5 Energidepartementet
Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Energidepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026 og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen har vurdert som ikkje utkvitterte i Innst. 125 S (2025–2026), innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2024–2025.
For kvart vedtak går det fram av oversikta om departementet planlegg å avslutte rapporteringa no eller rapportere vidare på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år. Departementet har foreslått å avslutte rapporteringa i fleire saker der vedtaket gjeld politikkutforming på eit konkret område, og der departementet har omtalt korleis dette blir følgt opp i politikken framover. Stortinget vil bli orientert om det vidare arbeidet i desse sakene i dei årlege budsjettframlegga og i andre dokument til Stortinget.
Tabell 5.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak |
Stikkord |
Rapporteringa blir avslutta (ja/nei) |
|---|---|---|---|
|
2025–2026 |
7 |
Alexander L. Kielland-ulykka – legge fram ei kompensasjonsordning innan mars 2026 |
Nei |
|
2025–2026 |
60 |
Tilskotsordning for levering av straum frå solcellepanel til straumnettet |
Ja |
|
2025–2026 |
72 |
Havbotnmineral – inga utlysing av 1. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden |
Ja |
|
2025–2026 |
451 |
Ny petroleumsmelding |
Ja |
|
2025–2026 |
524 |
Raskare saksbehandling av småkraftkonsesjonar |
Ja |
|
2025–2026 |
732 |
Gjennomgå regelverket for naturskadeførebygging |
Ja |
|
2025–2026 |
743 |
Mål om å halvere leietida før byggestart for nettutbygging |
Ja |
|
2025–2026 |
744 |
Fritak for konsesjonsplikt ved nettutbygging i same trasé |
Ja |
|
2025–2026 |
745 |
Tilkopling av straumnett på vilkår for næringslivet |
Ja |
|
2025–2026 |
746 |
Saksbehandling i NVE – effektivisering og digitalisering |
Ja |
|
2025–2026 |
747 |
Saksbehandling i NVE – innføre fristar og føre statistikk |
Ja |
|
2025–2026 |
748 |
Statnett – korte ned leietider |
Ja |
|
2025–2026 |
749 |
Gjennomgå krav og innhald som blir lagt til grunn for konsesjonsbehandling for nett- og kraftutbygging |
Ja |
|
2025–2026 |
750 |
Instruksar til statsforvaltaren om å bidra til utvikling av kraft, nett og næring |
Ja |
|
2025–2026 |
751 |
Evaluere praksisen med å krevje detaljplan etter at endringane i energilova blei vedtatt |
Ja |
|
2025–2026 |
752 |
Statnett – reelle og framoverskodande forbruksprognosar |
Ja |
|
2025–2026 |
753 |
Investeringsbehovet i nettinfrastruktur fram mot 2035 og 2040 |
Nei |
|
2025–2026 |
754 |
Utgreiing av tiltak som sikrar at nettselskapa aukar investeringane og bygger ut nettet raskare |
Ja |
|
2025–2026 |
755 |
Rammevilkår for samarbeid mellom bedrifter om permanent effektreduksjon som kan omdisponerast til nytt forbruk |
Ja |
|
2025–2026 |
756 |
Rammeverk for konsesjonsbehandling og handtering av auka innslag av batterianlegg i kraftsystemet |
Ja |
|
2025–2026 |
757 |
Nettselskapa – raskare digitalisering av nettinfrastrukturen |
Ja |
|
2025–2026 |
758 |
Nettselskapa – drifte nettet med mindre marginar |
Ja |
|
2025–2026 |
759 |
Gebyr for unytta reservert nettkapasitet |
Ja |
|
2025–2026 |
760 |
Nett – auka forbruksfleksibilitet og meir lokal balansering |
Ja |
|
2025–2026 |
761 |
Ta i bruk tilknyting på vilkår og vurdere tiltak som set ein pris på retten til å ta ut ein gitt nettkapasitet |
Ja |
|
2025–2026 |
762 |
Tiltak for å gjere nettkøen meir reell |
Nei |
|
2025–2026 |
763 |
Nettselskapa – pålegg om å undersøke fjernvarmekapasiteten i områda der ein veit at det er fjernvarmeinfrastruktur |
Ja |
|
2025–2026 |
764 |
Fjernvarme – frigjere nettkapasitet |
Ja |
|
2025–2026 |
765 |
Betre koordinering mellom nettselskap og fjernvarmeselskap |
Ja |
|
2025–2026 |
783 |
Stortingsmelding om kjernekraft |
Ja |
|
2025–2026 |
919 |
Støtteprogrammet for flytande havvind |
Ja |
|
2025–2026 |
924 |
Maksimaltalet for vindturbinar i energilovforskrifta § 3-1 |
Ja |
|
2025–2026 |
925 |
Kunnskapsgrunnlag for kommunale avgjerder i vindkraft- og fornybarprosjekt |
Ja |
|
2025–2026 |
926 |
Forskot på avgift på vindkraft til kommunar |
Ja |
|
2024–2025 |
90 |
Vegkart for CO2-handtering frå industri- og avfallshandtering |
Ja |
|
2024–2025 |
91 |
Støtteprogram for å kutte CO2-utslepp innanfor industri og avfallshandtering |
Ja |
|
2024–2025 |
165 |
Tiltak mot høge straumprisar i NO2 |
Ja |
|
2024–2025 |
605 |
Prioritering av nasjonale sikkerheitsinteresser i straumnettet |
Ja |
|
2024–2025 |
647 |
Planar for styrkt beredskap i kraftsystemet |
Ja |
|
2024–2025 |
855 |
Analyse av fjernvarmepotensialet |
Ja |
|
2024–2025 |
856 |
Avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme |
Ja |
|
2024–2025 |
917 |
Alexander L. Kielland-ulykka – etablere ei kompensasjonsordning |
Nei |
|
2024–2025 |
1078 |
Status for og vurdering av NZIA-forordninga frå EU |
Ja |
|
2024–2025 |
1096 |
Tiltak for lågare og meir stabile straumprisar i NO2 |
Ja |
|
2024–2025 |
1213 |
Utnytting av overskotsvarme |
Ja |
|
2023–2024 |
96 |
Havvind – opne eit område i nord |
Nei |
|
2023–2024 |
910 |
Energipartnarskap med olje- og gassnæringa |
Ja |
5.1 Stortingssesjon 2025–2026
Alexander L. Kie193nd-ulykka – legge fram ei kompensasjonsordning innan mars 2026
Vedtak 7, 14. oktober 2025
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til kompensasjonsordning for ofre og etterlatte etter Kielland-ulykken, i tråd med vedtak 917 (2024–2025), innen mars 2026.»
Trontaledebatten ligg til grunn for vedtaket.
Regjeringa har omtalt ei kompensasjonsordning for overlevande og etterlatne etter Alexander L. Kielland-ulykka i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026, side 140 under 2.16 Energidepartementet. Framlegget skisserer overordna rammer for korleis ei kompensasjonsordning kan utformast, og anslår dei budsjettmessige konsekvensane av ei slik ordning ved ulike nivå for kompensasjonsbeløp og administrative kostnader. Ei kompensasjonsordning kan ikkje etablerast utan at Stortinget løyver midlar.
Departementet kan sende på høyring eit forslag til særlov om etablering av ei kompensasjonsordning etter Kielland-ulykka så snart Stortinget har løyvd midlar til ordninga. Deretter kan departementet legge fram eit forslag til særlov for Stortinget.
Tilskotsordning for levering av straum frå solcellepanel til straumnettet
Vedtak 60, 5. desember 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede en tilskuddsordning som gir støtte tilsvarende en garantipris for levering av strøm fra solcellepanel på bygg til strømnettet. Utredningen skal se på hvordan en slik ordning kan innrettes for å øke solkraftproduksjonen og skal ferdigstilles i løpet av 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2025–2026) og Innst. 2 S (2025–2026).
Energidepartementet støtter seg på vurderingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om korleis ei ordning med garanti- eller minstepris kan utformast, og kva verknader slike ordningar vil ha for dei økonomiske insentiva til eigarar av solcelleanlegg på bygg. NVE åtvarar mot å innføre produksjonsstøtte i form av garanti- eller minstepris. NVE peikar på at produksjonsstøtte vil påverke marknadsåtferda til aktørane direkte, ved å gi insentiv til å maksimere innmating av solkraft i nettet. Samtidig vil slike ordningar svekke insentiva til å tilpasse forbruket til eigen produksjon og til å investere i fleksibilitetsløysingar og energilagring. Produksjonsstøtte kan derfor påverke både utforminga og drifta av anlegga.
NVE framhevar at produksjonsstøtte kan påverke kraftsystemet negativt, mellom anna ved å bidra til periodar med negative kraftprisar. Dette kan gjere det meir krevjande å drifte kraftsystemet. Erfaringar frå mellom anna Nederland og Tyskland viser at liknande støtteordningar har ført til priskollaps i periodar og driftsutfordringar i kraftnettet.
NVE har vurdert ulike innretningar for støtte med sikte på å auke solkraftproduksjonen. Skal ein gi støtte til solkraft i Noreg, meiner NVE at støtta bør utformast som rein investeringsstønad. Dette er ein etablert modell som er enklare å forvalte, er lettare å forstå for partane, gir betre budsjettkontroll for staten og bevarer insentiva til å tilpasse seg kraftsystemet og prissignala i marknaden. Ei slik ordning gjer solkraft meir lønnsam, utan å påverke sjølve produksjonen eller driftsavgjerdene i anlegga.
Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å bidra til auka utbygging av solkraft i Noreg. Våren 2024 la regjeringa fram ein eigen tiltaksplan for solkraft og styrkte sentrale verkemiddel som investeringsstøtte gjennom Enova og Husbanken. I perioden 2022–2025 har regjeringa lagt til rette for over 1 milliard kroner i støtte til installasjon av solcelleanlegg gjennom Enova, Husbanken og energitilskotsordninga for næringslivet.
Hausten 2023 innførte regjeringa ei delingsordning for fornybar straum for kundar på same eigedom. Frå 1. januar 2026 tredde ei ny delingsordning tilpassa næringsområde i kraft.
Kommunal- og distriktsdepartementet har hatt på høyring forslag til endringar i energikrava i byggteknisk forskrift som mellom anna skal legge betre til rette for bruk av solenergianlegg og annan lokal energiproduksjon. Regjeringa har også vedtatt at byggeprosjekt i statleg sivil sektor skal inkludere lokal fornybar energiproduksjon når dette er lønnsamt gjennom levetida til investeringa.
