet planlegg at rapporteringa knytt til vedtaket no blir avslutta eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 13.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Følgt opp (ja/nei) |
|---|---|---|---|
|
2025–2026 |
9 |
Permanent søknadsordning for dekking av pensjonsutgifter i private barnehagar |
Ja |
|
2025–2026 |
51 |
Regulere storleiken på studiestøtta gjennom grunnbeløpet i folketrygda |
Ja |
|
2025–2026 |
54 |
Regulere storleiken på bortebuarstipendet gjennom grunnbeløpet i folketrygda |
Ja |
|
2025–2026 |
260 |
Nasjonal ordning for låste nettlesarar |
Nei |
|
2025–2026 |
424 |
Gjennomgang av ordninga for midlar til innkjøp av fysiske læremiddel |
Nei |
|
2025–2026 |
473 |
Justering av fråværsreglane i vidaregåande skule |
Ja |
|
2025–2026 |
474 |
Førstegongsvitnemål til elevar ved Jotunheimen privatistskule |
Ja |
|
2025–2026 |
475 |
Revidere instruks om tolking av privatskulelova § 2-1 første ledd |
Ja |
|
2025–2026 |
527 |
Endringar i opplæringslova som gjeld forbodet mot forkynning |
Nei |
|
2025–2026 |
528 |
Tilbod om å delta på skulegudsteneste |
Nei |
|
2025–2026 |
529 |
Tilbod om International Baccalaureate (IB) i offentlege grunnskular |
Nei |
|
2025–2026 |
530 |
Vidareføring av IB-linjene ved Manglerud skole og Blindern videregående skole |
Ja |
|
2025–2026 |
531 |
Forbetre søknadsordninga for private barnehagar med høge pensjonsutgifter |
Ja |
|
2025–2026 |
561 |
Redusert stipend for studentar med pasientskadeerstatning |
Ja |
|
2025–2026 |
562 |
Støtte arbeidet i kommunesektoren for ein tryggare digital skulekvardag |
Ja |
|
2025–2026 |
563 |
Konkrete tiltak i retningslinjene for ein tryggare digital skulekvardag |
Nei |
|
2025–2026 |
614 |
Ordning for straumstøtte for studentbustadar |
Ja |
|
2025–2026 |
615 |
Ordning for straumstøtte for studentbustadar – utgreiing av alternative kostnadsrammer |
Ja |
|
2025–2026 |
625 |
Nasjonale reglar mot tryggingstruslar ved forskingsinstitusjonane |
Nei |
|
2025–2026 |
627 |
Tilrettelegging for studentane ved Pilot Flight Acadamy |
Ja |
|
2025–2026 |
628 |
Gjennomgang av regelverk for godkjende private utdanningstilbod |
Nei |
|
2025–2026 |
656 |
Sikre betre integrering av kvinnehelse og livsfaseperspektiv i medisinsk og helsefagleg utdanning |
Nei |
|
2025–2026 |
736 |
Redusere statleg styringstrykk i skulen |
Nei |
|
2025–2026 |
738 |
Sørge for at alle skular har tilgang til ein «sikker nettlesar» |
Nei |
|
2025–2026 |
739 |
Retningslinjer for bruk av KI i skulen |
Ja |
|
2025–2026 |
740 |
Avgrensa tilgang til hjelpemiddel under eksamen |
Nei |
|
2025–2026 |
741 |
Oppfølging av elevar som ikkje er aktuelle for generell studiekompetanse, fagbrev eller lærekandidatordning |
Ja |
|
2025–2026 |
742 |
Greie ut korleis ein kan gjennomføre pilotar med modulbasert organisering i vidaregåande opplæring |
Ja |
|
2025–2026 |
777 |
Vurdere moglegheita for å ta i bruk fleire sjukehus som praksisplassar |
Nei |
|
2025–2026 |
778 |
Auke talet på studie- og praksisplassar for jordmødrer |
Nei |
|
2025–2026 |
865 |
Utviklinga i bruk av fjernundervisning i VGO |
Nei |
|
2025–2026 |
866 |
Realfagsstrategien – Satsing på praktisk, variert og relevant læring gjennom heile utdanningsløpet |
Ja |
|
2025–2026 |
867 |
Styrke arenaer og tilbod som aukar elevane si interesse for realfag |
Nei |
|
2025–2026 |
868 |
Greie ut om og korleis Newton-konseptet kan oppskalerast |
Nei |
|
2025–2026 |
869 |
Vidareutvikle og styrke satsing på alternative opptaksvegar til STEM-fag |
Ja |
|
2025–2026 |
870 |
Styrke Kompetansepluss-ordninga for realfag og etablere fleire bransjeprogram |
Ja |
|
2025–2026 |
1150 |
Private barnehagar: Inkludere AFP-utgifter i pensjonssøknadsordninga |
Ja |
|
2024–2025 |
18 |
Fleire barn skal få språkopplæring i samisk og kvensk |
Nei |
|
2024–2025 |
20 |
Nasjonal satsing på språkopplæring i samisk og kvensk |
Nei |
|
2024–2025 |
21 |
Betre tilgang på utdanning i og på kvensk og samisk |
Nei |
|
2024–2025 |
60 |
Informasjonsdeling og samarbeid i overgangen mellom ulike nivå i skulen |
Ja |
|
2024–2025 |
62 |
Vidareføring og utvikling av mobbeombodsordninga |
Ja |
|
2024–2025 |
65 |
Strategi for spesialpedagogisk kompetanse i skulen og tilstrekkeleg kapasitet i PP-tenesta |
Ja |
|
2024–2025 |
668 |
Rettleiar for å førebygge fysisk makt og tvang |
Ja |
|
2024–2025 |
670 |
Rett til barnehageplass for desemberbarn |
Nei |
|
2024–2025 |
681 |
Nemningar for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk |
Nei |
|
2024–2025 |
682 |
Ansvaret fagskular har for realkompetansevurdering |
Ja |
|
2024–2025 |
683 |
Høgare yrkesfagleg utdanning og ECTS |
Nei |
|
2024–2025 |
684 |
Plan for føreseieleg finansiering for fagskulane |
Nei |
|
2024–2025 |
685 |
Vurdering av eit gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning |
Ja |
|
2024–2025 |
737 |
Auke kommersialiseringa av norsk forsking |
Ja |
|
2024–2025 |
738 |
Styrke studentinvolvering i forsking og studentdrivne forskings- og innovasjonsprosjekt |
Ja |
|
2024–2025 |
741 |
Knyte studiestøtte til grunnbeløpet i folketrygda |
Ja |
|
2024–2025 |
778 |
Om individregister over barn i barnehagar og grunnskuleopplæring |
Ja |
|
2024–2025 |
864 |
Private barnehagar: Vurdere behov for eigen regel om bruk av tilskot til eigedomskostnader |
Nei |
|
2024–2025 |
865 |
Vurdere omsyn til barn med særskilde behov ved opptak til barnehage |
Ja |
|
2024–2025 |
866 |
Private barnehagar: Greie ut definisjonen av ideelle barnehagar |
Nei |
|
2024–2025 |
868 |
Private barnehagar: Ny søknadsordning for pensjonstilskot |
Ja |
|
2024–2025 |
869 |
Private barnehagar: Søknadsordning som kan kompensere for mellombelse høge utgifter |
Ja |
|
2024–2025 |
870 |
Private barnehagar: Vurdering av tilskot til eigedom og eigedomskostnader |
Nei |
|
2024–2025 |
871 |
Private barnehagar: Ordning for rehabilitering av private barnehagebygg |
Nei |
|
2024–2025 |
872 |
Private barnehagar: Forskrift om tildeling av tilskot |
Nei |
|
2023–2024 |
621 |
Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar |
Ja |
|
2023–2024 |
707 |
Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar |
Nei |
|
2022–2023 |
734 |
Læringsstøttande ressursar på begge målformer |
Ja |
|
2022–2023 |
738 |
Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa |
Nei |
|
2020–2021 |
79 |
Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar |
Nei |
|
2020–2021 |
1104 |
Heilskaplege og koordinerte tenester |
Nei |
13.1 Stortingssesjon 2025–2026
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under kunnskapsministeren
Permanent søknadsordning for dekking av pensjonsutgifter i private barnehagar
Vedtak nr. 9, 14. oktober 2025
Stortinget ber regjeringen innføre og finansiere en permanent søknadsordning for dekning av reelle pensjonskostnader i private barnehager, i tråd med stortingsflertallets Innst. 510 L (2024–2025). Private barnehager må dokumentere sine utgifter til pensjon i året de søker, inkludert varige kostnader til AFP. Kommunens plikt til å dekke barnehagens pensjonsutgifter er begrenset oppad til tilsvarende kommunale kostnader. Bruk av kommunale premiefond skal holdes utenfor beregningene av det kommunale taket. Ordningen skal innføres og finansieres med virkning fra 1. januar 2026. De økte kostnadene til kommunene fullfinansieres fra innføringstidspunktet.
Vedtaket blei gjort i samband med trontaledebatten i Stortinget 14. oktober 2025.
Frå 1. januar 2027 tek ei ny tilskotsordning for pensjonsutgifter til å gjelde, basert på tre sjablongar som gir god dekning av pensjonsutgifter. Frå 1. januar 2026 blei det i tillegg innført ei ny søknadsordning for private barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Søknadsordninga inneber at barnehagar som dei siste tre åra har hatt pensjonsutgifter som er meir enn 5 pst. høgare enn det ordinære tilskotet til pensjon, etter søknad har krav på å få dekt utgiftene opp til eit tak på 13 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. I revidert budsjett for 2026 blei taket på søknadsordninga auka til 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. Utgifter til avtalefesta pensjon (AFP) er omfatta av tilskotet. Det er i tillegg fastsett ein særregel for pensjonstilskot til private barnehagar som har historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon.
Det er nokre strukturelle forskjellar mellom kommunale og private pensjonsordningar. Kommunal tenestepensjon følger eit utjamningsprinsipp. Det betyr at alle betaler same premie sjølv om det i utgangspunktet er meir kostbart årleg å finansiere yrke med særaldersgrenser eller yrke med høg kvinnedel. Kommunale barnehagar kan derfor ha høgare pensjonspremiar, sidan dei bidreg til å subsidiere pensjonspremiane i yrke med særaldersgrenser, som for eksempel brannkonstablar og sjukepleiarar. Kommunale ordningar har i tillegg nokre fordyrande tilleggsprodukt og særordningar som vilkårsbunden tenestepensjon.
Departementet legg derfor til grunn at eit tak på 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter tilsvarer dei kommunale utgiftene når ein tek omsyn til dei strukturelle forskjellane mellom private og kommunale pensjonsordningar.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Nasjonal ordning for låste nettlesarar
Vedtak nr. 260, 18. desember 2025
Stortinget ber regjeringen utrede behovet for en nasjonal ordning for å gjøre låste nettlesere tilgjengelig for alle skoler for bruk i undervisning.
Vedtaket blei gjort i samband med behandling av Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet, jf. Innst. 12 S (2025–2026).
Det er sendt eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet der Kunnskapsdepartementet ber direktoratet publisere råd og rettleiing om korleis skulane kan styre tilgangen til hjelpemiddel under skriftlege vurderingssituasjonar. Direktoratet skal under dette vise til minst éi løysing som gir skuleeigarar, grunnskular og vidaregåande skular og lærarar moglegheit til å styre tilgang til digitale hjelpemiddel i skriftlege vurderingssituasjonar. Arbeidet skal bygge vidare på og synleggjere gode løysingar som er i bruk i kommunar og fylkeskommunar i dag. Utdanningsdirektoratet skal involvere relevante representantar for skuleeigarar, skuleleiarar, lærarar og elevar for å sikre at råda blir mest mogleg nyttige for sektoren.
