9 Justis- og beredskapsdepartementet

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 S (2025–2026) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I den fjerde kolonnen i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen til neste år òg.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 9.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2025–2026

463

Teknologi frå autoritære statar

Nei

2025–2026

509

Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

Nei

2025–2026

566

Styrke det operative samarbeidet med EU-byrå

Ja

2025–2026

567

Avhopparprogram for unge lovbrytarar

Ja

2025–2026

619

Evaluering av samfunnsstraff

Nei

2025–2026

620

Meir bruk av gjenopprettande prosess

Ja

2025–2026

621

Rekruttere tilsette med anna fagkompetanse i kriminalomsorga

Ja

2025–2026

622

Heilskapleg gjennomgang av kriminalomsorga

Nei

2025–2026

624

Retningslinjer for opphald på tryggingscelle

Ja

2025–2026

675

Innføring av hovudregel om nabosjekk av EØS-regelverk

Ja

2025–2026

705

Betre integrering av familieinnvandrarar – henteekteskap

Nei

2025–2026

706

Betre integrering av familieinnvandrarar – underhaldskrav

Nei

2025–2026

788

Opptrapping av talet påtalejuristar i politiet

Ja

2025–2026

789

Følgjeevaluering av nye reglar for sivilrettsleg inndraging

Nei

2025–2026

790

Reglar for å auke inndraging av kriminelt utbyte

Nei

2025–2026

791

Vidareføring av pilotordning for politiutdanning i Alta

Ja

2025–2026

793

Tryggleik for eit nasjonalt program for avhopparar

Ja

2025–2026

794

Utløyse opsjon på tre nye politihelikopter

Ja

2025–2026

796

Rettstryggleik for barn

Nei

2025–2026

797

Rettstryggleik for barn

Nei

2025–2026

839

Dyrevennleg nyttårsfeiring

Nei

2025–2026

842

Forelding av grov mishandling i nære relasjonar

Nei

2025–2026

843

Verne folk mot gjeldsfeller

Nei

2025–2026

862

Førebyggjande skjulte etterforskingssteg

Nei

2025–2026

864

Fjerne hinder i teieplikta om unge i risikosona for kriminalitet

Nei

2025–2026

908

Skjulte tvangsmiddel ved etterforsking av involvering av mindreårige i kriminalitet

Nei

2025–2026

909

Informasjon om involvering av mindreårige i kriminalitet

Nei

2025–2026

911

Krav om skikkaheit før opptak til årsstudium ved Politihøgskolen

Nei

2025–2026

912

Samanslåing av klareringsmyndigheitene

Nei

2025–2026

913

Bruk av ansiktsdekkande plagg i publikumsretta offentlege institusjonar

Nei

2025–2026

975

Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje

Nei

2025–2026

976

Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje

Nei

2025–2026

1001

Forsvarsløftet – auka rammer og prioriteringar i Langtidsplanen for forsvarssektoren

Ja

2025–2026

1026

Beredskapsevna til kommunane

Nei

2025–2026

1052

Sjå til at PST er riktig dimensjonert for å møte den tryggingspolitiske situasjonen

Ja

2025–2026

1053

Sikre at PST si oppgåveløysing innan trygging av myndigheitspersonar ikkje går ut over andre kjerneoppgåver

Ja

2025–2026

1145

Senter for motstandskraft i nord

Nei

2024–2025

26

Vurdering av endringar i namnelova

Ja

2024–2025

47

Oppretthalde flyfraktkapasitet mellom fastlandet og Svalbard

Nei

2024–2025

463

Teknologi frå autoritære statar

Nei

2024–2025

473

Gjere det enklare å inndra verdiar som er eit resultat av kriminelle handlingar

Ja

2024–2025

474

Skjerping av straffenivået for ulovleg våpenhald

Nei

2024–2025

475

Kriminalisering av utnytting av barn og unge i kriminell verksemd

Ja

2024–2025

476

Prøveprosjekt for automatisk skotdeteksjon i Oslo

Nei

2024–2025

478

Raskare bortvising eller utvising av utlendingar som har utført, eller som det er grunn til å tru vil komme til å utføre, kriminalitet