I 2024 innførte regjeringa reglar som opnar for at hushald kan selje eigenprodusert straum for inntil 15 000 kroner årleg utan å betale skatt. Dette dekker produksjonen til dei fleste hushald. I tillegg blei søknadsplikta for solenergianlegg på bustader fjerna frå 1. juli 2026.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Havbotnmineral – inga utlysing av 1. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden
Vedtak 72, 5. desember 2025
«Stortinget ber regjeringen om å ikke utlyse 1. konsesjonsrunde for havbunnsmineraler i denne stortingsperioden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2025–2026) og Innst. 2 S (2025–2026).
Regjeringa har ingen plan om å lyse ut første konsesjonsrunde for havbotnmineral i denne stortingsperioden.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Ny petroleumsmelding
Vedtak 451, 10. februar 2026
«Stortinget ber regjeringen legge frem en petroleumsmelding for Stortinget snarest mulig og senest innen vårsesjonen 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:25 S (2025–2026) og Innst. 99 S (2025–2026).
Olje- og gassindustrien er avgjerande for Noreg. Som statsministeren varsla i januar 2026, arbeider regjeringa med ei stortingsmelding om korleis petroleumsverksemda bør utviklast. Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget i 2027.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Raskare saksbehandling av småkraftkonsesjonar
Vedtak 524, 12. mars 2026
«Stortinget ber regjeringen instruere Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å prioritere raskere saksbehandling av småkraftkonsesjoner hvor disse effektivt kan styrke kraftbalansen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:31 S (2025–2026) og Innst. 129 S (2025–2026).
I tråd med tildelingsbrevet prioriterer NVE allereie saker som effektivt styrker kraftbalansen. Regjeringa har gjennomført eit historisk løft når det gjeld konsesjonsbehandling i NVE dei siste åra. Det har gitt resultat, og NVE avgjorde 200 fleire saker i 2025 enn i 2024. Det har både blitt fleire saksbehandlarar og meir midlar til digitalisering. NVE har arbeidd systematisk med å digitalisere konsesjonsprosessane, og ei digital søknadsløysing for småkraft har vore prioritert i dette arbeidet. Våren 2026 kunne NVE lansere denne søknadsløysinga, som er utvikla i samarbeid med småkraftbransjen. Løysinga vil bidra til raskare behandling av småkraft.
NVE har stor pågang av saker om utbygging av både småkraft og annan fornybar kraftproduksjon, og må derfor prioritere mellom oppgåvene innanfor avgrensa ressursar. Regjeringa meiner det er riktig å prioritere store prosjekt som kan gi betydeleg kraftproduksjon eller auka fleksibilitet i kraftsystemet. Samtidig er småkraft eit viktig bidrag, og store delar av vasskraftpotensialet ligg i utbygging av småkraft. Departementet vil derfor legge til rette for at realistiske småkraftprosjekt har framdrift i saksbehandlinga, sjølv om det først og fremst er dei store utbyggingsprosjekta som normalt kan styrke kraftbalansen effektivt.
NVE behandlar dei mest realistiske småkraftprosjekta først. For at NVE skal starte behandlinga, må søknadene vere fullstendige med avklart tilgang på nett.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Gjennomgå regelverket for naturskadeførebygging
Vedtak 732, 19. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for naturskadeforebygging langs vernede vassdrag, med sikte på å forenkle regelverket og gjøre det enklere å gjennomføre forebyggingstiltak.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2025–2026) og Innst. 258 S (2025–2026).
Vassressurslova skal sikre samfunnsmessig forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn, og inneheld særlege reglar for verna vassdrag. I hovudsak gjeld vernet mot kraftutbygging, men verneverdiane skal også takast omsyn til ved planlegging av andre tiltak, som masseuttak og erosjonssikringar. Tiltak som kan vere nemneverdig til skade eller ulempe for allmenne interesser i vassdraget, skal konsesjonsbehandlast.
For at eit tiltak skal få konsesjon, må nytten vere større enn ulempene. Eit vassdrag er eit komplekst system, og ulike prosessar heng tett saman. I nokre vassdrag kan for eksempel masseuttak ha god effekt på flaumforholda. I andre vassdrag kan det vere utan effekt eller i verste fall forverre flaumforholda.
I tråd med Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, slutta Stortinget seg til at vassdragsvernet i hovudsak ligg fast. Regelverket for naturskadeførebygging i verna vassdrag blei gjennomgått som ledd i arbeidet med stortingsmeldinga.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Mål om å halvere leietida før byggestart for nettutbygging
Vedtak 743, 12. 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen innføre tiltak med mål om å halvere ledetiden før byggestart og betydelig korte ned konsesjonsbehandlingen for nett, herunder gi tydeligere styringssignaler, tidligere og bedre forankring, forutsigbare og tidsstyrte prosesser med frister og ta i bruk digitalisering, forenkle saksbehandlingen, innføre hurtigspor og mer parallellbehandling i saksbehandlingen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å redusere leietida for straumnett. Mellom anna er saksbehandlingskapasiteten og arbeidet med digitalisering av konsesjonsprosessane i NVE styrkt i fleire omgangar, det er innført hurtigspor for godt førebudde og lite konfliktfylte søknader om nett, meldepliktgrensa for leidningar i regionalnettet er heva frå 15 til 50 km, den såkalla KVU-ordninga for nye, store kraftleidningar er avvikla og vedtaksmakta for desse anlegga er flytta frå Kongen i statsråd til NVE. Tiltaka verkar og NVE behandlar fleire søknader om nett enn tidlegare. Om lag 70 prosent av søknadene blir behandla i hurtigspor med ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på om lag 3 månader.
I august 2026 varsla regjeringa nye tiltak for å redusere leietidene ytterlegare. Regjeringa vil mellom anna redusere utgreiingskrava, fjerne retten statsforvaltaren og andre statlege myndigheiter har til å fremme motsegn mot nettanlegg, innføre ein frist på to år for behandling av nettkonsesjonar og sørge for at dei aller viktigaste prosjekta i kraftsystemet får høgast prioritet. Regjeringa arbeider også med ei rekke andre tiltak og vurderer kontinuerleg nye.
Regjeringa har som mål at gjennomsnittstida for å planlegge, godkjenne og bygge ut regional- og transmisjonsnett i Noreg skal halverast samanlikna med situasjonen før regjeringa tiltredde i 2021. Både gjennomførte og nye tiltak skal bidra til dette. Det er venta at tiltaka vil få full effekt mot slutten av denne stortingsperioden og utover i 2030-åra, men dei vil også gi resultat på kort sikt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fritak for konsesjonsplikt ved nettutbygging i same trasé
Vedtak 744, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede om det oftere kan gis fritak fra konsesjonsplikt eller gjennomføres forenklede konsesjonsprosesser der linjene som oppgraderes eller fornyes bygges ut i samme trasé eller samme avgrensede område.»
Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å forenkle konsesjonsprosessane og redusere saksbehandlingstida for straumnett. Mellom anna er saksbehandlingskapasiteten og arbeidet med digitalisering av konsesjonsprosessane i NVE styrkt i fleire omgangar, det er innført hurtigspor for godt førebudde og lite konfliktfylte søknader om nett, og meldepliktgrensa for leidningar i regionalnettet er heva frå 15 til 50 km. Tiltaka verkar og NVE behandlar fleire søknader om nett enn tidlegare. Om lag 70 prosent av søknadene blir behandla i hurtigspor med ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på om lag 3 månader.
I august 2026 varsla regjeringa nye tiltak for å redusere leietidene for straumnett. Regjeringa vil mellom anna redusere utgreiingskrava, fjerne retten statsforvaltaren og andre statlege myndigheiter har til å fremme motsegn mot nettanlegg, og innføre ein frist på to år for behandling av nettkonsesjonar. Regjeringa vil også vurdere korleis behandlinga av spennings- og temperaturoppgraderingar og lite konfliktfylte saker i det regionale nettet kan forenklast.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tilkopling av straumnett på vilkår for næringslivet
Vedtak 745, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen åpne for at tilkobling til strømnett på vilkår for næringslivet kan brukes i større grad enn i dag, særlig med henblikk på å sikre tilgjengelig kapasitet for forsvar, forsvarsindustri og andre sikkerhetspolitiske formål.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Frå 2021 har det vore mogleg å inngå avtalar om tilknyting med permanente vilkår om utkopling eller avgrensingar i forbruket til uttakskundar, såkalla tilknyting på vilkår. Slike avtalar er frivillige for både nettselskap og sluttbrukar. For nettselskapet er det viktig å sørge for kontroll i drifta av nettet. Dette speler inn på kvar i nettet det er aktuelt å tilby tilknyting på vilkår, kor stort omfang slike avtalar kan ha, og kva vilkår som kan gjelde. Vilkåra må fastsettast slik at tilknytinga gir akseptable verknader. Eksisterande kundar må framleis ha ein akseptabel leveringskvalitet. Vilkåra i kvar enkelt tilknytingssak må fastsettast ut frå nettforholda ved tilknytingspunktet.
Det er nettselskapa som kjenner nettet best, og som er ansvarlege for å drifte det. Tilknytingar kan ikkje gjennomførast dersom dei ikkje kan gjerast driftsmessig forsvarlege. Ordninga må derfor framleis vere frivillig. Det er ingenting i regelverket som hindrar at omfanget av tilknyting på vilkår aukar framover, og nettbransjen er godt i gang med å ta ordninga i bruk, mellom anna ved å utvikle automatiske løysingar. Energidepartementet har formidla ei klar forventning til nettselskapa om at nettet skal utnyttast effektivt, under dette at ordninga med tilknyting på vilkår bør vurderast og bli tatt i bruk når det er formålstenleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Saksbehandling i NVE – effektivisering og digitalisering
Vedtak 746, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen gjøre ytterligere effektivisering av NVEs saksbehandling og sørge for økt bruk av digitale verktøy i sitt arbeid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa har heilt sidan 2021 vore opptatt av å forenkle og effektivisere behandlinga av kraft- og nettkonsesjonar. Dei siste åra har NVE blitt vesentleg styrkt med fleire saksbehandlarar og midlar til digitalisering, og det er mellom anna etablert eit hurtigspor for konsesjonshandling for nettsaker.
Regjeringa har nyleg lagt fram ei rekkje konkrete tiltak for å forenkle regelverk og kutte byråkrati. Regjeringa vil ha færre utgreiingskrav, fjerne motsegnsretten til statsforvaltaren og sette ein frist på to år for å behandle søknader. Målet er å halvere tida det tar å bygge ut straumnett. Regjeringa vil vidare be Statnett og NVE prioritere dei prosjekta som er aller viktigast for kraftsystemet, og forenkle den kommunale behandlinga av vindkraft på land.