Ansvaret for nødvendig utstyr, under dette digitale løysingar for å gjennomføre undervisning og vurdering, ligg til skuleeigar etter opplæringslova § 15-6. Ei nasjonal løysing vil truleg krevje store ressursar. Erfaringane frå dette arbeidet vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for vidare vurderingar av behov i sektor for felles løysingar. Oppdraget hadde frist 25. september 2026.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Gjennomgang av ordninga for midlar til innkjøp av fysiske læremiddel
Vedtak nr. 424, 13. januar 2026
Stortinget ber regjeringen gjennomgå ordningen for tildeling av midler til innkjøp av fysiske læremidler med formål om å sikre at tildeling faktisk sørger for flere bøker i skolen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandling av Dokument 8:10 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om løft for læring – en styrking av elevenes grunnleggende ferdigheter, jf. Innst. 79 S (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Justering av fråværsreglane i vidaregåande skule
Vedtak nr. 473, 12. februar 2026
Stortinget ber regjeringen sikre at besøk hos skolehelsetjenesten ikke omfattes av fraværsgrensen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandling av Dokument 8:32 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Helge André Njåstad, Joakim Myklebost Tangen og Julia Brännström Nordtug om justering av fraværsreglene i videregående skole, jf. Innst. 103 S (2025–2026).
Departementet sende 8. mai 2026 på høyring eit forslag til endringar i opplæringsforskrifta og privatskuleforskrifta. Departementet foreslo å endre reglane på den måten at det ikkje skal reknast som fråvær frå opplæringa når eleven er hos skulehelsetenesta. Høyringsfristen var 12. juni 2026. Ei endringsforskrift i samsvar med høyringsforslaget blei vedteken 22. juni 2026, og den nye regelen tok til å gjelde 1. august.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Førstegongsvitnemål til elevar ved Jotunheimen privatistskule
Vedtak nr. 474, 12. februar 2026
Stortinget ber regjeringen sikre at nåværende elever ved Jotunheimen privatistskule som fullfører og består sitt skoleløp i 2026, får rett på førstegangsvitnemål på lik linje med andre elever som fullfører videregående opplæring.
Vedtaket blei gjort i samband med Dokument 8:36 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Joakim Myklebost Tangen, Sylvi Listhaug, Lars Rem, Finn Krokeide, Tor André Johnsen og Morten Kolbjørnsen om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Dokument 8:37 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby og Grunde Almeland om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett, jf. Innst. 104 S (2025–2026).
Departementet viser til omtale i Prop. 79 L (2025–2026) Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon), punkt 9:
Anmodningsvedtaket ble gjort i forbindelse med behandlingen av representantforslagene Dokument 8:36 S (2025–2026) om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Dokument 8:37 S (2025–2026) om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett, jf. Innst. 104 S (2025–2026).
Førstegangsvitnemål gis som dokumentasjon til elever som har bestått videregående opplæring, jf. opplæringsforskriften § 9-47 første ledd og privatskoleforskriften § 6-46 første ledd. Ungdommen som følger opplæring ved Jotunheimen Private vidaregåande skule AS («Jotunheimen privatistskule») inneværende skoleår er formelt sett privatister, ikke elever. Etter gjeldende regler kan ungdom som er privatister et helt skoleår i stedet for å være elev, ikke få førstegangsvitnemål.
Stortinget har bedt regjeringen om å sikre at nåværende privatister ved Jotunheimen privatistskule som fullfører og består sitt skoleløp i 2026, får rett til førstegangsvitnemål. Kunnskapsdepartementet legger til grunn at det vil være en fordel for en privatist å kunne få førstegangsvitnemål og at Stortingets vedtak innebærer at Jotunheimen-privatistene skal gis en fordel som andre privatister ikke får.
Kunnskapsdepartementet har gjort en vurdering av endringer i tråd med anmodningsvedtaket. Departementet vurderer at det vil være i strid med likhetsprinsippet og forbudet mot usaklig forskjellsbehandling å behandle Jotunheimen-privatistene bedre enn andre privatister.
En generell åpning i adgangen til å få førstegangsvitnemål med privatisteksamener kan være et alternativ som kan sikre Jotunheimen-privatistene rett til førstegangsvitnemål. Departementet oppfatter ikke at intensjonen bak vedtaket er å gjøre generelle endringer i reglene for førstegangsvitnemål. En generell endring i reglene kan få større samfunnsmessige konsekvenser blant annet for gjennomføringen av videregående opplæring og for fylkeskommunens arbeid med dimensjonering. Departementet mener det er uheldig om en generell utvidelse av privatisters adgang til å oppnå førstegangsvitnemål fører til at færre velger å følge opplæring som elev og at elevene er mindre tilstede på skolen. Tilstedeværelse er viktig for elevenes egen læring og sosiale utvikling, og det er også av stor betydning for det felles læringsmiljøet. At færre velger å følge opplæring som elev kan også påvirke fylkeskommunens mulighet til å dimensjonere et bredt opplæringstilbud som er tilpasset både elevenes ønsker og arbeidslivets behov, noe som igjen kan få negativ innvirkning på ungdommenes valgmuligheter. Departementet legger uansett til grunn at større endringer i førstegangsvitnemålsordningen vil kreve utredning og høring, og at det ikke vil være forsvarlig å utrede, høre og fastsette større endringer i førstegangsvitnemålsordningen innenfor den tidsrammen som er nødvendig for at eventuelle endringer skal få virkning for ungdom som skal søke høyere utdanning fra høsten 2026 med vitnemål fra våren 2026.
Departementet har vurdert anmodningsvedtaket og kommet til at gjennomføring av vedtaket vil være i strid med likhetsprinsippet og forbudet mot usaklig forskjellsbehandling.
Departementet foreslår på bakgrunn av dette at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak XII.
Revidere instruks om tolking av privatskulelova § 2-1 første ledd
Vedtak nr. 475, 12. februar 2026
Stortinget ber regjeringen revidere instruksen til Utdanningsdirektoratet slik at den presiserer at privatskoleloven § 2-1 første ledd ikke skal tolkes slik at en søker må dokumentere at det er konkret behov for en skole som drives på grunnlag av det aktuelle livssynet.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:36 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Joakim Myklebost Tangen, Sylvi Listhaug, Lars Rem, Finn Krokeide, Tor André Johnsen og Morten Kolbjørnsen om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Dokument 8:37 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby og Grunde Almeland om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett, jf. Innst. 104 S (2025–2026).
Departementet følgde opp vedtaket ved brev til Utdanningsdirektoratet av 23. februar 2026. I dette brevet presiserte departementet at kva slags trus- eller livssynstilknyting potensielle elevar eller deira føresette har, ikkje er eit relevant moment ved vurderinga av om ein skal gi godkjenning.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Endringar i opplæringslova som gjeld forbodet mot forkynning
Vedtak nr. 527, 12. mars 2026
Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i opplæringslova som presiserer at forbudet mot forkynnelse ikke rammer muligheten til å gjennomføre for eksempel skolegudstjenester.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:63 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Hans Edvard Askjer og Joel Ystebø om at alle elever skal få tilbud om å delta på skolegudstjenester, jf. Innst. 148 S (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Tilbod om å delta på skulegudsteneste
Vedtak nr. 528, 12. mars 2026
Stortinget ber regjeringen sørge for at alle elever får tilbud om å delta på skolegudstjeneste, så lenge lokale kirker har ønske om å invitere.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:63 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Hans Edvard Askjer og Joel Ystebø om at alle elever skal få tilbud om å delta på skolegudstjenester, jf. Innst. 148 S (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Tilbod om International Baccalaureate (IB) i offentlege grunnskular
Vedtak nr. 529, 12. mars 2026
Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i opplæringslova, slik at International Baccalaureate (IB) kan tilbys i offentlige grunnskoler.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:98 S (2025–2026) Representantforslag fra Mathilde Tybring-Gjedde, Monica Molvær og Ola Svenneby om å åpne for tilbud om International Baccalaureate (IB) i den offentlige grunnskolen, jf. Innst. 154 S (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Vidareføring av IB-linjene ved Manglerud skole og Blindern videregående skole
Vedtak nr. 530, 12. mars 2026
Stortinget ber regjeringen sikre at IB-linjene ved Manglerud skole og Blindern videregående skole videreføres også etter 1. august 2026, inntil nødvendige lovendringer er gjennomført for at tilbudet skal kunne gjøres permanent.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:98 S (2025–2026) Representantforslag fra Mathilde Tybring-Gjedde, Monica Molvær og Ola Svenneby om å åpne for tilbud om International Baccalaureate (IB) i den offentlige grunnskolen, jf. Innst. 154 S (2025–2026).
Utdanningsdirektoratet vedtok 24. mars 2026 å vidareføre forsøket i Oslo kommune med IB i den offentlege grunnskuleopplæringa for skuleåra 2026–27 og 2027–28.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Forbetre søknadsordninga for private barnehagar med høge pensjonsutgifter
Vedtak nr. 531, 12. mars 2026
Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med en forbedret søknadsordning for private barnehager med høye pensjonsutgifter, i tråd med stortingsflertallets Innst. 510 L (2024–2025) og Stortingets vedtak av 14. oktober 2025. Søknadsordningen skal dekke private barnehagers reelle og dokumenterte pensjonsutgifter, inkludert varige kostnader til AFP.
Vedtaket blei gjort i samband med Stortinget si behandling av kunnskapsministeren si utgreiing om status for regjeringa sin barnehagepolitikk og arbeidet med styring og finansiering av barnehagesektoren.
Frå 1. januar 2027 tek ei ny tilskotsordning for pensjonsutgifter til å gjelde, basert på tre sjablongar som gir god dekning av pensjonsutgifter. Frå 1. januar 2026 blei det i tillegg innført ei ny søknadsordning for private barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Søknadsordninga inneber at barnehagar som dei siste tre åra har hatt pensjonsutgifter som er meir enn 5 pst. høgare enn det ordinære tilskotet til pensjon, etter søknad har krav på å få dekt utgiftene opp til eit tak på 13 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. I revidert budsjett for 2026 blei taket på søknadsordninga auka til 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. Det er i tillegg fastsett ein særregel for pensjonstilskot til private barnehagar som har historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon.
Utgifter til AFP er omfatta av tilskotet. Dersom ein barnehage har mellombelse utgifter i enkelte år, til dømes i samband med innføring av AFP, vurderer regjeringa at slike utgifter må handterast gjennom søknadsordninga.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Støtte arbeidet i kommunesektoren for ein tryggare digital skulekvardag
Vedtak nr. 562, 19. mars 2026
Stortinget ber regjeringen gi et oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å støtte kommunesektoren i arbeidet med å etablere reklamefrie og distraksjonsfrie skoleenheter samt personvernvennlige nettlesere og søkemotorer, og blokkering av risikoinnhold og skadelige nettsider.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:82 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mirell Høyer-Berntsen og Sunniva Holmås Eidsvoll om en tryggere digital skolehverdag, jf. Innst. 158 S (2025–2026).
Kunnskapsdepartementet har gitt eit eige oppdrag til Utdanningsdirektoratet om Tryggere digital skolehverdag. Direktoratet skal vurdere korleis eksisterande tiltak som tilråding om filter på skulen sine nettverk og digitale einingar, og felles støttetenester for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming, bidreg til å sikre at elevane ikkje blir utsette for skadeleg innhald og kommersielt trykk på dei digitale einingane til skulen. Direktoratet skal òg oppdatere nettsidene sine med konkrete råd, vurderingar og rettleiing om temaet. Direktoratet har frist 31. desember 2026.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Konkrete tiltak i retningslinjene for ein tryggare digital skulekvardag
Vedtak nr. 563, 19. mars 2026
Stortinget ber regjeringen oppdatere Utdanningsdirektoratets retningslinjer med konkrete tiltak for å sikre reklamefrie og distraksjonsfrie skoleenheter samt personvernvennlige nettlesere og søkemotorer, og blokkere risikoinnhold samt sørge for at det ikke sendes skoleenheter hjem uten foreldrekontroll, og tydeliggjøre de juridiske forpliktelsene skolene har når det gjelder digitale verktøy og hvordan disse skal etterfølges.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:82 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mirell Høyer-Berntsen og Sunniva Holmås Eidsvoll om en tryggere digital skolehverdag, jf. Innst. 158 S (2025–2026).