Ja

2024–2025

479

Visitasjonssoner for våpenkontroll

Nei

2024–2025

517

Fri rettshjelp i barnevernssaker

Ja

2024–2025

600

Barnets beste i krise- og beredskapslover

Ja

2024–2025

624

Dekningsrom – bruk av eksisterande infrastruktur

Ja

2024–2025

626

Stortingsmelding om langtidsplan for politiet

Nei

2024–2025

627

Organisasjonar med omsorgsberedskap i kriser og katastrofar

Ja

2024–2025

628

Kartlegging av frivillige beredskapsressursar

Ja

2024–2025

633

Tilfluktsrom – forenkling i regelverk

Nei

2024–2025

634

Dispensasjon frå plikt til å byggje tilfluktsrom

Nei

2024–2025

637

Tilgang til flyplasstenester for beredskapsressursar

Nei

2024–2025

721

Innstrammingar på innvandringsområdet

Ja

2024–2025

722

Samanlikning med andre land om innvandring

Ja

2024–2025

724

Innstramming på familieinnvandringsområdet

Ja

2024–2025

782

Informasjonsdeling om økonomisk kriminalitet

Ja

2024–2025

783

Politiutdanning innanfor økonomisk kriminalitet

Nei

2024–2025

789

Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet

Ja

2024–2025

794

Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet

Ja

2024–2025

800

Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet

Ja

2024–2025

927

Det strafferettslege vernet til vektarar

Nei

2024–2025

928

Effekten av endringar i valdtektsføresegna

Nei

2024–2025

930

Førstelinjeteneste for rettshjelp

Nei

2024–2025

931

Endringar i forvaringsstraffa

Nei

2024–2025

948

Saksbehandlingstida i klareringssaker

Ja

2024–2025

960

Endringar i straffelova og legemiddellova

Nei

2024–2025

963

Endringar i straffelova og legemiddellova

Ja

2024–2025

964

Politiet si tvangsmiddelbruk i narkotikasaker

Nei

2024–2025

966

Forvaltningslova – personalsaker i interkommunale selskap som enkeltvedtak

Nei

2024–2025

967

Forvaltningslova – beredskapsheimelen

Nei

2024–2025

968

Forvaltningslova – automatisert saksbehandling

Nei

2024–2025

969

Forvaltningslova – rettleiingsplikta

Ja

2024–2025

970

Forvaltningslova – saksbehandlingstid

Ja

2024–2025

971

Forvaltningslova – administrative sanksjonar

Nei

2024–2025

1061

Generell væpning av norsk politi

Ja

2024–2025

1219

Strengare og meir effektiv praksis for bortvising, utvising og utsending

Ja

2023–2024

83

Advokatordning for innsette i fengsel

Ja

2023–2024

109

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Nei

2023–2024

136

Omvendt valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Ja

2023–2024

137

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Ja

2023–2024

140

Betre reintegrering av ekstremistar

Ja

2023–2024

562

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel med og produksjon av mat i kriser

Nei

2023–2024

613

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Nei

2023–2024

616

Utvide målgruppa for barnehusa

Nei

2023–2024

617

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Nei

2023–2024

618

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Nei

2023–2024

634

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Ja

2023–2024

658

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Nei

2023–2024

719

Organisering av advokatverksemd

Nei

2023–2024

753

Førehandsdeklarering av inn- og utførsel av kontantar

Ja

2023–2024

755

Fleirårige planar for politiet

Ja

2023–2024

758

Utgreiing av søknadsplikt ved kjøp av visse eigedommar i Noreg,

Ja

2023–2024

766

Forelding av krav som er under klagebehandling

Ja

2023–2024

767

Bevisførsel om opplysning som er underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Nei

2023–2024

771

Utanlandske kvinner som blir utsette for vald, vidare opphald

Nei

2023–2024

916

Lov om forbrukarleige av ting

Nei

2022–2023

132

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Ja

2022–2023

133

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Ja

2022–2023

139

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Nei

2022–2023

616

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Nei

2022–2023

618

Sakskostnader i sivile saker

Nei

2022–2023

644

Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort

Nei

2022–2023

729

A-krimsenter

Ja

2021–2022

504

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

506

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Ja

2021–2022

654

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Ja

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Ja

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

443

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Ja

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Ja

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

9.1 Stortingssesjonen 2025–2026

Teknologi frå autoritære statar

Vedtak nr. 463, 10. februar 2026

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en oversikt over teknologi fra autoritære stater og andre stater Norge ikke har sikkerhetspolitisk samarbeid med, som brukes til å sikre flyplasser og annen kritisk infrastruktur i Norge»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er dokument 8:27 S (2025–2026) og Innst. 94 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn – forbod mot å generere og spreie ulovleg innhald

Vedtak nr. 509, 5. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som forbyr å generere og spre ulovlig innhold, deriblant seksualiserte «deepfake»-bilder av personer, og dessuten gjennomgå regelverket og fremme forslag for å sikre en effektiv håndheving av personers vern mot manipulert innhold av egen person, herunder bøtelegging av teknologiselskaper som sprer slikt innhold»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 32 (2024–2025) og Innst. 137 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Styrke det operative samarbeidet med EU-byrå

Vedtak nr. 566, 24. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen styrke det operative samarbeidet med EU-byråer, som Europol og Eurojust, så langt det er mulig innenfor rammene av Norges tilknytningsforhold til EU.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:12 S (2025–2026) og Innst. 175 S (2025–2026)