Å effektivisere saksbehandlinga og auke bruken av digitale verktøy er eit kontinuerleg arbeid. Dette blir følgt opp i budsjettprioriteringane for 2027, mellom anna gjennom satsing på bruk av KI i konsesjonsbehandlinga. Fleire av tiltaka treng i tillegg tid før dei gir effekt. Nokre tiltak vil få størst verknad mot slutten av denne stortingsperioden og vidare inn i 2030-åra, men nokre vil også gi resultat på kort sikt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Saksbehandling i NVE – innføre fristar og føre statistikk
Vedtak 747, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen innføre frister for saksbehandlingen til NVE og føre statistikk over saksbehandlingstiden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa varsla 7. august 2026 at det vil bli innført ein frist på to år for konsesjonsbehandling av nettsaker i NVE. Same frist vil gjelde for behandling av saker om produksjon. Regjeringa arbeider kontinuerleg for å sikre ei effektiv og ansvarleg saksbehandling.
I samband med dei nye fristane vil departementet også krevje at NVE fører oversikt over faktisk saksbehandlingstid og saker der fristen ikkje blir overhalden.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Statnett – korte ned leietider
Vedtak 748, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sørge for at Statnett arbeider aktivt for kortere ledetider i sine prosjekter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Energidepartementet vil be Statnett prioritere dei aller viktigaste prosjekta for kraftsystemet, og gi jamlege rapportar. For å oppretthalde framdrift, skal Statnett ha tett dialog med NVE gjennom felles framdriftsplanar. Departementet vil også be Statnett, i dialog med NVE, foreslå korleis Statnett sine områdeplanar kan vidareutviklast som eit meir strategisk planverktøy med mål om meir effektiv nettutvikling og raskare overføring av konkrete prosjekt til konsesjonsbehandling.
Regjeringa har som mål at gjennomsnittstida for å planlegge, godkjenne og bygge ut regional- og transmisjonsnett i Noreg skal halverast samanlikna med situasjonen før regjeringa tiltredde i 2021. Både gjennomførte og nye tiltak skal bidra til dette. Det er venta at tiltaka vil få full effekt mot slutten av denne stortingsperioden og utover i 2030-åra, men dei vil også gi resultat på kort sikt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Gjennomgå krav og innhald som leggast til grunn for konsesjonsbehandling for nett- og kraftutbygging
Vedtak 749, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en helhetlig gjennomgang av krav og innhold som legges til grunn for konsesjonsbehandling for nett- og kraftutbygging. Arbeidet skal ha tydeligere, mer effektive og forutsigbare prosesser som mål.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa la 7. august 2026 fram fleire tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett. For å forenkle og effektivisere utbygginga av straumnett vil regjeringa mellom anna
-
forenkle utgreiingskrava for å sikre at utgreiingar ikkje blir meir omfattande enn nødvendig
-
fjerne retten statsforvaltaren og andre statlege myndigheiter har til å fremme motsegn mot nettanlegg (Sametinget beheld motsegnsretten)
-
innføre ein behandlingsfrist på to år for konsesjonsbehandlinga i NVE
-
be Statnett og NVE prioritere dei prosjekta som er aller viktigast for kraftsystemet, slik at dei kan ferdigstillast raskare
-
vurdere korleis spennings- og temperaturoppgraderingar, og lite konfliktfylte saker i det regionale nettet kan forenklast, for eksempel ved å utvide ordninga med områdekonsesjon til også å omfatte tiltak i regionalnettet
For å forenkle og effektivisere utbygginga av kraft vil regjeringa mellom anna
-
sørge for at kommunane får inntekter frå vindkraft tidlegare enn i dag, ved at staten forskotterer inntektene frå produksjonsavgifta allereie frå byggestart (sjå nærmare omtale av forskottering av inntekt frå avgift på vindkraft i kap. 1820, post 62)
-
forenkle den kommunale behandlinga av vindkraft på land, mellom anna ved å fjerne kravet om reguleringsplan
-
lovfeste retten kommunane har til å seie ja eller nei til vindkraft, i eigne lovføresegner utanfor plan- og bygningslova
-
be kommunane legge betre til rette for meir fornybar energiproduksjon, mellom anna på større utbyggingsområde for industri og næring og når det blir lagt til rette for nytt stort straumforbruk
-
forenkle utgreiingskrava for å sikre at utgreiingar ikkje blir meir omfattande enn nødvendig
-
gi statsforvaltaren i oppgåve å rettleie og hjelpe kommunar og fylkeskommunar med rask etablering av ny kraftproduksjon, og bidra til gode prosessar for utvikling av straumnett
-
fjerne retten statsforvaltaren og andre statlege myndigheiter har til å fremme motsegn mot nettanlegg (Sametinget beheld motsegnsretten)
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringar.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Instruksar til statsforvaltaren om å bidra til utvikling av kraft, nett og næring
Vedtak 750, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sørge for at instrukser og oppdragsbrev til statsforvalteren uttrykker en klar forventning om å bidra til utvikling av mer kraft, nett og annen strategisk viktig næringsutvikling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Det er stort behov for meir kraft og nett og raskare utbygging i Noreg, og regjeringa har allereie tatt grep som tydeleggjer rolla og skjerpar forventningane til statsforvaltaren.
I supplerande tildelingsbrev for 2026 fekk statsforvaltaren nye styringssignal. Statsforvaltaren skal mellom anna legge vekt på behovet for ny fornybar energi og nett i arbeidet med plan- og konsesjonssaker og bidra til å legge til rette for fornybar energiproduksjon. I arealforvaltninga skal særleg samfunnsnyttige formål som fornybar kraftproduksjon og kraftleidningar vektast tungt ved konfliktar mellom utbyggingsformål. Dei same styringssignala er også reflekterte i hovudmålet for statsforvaltaren for 2027, jf. Prop. 1 S (2026–2027) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Regjeringa la i august 2026 fram fleire nye tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett. Nokre av desse tiltaka handlar om statsforvaltarane og rolla deira. Dei skal mellom anna bistå kommunar og fylkeskommunar ved etablering av ny kraftproduksjon og bidra til gode prosesser for nettutvikling. For å forenkle og effektivisere utbygging framover vil regjeringa dessutan fjerne retten statsforvaltaren har til å fremme motsegn mot nettanlegg og vasskraft.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Evaluere praksisen med å krevje detaljplan etter at endringane i energilova blei vedtatt
Vedtak 751, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen påse at Energidepartementet evaluerer praksisen med å kreve detaljplan etter at endringene i energiloven ble vedtatt, særlig med sikte på effektive prosesser for nettanlegg slik at vedtaket fungerer etter intensjonene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Konsesjonsmyndigheitene har i energilova § 3-1 a fått heimel til å krevje detaljplan for bygging og drift av anlegg med anleggskonsesjon, jf. Prop. 43 L (2024–2025). Departementet vil understreke at føresegna ikkje inneber eit generelt krav om detaljplan. Ho lovfestar gjeldande forvaltningspraksis og gir konsesjonsmyndigheitene høve til å krevje detaljplan før bygginga kan starte. Krav om detaljplan er i hovudsak aktuelt ved utbygging av større nett- og produksjonsanlegg. Dei fleste anleggskonsesjonar blir gitt utan slikt krav.
Krav om detaljplan blir fastsett i kvar enkelt konsesjon. Prop. 43 L (2024–2025) presiserer at lovfestinga ikkje var meint å endre praksisen for når det blir stilt krav om detaljplan som konsesjonsvilkår. Forarbeida presiserer også at føresegna ikkje er til hinder for parallell behandling av konsesjonssøknad og detaljplan. Departement vil sjå til at praksisen framover nyttar handlingsrommet i regelverket for blant anna å kunne behandle detaljplan og konsesjon parallelt.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Statnett – reelle og framoverskodande forbruksprognosar
Vedtak 752, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sikre at Statnett i sine områdeplaner og konseptvalgutredninger legger til grunn reelle og framoverskuende forbruksprognoser, med klart utgangspunkt i prognosene fra berørte lokale og regionale nettselskaper, og med særlig vekt på beredskap og næringsutvikling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Forskrift om energiutgreiingar pålegg nettutgreiarar, inkludert Statnett, å sørge for at det ligg føre ein effektprognose som ikkje er eldre enn to år for kvart punkt i eige nett. Forskrifta krev også at nettutgreiingar i transmisjonsnettet tar omsyn til nettutviklinga i regionalnettet. Vidare blir det stilt krav om koordinering mellom netteigarar, og det er viktig med god dialog mellom nettselskapa. Samtidig er kvart nettselskap ansvarleg for eigne vurderingar og avgjerder, inkludert eigne forbruksprognosar. Formålet med prognosane må vere at dei skal vere så forventningsrette som mogleg og ta høgde for den samla forbruksutviklinga. Prognosane til nettutgreiarane bør omfatte venta forbruksauke knytt til industriutvikling og forsvar, i tråd med relevante planar og forventningar.
NVE samarbeider også med ElBits1 for å utvikle ein standardisert metode for å framskrive effektbehovet. Første steg inneber å standardisere datagrunnlaget som dannar føresetnadene for prognosane, slik at det blir det enklare å samkøyre bruk av effektprognosar og legge til rette for ein felles metodikk. I tillegg gir eit felles og standardisert datagrunnlag eit godt utgangspunkt for å danne eit felles situasjonsbilete utover felles metodikk for effektprognosar.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Investeringsbehovet i nettinfrastruktur fram mot 2035 og 2040
Vedtak 753, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede det forventede investeringsbehovet i nettinfrastruktur frem mot 2035 og 2040, hva det betyr for nettleien og hvordan det skal håndteres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Det ligg føre eit omfattande kunnskapsgrunnlag om utviklinga i kraftsystemet og straumnettet, mellom anna gjennom analysar frå Statnett, NVE og Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Dette gir grunnlag for å vurdere framtidige investeringsbehov og konsekvensar for nettleiga. Nettleiga vil mellom anna avhenge av investeringsnivået i nettet, forbruksutviklinga og gjeldande regulering.
Kraftsystemet står overfor betydelege investeringar i straumnettet i åra framover. Auka etterspørsel etter kraft og nettkapasitet, saman med behov for elektrifisering og tilknyting av ny produksjon, gjer at investeringsnivået i nettet kan bli høgt over tid.