Kunnskapsdepartementet har gitt eit eige oppdrag til Utdanningsdirektoratet om Tryggere digital skolehverdag. Direktoratet skal vurdere korleis eksisterande tiltak som tilråding om filter på skulen sine nettverk og digitale einingar, og felles støttetenester for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming, bidreg til å sikre at elevane ikkje blir utsette for skadeleg innhald og kommersielt trykk på dei digitale einingane til skulen. Direktoratet skal òg oppdatere nettsidene sine med konkrete råd, vurderingar og rettleiing om temaet. Direktoratet har frist 31. desember 2026.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Redusere statleg styringstrykk i skulen
Vedtak nr. 736, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringa ta grep for å redusere det statlege styringstrykket i skulen, mellom anna ved å fjerne unødvendig byråkrati, rapporteringskrav og detaljstyring.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:220 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Jørgen H. Kristiansen og Joel Ystebø om kortere skoledager i grunnskolen, høyere lærerlønninger og mer tid for lærerne til å følge opp elevene, jf. Innst. 274 S (2025–2026).
I Regjeringens plan for Norge (2025–2029) står det at regjeringa skal fjerne unødvendig byråkrati og tidstjuvar for å oppnå betre tenester og bemanning og ei meir effektiv forvaltning.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Sørge for at alle skular har tilgang til ein «sikker nettlesar»
Vedtak nr. 738, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig sørge for at alle skoler har tilgang til en «sikker nettleser» som kan brukes til å gjennomføre skriftlige vurderinger gjennom hele året.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:241 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Monica Molvær, Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde om å forhindre juks med kunstig intelligens i skolen, jf. Innst. 268 S (2025–2026).
Det er sendt eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet der Kunnskapsdepartementet ber direktoratet publisere råd og rettleiing om korleis skulane kan styre tilgangen til hjelpemiddel under skriftlege vurderingssituasjonar.
Direktoratet skal under dette oppdraget vise til minst éi løysing som gir skuleeigarar, grunnskular og vidaregåande skular og lærarar moglegheit til å styre tilgang til digitale hjelpemiddel i skriftlege vurderingssituasjonar. Arbeidet skal bygge vidare på og synleggjere gode løysingar som er i bruk i kommunar og fylkeskommunar i dag. Utdanningsdirektoratet skal involvere relevante representantar for skuleeigarar, skuleleiarar, lærarar og elevar for å sikre at råda blir mest mogleg nyttige for sektoren.
Ansvar for nødvendig utstyr, under dette digitale løysingar for å gjennomføre undervisning og vurdering, ligg til skuleeigar etter opplæringslova § 15-6. Ei nasjonal løysing vil truleg krevje store ressursar. Erfaringane frå dette arbeidet vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for vidare vurderingar av behov i sektor for felles løysingar. Oppdraget hadde frist 25. september 2026.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Retningslinjer for bruk av KI i skulen
Vedtak nr. 739, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringen sikre tydelige og alderstilpassede retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i skolen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:241 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Monica Molvær, Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde om å forhindre juks med kunstig intelligens i skolen, jf. Innst. 268 S (2025–2026).
På oppdrag frå departementet publiserte Utdanningsdirektoratet i juni 2026 nye råd om aldersgrenser for bruk av generativ kunstig intelligens (KI) i opplæringa. Dei oppdaterte råda gir ei tydeleggjering av korleis bruk av KI bør bli tilpassa alderen og kor modne elevane er.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Avgrensa tilgang til hjelpemiddel under eksamen
Vedtak nr. 740, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringen endre eksamensformene i skolen slik at flere eksamener gjennomføres med begrenset tilgang til hjelpemidler under eksamen og i forberedelsestiden, herunder endre muntlig eksamen og muntlig-praktisk eksamen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:241 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Monica Molvær, Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde om å forhindre juks med kunstig intelligens i skolen, jf. Innst. 268 S (2025–2026).
Kunnskapsdepartementet legg til grunn at vedtak nr. 740 handlar om tilgang til digitale hjelpemiddel i samband med gjennomføring av eksamen.
Sikker nettlesar skal etter planen takast i bruk for alle skriftlege sentralt gitte eksamenar frå våren 2027. Denne løysinga har vore prøvd ut over to år for å vere trygg på at systemet kan handtere det store antalet eksamenar som elevar og kandidatar kvart år gjennomfører. Sikker nettlesar gir auka kontroll med bruk av digitale hjelpemiddel under eksamen og vil legge til rette for ei meir kontrollert og standardisert gjennomføring.
Når det gjeld førebuingsdelen på dei skriftlege sentralt gitte eksamenane som framleis har ein slik del, vil denne delen bli fjerna frå eksamenane i både kvensk/finsk og samisk frå våren 2027.
Utdanningsdirektoratet har allereie anbefalt at kommunane og fylkeskommunane lagar retningslinjer for gjennomføring av lokalt gitte munnlege og munnleg-praktiske eksamenar med utgangspunkt i opplæringsforskrifta. Kunnskapsdepartementet har sendt eit brev til Utdanningsdirektoratet om å følge opp føringa om innsnevring av hjelpemiddel i førebuing og gjennomføring av munnleg og munnleg-praktiske eksamenar i dialogen om desse. Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget når det gjeld om alle desse eksamenane framleis skal ha ein førebuingsdel slik som i dag.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Oppfølging av elevar som ikkje er aktuelle for generell studiekompetanse, fagbrev eller lærekandidatordning
Vedtak nr. 741, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringen gå i dialog med kommuner og fylkeskommuner for å vurdere løsninger for hvordan man best kan følge opp de elevene som ikke er aktuelle for generell studiekompetanse, fagbrev eller lærekandidatordningen. I den forbindelse må Stortinget få forelagt en helhetlig kostnadsberegning av tiltakene innenfor fullføringsreformen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:273 (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring, jf. Innst. 270 S (2025–2026).
I opplæringslova som tok til å gjelde i august 2024 er retten til vidaregåande opplæring ikkje tidsavgrensa, men gjeld heilt til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Retten gjeld for alle, òg elevar med individuell tilrettelagd opplæring. Sjølv om retten gjeld alle elevar, er ikkje intensjonen at alle skal ta opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse, men at elevane følger eit opplæringsløp som er tilpassa deira føresetnader og behov, og som er i tråd med kva som er realistisk for den enkelte. Dette blei òg drøfta i forarbeida til lova i Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Retten slik han er i dag, gir fylkeskommunane eit handlingsrom til å finne gode tilpassa løp som gjer at kvar enkelt vil kunne oppnå sitt potensial, sjølv om det ikkje er studie- eller yrkeskompetanse.
Departementet vil òg peike på at målgruppa for lærekandidatordninga femnar eit stort mangfald. Nokon har behov for omfattande tilrettelegging, medan andre greier seg med mindre tilpassing. Opplæringa for alle lærekandidatar blir tilpassa individuelt, slik at kvar enkelt lærekandidat får moglegheit til å nå eit utval av kompetansemål innanfor eit yrkesfag. Ordninga kan tilpassast mellom anna personar med ulike funksjonsnedsetjingar, som mellom anna lærevanskar, kognitive utfordringar og utviklingsnedsetjing. Dette er presisert i rettleiinga til Utdanningsdirektoratet for lærekandidatordninga. Slik departementet vurderer det, er det derfor i utgangspunktet ikkje slik at nokon personar ikkje er aktuelle for lærekandidatordninga.
Kunnskapsdepartementet har regelmessig kontakt med fylkeskommunane om tiltaka i fullføringsreforma. Når det gjeld fullføringsretten og elevar med store tilretteleggingsbehov, har fylkeskommunane og KS gitt innspel om at det kan få større økonomiske konsekvensar for fylkeskommunane enn føresett, ved at dei blir verande lenger i vidaregåande opplæring. På bakgrunn av desse innspela oppretta departementet ei arbeidsgruppe våren 2026 med KS og representantar frå fylkeskommunane Vestfold og Trøndelag. Formålet med arbeidsgruppa er å vurdere dei reelle konsekvensane og etablere eit kunnskapsgrunnlag det er semje om, som utgangspunkt for vidare arbeid.
Dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i fullføringsreforma blei gjort greie for i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Lovendringane i samband med fullføringsreforma blei vedtekne av Stortinget i 2023 i behandlinga av ny opplæringslov, jf. Innst. 442 L (2022–2023). Departementet meiner det ikkje er nødvendig å legge fram nye og heilskaplege kostnadsutrekningar av tiltaka i fullføringsreforma, då desse er gjort greie for i Meld. St. 21 (2020–2021). Departementet vil følge med på utviklinga.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Greie ut korleis ein kan gjennomføre pilotar med modulbasert organisering i vidaregåande opplæring
Vedtak nr. 742, 19. mai 2026
Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det kan gjennomføres piloter med modulbasert organisering i videregående opplæring, og legge frem en vurdering for Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:273 (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring, jf. Innst. 270 S (2025–2026).
Kunnskapsdepartementet har vurdert korleis ein kan gjennomføre pilotar med modulbasert organisering i vidaregåande opplæring. Det er allereie innført modulbasert organisering av opplæringa for vaksne i fag- og yrkesopplæringa. Denne organiseringa er basert på at dei vaksne har ei mengde kompetanse med seg, som gjer at ein bruker realkompetansevurdering opp mot ønska sluttkompetanse. Kva for modular dei vaksne treng, vil derfor vere ulikt. For ungdom er ikkje dette ei like aktuell løysing, ettersom dei fleste vil trenge alle komponentane som utgjer eit opplæringsløp, og desse komponentane alt er avgrensa fag. Det er òg allereie mogleg for ein elev å få tilpassa opplæringa til dømes gjennom å ta færre fag av gongen, eller berre få opplæring i utvalde kompetansemål av gongen. Desse elevane kan òg bruke lenger tid på å fullføre vidaregåande opplæring. Det er allereie i dag mogleg å få kompetansebevis som dokumenterer den opplæringa ein har vore igjennom.
Ei lang rekke fag har sentralt gitt skriftleg eksamen. Det vil til dømes vere vanskeleg at nokon skular eller nokon fylke gjennomfører ein pilot med modulbasert opplæring i utvalde fag for utvalde elevar som deretter er nøydde til å vente i lengre tid før dei får sluttvurdering av opplæringa si. For fag som ikkje har sentralt gitt skriftleg eksamen, er det allereie mogleg å organisere opplæringa i modular.
Departementet si vurdering er at det ikkje er mogleg eller nødvendig å gjennomføre pilotar der opplæringa er organisert i modular i studieførebuande utdanningsprogram.
Departementet foreslår på bakgrunn av dette at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak XII.
Utviklinga i bruk av fjernundervisning i VGO
Vedtak nr. 865, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en vurdering av utviklingen av bruk av fjernundervisning i videregående opplæring på yrkesfaglige utdanningsprogram i områder med lav bosetting og store avstander i inneværende stortingsperiode.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 79 L (2025–2026) Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon), jf. Innst. 356 L (2025–2026) og Lovvedtak 67 (2025–2026).
For å kunne gjere ei vurdering av utviklinga av bruk av fjernundervisning i vidaregåande opplæring på yrkesfaglege utdanningsprogram i område med låg busetjing og store avstandar etter lovendringa om å auke tilgangen til dette, er det nødvendig at endringa får verke noko tid, jf. nytt fjerde ledd i opplæringslova § 14-4. Lovendringa tok til å gjelde i august 2026. Derfor er det enno ikkje mogleg å gjere ei slik vurdering. Når det er mogleg å gjere ei vurdering av utviklinga, vil departementet kome tilbake til Stortinget.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Realfagsstrategien – Satsing på praktisk, variert og relevant læring gjennom heile utdanningsløpet
Vedtak nr. 866, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringa i arbeidet med strategien for realfag og teknologi leggje særleg vekt på ei styrkt satsing på praktisk, variert og relevant læring i realfaga gjennom heile utdanningsløpet, som eit sentralt verkemiddel for å snu fallande resultat, styrkje motivasjonen og auke rekrutteringa til realfaga.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:239 (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen, jf. Innst. 354 (2025–2026).