Vedtaket har blitt følgt opp. Samarbeid om grensekryssande barne- og ungdomskriminalitet skjer innanfor rammene av det alminnelege internasjonale samarbeidet i straffesaker og gjennom politi- og påtalesamarbeid i konkrete enkeltsaker. Samarbeidet skjer mellom anna innanfor ramma av Europol, EUs sentrale politiorgan, som skal gi støtte til dei nasjonale politimyndigheitene i medlemslanda. Støtta blir gitt gjennom innsamling, analyse og bearbeiding av informasjon om alvorleg kriminalitet. Europol har etablert ei operativ arbeidsgruppe (Operational Task Force) for å motverke den aukande trenden med valdshandlingar på oppdrag formidla via nettet og rekruttering av unge personar til alvorleg kriminalitet. Gruppa blir leidd av Sverige og består elles av politi frå Noreg, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland og Nederland. I andre halvdel av 2025 vart talet på utsende til den norske desken i Europol auka med to personar. Tilsvarande er det vedteke å styrkje den norske tilstadeveringa med ytterlegare éin person frå første halvår 2027. I 2026 vart det òg etablert ei ordning for auka informasjonsutveksling mellom Noreg og Europol.

Eurojust er det europeiske organet for styrking av det strafferettslege samarbeidet på påtalesida og vart oppretta for å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet. Her samarbeider Noreg mellom anna med Sverige i såkalla Joint Investigation Teams (JIT) i arbeidet med konkrete saker knytte til kriminelle nettverk. Noreg bidreg òg til EUs grense- og kystvaktbyrå (Frontex), og ordninga for sivil beredskap (UCPM. Deltakinga og bidraga våre i desse ordningane medverkar alle til å styrkje arbeidet mot grensekryssande kriminalitet.

Noreg er også aktive i det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system innanfor området fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA). Byrået utvikler, forvalter og koordinerer implementering av ei rekkje felleseuropeiske IT-system som vil gi styrkt grense og migrasjonskontroll og betre og meir effektiv informasjonsdeling og tryggleik. Dei fleste av desse systema er Schengen-relevante, og blir implementert i systema til politiet og utlendingsmyndigheiter. Representanter frå Politidirektoratet (POD) og Utlendingsdirektoratet (UDI) deltek i byrået sitt styre, der dei er fullverdige medlemmer med stemmerett. Vidare deltek IT-ressurser fra POD og UDI i ulike advisory groups som omhandler utvikling og forvaltning av dei enkelte IT-systema.

Vidare er det etablert eit tett samarbeid med svensk politi, og Kripos har stasjonert ein sambandsrepresentant i Sverige hos den svenske motparten sin, Nationella operativa avdelningen (NOA) i Polismyndigheten. Føremålet med ei slik utplassering er å leggje til rette for eit effektivt operativt samarbeid, der raskare informasjonsdeling kan bidra til å førebyggje og motverke felles nordiske kriminelle truslar. Tenestepersonar frå Finland, Danmark og Noreg sit samla og har tilgang til operativ informasjon og ressurspersonell i Sverige. Erfaringane så langt har vore utelukkande positive for alle partar.

Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad når kriminaliteten ikkje lenger er lokal, men opererer uavhengig av nasjonale grenser. Dei gode samarbeidsstrukturane norsk politi allereie har etablert med svensk og europeisk politi, gjer politiet godt rusta til å følgje utviklinga tett på fleire kriminalitetsområde, mellom anna kriminelle nettverk og kriminalitet som handelsvare i andre land.

Noreg har ein tilknytningsavtale med EU sitt asylbyrå EUAA, og har eit aktivt samarbeid med det. UDI deltar i ei rekkje av byrået sine aktiviteter, som opplæring og kunnskapsoverføring. I tillegg deltar representanter frå UDI i asylstøtteteam som bistår medlemsland som som er utsette for eit særleg press på sitt asyl- og migrasjonssystem.

Styrking av det operative samarbeidet utover det vi allereie er involverte i, blir vurdert løpande på grunnlag av det til kvar tid gjeldande trusselbiletet.

Avhopparprogram for unge lovbrytarar

Vedtak nr. 567, 24. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen styrke eksisterende og opprette flere avhopperprogrammer for unge lovbrytere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:12 S (2025–2026) og Innst. 175 S (2025–2026) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å styrke tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak med 5 mill. kroner. Formålet med ordninga vil utvidast til å gjelde avhopparprogram. Sjå elles omtale under kategori 06.30.