RME er i gang med ein analyse der dei mellom anna vil framskrive utviklinga i nettkostnadene og konsekvensane for nettleiga.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Utgreiing av tiltak som sikrar at nettselskapa aukar investeringane og bygger ut nettet raskare
Vedtak 754, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak som sikrer at nettselskapene øker investeringene og raskere bygger ut nettet fremover, herunder gjennomføre endringene som kreves for å gi nettselskapene et tydelig incentiv til forskuddsvis utbygging i egnede områder basert på forventet etterspørsel.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Nettselskapa har ansvar for å knyte kundar til straumnettet og for å planlegge og gjennomføre nettutvikling i tråd med tilknytingsplikta og kravet om forsvarleg drift.
Inntektsreguleringa er sentral for å legge til rette for at straumnettet blir drifta, utnytta og utvikla på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Reguleringa blir fastsett og forvalta av RME som uavhengig reguleringsmyndigheit. RME vurderer løpande korleis reguleringa verkar, og kva for justeringar som eventuelt trengst. Sidan RME skal vere uavhengig, kan ikkje regjeringa instruere RME om korleis reguleringa skal utformast eller praktiserast.
Straumnettet er finansiert av kundane gjennom nettleiga, og reguleringa skal balansere behovet for kostnadseffektive løysingar med behovet for eit nett med tilstrekkeleg kapasitet. Det er ikkje noko til hinder for at nettselskapa ligg i forkant med nettutviklinga, men det er viktig å skilje mellom planlegging og gjennomføring. Dei store kostnadene for samfunnet oppstår i gjennomføringa, i form av investeringar og areal- og miljøinngrep.
I mange tilfelle kan det være fornuftig å planlegge og vidareutvikle prosjekt som ikkje nødvendigvis ligg an til å bli lønnsame i dag, men som kan bli det dersom for eksempel nytt forbruk eller ny produksjon blir realisert. Dagens regelverk er ikkje til hinder for at nettselskapa planlegg for usikkert forbruk og usikker produksjon, eller søker konsesjon for tiltak på dette grunnlaget.
I nokre tilfelle kan kostnadseffektive tiltak gi forholdsmessig mykje kapasitet. I 2025 og så langt i 2026 har Statnett auka kapasiteten med 2 200 MW i eksisterande anlegg, hovudsakeleg som følge av temperaturoppgradering av leidningar. Totalt er det planlagt å gjennomføre 118 prosjekt med temperaturoppgradering av eksisterande leidningar, og 58 av desse er i gang. I handlingsplanen for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet (netthandlingsplanen) oppfordrar regjeringa nettselskapa til å planlegge i forkant når det er hensiktsmessig. Konsesjonsmyndigheitene kan også gi vilkårsbundne konsesjonar. Slike konsesjonar legg til rette for at det kan gå raskt å etablere nettanlegg når behovet oppstår, samtidig som ein unngår feilinvesteringar.
Regjeringa har sett i verk og varsla fleire tiltak for å legge til rette for raskare nettutbygging og meir effektiv utnytting av kapasiteten, mellom anna gjennom oppfølging av netthandlingsplanen og dei nye tiltaka regjeringa la fram i august 2026. Tiltaka omfattar mellom anna kortare konsesjonsprosessar, forenkla regelverk, styrkt kapasitet i behandlinga av nettsaker og tiltak for meir effektiv tilknyting.
På denne bakgrunnen vurderer regjeringa at vedtaket blir følgt opp gjennom eksisterande rammevilkår og tiltak for utvikling av straumnettet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Rammevilkår for samarbeid mellom bedrifter om permanent effektreduksjon som kan omdisponerast til nytt forbruk
Vedtak 755, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen påse at det er gode rammebetingelser for samarbeid mellom bedrifter om permanent effektreduksjon som kan omdisponeres til nytt forbruk.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Det er eit omfattande samarbeid mellom bedrifter i norske næringsparkar. Industriell symbiose er ein del av samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi, der målet er at bedrifter skal dele ressursar, mellom anna energi, i større grad enn i dag. Ei rekke verkemiddel støttar opp under og fremmer slikt samarbeid.
Permanent reduksjon i effektuttaket handlar ofte om å avgrense bruken av straum til oppvarming og dermed frigjere kapasitet til nytt forbruk. Den nye lova om overskotsvarme som Stortinget vedtok i juni i år, pålegg verksemder å undersøke moglegheitene for å hente overskotsvarme frå eller levere overskotsvarme til nærliggande verksemder. Slik utveksling av overskotsvarme krev tett samarbeid mellom verksemdene.
Enova har fått mandat til å fremme omstilling i energisektoren. Enova har allereie fleire relevante støtteordningar og utviklar kontinuerleg nye verkemedel i tråd med styringsavtalen, for å redusere barrierar og stimulere til investeringar i fleksible energiløysingar. Enova arbeider no med å utvikle eit nytt støtteprogram for heilskaplege, fleksible områdeløysingar for næringsparkar og hamner, og samlar no innspel til programmet og har mål om å opne for søknader rundt årsskiftet.
Forskingsrådet utlyste i juni i år midlar til samarbeidsprosjekt for å utvikle teknologi og løysingar for energieffektivisering og energiomlegging innanfor bygg, område og industri.
Nokre nettselskap arbeider med eit nytt konsept der bedrifter som samarbeider om tiltak for permanent effektreduksjon, kan disponere den frigjorde kapasiteten til nytt forbruk. Konseptet er framleis på pilotstadiet. Det finst også fleire andre relevante pilotar som bidrar til auka samarbeid, mellom anna ein pilot om energikoordinatorar. Denne er omtalt i oppfølginga av oppmodingsvedtak 763 frå 21. mai 2026.
Energidepartementet vil halde fram arbeidet med å legge til rette for samarbeid mellom bedrifter om tiltak som kan redusere effektuttaket og frigjere kapasitet til nytt forbruk.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Rammeverk for konsesjonsbehandling og handtering av auka innslag av batterianlegg i kraftsystemet
Vedtak 756, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sørge for et hensiktsmessig rammeverk for konsesjonsbehandling og håndtering av økt innslag av batterianlegg i kraftsystemet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Det er eit stadig større innslag av batteri i kraftsystemet. Batteri kan bidra til betre beredskap i kraftsystemet og auka fleksibilitet for meir effektiv nettutnytting og -balansering. Departementet er opptatt av å legge til rette for at batteri kan fasast inn i kraftsystemet på ein samfunnsmessig rasjonell måte.
Departementet sende 12. februar 2026 ei bestilling til NVE der det mellom anna blei bedt om vurderingar knytte til konsesjonsbehandling av batterianlegg. NVE skal mellom anna vurdere behovet for å konsesjonsbehandle slike anlegg, og om energiregelverket bør endrast av omsyn til dei.
Fleire reguleringar innanfor ansvarsområdet til RME påverkar også insentiva til å etablere batteri i kraftsystemet, mellom anna vilkår for tilknyting, tariffering, måling og avrekning. Departementet sende derfor 28. mai 2026 ei bestilling som bad RME om å kartlegge og beskrive gjeldande regelverk for batteri og vurdere om det legg til rette for ei samfunnsmessig fornuftig utvikling av batteri som del av energisystemet.
Energidepartementet vil vurdere om det er nødvendig med endringar i regelverket, etter ein gjennomgang av leveransane frå RME og NVE.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Nettselskapa – raskare digitalisering av nettinfrastrukturen
Vedtak 757, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen påse at nettselskapene jobber raskere med digitalisering av nettinfrastrukturen og tar i bruk egnet sensorikk, slik at eksisterende nettinfrastruktur kan utnyttes bedre.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Dagens inntektsregulering av nettselskapa inneheld insentiv for bruk av ny teknologi og innovative løysingar. Sidan inntektsramma dels kjem an på kostnadene til nettselskapa, dels på kor effektive dei er samanlikna med andre nettselskap, blir dei motiverte til å velje teknologiske løysingar som gir effektivitetsgevinstar. Ved at ny teknologi bidrar til betre utnytting av nettet og til å redusere dei samla kostnadene, oppnår selskapa større avkastning. Dermed får dei dekning for tiltaka gjennom effektivitetsgevinsten den nye teknologien gir.
For å redusere den økonomiske risikoen ved å teste ut heilt nye løysingar har RME i tillegg etablert ei eiga finansieringsordning for forsking og utvikling. Ordninga gir full kostnadsdekning for godkjende pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Dermed kan selskapa utforske teknologi som fremmer ei meir effektiv utnytting av nettet, utan å bere den økonomiske risikoen sjølve.
Energidepartementet gav i si tid RME mandat til å etablere eit vegkart for digital samhandling i samarbeid med NVE og bransjen. Vegkartet viste at det trengst felles prioriteringar og ein felles strategi for samarbeid om standardisering, digitalisering og automatisering dersom aktørane i nettbransjen skal oppnå effektiv digital samhandling. Dette førte til etableringa av ElBits. ElBits er eit selskap som nettselskapa eig saman, og som skal gi dei varig og styrkt kapasitet til bransjesamarbeidet om digital samhandling. RME har gitt nettselskapa eit tillegg til inntektsramma for kostnader knytte til aktivitet og utvikling i ElBits frå 2023. Ordninga liknar på FoU-ramma. Målet er at selskapet på sikt skal bli sjølvfinansiert gjennom sal av eigne tenester.
Energiministeren møter representantar frå nettbransjen, inkludert Statnett, kvart halvår for å drøfte arbeidet for meir effektiv utvikling og utnytting av nettet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Nettselskapa – drifte nettet med mindre marginar
Vedtak 758, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med nettselskapene om mulige retningslinjer for når man i perioder kan drifte nettet med noe mindre marginer, for å øke kapasiteten og redusere strømprisforskjeller mellom budsoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Det er viktig å utnytte nettet så effektivt som råd. Samtidig må nettselskapa ha kontroll på drifta av nettet og sørge for at forsyningssikkerheita er sikra. Kraftsystemet er samansett og dynamisk, og nettsituasjonen varierer frå stad til stad. Vurderingar av kva som er forsvarleg i nettdrifta, er tekniske og kan vere komplekse. Vurderingane bør ta utgangspunkt i den konkrete situasjonen.
Spørsmålet om kor mykje kapasitet det er i nettet, er i stor grad eit teknisk spørsmål, men handlar også om kor mykje risiko nettselskapa aksepterer. I netthandlingsplanen kjem det tydeleg fram at nettselskapa må ha eit bevisst forhold til risiko som ein kombinasjon av sannsyn og konsekvens. Hausten 2025 forskriftsfesta Energidepartementet også krav som skal gi større openheit om vurderingane av kva som er driftsmessig forsvarleg. Frå 1. januar 2026 pliktar nettselskapa å vere opne om kva prinsipp dei følger når dei vurderer om ei tilknyting eller ein kapasitetsauke er driftsmessig forsvarleg. Dei som ber om kapasitet i straumnettet, skal få innsyn i korleis nettselskapa vurderer saka. Netthandlingsplanen oppfordrar også nettselskapa til å samordne seg og bli einige om prinsippa som skal ligge til grunn for desse vurderingane. Departementet er kjent med at bransjen arbeider med dette. Samtidig må kvart nettselskap sjølv ta ansvar for dei konkrete vurderingane av eigne nettanlegg.