I regjeringa sitt pågåande arbeid med ein strategi for realfag og teknologi blir det vurdert korleis ein kan styrke motivasjon og meistring gjennom ei styrkt satsing på praktisk, variert og relevant læring i realfaga. Vurderingane blir gjorde i samband med tiltak som på kort og lang sikt kan bidra til å sikre nødvendig kompetanse innanfor realfag og teknologi. Det har vore gjennomført ein skriftleg innspelsrunde og fleire innspelsmøte der tematikken er adressert. Departementet tek sikte på å legge fram sjølve strategien i 2027.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Styrke arenaer og tilbod som aukar elevane si interesse for realfag
Vedtak nr. 867, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringen legge til rette for å styrke arenaer og tilbud som øker elevers interesse i realfag, for eksempel Newton-rom, speedmatte, Ungt Entreprenørskap og FIRST LEGO League.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:239 (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen, jf. Innst. 354 (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Greie ut om og korleis Newton-konseptet kan oppskalerast
Vedtak nr. 868, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringen utrede om og hvordan Newton-konseptet med Newton-rom kan oppskaleres slik at flere kommuner får tilgang til tilbudet, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:239 (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen, jf. Innst. 354 (2025–2026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Private barnehagar: Inkludere AFP-utgifter i pensjonssøknadsordninga
Vedtak nr. 1150, 19. juni 2026
Stortinget ber regjeringen sørge for at varige økte utgifter private barnehager har knyttet til AFP i 2026, er del av grunnlaget man kan få økt tilskudd til gjennom søknadsordningen allerede i 2026. Private barnehager som i 2026 har innført avtalefestet pensjon (AFP) med varige økte utgifter, omfattes av søknadsordningen etter § 4a i forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager. Dekningen er oppad begrenset til nytt tak på 16 pst. og forutsetter en gjennomsnittlig underdekning som overstiger 5 pst. Kommunene kompenseres for merutgiftene knyttet til søknadsordningen. Regjeringen skal senest i revidert nasjonalbudsjett for 2027 komme tilbake med en vurdering av søknadsordningens treffsikkerhet og om den fanger intensjonen om å dekke private barnehagers pensjonskostnader.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av revidert budsjett for 2026, jf. Meld. St. 2 (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).
Frå 1. januar 2026 blei det innført ei ny søknadsordning for private barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Søknadsordninga inneber at barnehagar som dei siste tre åra har hatt pensjonsutgifter som er meir enn 5 pst. høgare enn det ordinære tilskotet til pensjon, etter søknad har krav på å få dekt utgiftene opp til eit tak på 13 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. I revidert budsjett for 2026 blei taket på søknadsordninga auka til 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. Varig auka utgifter som private barnehagar har til AFP i 2026, er å rekne som pensjonsutgifter, og inngår derfor i utrekningsgrunnlaget for søknadsordninga for pensjon. Kommunane blei kompenserte for dette med 96 mill. kroner i 2026 i samband med revidert budsjett for 2026. Regjeringa foreslår å vidareføre taket i søknadsordninga på 16 pst. og foreslår 100 mill. kroner i 2027 for å kompensere kommunesektoren for dette.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren
Regulere storleiken på studiestøtta gjennom grunnbeløpet i folketrygda
Vedtak nr. 51, 5. desember 2025
Stortinget ber regjeringen fremme forslag i løpet av 2026 om å regulere størrelsen på studiestøtten gjennom grunnbeløpet i folketrygden.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2025–2026) Nasjonalbudsjettet 2026, jf. Innst. 2 S (2025–2026).
Regjeringa foreslår i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet å justere storleiken på basislånet etter den venta veksten i grunnbeløpet i folketrygda framfor prisveksten (KPI). Regjeringa foreslår å løyve 23,4 mill. kroner i 2027 for å justere basislånet for studieåret 2027–28 etter prognoser for grunnbeløpet i folketrygda i staden for prisvekst.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Regulere storleiken på bortebuarstipendet gjennom grunnbeløpet i folketrygda
Vedtak nr. 54, 5. desember 2025
Stortinget ber regjeringen fremme forslag i løpet av 2026 om å regulere størrelsen på borteboerstipendet gjennom grunnbeløpet i folketrygden. Størrelsen kan ikke innebære lavere sats enn de som utbetales i dag.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2025–2026) Nasjonalbudsjettet 2026, jf. Innst. 2 S (2025–2026).
Regjeringa foreslår i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet å justere storleiken på bortebuarstipendet etter den venta veksten i grunnbeløpet i folketrygda framfor prisveksten (KPI). Regjeringa foreslår å løyve 3,2 mill. kroner i 2027 for å justere bortebuarstipendet for skuleåret 2027–28 etter lønnsvekst i staden for prisvekst.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Redusert stipend for studentar med pasientskadeerstatning
Vedtak nr. 561, 19. mars 2026
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en løsning for de studentene som har blitt berørt av endringen som har ført til redusert stipend for studenter med pasientskadeerstatning.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:70 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Grethe Hauan og Simen Velle om rettferdig utdanningsstøtte for studenter med pasientskadeerstatning, jf. Innst. 157 S (2025–2026).
I Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026 foreslo regjeringa at avkastinga som er føresett ved utmåling av personskadeerstatning blir unnateken behovsprøvinga. Regjeringa foreslår i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet å løyve 0,5 mill. kroner i 2027 for at den nye praksisen òg skal gjelde framover.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Ordning for straumstøtte for studentbustadar
Vedtak nr. 614, 21. april 2026
Stortinget ber regjeringen sikre at studentboliger med fellesmåling av strømforbruk omfattes av Norgespris som husholdningsforbruk per boenhet eller en tilsvarende fullgod ordning som kompenserer for økte strøm- og fjernvarmeutgifter, og komme tilbake til Stortinget senest innen revidert nasjonalbudsjett for 2026.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:71 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken og Sunniva Holmås Eidsvoll om likebehandling av husholdningsforbruk i studentboliger i ordningene med Norgespris og strømstøtte, jf. Innst. 169 S (2025–2026).
I Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026 viser regjeringa til at ho greier ut alternativ for ei løysing for straumstøtte til studentbustadar. Som ei førebels løysing har Stortinget i revidert budsjett for 2026 løyvd 65 mill. kroner i tilskot til studentsamskipnader og studentbustadstiftingar som kvalifiserer for tilskot til bygging av studentbustadar. Kunnskapsdepartementet har tildelt støtta til studentsamskipnadene og dei aktuelle studentbustadstiftingane.
Regjeringa er oppteken av ei løysing for straumstøtte til studentbustadar som fungerer best mogleg, er enkel å forvalte og administrere og ikkje er i strid med statsstøtteregelverket. Regjeringa vil vidareføre tilskotet til studentsamskipnadene og studentbustadstiftingane med 60 mill. kroner i 2027. Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 270.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Ordning for straumstøtte for studentbustadar – utgreiing av alternative kostnadsrammer
Vedtak nr. 615, 21. april 2026
Stortinget ber regjeringen utrede, før revidert nasjonalbudsjett 2026, alternativene og kostnadsrammene for at studenter som leier bolig av studentsamskipnader og stiftelser, kan kompenseres for økte strøm- og fjernvarmeutgifter. Utredning av alternativer til kompensasjon skal tilsvare det som studentene får i økte utgifter som følge av at samskipnadene og stiftelsene ikke får hensyntatt antall boenheter i beregningen av sitt forbrukstak under Norgespris og strømstønadsordningen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:71 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken og Sunniva Holmås Eidsvoll om likebehandling av husholdningsforbruk i studentboliger i ordningene med Norgespris og strømstøtte, jf. Innst. 169 S (2025–2026).
Sjå omtale under vedtak 614.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Nasjonale reglar mot tryggingstruslar ved forskingsinstitusjonane
Vedtak nr. 625, 21. april 2026
Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med forskningssikkerhet i lys av det skjerpede sikkerhetspolitiske trusselbildet, herunder vurdere om det er behov for å endre sikkerhetsloven, stramme inn på kravene til personellsikkerhet utenfor sikkerhetslovens virkeområde og ytterligere begrense søkere fra risikoland til stillinger innen sensitive teknologier i universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:121 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lill Harriet Sandaune, Line Marlene Haugen, Joakim Myklebost Tangen og Simen Velle om nasjonale regler mot sikkerhetstrusler ved forskningsinstitusjonene, jf. Innst. 180 S (20252026).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Tilrettelegging for studentane frå Pilot Flight Academy
Vedtak nr. 627, 21. april 2026
Stortinget ber regjeringen påse at studentene som var i utdanning ved Pilot Flight Academy da skolen gikk konkurs, kan utsette sin nedbetaling i tolv måneder fra Pilot Flight Academy begjærte oppbud, uten at det løper renter på lånet og uten at det brukes av de eksisterende rettighetene til betalingsutsettelse i Lånekassen. Det bes også om at regjeringen arbeider videre med innrammingen av private fagskoler for å sikre studentene bedre.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:122 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Grethe Hauan, Bård Hoksrud, Morten Stordalen, Sebastian Saltrø Ytrevik og Simen Velle om tilrettelegging for studentene fra Pilot Flight Academy, jf. Innst. 179 S (2025–2026).
Regjeringa foreslår å løyve 2,5 mill. kroner i 2027 for å gi studentar som har fått utdanninga si ved ei akkreditert trafikkflygarutdanning avbroten på grunn av konkurs ved skulen rett til å få sletta renter i 12 månader etter skulen melde oppbod. Departementet vil følge opp siste setning i vedtaket i samband med oppfølginga av vedtak nr. 628 (2025–2026).
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Gjennomgang av regelverk for godkjende private utdanningstilbod
Vedtak nr. 628, 21. april 2026
Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for godkjente private utdanningstilbud som gir rett til studiefinansiering, med sikte på å styrke studentenes rettssikkerhet dersom institusjonen går konkurs. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:122 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Grethe Hauan, Bård Hoksrud, Morten Stordalen, Sebastian Saltrø Ytrevik og Simen Velle om tilrettelegging for studentene fra Pilot Flight Academy, jf. Innst. 179 S (2025–2026).
Departementet tek sikte på å sende på høyring eit forslag om innramming av private utdanningstilbod i 2027. Målet med forslaget er å styrke rettstryggleiken til studentane ved ein eventuell konkurs.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Sikre betre integrering av kvinnehelse og livsfaseperspektiv i medisinsk og helsefagleg utdanning
Vedtak nr. 656, 24. april 2026
Stortinget ber regjeringen sikre bedre integrering av kvinnehelse og livsfaseperspektiv i medisinsk og helsefaglig utdanning.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:80 S (2025–2026) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Henrik Asheim, Erlend Svardal Bøe, Margret Hagerup, Anne Kristine Linnestad, Erna Solberg og Tone Wilhelmsen Trøen om et helhetlig løft for kvinnehelse og overgangsalderen, jf. Innst. 191 S (2025–2026).
Departementet vil vurdere å følge opp vedtaket i arbeidet med dei nasjonale retningslinjene for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Vurdere moglegheita for å ta i bruk fleire sjukehus som praksisplassar
Vedtak nr. 777, 26. mai 2026
Stortinget ber regjeringen ta initiativ til at universiteter og høyskoler i samarbeid med helseforetakene vurderer muligheten for å ta flere sykehus i bruk som praksisplasser.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:146 (2025–2026) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta, jf. Innst. 292 S (2025–2026).
I Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040 har regjeringa peikt på at det er behov for å sjå på praksis i helseutdanningane.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Auke talet på studie- og praksisplassar for jordmødrer
Vedtak nr. 778, 26. mai 2026
Stortinget ber regjeringa auke talet på studie- og praksisplassar for jordmødrer, inkludert satsing på desentraliserte studieplassar, og sikre at det blir etablert fleire utdanningsstillingar i jordmorutdanninga i tråd med behovet, og kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:146 (2025–2026) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta, jf. Innst. 292 S (2025–2026).
Regjeringa har påbegynt oppfølginga ved å foreslå 10 nye studieplassar i jordmorutdanninga ved OsloMet – storbyuniversitetet og 5 nye studieplassar i jordmorutdanninga ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Vidareutvikle og styrke satsing på alternative opptaksvegar til STEM-fag
Vedtak nr. 869, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringen videreutvikle og styrke satsingen på alternative opptaksveier til STEM-fag (naturvitenskap, teknologi, ingeniørvitenskap og matematikk) i høyere utdanning, herunder yrkesfaglig vei (Y-veien).