Det er transmisjonsnettet som i all hovudsak fraktar kraft mellom bodområde. Statnett som systemansvarleg fastset bodområdeinndelinga i Noreg basert på store og langvarige flaskehalsar i regional- og transmisjonsnettet. Gjennom kapasitetsberekning avgjer Statnett kor mykje overføringskapasitet som kan stillast til disposisjon for marknaden, altså kor mykje kraft som kan handlast mellom bodområde. Kapasitetsfastsettinga tar utgangspunkt i dei fysiske avgrensingane i nettet, som termiske grenser, lastflyt og krav til driftssikkerheit, og skal legge til rette for ei mest mogleg effektiv utnytting av eksisterande nettressursar. Samtidig arbeider Statnett kontinuerleg med å vidareutvikle metodar og verktøy for å utnytte nettkapasiteten betre.
Flytbasert marknadskopling blei innført i Noreg og resten av Norden i slutten av oktober 2024. Analysar Statnett har gjort i samarbeid med dei andre nordiske systemoperatørane, viser at innføringa av flytbasert marknadskopling har ført til betre utnytting av nettkapasiteten i Norden, og særleg meir flyt frå nord til sør i det nordiske systemet.
Energiministeren møter representantar frå nettbransjen, inkludert Statnett, kvart halvår for å drøfte arbeidet for meir effektiv utvikling og utnytting av nettet. Energidepartementet har formidla ei klar forventning til nettselskapa om at nettet skal utnyttast effektivt, under dette at ordninga med tilknyting på vilkår bør vurderast og bli tatt i bruk når det er formålstenleg.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Gebyr for unytta reservert nettkapasitet
Vedtak 759, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede om innføring av et nøytralt gebyr for ubenyttet reservert nettkapasitet kan bidra til at køen i større grad reflekterer faktisk etterspørsel.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa ønsker ikkje at urealistiske prosjekt skal stå i vegen for meir realistiske prosjekt. Som varsla i netthandlingsplanen har Energidepartementet frå 1. januar 2025 forskriftsfesta krav om at nettselskapa skal vurdere om eit prosjekt er tilstrekkeleg modent, før det får reservere nettkapasitet eller ein plass i kapasitetskø. Prosjekta må også ha framdrift for å få behalde reservasjonen eller køplassen. Modnadsvurderingar er det viktigaste verkemiddelet for å få køen til å reflektere faktisk etterspørsel. Nettselskapa arbeider med å utvikle og forbetre praktiseringa av modnadskriteria.
Det er viktig at modnadskrava får tid til å verke. Dersom dei nye krava ikkje er tilstrekkelege, kan det bli aktuelt å vurdere eit gebyr for unytta reservert nettkapasitet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Nett – auka forbruksfleksibilitet og meir lokal balansering
Vedtak 760, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt forbruksfleksibilitet og mer lokal balansering, f.eks. gjennom videre utvikling og tilgjengeliggjøring av fleksibilitetsmarkeder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Dei overordna rammevilkåra for kraftsystemet legg til rette for fleksibilitet i forbruket der det er samfunnsmessig rasjonelt. Fleksibilitet på forbrukssida kan bidra til meir effektiv utnytting av nettkapasiteten og til å balansere forbruk og produksjon.
Det finst fleire marknader der forbrukarar, produsentar og innehavarar av batteri kan selje fleksible ressursar, først og fremst marknader for systemtenester og reservar. Desse marknadene er i utvikling, og jamleg får fleire tilgang.
Nettselskapa prøver ut lokale marknadsløysingar gjennom pilotprosjektet Euroflex. Her skjer det handel på lokale marknadsplassar, og deltakarane drøftar og testar problem som må løysast. Piloten er breitt anlagt, med deltakarar frå alle dei store nettselskapa, Statnett og representantar frå forbrukarane. Regelverket er ikkje til hinder for at nettselskap bruker lokale fleksibilitetsmarknader som verkemiddel, men for at dei skal lykkast, trengst ei omfattande koordinering mellom nettselskapa og Statnett og klare køyrereglar for deltakarane i marknadene. I Euroflex blir dei krevjande spørsmåla drøfta og løyste.
Departementet legg til grunn at vidare utvikling av fleksibilitetsløysingar og lokal utnytting av fleksibilitet i stor grad vil skje innanfor rammene for marknadsutvikling og gjeldande regulering. Erfaringane frå Euroflex-piloten, saman med kommande EU-reguleringar, vil legge eit viktig grunnlag for å utvikle eventuelle nærmare reguleringar på området.
Både nettselskapa og andre verksemder utviklar også andre verkemiddel for å få auka fleksibilitet, sjå omtale under oppmodingsvedtak nr. 755 frå 21. mai 2026. I tillegg påverkar utforminga av nettariffen kor lønnsamt det er for kundar å vere fleksible.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tilknyting på vilkår og vurdere tiltak som setter ein pris på retten til å ta ut ein gitt nettkapasitet
Vedtak 761, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen i større grad ta i bruk tilknytning på vilkår og vurdere tiltak som setter en pris på retten til å ta ut en gitt nettkapasitet, f.eks. vurdere å innføre en kø-avgift for ubenyttet reservert kapasitet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Frå 2021 har det vore mogleg å inngå avtalar om tilknyting med permanente vilkår om utkopling eller avgrensingar i forbruket til uttakskundar, såkalla tilknyting på vilkår. Slike avtalar er frivillige for både nettselskap og sluttbrukar. For nettselskapet er det viktig å sørge for kontroll i drifta av nettet. Dette speler inn på kvar i nettet det er aktuelt å tilby tilknyting på vilkår, kor stort omfang slike avtalar kan ha, og kva vilkår som kan gjelde. Vilkåra må fastsettast slik at tilknytinga gir akseptable verknader. Eksisterande kundar må framleis ha ein akseptabel leveringskvalitet. Vilkåra i kvar enkelt tilknytingssak må fastsettast ut frå nettforholda ved tilknytingspunktet.
Det er nettselskapa som kjenner nettet best, og som er ansvarlege for å drifte det. Tilknytingar kan ikkje gjennomførast dersom dei ikkje kan gjerast driftsmessig forsvarlege. Ordninga må derfor framleis vere frivillig. Det er ingenting i regelverket som hindrar at omfanget av tilknyting på vilkår aukar framover, og nettbransjen er godt i gang med å ta ordninga i bruk, mellom anna ved å utvikle automatiske løysingar. Energidepartementet har formidla ei klar forventning til nettselskapa om at nettet skal utnyttast effektivt, under dette at ordninga med tilknyting på vilkår bør vurderast og bli tatt i bruk når det er formålstenleg. Statnett melder at 30 prosent av reservert kapasitet til forbruk har fått reservasjon med vilkår.
Regjeringa ønsker ikkje at urealistiske prosjekt skal stå i vegen for meir realistiske prosjekt. Som varsla i netthandlingsplanen har Energidepartementet frå 1. januar 2025 forskriftsfesta krav om at nettselskapa skal vurdere om eit prosjekt er tilstrekkeleg modent, før det får reservere nettkapasitet eller ein plass i kapasitetskø. Prosjekta må også ha framdrift for å få behalde reservasjonen eller køplassen. Modnadsvurderingar er det viktigaste verkemiddelet for å få køen til å reflektere faktisk etterspørsel. Nettselskapa arbeider med å utvikle og forbetre praktiseringa av modnadskriteria.
Det er viktig at modnadskrava får tid til å verke. Dersom dei nye krava ikkje er tilstrekkelege, kan det bli aktuelt å innføre eit gebyr for unytta reservert nettkapasitet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tiltak for å gjere nettkøen meir reell
Vedtak 762, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem tiltak for å gjøre nettkøen mer reell, og komme tilbake til Stortinget med dette i løpet av 2026. Mulige tiltak kan være å innføre forskuddsbetaling av anleggsbidrag og/eller betaling for å reservere nettkapasitet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Regjeringa ønsker ikkje at urealistiske prosjekt skal stå i vegen for meir realistiske prosjekt. Som varsla i netthandlingsplanen har Energidepartementet frå 1. januar 2025 forskriftsfesta krav om at nettselskapa skal vurdere om eit prosjekt er tilstrekkeleg modent, før det får reservere nettkapasitet eller ein plass i kapasitetskø. Prosjekta må også ha framdrift for å få behalde reservasjonen eller køplassen.
I handlingsplanen kom det også fram at regjeringa ville vurdere ytterlegare verkemiddel, som endringar i anleggsbidragsregelveret, innføring av reservasjonsgebyr og andre prissignal som kan bidra til ei god fordeling av nettkapasiteten. I tråd med dette har departementet vurdert endringar i tariffregelverket. I november 2024 gav departementet RME i oppdrag å greie ut justeringar i anleggsbidragsregelverket for regional- og transmisjonsnettet og ei ordning der aktørar som ber om tilknyting, sjølve dekker nettselskapa sine kostnader i tilknytingsprosessen. Ei slik ordning vil gi eit tidleg prissignal til dei som ber om tilknyting. Dette vil komme i tillegg til betaling for utgreiingskostnader, som allereie gir eit tidleg prissignal til aktørar som utløyser investeringar i regional- og transmisjonsnett. RME leverte anbefalingane sine i oktober 2025, og departementet vurderer dei no.
Modnadsvurderingar er det viktigaste verkemiddelet for å få køen til å reflektere faktisk etterspørsel. Nettselskapa arbeider med å utvikle og forbetre praktiseringa av modnadskriteria.