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:239 S (2025–2026) Representantforslag om å løse realfagskrisen, jf. Innst. 354 S (2025–2026).
I opptaksforskrifta er det lagt til rette for at universitet og høgskular som ønsker det kan tilby alternative opptaksvegar som forkurs, realfagskurs, tre-semesterordninga (TRES) og Y-vegen.
Ei arbeidsgruppe i Universitets- og høgskulerådet – Matematikk, naturvitenskap og teknologi (UHR-MNT) la hausten 2025 fram ein rapport om alternative opptaksvegar og tilpassa ingeniørutdanningar. Rapporten viser at slike tilbod er ein viktig inngangsport til ingeniørutdanningane som alle institusjonane kjenner til og bruker. Tilboda varierer mellom år og mellom ulike studieretningar i ingeniørutdanninga. UHR-MNT arbeider vidare med å revidere retningslinjene for tilboda.
Kunnskapsdepartementet overtok finansieringa av forkurs frå fylkeskommunane i 1990. Samla har departementet løyvd midlar til 43,5 forkursklassar (klassar med 30 elevar). Den siste løyvinga var i 2006 då fire institusjonar fekk 1 mill. kroner kvar.
Universitet og høgskular får tildelt midlar som ei samla rammeløyving, og styret ved den enkelte institusjonen har eit ansvar for å prioritere innanfor tildelinga for å nå måla for sektoren. Rammeløyvinga inkluderer midlar til forkurs. Kunnskapsdepartementet stiller ikkje spesifikke krav til kor mykje av rammeløvinga institusjonane skal bruke på forkurs, men forventar at dei opprettheld eit formålstenleg nivå på forkursa og slik bidreg i rekruttering til STEM-faga.
Kunnskapsdepartementet foreslår i statsbudsjettet for 2027 å setje av 120 mill. kroner for å styrke rekruttering til og kvalitet i ingeniørutdanningane. Dette er midlar som institusjonane mellom anna kan bruke til å vidareutvikle og styrke alternative opptaksvegar i samsvar med behov i arbeidsmarknaden og søkargrunnlag.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Styrke Kompetansepluss-ordninga for realfag og etablere fleire bransjeprogram
Vedtak nr. 870, 4. juni 2026
Stortinget ber regjeringen legge til rette for å styrke Kompetansepluss-ordningen for regning, og at det etableres flere bransjeprogram som øker arbeidstakernes realfaglige kompetanse.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:239 S (2025–2026) Representantforslag om å løse realfagskrisen, jf. Innst. 354 S (2025–2026).
Kunnskapsdepartementet har orientert Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om vedtaket. Departementet vil i tildelingsbrevet for 2027 gi HK-dir i oppdrag å styrke Kompetansepluss-ordninga for rekning, og å etablere fleire bransjeprogram som aukar den realfaglege kompetansen til arbeidstakarane.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
13.2 Stortingssesjon 2024–2025
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under kunnskapsministeren
Fleire barn skal få språkopplæring i samisk og kvensk
Vedtak nr. 18, 12. november 2024
Stortinget ber regjeringen gjennomgå språkopplæringen i samisk og kvensk, og iverksette tiltak for at flere barn skal lære språkene i opplæringsløpet. Samarbeidet mellom språksentre, kommuner, fylkeskommuner og andre relevante aktører innen språkopplæring bør styrkes. I dette arbeidet må hindringer identifiseres og tiltak for rekruttering av samisk og kvensk språkkompetanse til barnehage og skole forbedres.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).
Kunnskapsdepartementet har valt å sjå vedtaka 18, 20 og 21 under eitt og såleis sjå oppfølginga av desse tre vedtaka i samanheng.
For samisk fell oppfølginga av vedtaka saman med oppfølginga av innsatsområda i Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Etter forslag frå og i samarbeid med Sametinget har Kunnskapsdepartementet våren 2026 sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Ekspertgruppa skal levere rapporten sin innan 30. juni 2027.
Våren 2026 starta arbeidet med ei heilskapleg melding om forsoningspolitikken og status i oppfølgingsarbeidet. Ei slik melding skal leggast fram for Stortinget éin gong i kvar stortingsperiode, første gong i 2027. Kommunal- og distriktsdepartementet leiar arbeidet med meldinga.
For kvensk vil Kunnskapsdepartementet mellom anna følge opp vedtaka gjennom handlingsplanen for kvensk språk.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Nasjonal satsing på språkopplæring i samisk og kvensk
Vedtak nr. 20, 12. november 2024
Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med forslag til en nasjonal satsing på gjennomgående språkopplæring for kvensk og samiske språk fra barnehage til voksenopplæring.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).
Sjå omtale under vedtak nr. 18.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Betre tilgang på utdanning i og på kvensk og samisk
Vedtak nr. 21, 12. november 2024
Stortinget ber regjeringen aktivt støtte opp under teknologiutvikling og nye undervisningsmuligheter som kan bidra til bedre tilgang på utdanning i og på kvensk og samiske språk, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).
Sjå omtale under vedtak nr. 18.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Informasjonsdeling og samarbeid i overgangen mellom ulike nivå i skulen
Vedtak nr. 60, 28. november 2024
Stortinget ber regjeringen sikre tilstrekkelig informasjonsdeling og samarbeid i overgangene mellom ulike nivåer i skolen, særlig for elever med særskilte behov.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).
Kunnskapsdepartementet sende i mars 2026 eit lovforslag til Stortinget, jf. Prop. 79 L (2025–2026) Endringer i opplæringslova og barnehageloven mv. (samleproposisjon), om plikt til informasjonsdeling om elevar ved skulebytte i nokre situasjonar. Forslaget gjeld både opplæringslova og privatskulelova. Kunnskapsdepartementet har innført reglar som gjer skulane betre i stand til å ta imot elevar med mellom anna valdshistorikk og å ivareta medelevar og tilsette. Det skal vere plikt for skulane til å dele personopplysningar om ein elev som er nødvendige for å førebygge oppførsel som i vesentleg grad går utover skulemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette. Plikta vil gjelde for alle former for skulebyte. Bakgrunnen for lovforslaget er at mangel på informasjon kan få negative konsekvensar for skulemiljøet til medelevar og arbeidsmiljøet til tilsette. Stortinget vedtok lovforslaget i juni 2026. Lovendringa tok til å gjelde 1. august 2026.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Vidareføring og utvikling av mobbeombodsordninga
Vedtak nr. 62, 28. november 2024
Stortinget ber regjeringen videreføre og utvikle mobbeombudsordningen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).
Regjeringa legg hausten 2026 fram ein strategi for barnehage- og skulemiljø. Strategien samlar regjeringa sine mest sentrale tiltak på barnehage- og skulemiljøfeltet, og det blir peika på prosessane som skal sjåast i samanheng, og som blir følgde opp i strategiperioden. Mobbeombodsordninga er eitt av tiltaka som er omhandla i strategien.
Departementet foreslår å vidareføre midlane til mobbeombodsordninga i budsjettforslaget for 2027 og vil vurdere korleis ordninga kan utviklast.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Strategi for spesialpedagogisk kompetanse i skulen og tilstrekkeleg kapasitet i PP-tenesta
Vedtak nr. 65, 28. november 2024
Stortinget ber regjeringen styrke tilbudet til barn som trenger tilrettelegging, ved å legge frem en konkret strategi for å sikre spesialpedagogisk kompetanse i skolen og tilstrekkelig kapasitet i PP-tjenesten.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).
Den spesialpedagogiske kompetansen for tilsette i barnehage og skule har blitt styrkt dei seinare åra gjennom kollektive kompetansetiltak for tilsette, PP-tenesta og andre tenester i laget rundt barna og elevane i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, og gjennom ein stor auke i vidareutdanningstilbod i spesialpedagogikk for lærarar. Det er framleis eit stort behov for kompetanse i spesialpedagogikk i barnehage og skule, og det er derfor eit område regjeringa prioriterer og som kommunane, fylkeskommunane og private eigarar blir oppmoda til å vurdere behov for når dei planlegg kompetansetiltak.
Regjeringa la i 2025 fram ein strategi for det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule, jf. strategien System for kompetanse og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole frå 2025. I det nye systemet er kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis ivareteke og inkludert i dei to nye tilskotsordningane for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule og for vidaregåande opplæring og i tilskotsordninga til vidareutdanning. Ordningane skal bidra til å bygge kompetanse for å ivareta samiske perspektiv, førebygge utanforskap, fremje inkludering og gi eit tilpassa pedagogisk tilbod til alle barn, elevar og vaksne deltakarar, inkludert dei som får individuelt tilrettelagd tilbod og opplæring. Frå 2026 vil òg fleire lærarar og andre yrkesgrupper som er tilsette i barnehage og grunnopplæring, få moglegheit til å ta vidareutdanning med like vilkår.
Regjeringa har hatt spesialpedagogikk som eitt av dei prioriterte områda der kommunane er oppfordra til å vurdere behov for kompetanse. Det er kommunen, fylkeskommunen og private eigarar som må prioritere kven av dei tilsette som skal delta i kompetansetiltaka ut frå ei vurdering av lokale kompetansebehov. Tilsette i PP-tenesta er òg omfatta av desse kompetansetiltaka. Kunnskapsdepartementet vil følge med på korleis tiltaka i systemet blir tekne i bruk, og gjere eventuelle justeringar dersom det er nødvendig.
Utdanningsdirektoratet har levert ein rapport med ei statusoppsummering av arbeidet med tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for barn og elevar i barnehage, skule og SFO, og forslag til tiltak for vidare oppfølging. Utdanningsdirektoratet har òg tilrådd kva tiltak som bør innførast for betre å sikre at skulane gjennomfører vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringa og andre vedtak som gir grunnleggande føresetnader for å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Direktoratet har óg vurdert kva verkemiddel det bør vere for oppfølging der skulane ikkje gjennomfører slike vedtak.
Departementet er i gang med å vurdere korleis forslaga frå direktoratet skal følgast opp og foreslår å løyve midlar til oppfølginga.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Rettleiar for å førebygge fysisk makt og tvang
Vedtak nr. 668, 8. mai 2025
Stortinget ber regjeringen utarbeide en veileder til skolene om pedagogiske virkemidler for å forebygge bruk av fysisk makt og tvang.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 51 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (utvidelse av adgangen til fysisk inngripen), jf. Innst. 243 L (2024–2025) og Lovvedtak 49 (2024–2025).
Rettleiing på dette punktet må ein sjå i samanheng med anna rettleiing om reglane for å kunne gripe fysisk inn. Det ligg no mellom anna føre informasjonsvideoar på udir.no. Førebygging av bruk av fysisk makt og tvang i skulen må ein òg sjå i samanheng med andre tiltak og innsatsar for trygge og gode skulemiljø og tilpassa opplæring. Departementet vil òg legge fram ein strategi for barnehage- og skulemiljø hausten 2026. Departementet følger òg opp ei utgreiing frå Utdanningsdirektoratet om tidleg innsats, inkludering og tilrettelegging for barn og elevar med særskilde behov.
Departementet har òg innført eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring som er blitt fasa inn i 2025 og 2026. Målet er å gi lærarar og andre tilsette i barnehage, SFO, skule og PP-tenesta betre føresetnader for å møte krava og forventningane i jobben. Det finst fleire ulike nasjonale kompetansetiltak som skal gi barnehagar, skular og eigarar støtte til å bygge trygge og gode miljø og til å førebygge, avdekke og handtere krenkingar. Utdanningsdirektoratet har òg utvikla fleire nettressursar, som skulane fritt kan bruke, om andre relevante tema som til dømes skule–heim-samarbeid, relasjonsbygging og klasseleiing.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Rett til barnehageplass for desemberbarn
Vedtak nr. 670, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at barn født i desember får rett til barnehageplass innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år, på lik linje med barn født i september, oktober og november.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:108 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe, Erna Solberg, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup og Sandra Bruflot om lovfestet rett til barnehageplass for barn født i desember, innen utgangen av måneden de fyller ett år, jf. Innst. 239 S (2024–2025).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Om individregister over barn i barnehagar og grunnskuleopplæring
Vedtak nr. 778, 27. mai 2025
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget dersom individregistre over barn i barnehager og grunnskole skal utvides ut over kategoriene som er redegjort for i Prop. 131 L (2024–2025).