Det er viktig at modnadskrava – saman med krav om betaling av utgreiingskostnader og anleggsbidrag og eventuelt betaling for kostnader i tilknytingsprosessen – får tid til å verke. Dersom desse krava ikkje er tilstrekkelege, kan det bli aktuelt å vurdere eit reservasjonsgebyr for unytta reservert nettkapasitet.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Nettselskapa – pålegg om å undersøke fjernvarmekapasiteten i områda der ein veit at det er fjernvarmeinfrastruktur
Vedtak 763, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen pålegge nettselskapene å undersøke fjernvarmekapasiteten i de områdene hvor man vet at det er fjernvarmeinfrastruktur, før man eventuelt gir kunden tilknytning til strømnettet, for å sikre at man utnytter energiressursene best mulig, for å forhindre bygging av dobbel infrastruktur og for å sikre nettkapasitet til dem som trenger det.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Nettselskapa er underlagde forskrift om energiutgreiing, som skal bidra til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet gjennom langsiktig energiplanlegging. Forskrifta skal sikre at netteigarane koordinerer seg med kvarandre og involverer andre relevante aktørar. Dette siste kravet blei styrkt ved endring av forskrifta i 2024. Nettutgreiarane skal sørge for at det for kvart punkt i nettet ligg føre effektprognosar som ikkje er eldre enn to år. Før det blir gjennomført tiltak som krev konsesjon, skal nettutgreiarane lage ei konseptvalutgreiing. Der skal dei mellom anna vurdere om kapasitetsbehovet kan dekkast gjennom alternativ til nettutbygging eller tiltak i tilgrensande nett.
Å innhente informasjon om fjernvarmekapasiteten i eit utgreiingsområde er ein naturleg del av nettutgreiinga der det er relevant, mellom anna når nettselskapa skal lage effektprognosar. Kunnskapen frå nettutgreiinga er også nyttig når selskapa vurderer om det er kapasitet i nettet til å knyte til nye kundar.
Fleire av dei største nettselskapa har trappa opp arbeidet med å undersøke alternativ som kan redusere kapasitetsbehovet. Nokre nettselskap har for eksempel, gjennom eit pilotprosjekt, tilsett energikoordinatorar som skal vere ein fagressurs for kommunale planmyndigheiter, næringsaktørar og interne avdelingar i nettselskapa, som planlegging, drift og kundeprosjekt. Når nye kundar skal knytast til nettet, kan energikoordinatorane drøfte med kundane om delar av energibehovet kan dekkast med fjernvarme dersom det finst fjernvarme i området, eller om det finst tiltak som kan redusere effektbehovet. Pilotperioden varer frå 2024 til 2026, og erfaringane skal delast breitt i bransjen. Enkelte nettselskap har allereie tilsett energikoordinatorar utan å vere del av pilotprosjektet.
Energidepartementet meiner det er positivt at nettselskapa i aukande grad undersøker fjernvarmekapasiteten før dei knyter nye kundar til straumnettet, og på den måten bidrar til god utnytting av energiressursane. Departementet vil be NVE vurdere korleis ein kan vidareføre og ved behov styrke den positive utviklinga når det gjeld å undersøke og utnytte alternativ til nettutbygging.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fjernvarme – frigjere nettkapasitet
Vedtak 764, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for frigjøring av nettkapasitet gjennom mer bruk av fjernvarme, herunder foreta en helhetlig gjennomgang av hvordan fjernvarmesektoren kan bidra mer i energisystemet og hvordan bidraget kan reflekteres i deres finansieringsmodell, samt se dette i sammenheng med fleksibilitetsmarkeder og lokal balansering.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
På oppdrag frå Energidepartementet har Oslo Economics og SINTEF Energi gjennomført ein heilskapleg gjennomgang av rolla fjernvarme har i energisystemet. Dei har mellom anna vurdert korleis fjernvarme kan bidra til å frigjere nettkapasitet, styrke fleksibiliteten i energisystemet og redusere behovet for investeringar i kraftnett og kraftproduksjon. Gjennomgangen viser at fjernvarme kan gi store systemgevinstar ved å dekke oppvarmingsbehov utan bruk av elektrisitet, særleg i område med høgt og konsentrert effektuttak.
Samtidig viser gjennomgangen at gevinstane er situasjonsavhengige. Dei er størst i område med kapasitetsutfordringar i straumnettet. Der kan fjernvarme bidra til lokal balansering og redusere belastninga på nettet i periodar med høgt forbruk.
Oslo Economics og SINTEF Energi har også vurdert korleis bidraget frå fjernvarme i større grad kan reflekterast gjennom rammevilkår, treffsikre prissignal og investeringsinsentiv. Dette har dei også sett i samanheng med fleksibilitetsmarknader og behovet for eit meir effektivt utnytta kraftsystem.
Saman med analysar frå NVE gir denne gjennomgangen eit oppdatert og heilskapleg kunnskapsgrunnlag for korleis fjernvarmesektoren kan bidra meir i energisystemet. Dette kunnskapsgrunnlaget har lege til grunn for departementet sitt arbeid med å sikre betre koordinering mellom fjernvarmeselskap og nettselskap. Sjå også omtalen av oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 763 og nr. 765 frå 21. mai 2026.
Departementet viser også til omtalen i Boks 4.4 Rammevilkår for fjernvarme i del II av proposisjonen.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Betre koordinering mellom nettselskap og fjernvarmeselskap
Vedtak 765, 21. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak som kan sikre en bedre koordinering mellom nettselskaper og fjernvarmeselskaper for å sikre en mer effektiv utnyttelse av energisystemet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:139 S (2025–2026) og Innst. 255 S (2025–2026).
Departementet viser til oppfølginga av oppmodingsvedtak 763 frå 21. mai 2026, som gjeld krav til nettselskapa om å undersøke fjernvarmekapasiteten før dei knyter kundar til straumnettet. Både forskrift om energiutgreiingar og energikoordinatorane til nettselskapa sikrar betre koordinering mellom nettselskapa og fjernvarmeselskapa, og ei meir effektiv utnytting av energisystemet.
Ei vellykka koordinering mellom nettselskap og fjernvarmeselskap krev også godt samarbeid med vertskapskommunane. Kommunane har også visse plikter på energiområdet. I oppdaterte statlege planretningslinjer for klima og energi (SPR) frå 2024 har regjeringa etablert nye og strengare krav til kommunane om å ta omsyn til energirelaterte spørsmål i planlegginga. Dei skal mellom anna ha ei oppdatert oversikt over moglegheitene for forsyning av varme og kjøling basert på lokale energikjelder og overskotsvarme. Dei skal også innhente informasjon frå lokale nettkonsesjonærar om kraftnett, og søke å innhente informasjon frå fjernvarmeaktørar og fjernvarmenett. Kommunane skal samarbeide med nettselskapa i utgreiingsprosessane deira, mellom anna for å avdekke behov for auka nettkapasitet og alternativ til nettutbygging.
Energikoordinatorane legg vinn på å hjelpe kommunane med å forstå avgrensingane i kraftsystemet, planlegge riktig lokalisering av ny verksemd og prioritere tiltak som styrker energiforsyninga og avlastar nettet. Meir bruk av fjernvarme og utnytting av lokale energikjelder og overskotsvarme er eksempel på tiltak som styrker kraftsystemet.
Dei seinare åra har det skjedd ei regelverksutvikling retta mot både nettselskapa og kommunane som kan gi eit langt betre samspel mellom aktørane som påverkar om fjernvarme og andre løysingar for meir effektiv utnytting av energisystemet blir tatt i bruk. Praktiseringa av reglane utviklar seg positivt, og departementet vil følge utviklinga tett. Departementet viser også til oppfølginga av oppmodingsvedtak 763 frå 21. mai 2026.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Stortingsmelding om kjernekraft
Vedtak 783, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om kjernekraft.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2025–2026) og Innst. 278 S (2025–2026).
Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding som følger opp NOU 2026: 4 Kjernekraft i Norge? Fordeler, ulemper og forutsetninger. Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget tidleg i 2028.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Støtteprogram for flytande havvind
Vedtak 919, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen legge frem en ekstern kvalitetssikring, samfunnsøkonomisk analyse og vurdering av teknologiutviklingspotensialet for støtteprogrammet for flytende havvind, slik at Stortinget kan behandle saken før det inngås forpliktelser basert på vedtak nr. 385 (2024–2025) og med sikte på at kvalitetssikringen er gjennomført senest innen første halvdel av 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2025–2026) og Innst. 401 S (2025–2026).
Arbeidet og oppfølginga av oppmodingsvedtaket er omtalt i kapittel 8 Flytande havvind i Utsira Nord i del III av proposisjonen.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Maksimaltalet for vindturbinar i energilovforskrifta § 3-1
Vedtak 924, 10. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede om man bør øke eller fjerne antallsbegrensningen i energilovforskriften § 3-1 for vindturbiner, men beholde grensen på 1 MW.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2025–2026) og Innst. 397 S (2025–2026).
Regjeringa la 7. august 2026 fram ei rekke nye tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett, mellom anna eit forslag om å endre behandlinga av vindkraft på land. Forslaga vil krevje endringar i energilova og plan- og bygningslova. I tillegg kan det bli aktuelt med endringar i energilovforskrifta, som også må på høyring. Departementet tar sikte på å vurdere endringar i energilovforskrifta § 3-1 i det same lov- og forskriftsarbeidet.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Kunnskapsgrunnlag for kommunale avgjerder i vindkraft- og fornybarprosjekt
Vedtak 925, 10. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan man best mulig kan sikre at kommunale beslutninger i vindkraft- og fornybarprosjekter bygger på et tilstrekkelig, relevant og nøytralt kunnskapsgrunnlag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2025–2026) og Innst. 397 S (2025–2026).
Regjeringa la 7. august 2026 fram nye tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett, mellom anna eit forslag om å endre behandlinga av vindkraft på land. Regjeringa vil oppretthalde krava til ei forsvarleg behandling av vindkraftkonsesjonar. Spørsmålet om når i konsesjonsprosessen kommunane skal kunne seie ja eller nei til konkrete vindkraftprosjekt, må vurderast nærmare i lovarbeidet og vil bli omtalt i eit høyringsutkast. Ettersom arbeidet med endringar i prosessen krev lovendringar, vil regjeringa legge fram ein lovproposisjon for Stortinget.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forskot på avgift på vindkraft til kommunar
Vedtak 926, 10. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning hvor kommunene får forskudd på produksjonsavgift på vindkraft, for eksempel fra investeringsbeslutning er tatt eller fra byggestart.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2025–2026) og Innst. 397 S (2025–2026).