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 131 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova, privatskolelova og barnehageloven (individregistre over barn i barnehager og grunnskoleopplæring, overtredelsesgebyr m.m.), jf. Innst. 374 L (2024–2025) og Lovvedtak 69 (2024–2025).
Regjeringa vil legge fram forslag til endring i opplæringslova og barnehagelova dersom det blir aktuelt å utvide registera til å inkludere særlege kategoriar personopplysningar. Regjeringa vil òg kome tilbake til Stortinget med ei orientering om eventuelle forskriftsendringar dersom det blir aktuelt å utvide registera til andre personopplysningar enn det som er gjort greie for i Prop. 131 L (2024–2025).
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Private barnehagar: Vurdere behov for eigen regel om bruk av tilskot til eigedomskostnader
Vedtak nr. 864, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen i arbeidet med mer treffsikre vurderinger av eiendomskostnader for private barnehager vurdere om det er behov for en egen regel om bruk av tilskudd til eiendomskostnader, og hvordan denne eventuelt kan utformes slik at den treffer formålet med reguleringen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Departementet vil greie ut behovet for ein regel om bruk av tilskot til eigedomskostnader i samband med vurderinga av eigedomskostnadene til private barnehagar og det nye eigedomstilskotet, jf. omtale av vedtak nr. 870.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Vurdere omsyn til barn med særskilde behov ved opptak til barnehage
Vedtak nr. 865, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan tas ytterligere hensyn til barn med særskilte behov ved opptak, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Departementet har vurdert korleis ein kan ta ytterlegare omsyn til barn med særskilde behov ved opptak. Departementet legg til grunn at formålet med retten til prioritet etter barnehagelova § 18 framleis skal vere å sikre at barn med nedsett funksjonsevne og barn som har nokre former for vedtak etter barnevernslova får barnehageplass. Når det gjeld val av barnehage følger det av regelverket at kommunen skal legge stor vekt på foreldra sine ønske og behov ved opptaket. Departementet meiner dette er ei formålstenleg regulering framfor detaljerte reglar på nasjonalt nivå om kva for ein barnehage den enkelte søkar skal tildelast ved opptaket.
Barn med nedsett funksjonsevne og barn med vedtak om omsorgsovertaking eller visse hjelpetiltak etter barnevernslova har i dag rett til prioritet ved opptak i barnehagen, jf. barnehagelova § 18. Formålet med retten til prioritet er å sikre at desse barna får barnehageplass.
Ved ny barnehagelov av 2005 blei prioritetsretten utvida frå å gjelde barn med nedsett funksjonsevne til òg å gjelde for enkelte barn som har vedtak etter barnevernslova. I høyringa peika nokre høyringsinstansar på at barn med minoritetsspråkleg bakgrunn burde få ein lovfesta rett til prioritet ved opptak i barnehage. Departementet vurderte at ei ytterlegare utviding av fortrinnsretten ville gjere føresegna for omfattande og til dels vanskeleg å handheve, jf. Ot.prp. nr. 72 (2004–2005) Om lov om barnehager (barnehageloven), pkt. 8.6.4. Høyringssvara frå 2005 om prioritetsrett for barn med minoritetsspråkleg bakgrunn var grunngitte med behovet for barnehageplass, og at barnehagedeltaking er eit av dei viktigaste integrerings- og inkluderingstiltaka. Med dagens barnehagedekning er det ikkje ei utfordring at barn med minoritetsspråkleg bakgrunn ikkje får tilbod om barnehageplass. Departementet kan derfor ikkje sjå korleis ein rett til prioritet ved opptak kan auke barnehagedeltakinga i denne barnegruppa.
I høyringa av forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren i 2023 gav Norges Blindeforbund innspel om at prioritetsretten burde omfatte barn av blinde og svaksynte foreldre. Grunngivinga var at det er svært uheldig når ein familie der ein forelder har ein sterk synsnedsetjing, får barnehageplass langt unna heimstaden sjølv om det finst ein barnehage kort veg frå heimen. Departementet viser til at det aktuelle innspelet gjeld barnehageplass i ein konkret barnehage, og ikkje retten til barnehageplass. Som nemnt vurderer departementet at prioritetsretten ikkje bør utvidast for å gi nokon grupper rett til barnehageplass i ein konkret barnehage.
Oppsummert er ikkje departementet kjend med at det i dag er eit problem for barn med særskilde behov å få barnehageplass. Når det gjeld val av barnehage så kan det vere mange gode grunnar til at foreldre ønsker plass i ein barnehage framfor ein annan. Etter departementet sitt syn blir dette best ivaretatt ved at kommunen skal legge stor vekt på foreldra sine ønske og behov i opptaksprosessen.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Private barnehagar: Greie ut definisjonen av ideelle barnehagar
Vedtak nr. 866, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å stille ytterligere krav til definisjonen av ideelle barnehager for at den skal virke etter intensjonen, herunder om det må stilles krav til andre ledd i organisasjonen hvis en ideell barnehage er del av et konsern eller eierstruktur.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
I NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører har Støstad-utvalet foreslått ein felles definisjon av kva som er ein ideell velferdsaktør. Som ein del av oppfølginga av forslaga i NOU-en vil regjeringa vurdere om det er behov for å stille ytterlegare krav til definisjonen av ideelle barnehagar for at han skal verke etter intensjonen, mellom anna om det må stillast krav til andre ledd i organisasjonen dersom ein ideell barnehage er ein del av eit konsern eller ein eigarstruktur. Regjeringa vil òg vurdere om det bør stillast krav til eigaren av eigedommen.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Private barnehagar: Ny søknadsordning for pensjonstilskot
Vedtak nr. 868, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen innføre en ny søknadsordning for pensjonstilskudd for private barnehager. Søknadsordningen må være forutsigbar, med tydelig regelverk, ha et rimelig tak og være utformet slik at barnehagene får dekket dokumenterte pensjonskostnader. Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en konkretisering av modellen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Frå 1. januar 2027 tek ei ny tilskotsordning for pensjonsutgifter til å gjelde, basert på tre sjablongar som gir god dekning av pensjonsutgifter. Frå 1. januar 2026 blei det i tillegg innført ei ny søknadsordning for private barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Søknadsordninga inneber at barnehagar som dei siste tre åra har hatt pensjonsutgifter som er meir enn 5 pst. høgare enn det ordinære tilskotet til pensjon, etter søknad har krav på å få dekt utgiftene opp til eit tak på 13 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. I revidert budsjett for 2026 blei taket på søknadsordninga auka til 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. Det er i tillegg fastsett ein særregel for pensjonstilskot til private barnehagar som har historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Private barnehagar: Søknadsordning som kan kompensere for mellombelse høge utgifter
Vedtak nr. 869, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til hvordan søknadsordningen for pensjonstilskudd for private barnehager kan bidra til å kompensere barnehager for midlertidige høye utgifter i enkelt-år, eksempelvis i forbindelse med innføring av AFP.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Frå 1. januar 2026 blei det innført ei ny søknadsordning for private barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Søknadsordninga inneber at barnehagar som dei siste tre åra har hatt pensjonsutgifter som er meir enn 5 pst. høgare enn det ordinære tilskotet til pensjon, etter søknad har krav på å få dekt utgiftene opp til eit tak på 13 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. I samband med revidert budsjett for 2026 blei taket på søknadsordninga auka til 16 pst. av barnehagen sine lønnsutgifter. Det er i tillegg fastsett ein særregel for pensjonstilskot til private barnehagar som har historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon.
Utgifter til AFP er omfatta av tilskotet. Dersom ein barnehage har mellombelse utgifter i enkelte år, til dømes i samband med innføring av AFP, vurderer regjeringa at slike utgifter må handterast gjennom søknadsordninga.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Private barnehagar: Vurdering av tilskot til eigedom og eigedomskostnader
Vedtak nr. 870, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen gjøre en helhetlig vurdering av treffsikkerheten i tilskudd til eiendom og private barnehagers eiendomskostnader og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Vurderingen skal gjøres i lys av nytt tallgrunnlag og erfaringene med nytt eiendomstilskudd, den mulige ordningen for støtte til rehabilitering av barnehagebygg samt øvrige endringer i tilskuddsregelverket.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Det nye eigedomstilskotet for private barnehagar blir innført frå 2027. Det vil ta noko tid før det vil vere mogleg å hauste erfaringar med det nye tilskotet.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Private barnehagar: Ordning for rehabilitering av private barnehagebygg
Vedtak nr. 871, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for at private barnehager skal kunne få støtte til rehabilitering av barnehagebygg, i form av låneordning i Husbanken eller andre innretninger som vil oppfylle det samme formålet. Ordningen skal legge vekt på behovet til små og ideelle barnehager. Utredningen må gjøre rede for eventuell statsstøtteproblematikk og behov for krav knyttet til salg av barnehagebygg det er mottatt støtte til.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Vedtaket er til behandling i departementet.
Private barnehagar: Forskrift om tildeling av tilskot
Vedtak nr. 872, 3. juni 2025
Stortinget ber regjeringen vurdere om forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager § 8 fjerde ledd andre punktum bør endres, slik at kommunen ikke har anledning til å legge et annet barnetall til grunn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).
Kunnskapsdepartementet gav 19. juni 2026 eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å vurdere om det er behov for endringar i regelverket om tilskot til opne barnehagar og eventuelt utarbeide forslag til forskriftsendringar. Oppdragsperioden varer til 31. desember 2026.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren
Nemningar for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
Vedtak nr. 681, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget innen utgangen av stortingssesjonen 2025–2026 med forslag til benevnelser for fullført og bestått fagskoleutdanning på nivå NKR 6 og 7 som er i tråd med benevnelsene i de andre europeiske landene Norge samarbeider mest med.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).
Stortinget har slutta seg til tiltaket i meldinga om å innføre ei yrkesfagleg søyle på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Innføring av nivå 6 og 7 vil gi fagskulane meir handlingsrom til å imøtekome aukande krav til kompetanse i arbeidslivet. Vidare vil ei yrkesfagleg søyle skape ein meir synleg karriereveg, særleg for fagarbeidarar, og gi fleire moglegheiter for spesialisering og fagleg fordjuping gjennom heile yrkeslivet. Arbeidet med endringar i NKR er godt i gang. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å sende forslag til nemningar for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i 2027.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Ansvaret fagskular har for realkompetansevurdering
Vedtak nr. 682, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen i samarbeid med fagskolesektoren vurdere om fagskolene skal få ansvaret for realkompetansevurdering, hvordan det kan standardiseres, samt hvilke budsjettmessige konsekvenser det vil få, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).
Realkompetanse kan gi grunnlag for opptak til fagskuleutdanning eller gi fritak frå delar av ei fagskuleutdanning. Den enkelte fagskulen vurderer sjølv om ein søkar har realkompetanse som kvalifiserer til opptak ved utdanningane som fagskulen har. Kunnskapsdepartementet meiner derfor at forslaget om å vurdere om fagskulane skal få ansvar for realkompetansevurdering er ivareteke gjennom lovverket ein har i dag, og at fagskulane allereie har dette ansvaret.
Realkompetanse som opptaksgrunnlag til fagskule har auka kraftig dei siste åra. Det er sett i gang ei kartlegging av korleis realkompetansevurdering blir gjennomført i fagskulene. Kunnskapsdepartementet vil vurdere resultatet av kartlegginga i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dersom vurderinga av kartlegginga fører til behov for tiltak som får budsjettmessige konsekvensar, vil departementet kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Høgare yrkesfagleg utdanning og ECTS
Vedtak nr. 683, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen sørge for at høyere yrkesfaglig utdanning i Norge kobles til ECTS i løpet av stortingssesjonen 2025–2026. Utredningen som er igangsatt knyttet til tiltakspunkt 25 i Meld. St. 11 (2024–2025), må utrede og bidra med forslag til hvordan en ECTS-tilkobling best kan etableres og implementeres.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) la fram rapporten ECTS i høyere yrkesfaglig utdanning – Behov, forutsetninger og konsekvenser 22. oktober 2025. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kunnskapsdepartementet arbeider med å følge opp oppmodinga om European Credit Transfer and Accumulation System (ECTS) i to spor. Det eine er gjennom Noreg si deltaking og påverknad i Bologna-prosessen, der dagens ECTS Users’ Guide frå 2015 no blir gjennomgått og revidert. Denne brukarrettleiinga gir føringar for bruken av ECTS, og eventuelle endringar blir vedtekne på ministermøtet våren 2027. I det andre sporet har departementet bede Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) om eit kunnskapsgrunnlag om korleis fagskulane held seg til kvalitetssikringsstandardar og -retningslinjer i Bologna-prosessen (ESG). Departementet tok imot rapporten frå NOKUT i juni 2026.
Den pågåande internasjonale prosessen har ein tidshorisont fram til ministermøtet våren 2027, ein prosess som vil vere avgjerande for det vidare arbeidet.
Departementet viser òg til omtalen av oppfølging av vedtaket i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Plan for føreseieleg finansiering for fagskulane
Vedtak nr. 684, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en oversikt over fagskolenes totale finansiering, og en plan for hvordan forutsigbar finansiering kan sikres.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) publiserer årleg ein tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning som viser fagskulesektoren i tal, og analysar om studentar, fagskular, utdanningstilbod og finansiering. I tilstandsrapporten er det ei oversikt over finansieringskjeldene til fagskulane, mellom anna omfanget av statleg tilskot, skulepengar og prosjektmidlar.
Kunnskapsdepartementet viser til tiltaka som gjerast som oppfølging av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning. Som varsla i meldinga vil regjeringa innføre auka sats for resultatbasert utteljing (RBU). Forslaget inneber at den delen av driftstilskotet som blir utløyst av resultatbasert utteljing aukar frå 20 til 30 pst. av totalen. Samstundes blir det innført andre endringar frå 2027, der innretninga av tilskotsordninga for driftsmidlar blir endra. For å gjere finansieringa meir føreseieleg for fagskulane og for å forenkle den fylkeskommunale forvaltninga, skal det årlege driftstilskotet (inkludert RBU) frå 2027 givast som ei rammetildeling, der fylkeskommunane gir overordna føringar for bruken av midlane. Kunnskapsdepartementet fastsette våren 2026 reviderte retningslinjer for driftstilskot til fagskulane. Målet med dei oppdaterte retningslinjene er å gi ein meir einsarta forvaltningspraksis på tvers av fylkeskommunane. Samstundes skal retningslinjene bidra til å klargjere handlingsrommet til både fylkeskommunane og fagskulane innanfor ordninga. Retningslinjene inneheld òg vedlegg med ulike malar som skal bidra til at forvaltninga blir best mogleg, samstundes som dei balanserer omsynet til fylkeskommunane sin autonomi på fagskuleområdet. Departementet vil med dei nemnde tiltaka gjere fleire endringar knytte til finansiering av fagskulane som vil ta til å gjelde i 2027.
Departementet viser til Innst. 266 S (2024–2025), der det står at:
Komiteen viser til at fagskolenes rolle styrkes etter hvert som de leverer flere utdanninger på stadig flere fagfelt og på høyere nivåer. Komiteen peker på viktigheten av forutsigbar finansiering […]. Komiteen er positiv til tiltakene fra regjeringen, men mener det er grunn til å følge utviklingen nøye. […].
Kunnskapsdepartementet viser til at departementet skal følge med på utviklinga, og vurdere kva for verknadar tiltaka som no blir iverksette vil ha.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Vurdering av eit gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning
Vedtak nr. 685, 13. mai 2025
Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringen av fagskolestudier og vurdere det opp mot gratisprinsippet i norsk utdanningssystem, og fremme en sak for Stortinget innen utgangen av 2026.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).
Kunnskapsdepartementet viser til at det i samband med Meld. St. 11 (2024–2025) blei gjort ei grundig vurdering av spørsmålet om eit eventuelt gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning. I meldinga konkluderte regjeringa med at ho vil at fylkeskommunane framleis skal vurdere om fagskulane skal kunne ta skulepengar ved sidan av offentlege tilskot, og eventuelt setje ei grense for nivået på skulepengar. Departementet viser til at det i samband med behandlinga av meldinga i Stortinget blei gitt tilslutning til å støtte opp under fylkeskommunane si kompetansepolitiske rolle og ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning.
Departementet har vurdert finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning opp mot gratisprinsippet i universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren). Ei direkte samanlikning mellom UH-sektoren og fagskulesektoren i tilnærminga til spørsmålet om skulepengar, må ta høgde for særtrekka ved høvesvis universitet og høgskular og fagskular. Det er fleire forskjellar mellom desse sektorane som er relevante i ein slik samanheng. Høgare yrkesfagleg utdanning bygger i stor grad på tidlegare yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, eller er ei praktisk utdanning retta mot yrkesutøving. Det er ikkje lett å trekke eit klart skilje mellom grunnutdanning og vidareutdanning. Vidare er det forskjellar mellom den typiske universitets- og høgskulestudenten og den typiske fagskulestudenten. Mellom anna er det betydelege forskjellar når det gjeld til dømes alder, del som tek fleksible utdanningar og er deltidsstudentar, og tilknyting til arbeidslivet.
I UH-sektoren er det nokre sentrale avgrensingar for gratisprinsippet. Ifølge universitets- og høgskulelova skal høgare utdanning ved statlege universitet og høgskular vere gratis. Det er likevel nokre unntak frå dette prinsippet. Eit unntak er at prinsippet ikkje gjeld studentar som er statsborgarar i land utanfor EØS og Sveits. Men i denne samanhengen er det mest interessante unntaket, utover den distinksjonen som blir gjort i UH-sektoren mellom offentlege institusjonar (gratisprinsipp) og private (skulepengar), det som gjeld for offentlege UH-institusjonar når det er utdanning som rettar seg mot arbeidslivet/personar i arbeid.
Unntaket i UH-sektoren, der det er opning for skulepengar for tilbod retta mot arbeidslivet/personar i arbeid, er spesielt interessant fordi fagskuleutdanning i stor grad er tilpassa, og blir gjennomført av personar som har arbeidserfaring/som er i arbeid.
Fagskulesektoren har vore i stor vekst dei seinare åra. Det er ein sektor som er prega av stor dynamikk og tett kopling til arbeidslivet. Det er gode grunnar til framleis å ha stor dynamikk og fleksibilitet i sektoren. Alt anna likt, vil det svekke finansieringa av fagskulesektoren om det blir innført eit gratisprinsipp.
Som det går fram av Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 er den skulepengefinansierte delen av offentlege fagskular av eit avgrensa omfang, med 29 mill. kroner i 2025. Skulepengane ved offentlege fagskular tilsvarer 1 pst. av den samla finansieringa til offentlege og private fagskular. Omfanget av skulepengar for offentlege fagskular er såleis temmeleg avgrensa. På den andre sida er det eit betydeleg omfang av skulepengar ved private fagskular, der det i 2025 blei betalt 830 mill. kroner, tilsvarande 27 pst. av den totale finansieringa av fagskulesektoren.
Det er opp til fylkeskommunane om fagskular som får offentleg driftstilskot, skal kunne ta skulepengar i tillegg. Dette gjeld både for offentlege og private fagskular som får offentleg driftstilskot. For studentar på utdanningar med 30 studiepoeng og over, var gjennomsnittleg betaling per student om lag 54 700 kroner for tilbod som var heilt skulepengefinansierte (hausten 2025). For tilbod som var delvis offentleg finansierte var gjennomsnittleg betaling av skulepengar på om lag 5 000 kroner.
Ein heiltidsekvivalent vil seie ein student som er meldt opp til eit utdanningstilbod på totalt 60 studiepoeng per år, altså ein fulltidsstudent. Fordi det er mange deltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og mange tek kortare utdanningar, er det ofte fleire studentar per heiltidsekvivalent. I 2025 var 55 pst. av heiltidsekvivalentane knytte til fullstendig offentleg finansierte utdanningstilbod. Vidare var 20 pst. av heiltidsekvivalentane knytte til delvis offentleg finansierte tilbod. Det inneber at tre firedelar av aktiviteten i sektoren var heilt eller delvis offentleg finansierte tilbod.
Ei innføring av eit gratisprinsipp vil kunne svekke kapasiteten i fagskulesektoren viss ikkje ein aukar den statlege løyvinga tilsvarande. Det vil vere uheldig opp mot behovet for kompetanse i Noreg. Regjeringa vil halde fast ved at det er behov for ein sterk fagskulesektor med høg kvalitet. Ut frå dette bør staten ikkje endre dei grunnleggande strukturane i finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa held derfor fast ved vurderinga av at det beste er å ikkje innføre eit gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning no.
Departementet viser til at det er gjort ein gjennomgang av finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning, og at dette er vurdert opp mot gratisprinsippet i det norske utdanningssystemet.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Auke kommersialiseringa av norsk forsking
Vedtak nr. 737, 26. mai 2025
Stortinget ber regjeringen i ny langtidsplan for forskning og høyere utdanning komme med konkrete forslag til hvordan en kan øke kommersialiseringen av norsk forskning.
Vedtaket kom i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden, jf. Innst. 290 S (2024–2025).
Hausten 2026 startar regjeringa arbeidet med ein ny langtidsplan for forsking og innovasjon. Ei hovudprioritering vil vere å styrke næringslivet sine forskings- og utviklingsinvesteringar (FoU-investeringar) og få meir næring ut av forskinga. Planen skal òg bidra til auka kommersialisering av norsk forsking. Noregs Forskingsråd har i tillegg starta arbeidet med å utvikle retningslinjer for handsaming av immaterielle rettigheiter.
Åtte nye senter for forskingsdriven innovasjon fekk finansiering i 2025, med oppstart i 2026. SFI-sentera skal bidra til forsking i verdsklasse og skape løysingar som gjev auka verdiskaping og møter viktige samfunnsutfordringar.
KI-milliarden har skapt seks nye kraftsenter for forsking på kunstig intelligens, som no er under etablering. Her er næringslivet tungt involvert heilt frå starten.
Kvantespranget er ei målretta satsing på kvanteteknologisk forsking som skal bygge kompetanse, fremje innovasjon og styrke samarbeidet mellom forskingsmiljø og næringsliv på eit framtidsretta teknologiområde.
Med den nye tenesta Koblingsboks i Noregs forskingsråd har regjeringa innført ei ny lågterskelordning som skal bygge bru mellom næringsliv og forskingsmiljø. Målet er å utløyse meir forskingssamarbeid, styrke næringslivet sine FoU-investeringar og få meir næring ut av forskinga.
Finansdepartementet vil i samråd med Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet greie ut endringar i Skattefunn-ordninga, med formål om at ordninga i større grad kan stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet, mellom anna gjennom samarbeid mellom næringslivet og forskingsmiljøa. Departementa vil hente inn innspel frå næringslivet og andre partar om dei eventuelle endringane og tek sikte på å sende moglege forslag på høyring våren 2027. Sjå nærare omtale av Skattefunn i Finansdepartementet sin Prop. 1 LS (2025–2026).
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Styrke studentinvolvering i forsking og studentdrivne forskings- og innovasjonsprosjekt
Vedtak nr. 738, 26. mai 2025
Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av Meld. St. 14 (2024–2025) vurdere tiltak for å styrke studentinvolvering i forskningen og å tilrettelegge for studentdrevne forsknings- og innovasjonsprosjekter.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden, jf. Innst. 290 S (2024–2025).