Regjeringa foreslår å innføre ei ordning der staten forskotterer inntekter frå produksjonsavgifta til vindkraftkommunane frå byggestart. Sjå omtale under kapittel 1820, post 62 Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
5.2 Stortingssesjon 2024–2025
Vegkart for CO2-handtering frå industri- og avfallshandtering
Vedtak 90, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen gi Gassnova et tilleggsoppdrag til det pågående arbeidet med et veikart for CO2-håndtering fra industri- og avfallshåndtering. Tilleggsoppdraget skal legge opp til at Gassnova, sammen med Siva og andre aktuelle virkemiddelaktører, innen juni 2025 utreder barrierer og legger frem en plan for utvikling av regionale industriklynger med fellesløsninger for fangst, transport og lagring av CO2. Det skal vurderes om det er behov for statlig koordinert anskaffelse av transport- og lagertjenester for å få tilstrekkelig volum til å kunne utløse flere norske prosjekter for fangst av CO2. Regjeringen bes videre om å legge frem forslag til tiltak og virkemidler som oppfølging av dette arbeidet i forbindelse med statsbudsjettet 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 2 S (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2025–2026). Fleirtalet er einig om at oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut.
Gassnova la i desember 2025 fram eit vegkart for korleis CO2-handtering kan bidra til å redusere utsleppa frå landbasert industri og avfallsforbrenning fram mot 2050. Vegkartet blei utarbeidd på oppdrag frå Energidepartementet. I samband med dette arbeidet fekk Gassnova, Enova og Miljødirektoratet i 2024 i oppdrag frå Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet å greie ut verkemiddel som kan redusere barrierar og marknadssvikt i CCS-verdikjeda. Utgreiinga viser mellom anna at samordna transportløysingar kan bidra til å realisere fleire mindre fangstprosjekt fram mot 2040, og at tidlege investeringar i felles regional infrastruktur kan gi stordriftsfordelar. Samtidig kan den store geografiske spreiinga av utsleppskjelder i Noreg gjere det utfordrande å hente ut samfunnsøkonomiske gevinstar gjennom etablering av slik infrastruktur.
I 2026 lanserte Enova ei støtteordning for investeringar i mottaksterminalar for CO2. Ordninga skal bidra til meir kostnadseffektiv logistikk for transport av CO2 og gjere det mogleg for små og mellomstore fangstaktørar å levere CO2 til terminalar for samlasting og vidare transport til permanent lagring.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Støtteprogram for å kutte CO2-utslepp innanfor industri og avfallshandtering
Vedtak 91, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen utforme et støtteprogram som en serie med auksjoner for å kutte store utslipp og oppnå negative CO2-utslipp innen industri og avfallshåndtering og komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2026. Stortinget ber regjeringen se hen til auksjonsmodellene i Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland og Frankrike i arbeidet med å utvikle auksjonsprogrammet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 2 S (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2025–2026). Fleirtalet er einig om at oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før støtteprogram for auksjonar er utforma.
I 2024 fekk Gassnova, Enova, Miljødirektoratet og Siva i oppdrag frå Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet å greie ut verkemiddel for å fremme utvikling og bruk av CO2-handtering i Noreg. Utgreiinga blei levert sommaren 2025 og vurderte mellom anna ulike modellar for støtte til fangstprosjekt i industri og avfallssektoren, inkludert auksjonsmodellar som er tatt i bruk i andre land.
I statsbudsjettet for 2026 og i samband med revidert budsjett 2026 er det til saman løyvd 1,7 milliardar kroner til ei støtteordning for å redusere blanda og biogene klimagassutslepp frå industri og avfallshandtering. I tillegg kan Enova bruke midlar frå Klima- og energifondet. Det er venta at Enova kan etablere eit konkurransebasert verkemiddel i løpet av 2026, med første utlysing seinast i første halvår 2027, jf. pressemeldinga Enova med storsatsing på karbonfangst frå 21. mai 2026.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tiltak mot høge straumprisar i NO2
Vedtak 165, 13. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med ekstraordinære tiltak som kan innføres i NO2 (for eksempel bruk av flaskehalsinntekter) for å kompensere for ekstraordinært høye strømpriser i dette prisområdet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 9 L (2024–2025), Innst. 78 L (2024–2025) og Lovvedtak 28 (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) meiner fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen at vedtaket ikkje kan kvitterast ut no.
Regjeringa har innført Noregspris. Med Noregspris kan folk velje ein fast pris på straum og fjernvarme på 40 øre per kWh pluss meirverdiavgift, heime og på hytta. Dei som ikkje vel Noregspris heime, får framleis straumstønad. For næringslivet har regjeringa gjort det enklare å inngå fastprisavtalar. I august 2026 kunne bedrifter i NO2 inngå fastprisavtale ned mot 75 øre per kWh.
Regjeringa har også etablert ei mellombels ordning for bruk av flaskehalsinntekter i transmisjonsnettet. Formålet er å redusere risikoen for auka nettleige i område med høge kraftprisar. Ordninga tredde i kraft 1. november 2022 og inneber at delar av flaskehalsinntektene til Statnett blir fordelte til underliggande nettselskap basert på kostnader til nettap. Dette har bidratt til å dempe utslaga i nettleiga som følge av høge kraftprisar og har vore særleg gunstig for prisområde NO2, der kraftprisane har vore høge over tid. Regjeringa har også redusert elavgifta fleire gonger, og i 2026 var elavgifta 7,13 øre per kWh gjennom heile året. Lågare elavgift bidrar til å redusere dei samla kostnadene for nettkundane i NO2.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Prioritering av nasjonale sikkerheitsinteresser i straumnettet
Vedtak 605, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen iverksette nødvendige tiltak for at forsvarsindustrien og andre kritiske samfunnsfunksjoner med betydning for nasjonale sikkerhetsinteresser kan gis særskilt prioritering av strømnett. Dersom dette ikke er mulig med dagens lovgivning, bes regjeringen om å fremme nødvendige forslag slik at slik prioritering lar seg gjøre, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2024–2025) og Innst. 224 S (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå mindretalet i energi- og miljøkomiteen. Fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen meiner at vedtaket ikkje kan kvitterast ut no.
Stortinget har vedtatt regjeringa sitt forslag til endringar i energilova som opnar for å prioritere nasjonale sikkerheitsinteresser i nettkøen, jf. Prop. 49 L (2025–2026) Endringer i energiloven mv. (prioritert tilknytning til strømnettet av hensyn til nasjonale sikkerhetsinteresser). Lovendringa inneber ein ny heimel i energilova som opnar for at Kongen kan pålegge nettselskapa å prioritere ein bestemt uttakskunde når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser.
Lovendringane tredde i kraft 1. juli 2026.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Planar for styrkt beredskap i kraftsystemet
Vedtak 647, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utarbeide planer for styrket beredskap i kraftsystemet og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå mindretalet i energi- og miljøkomiteen. Fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen meiner at vedtaket ikkje kan kvitterast ut no.
I Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen peikar regjeringa på at alle sivile sektorar må vere budde på situasjonar høgt i krisespekteret, inkludert væpna konflikt og i verste fall krig. Dette gjeld også kraftsektoren. Departementet har i brev til NVE tydeleggjort at totalberedskapsmeldinga set ei ny og tydeleg retning for beredskapsarbeidet i kraftsektoren. Som ein viktig del av totalforsvaret må kraftsektoren førebu seg på situasjonar høgt i krisespekteret.
Arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga er høgt prioritert, og beredskapen i sektoren er god. Selskapa pliktar å utarbeide risiko- og sårbarheitsanalysar og ha beredskapsplanar som også dekker situasjonar høgt i krisespekteret.
Gjennom mange år med fred har dei største risikoane vore knytte til ekstremvêr. NVE kartla reparasjonsberedskapen i 2025 og har no revidert kraftberedskapsforskrifta med tydelegare krav til denne beredskapen. Endringane tredde i kraft 1. juli 2026. NVE er også i gang med å revurdere krava til fysisk sikring av kraftforsyningsanlegg.
Arbeidet med å styrke handteringsevna gjennom det regionale leddet i beredskapsorganisasjonen for kraftforsyninga, distriktssjefane i kraftforsyninga (KDS), er no inne i ein ny fase med juridiske vurderingar.
Som eit ledd i Totalberedskapsåret 2026 deltok departementet og NVE i ei stor nasjonal øving, TDX. I førebuingane til øvinga har departementet, NVE og aktørane i sektoren oppdatert og operasjonalisert beredskapsplanane sine.
Energidepartementet har etablert Strategisk råd for kraftforsyninga. Rådet gav innspel i samband med utarbeidinga av ei tilstandsvurdering for kraftsektoren i øvre del av krisespekteret. Tilstandsvurderinga skal inngå i regjeringa sitt arbeid med den første langtidsplanen for sivil beredskap.
Energiministeren har i tillegg hatt regelmessige møte med representantar frå kraftsektoren om sikkerheit og beredskap. Her har mellom anna den nasjonale sikkerheitsstrategien og innspel frå nettselskapa om sikkerheit og beredskap stått på dagsordenen.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Analyse av fjernvarmepotensialet
Vedtak 855, 3. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en analyse av fjernvarmepotensialet, som innebærer foreslåtte lokasjoner, og av energikilder som anses å ha størst potensial.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:164 S (2024–2025) og Innst. 387 S (2024–2025).
Energidepartementet har fått utarbeidd rapportar frå Oslo Economics og SINTEF Energi i 2026. Rapportane inneheld omfattande analysar av rolla fjernvarme har i det norske energisystemet, mellom anna vurderingar av kvar vidare utbygging av fjernvarme kan vere samfunnsøkonomisk lønnsam, kva type område kor fjernvarme har størst samfunnsøkonomisk verdi, og kva forhold som påverkar realiseringa av nye fjernvarmeprosjekt.
Rapportane vurderer også kva energikjelder og varmeressursar som har potensial for framtidig fjernvarmeproduksjon, mellom anna utnytting av overskotsvarme, avfallsforbrenning og andre tilgjengelege varmekjelder. Vidare inneheld dei caseanalysar av ulike fjernvarmeløysingar og drøftar føresetnader for vidare utbygging. Analysane viser at verdien av fjernvarme er situasjonsavhengig og størst der det er god tilgang på varmeressursar, høg og konsentrert varmeetterspørsel og eit kraftsystem med kapasitetsutfordringar.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme
Vedtak 856, 3. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en utredning av hvordan Norge kan avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme, samt utrede hvor stor avlastning man kan oppnå, og hvilke besparelser dette kan resultere i for strømnettinvesteringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:164 S (2024–2025) og Innst. 387 S (2024–2025).
Energidepartementet har fått utarbeidd rapportar frå Oslo Economics og SINTEF Energi i 2026. Rapportane inneheld omfattande analysar av rolla fjernvarme har i det norske energisystemet, mellom anna vurderingar av kvar vidare utbygging av fjernvarme kan vere samfunnsøkonomisk lønnsam, kva type område kor fjernvarme har størst samfunnsøkonomisk verdi, og kva forhold som påverkar realisering av nye fjernvarmeprosjekt. NVE har også analysert kva nytteverdi fjernvarme har for kraftnettet.