Involvering av studentar i forsking er ein av fleire måtar å realisere den grunnleggande tanken om forskingsbasert høgare utdanning på. Dette er ei kjerneoppgåve som fagmiljøa ivaretek på ulike måtar, avhengig av mellom anna fagtradisjonar, og som departementet normalt overlèt til institusjonane. Som oppfølging av Stortingets vedtak nr. 738 har departementet undersøkt med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om dei har informasjon som tyder på utfordringar på dette området. Basert på informasjonen frå Studiebarometeret ser ikkje departementet grunnlag for å setje i verk særskilde tiltak på dette området no. Likevel er det ønskeleg med betre informasjon om opplevinga til studentane av mellom anna denne kvalitetsdimensjonen, og det vil departementet følge opp i dialog med direktoratet.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Knyte studiestøtte til grunnbeløpet i folketrygda
Vedtak nr. 741, 26. mai 2025
Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om å knytte studiestøtten til grunnbeløpet i folketrygden, med innføring kommende stortingsperiode.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:182 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grete Wold, Kari Elisabeth Kaski og Kathy Lie om å knytte studiestøtten til grunnbeløpet i folketrygden, jf. Innst. 320 S (2024–2025).
Regjeringa foreslår i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet å løyve 23,4 mill. kroner for å justere storleiken på basislånet for studieåret 2027–28 etter den venta veksten i grunnbeløpet i folketrygda framfor prisveksten (KPI) i 2027.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
13.3 Stortingssesjon 2023–2024
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under kunnskapsministeren
Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar
Vedtak nr. 621, 7. mai 2024
Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av den nye handlingsplanen mot antisemittisme komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan det kan sørges for at flere skoleelever, fra hele landet, får mulighet til å besøke tidligere fange- og konsentrasjonsleirer, som for eksempel Falstadsenteret og Falstad fangeleir, Grini fangeleir, Auschwitz og Sachsenhausen, innenfor hvert års vedtatte budsjettrammer.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:95 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Himanshu Gulati, Silje Hjemdal, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde om å styrke kampen mot antisemittisme, jf. Innst. 267 S (2023–2024).
Handlingsplan mot antisemittisme 2025–2030 blei lagd fram av regjeringa i november 2024. Han inneheld 22 tiltak, fordelte på tre innsatsområde: Dialog og eit velfungerande demokrati, Kunnskap og kompetanse og Tryggleik og sikkerheit. Eitt av tiltaka er å gå gjennom og vurdere vidareføring av den nasjonale tilskotsordninga for skuleturar under kap. 225, post 66. Deloitte fekk i oppdrag å evaluere ordninga, og leverte evalueringsrapporten i mai 2025.
Evalueringa skulle svare på om tilskotsordninga er innretta og forvalta på ein slik måte at ho bidreg til at fleire ungdommar får høve til å reise på tur til minnestadar frå andre verdskrigen ved at prisen for turen blir redusert. Kunnskapsdepartementet peikar på at evalueringa er grundig og at ho har gitt meir djupnekunnskap om korleis ordninga fungerer.
Sjølv om evalueringa viser at turane kan gi eit godt fagleg læringsutbytte, vurderer Deloitte samla sett at det er uvisse rundt effekten av tilskotsordninga og kva for verknader av samfunnsmessig verdi ho har. Deloitte tilrår å ta utgangspunkt i ønskt effekt av ordninga, som er auka kompetanse hos elevane, og vurdere kva for aktivitetar eller tiltak som best kan bidra til dette. Evalueringa viser at tilskotet for mange ikkje er avgjerande for gjennomføringa av turar. Vidare viser evalueringa at ordninga utfordrar gratisprinsippet og kan verke ekskluderande. Turar krev ofte dugnadsinnsats frå foreldre, og dette kan vere utfordrande å organisere innanfor regelverket. Det er ein aukande tendens at fleire turar, særleg utanlands, blir arrangerte av foreldregrupper og blir gjennomførte som ein privat tur. Evalueringa viser at det er klart lågare elevdeltaking på private turar, og at det faglege utbytet på desse er meir variabelt. Vidare er det ikkje alle elevar som kan eller vil delta, av økonomiske, sosiale eller andre personlege årsaker. Dette skaper utfordringar lokalt og er ikkje sameineleg med gratisprinsippet og ein inkluderande praksis. Ei tilskotsordning som legitimerer turar med slike uheldige sider er ikkje det best eigna verkemiddelet. Skular, lærarar, foreldre og elevar har ulike føresetnader, og dei lokale tilhøva varierer mykje. Det er ein klar risiko for at midlane i større grad kjem dei elevane til gode som allereie har økonomiske og praktiske føresetnader for å gjennomføre slike turar.
Departementet ser at ei innlemming av midlane frå tilskotsordninga i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane kan bidra til at intensjonen med tiltaket i handlingsplanen mot antisemittisme blir betre følgt opp. Kunnskap om antisemittisme skal vere ein del av undervisninga i skulen. Etter 10. trinn skal elevane kunne gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som Holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggast, jf. læreplanen for samfunnsfag. Ved innlemming av midlane i kommune- og fylkeskommuneramma får skuleeigar og skuleleiar sjølve moglegheita til å vurdere kva for opplegg, tiltak eller aktivitetar som er best eigna ut frå lokale føresetnader og behov. Valet av skuletur eller andre aktivitetar som gir auka kompetanse blant elevane, blir såleis eit reelt val for alle kommunar. Innlemminga kan gi meir like moglegheiter for å kunne gjennomføre turar til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestadar. Søknadsbaserte tilskotsordningar kjem berre dei som søker til gode, medan ei innlemming av midlar kan kome alle elevar til gode. Dette styrker den tillitsbaserte styringa, reduserer statleg detaljstyring og gir auka lokalt handlingsrom.
Innlemminga av tilskotet blei varsla i Prop. 94 S (2025–2026) Kommuneproposisjonen 2027.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar
Vedtak nr. 707, 5. juni 2024
Stortinget ber regjeringen vurdere omfanget av midlertidig ansettelse av lærere innen sommeren 2027, og eventuelt komme tilbake til Stortinget med et skjerpet lovkrav om at skoleeier alltid vurderer ansettelse på vilkår før annen midlertidig ansettelse, når det ikke er kvalifiserte lærere som søker ledig undervisningsstilling.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 62 L (2023–2024) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.), jf. Innst. 389 L og Lovvedtak 78 (2023–2024).
Vedtaket er til behandling i departementet.
13.4 Stortingssesjon 2022–2023
Oppmodings- og utgreiingsvedtak under kunnskapsministeren
Læringsstøttande ressursar på begge målformer
Vedtak nr. 734, 5. juni 2023
Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kunnskapsinnhenting rundt omfanget av bruken av læringsstøttende ressurser i opplæringen som ikke foreligger på begge målformer, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av i hvilken grad dette påvirker særlig nynorskelevenes rett til opplæring på eget språk.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).
I opplæringslova er læremiddel definert som alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekker vesentlege delar av læreplanen i faget, jf. § 15-3. Læremiddel, med nokre unntak, skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris (parallellitetskravet). Læringsressursar, det vil seie ulike ressursar og verktøy som ikkje fell inn under definisjonen av læremiddel i opplæringslova, er ikkje omfatta av parallellitetskravet.
Utdanningsdirektoratet fekk som følge av vedtak nr. 734 i oppdrag å gjennomføre ei kunnskapsinnhenting om omfanget av bruken av læringsressursar som ikkje ligg føre på begge målformer. Som svar på dette, har Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomført ei kunnskapsinnhenting om læringsressursar på nynorsk i dagens skule. Departementet fekk kartlegginga våren 2025, og ho viser mellom anna at det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og at det i mange tilfelle er vanskeleg å finne fram til dei nynorske læringsressursane. Læreboka på nynorsk blir meir brukt enn læringsressursar, og læringsressursane som blir brukte, er i mange tilfelle på bokmål. Forskarane finn at læringsressursane blir brukte som eit tillegg for å variere, aktualisere eller samanfatte.
Vidare fekk direktoratet oppdrag om å vurdere i kva grad omfanget av bruken påverkar særleg elevar med nynorsk som hovudmål og retten deira til opplæring på eiga målform, og vurdere aktuelle tiltak. Direktoratet har konkludert med at det i lys av kunnskapsinnhentinga er behov for å gjere noko for å auke tilgangen til nynorsk for elevar med nynorsk som hovudmål, og har derfor vurdert både endringar i regelverket og økonomiske og pedagogiske tiltak.
Direktoratet har mellom anna vurdert å utvide parallellitetskravet til óg å omfatte læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa. Direktoratet meiner det er grunn til å frykte negative effektar på både pedagogisk og fagleg handlingsrom, inkludert variert og tilpassa opplæring, dersom læringsressursar blir innlemma i regelen om parallelle utgåver. Både bokmålselevar og nynorskelevar vil få tilgang til færre ressursar dersom leverandørane ikkje vil ta kostnaden med å produsere læringsressursar på begge målformene, og kommunane må bruke meir ressursar på å kontrollere om læringsressursane finst på begge målformer. Direktoratet tilrår ikkje å endre regelverket rundt læremiddel. I staden tilrår direktoratet å justere eksisterande tilskotsordningar og styrke informasjonen og rettleiinga om dagens reglar.
Departementet er samd i direktoratet sine vurderingar og prioriteringar av tiltak. Departementet foreslår ikkje å prioritere midlar til nye eller styrking av tilskotsordningar knytte til læremiddel eller læringsressursar i statsbudsjettet for 2027. Dei tre tiltaka direktoratet foreslår å prioritere, vil derfor gjennomførast innanfor direktoratet sine gjeldande økonomiske rammer. Når det gjeld å vurdere endringar i tilskotsordninga for læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell utan marknadsgrunnlag vil direktoratet sjå dette i samanheng med annan revisjon av retningslinjene for tilskotsordninga som følge av evalueringa av ordninga.
Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.
Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa
Vedtak nr. 738, 5. juni 2023
Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringen kan sikres, og påklages. I påvente av dette ber Stortinget regjeringen om å legge til grunn at manglende gjennomføring av individuell tilrettelegging av opplæringen fortsatt kan påklages til statsforvalteren.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).
I oppdrag nr. 2025-01 i tildelingsbrevet for 2025 har Utdanningsdirektoratet fått ulike deloppdrag om kunnskap, status og tiltak for å sikre betre tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
Deloppdrag 3 og 4 blei gjevne som oppfølging av oppmodingsvedtaket. I del 3 blei Utdanningsdirektoratet bede om å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om i kva grad og korleis statsforvaltarane behandlar klager på manglande gjennomføring av vedtak etter opplæringslova i dag. Som del av dette skulle Utdanningsdirektoratet undersøke kor stor innverknad klagebehandlinga har på oppfølginga av dei aktuelle sakene i kommunane og fylkeskommunane (på skulane), og på at elevane får oppfylt rettane sine. Utdanningsdirektoratet leverte svar på del 3 av oppdraget innan fristen 16. april 2025. Andre delar av oppdraget blei leverte i februar 2026.
I del 4 av oppdraget har Utdanningsdirektoratet brukt kunnskapsgrunnlaget frå del 3 til å tilrå kva tiltak som bør innførast for å betre sikre at skulane gjennomfører vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringa og andre vedtak som gir grunnleggande føresetnader for å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og kva verkemiddel det bør vere for oppfølging der skulane ikkje gjennomfører slike vedtak. Departementet vurderer no Utdanningsdirektoratet sine forslag.
Vedtaket er til behandling i departementet.
13.5 Stortingssesjon 2020–2021
Oppmoding- og utgreiingsvedtak under kunnskapsministeren
Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar
Vedtak nr. 79, 12. november 2020
Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).
Området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, er utvida i opplæringslova som tok til å gjelde 1. august 2024. Det omfattar fleire straffebod enn politiregisterlova § 39, og dette inneber eit avvik frå den elles einsarta reguleringa av barneomsorgsattestar.
Justis- og beredskapsdepartementet tek sikte på å sende på høyring eit forslag om utviding av politiregisterlova § 39 til å omfatte fleire straffebod i løpet av hausten 2026. Det er for tidleg å seie når eit lovendringsforslag kan fremjast for Stortinget.
Vedtaket er til behandling i departementet.
Heilskaplege og koordinerte tenester
Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021
Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.
Vedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).
Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den enkelte, og at det er innført rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.
Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene. Denne blei publisert hausten 2022.
Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. NTNU Samfunnsforskning leverte delrapport 1 i juli 2023, delrapport 2 i september 2024, delrapport 3 i februar 2026 og delrapport 4 i juni 2026. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.
Regjeringa vil vente til evalueringa er ferdig før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.
Vedtaket er til behandling i departementet.