Fjernvarme reduserer effektuttaket i nettet, og kapasitetsfrigjeringa kan ikkje kvantifiserast fullt ut. Dersom det blir frigjort kapasitet i nettet, kan denne kapasiteten brukast enten til å korte ned ventetida i nettkøen eller til å redusere eller utsette investeringar i nettet. Systemverdien av fjernvarme er derfor svært situasjonsbestemt, men fjernvarme kan bidra til å redusere investeringsbehovet over tid. Departementet viser også til oppfølginga av oppmodingsvedtak 763, 764 og 765 frå 21. mai 2026 og til omtalen i Boks 4.4 Rammevilkår for fjernvarme i del II av proposisjonen.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Alexander L. Kielland-ulykka – etablere ei kompensasjonsordning
Vedtak 917, 5. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen etablere en særskilt kompensasjonsordning for de overlevende og etterlatte etter Alexander L. Kielland-ulykken. På bakgrunn av rapportene «Studie om overlevende og pårørende etter Alexander L. Kielland-ulykken» og «Empirisk undersøkelse av myndighetenes oppfølging av ansvar etter Alexander L. Kielland-ulykken» må Riksrevisjonen avklare myndighetenes ansvar for at ulykken kunne skje, og myndighetenes manglende oppfølging av overlevende og etterlatte. Riksrevisjonens nye undersøkelse skal gjennomføres og fremlegges innen utgangen av 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:162 S (2024–2025) og Innst. 417 S (2024–2025).
Regjeringa har omtalt ei kompensasjonsordning for overlevande og etterlatne etter Alexander L. Kielland-ulykka i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026, side 140 under 2.16 Energidepartementet. Framlegget skisserer overordna rammer for korleis ei kompensasjonsordning kan utformast, og anslår dei budsjettmessige konsekvensane av ei slik ordning ved ulike nivå for kompensasjonsbeløp og administrative kostnader. Ei kompensasjonsordning kan ikkje etablerast utan at Stortinget løyver midlar.
Departementet kan sende på høyring eit forslag til særlov om etablering av ei kompensasjonsordning etter Kielland-ulykka så snart Stortinget har løyvd midlar til ordninga. Deretter kan departementet legge fram forslag til særlov for Stortinget.
Riksrevisjonen si undersøking av myndigheitene sitt ansvar i samband med Alexander L. Kielland-ulykka blei lagd fram for Stortinget 16. desember 2025 i Dokument 3:7 (2025–2026) Myndighetenes ansvar i forbindelse med Alexander Kielland-ulykken.
Status for og vurdering av NZIA-forordninga frå EU
Vedtak 1078, 13. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse for status og vurdering av NZIA-direktivet fra EU angående pålegget om CCS-lagre samt redegjøre for regjeringens intensjoner i videre behandling og dialog med EU.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:270 S (2024–2025) og Innst. 504 S (2024–2025).
NZIA-forordninga inneheld ein eigen del om CO2-lagring, og Noreg vurderer no om denne delen skal innlemmast i EØS-avtalen.
Denne delen av forordninga bygger på ein føresetnad om at verdikjeder for fangst, transport og lagring av CO2 (CCS) i Europa er lønnsame, men ikkje blir realiserte på grunn av manglande lagerutbygging. Forordninga pålegg derfor selskap som produserte olje og gass i EU i perioden 2020–2023, å utvikle CO2-injeksjonskapasitet i EU på 50 millionar tonn årleg innan 2030. Kapasiteten er fordelt proporsjonalt etter produksjonsandelen deira. Slikt pålegg er gitt til 44 selskap. Fleire av dei meiner pålegget er ugyldig, og har reist søksmål mot Kommisjonen for EU-domstolen.
Regjeringa sin CO2-lagringspolitikk, som Stortinget har slutta seg til, er å legge til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2. Innehavarar av lagringsløyve i Noreg skal kunne tilby storskala lagring av CO2 som ei kommersiell teneste til industriaktørar i Europa. Politikken er såleis ikkje volumstyrt.
Etterspørselen etter lagringskapasitet frå utsleppskjelder i Europa fungerer som ein marknadstest. Samtidig treng løyvehavarar på kontinentalsokkelen langsiktige, bindande avtalar med kundar som har behov for å lagre CO2, for å ha eit tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for å investere i utbygging av CO2-lager. Også for CO2-lagring gjeld prinsippet om at forureinaren betalar.
Løyvehavarane rapporterer om mangel på etterspørsel frå europeiske industriaktørar med evne og vilje til å inngå langsiktige forpliktingar om lagring av tilstrekkelege volum CO2. Dermed er det i dag eit avgrensa kommersielt grunnlag for å investere i ytterlegare lagerutbygging.
Ressursforvaltning er ikkje omfatta av EØS-avtalen. I dialogen med EU er departementet opptatt av å finne gode løysningar som legg til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Tiltak for lågare og meir stabile straumprisar i NO2
Vedtak 1096, 16. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen med bakgrunn i den krevende situasjonen for Agder, Rogaland og deler av Telemark utrede konkrete tiltak med mål om å sikre lavere og mer stabile strømpriser i NO2.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 148 L (2024–2025), Innst. 535 L (2024–2025) og Lovvedtak 135 (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2025–2026). Fleirtalet er einig om at oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut.
Det klare målet til regjeringa er at heile landet skal ha rikeleg tilgang på rein og rimeleg energi, og at det ikkje skal vere store og langvarige prisforskjellar mellom ulike bodområde.
Straumprisutvalet vurderte ei rekke tiltak for lågare og meir stabile kraftprisar. Utvalet leverte rapporten sin, Balansekunst, i oktober 2023. Ein hovudkonklusjon frå utvalet var at alternativ til dagens marknadsmodell ikkje gir betre ressursutnytting eller større samfunnsøkonomisk overskot. Utvalet kom også fram til at tiltak for omfordeling bør gjerast i sluttbrukarmarknaden framfor engrosmarknaden. På bakgrunn av utgreiinga frå Straumprisutvalet har regjeringa konsentrert seg om tiltak i sluttbrukarmarknaden. Det er innført ei rekke tiltak for å sikre hushald og næringsliv lågare og meir stabile straumkostnader. Mellom anna har regjeringa etablert ei straumstønadsordning for hushald og innført Noregspris for straum. Noregspris gir hushalda moglegheit til å velje ein fast pris per kWh som eit alternativ til straumstønadsordninga. Blant dei sørlege prisområda fekk hushalda i Sør-Noreg (NO2) den høgaste gjennomsnittlege stønaden per hushald i 2025, og det er venta at stønaden per hushald også vil vere høgast i NO2 i 2027. Vidare er det lagt til rette for fastprisavtalar for næringslivet gjennom eit kontraktsunntak for standardiserte fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft, slik at bedrifter enklare kan sikre seg føreseielege straumprisar. For næringslivet har regjeringa gjort det enklare å inngå fastprisavtalar. I august 2026 kunne bedrifter i NO2 inngå fastprisavtale ned mot 75 øre per kWh. Innføring av tiltak med geografisk avgrensing kan etter omstenda føre til forskjellsbehandling av verksemder og difor reise statsstøtterettslege spørsmål.
I tillegg har regjeringa innført tiltak for lågare nettleige. Elavgifta er redusert fleire gonger, og frå og med 2026 blir avgifta 7,13 øre per kWh gjennom heile året. Samtidig blir flaskehalsinntekter brukte til å halde nettleiga nede i område med høge kraftprisar. Sidan ordninga kom på plass, er det utbetalt om lag 10 milliardar kroner til redusert nettleige.
Det viktigaste tiltaket for å redusere prisforskjellane på lang sikt er å sørge for meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av det eksisterande nettet. Regjeringa har lagt fram omfattande tiltak for å redusere tida det tar å bygge ut ny kraft og nytt nett, og har styrkt satsinga på energieffektivisering. I NO2 blir utbygginga av havvindprosjekta på Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord særleg viktige, da det vil gi ei stor mengde kraft inn i prissonen.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Utnytting av overskotsvarme
Vedtak 1213, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2026 med forslag om krav til utnyttelse av overskuddsvarme i industrien, datasenter og nye virksomheter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2024–2025) og Innst. 540 L (2024–2025).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2025–2026). Fleirtalet viser til at regjeringa ikkje har komme tilbake til Stortinget med forslag til krav, og meiner derfor at vedtaket ikkje kan kvitterast ut no.
Regjeringa sende i mars eit forslag til endringar i energilova til behandling i Stortinget. Forslaget skjerpar krava til utnytting av overskotsvarme for verksemder, inkludert industrianlegg og datasenter. Endringane inneber at anlegg som hovudregel ikkje kan byggast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta, dersom dette er bedriftsøkonomisk lønnsamt. Energidepartementet følger opp lovendringa med forslag til forskriftsendringar. Forslaga blei sende på høyring før sommaren, med frist 1. oktober, og regjeringa tar sikte på at endringane skal tre i kraft 1. juli 2027.
Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.
5.3 Stortingssesjon 2023–2024
Havvind – opne eit område i nord
Vedtak 96, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen åpne et område i nord for havvind som kan utlyses senest i 2027, og der det skal legges vekt på at konsekvensene for sameksistens med fiskeri, natur og miljø kan ivaretas på en god måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).
Departementet vil utarbeide ein plan for den vidare utviklinga av havvind. Planen vil mellom anna vere basert på dei strategiske konsekvensutgreiingane NVE har utarbeidd, og høyringsinnspela til desse.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Energipartnarskap med olje- og gassnæringa
Vedtak 910, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen videreføre dialogen og konkretisere innholdet i et energipartnerskap med olje- og gassnæringen, vedtatt i forbindelse med oljeskattepakken, i tråd med omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 2024, med sikte på fortsatte utslippsreduksjoner i næringen for å bidra til å nå klimamålet i 2030. Et viktig premiss for partnerskapet er at olje- og gassnæringen innenfor det finanspolitiske rammeverket skal bidra mer til finansieringen av flytende havvind enn de gjør i dag, ved at CO2-avgiften på sokkelen skal økes frem mot 2030.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
I Innst. 125 S (2025–2026) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025) og til ei fråsegn frå mindretalet i energi- og miljøkomiteen. Fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen meiner at vedtaket ikkje kan kvitterast ut no.
Departementet gjer greie for oppfølginga av oppmodingsvedtaket sidan hausten 2025 i kapittel 6.3 Status for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda i del III av proposisjonen.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Fotnoter
ElBits er den felles innovasjons- og digitaliseringspartnaren til nettselskapa.