Evaluering av samfunnsstraff

Vedtak nr. 619, 21. april 2026

«Stortinget ber regjeringen igangsette en evaluering av samfunnsstraff som straffereaksjon, med sikte på videreutvikling av ordningen. I evalueringen skal det særlig vurderes hvordan ordningen benyttes overfor unge lovbrytere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling. Departementet får i 2026 ei kunnskapsoversikt om relevant forsking på intensjon og juridisk rammeverk, innhald og effekt av samfunnsstraff. Rapporten skal òg systematisere forskingsresultat som viser likt og ulikt innhald og utfall for samfunnstraff framfor ungdomsstraff. Til slutt, ei strukturert oversikt over det vi ikkje veit, men som likevel er viktige problemstillingar på dette feltet. Kunnskapsoversikta skal gi eit godt grunnlag for kommande evaluering av samfunnsstraffa.

Meir bruk av gjenopprettande prosess

Vedtak nr. 620, 21. april 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i kriminalomsorgen som kan bidra til økt bruk av gjenopprettende prosess, særlig i saker som gjelder personer under den kriminelle lavalder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut behovet for ein heimel som gir politiet høve til å overføre saker med gjerningsperson under 15 år til konfliktrådet utan samtykke. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å løyve 15 mill. kroner til å styrke oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på bruk av gjenopprettande prosess for barn under 15 år. Sjå omtale under kategori 06.30.

Rekruttere tilsette med anna fagkompetanse i kriminalomsorga

Vedtak nr. 621, 21. april 2026

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til etablering av desentraliserte fagskoletilbud for å øke rekrutteringen til kriminalomsorgen og for å rekruttere ansatte med annen fagkompetanse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa arbeider aktivt med tiltak for å auke rekrutteringa til kriminalomsorga og for å sikre tilgang på relevant fagkompetanse. Det er bl.a. etablert ei desentralisert utdanning for å gjere det enklare å ta fengselsbetjentutdanning fleire stader i landet. Kriminalomsorgsdirektoratet har fått i oppdrag i 2026 å vurdere og foreslå ytterlegare tiltak for å auke rekrutteringa til kriminalomsorga. I dette arbeidet skal direktoratet òg vurdere kompetansebehov, utdanning og andre moglegheiter for forbetringar i oppgåveløysinga og kompetansebruken. Målet er å sikre god rekruttering og at tilsette med anna fagbakgrunn kan nyttast.

Heilskapleg gjennomgang av kriminalomsorga

Vedtak nr. 622, 21. april 2026

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en helhetlig gjennomgang av kriminalomsorgens forvaltningsstruktur og organisering.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Retningslinjer for opphald på tryggingscelle

Vedtak nr. 624, 21. april 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre at det gis retningslinjer som presiserer at opphold på sikkerhetscelle i fengsler for å forhindre selvmord og selvskading, kun kan brukes som akutt skadeavverging i korte tidsrom med strenge forholdsregler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 165 L (2024–2025), Innst. 193 L (2025–2026) og Lovvedtak 37 (2025–2026).

Vedtaket er følgt opp. Kriminalomsorgsdirektoratet arbeider med nye retningslinjer til straffegjennomføringsloven som oppfølging av Lovvedtak 37 (2025–2026), og Justis- og beredskapsdepartementet har bede direktoratet om å ta med ei slik tydeleggjering som Stortinget oppmodar om i vedtaket.

Innføring av hovudregel om nabosjekk av EØS-regelverk

Vedtak nr. 675, 28. april2026

«Stortinget ber regjeringen gjøre det til en hovedregel å gjennomføre sammenligninger med andre lands, særlig de nordiske, praktisering av EØS-relevant regelverk i proposisjoner som skal fremmes for Stortinget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er lnnst. 190 S (2025-2026) fra utenriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket blir følgt opp i samband med pågåande nye EØS-prosesser. Det blir vurdert endringar i Lovavdelingas lovteknikkrettleiar og i utredningsinstruksen.

Betre integrering av familieinnvandrarar – henteekteskap

Vedtak nr. 705, 12. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som sikrer at en person fratas retten til nytt henteekteskap dersom vedkommende er dømt for mishandling av tidligere ektefelle.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 144 S (2025–2026) og Innst. 230 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Betre integrering av familieinnvandrarar – underhaldskrav

Vedtak nr. 706, 12. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen øke underholdskravet for familiegjenforente fra minst 3,2 ganger grunnbeløpet i folketrygden til minst 4 ganger grunnbeløpet i folketrygden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 144 S (2025–2026) og Innst. 230 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Opptrapping av talet på påtalejuristar i politiet

Vedtak nr. 788, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen lage en plan for opptrapping av påtalejurister og komme tilbake til Stortinget i forslag til statsbudsjett for 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).

Vedtaket er følgt opp. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 vart løyvinga til påtalemakta og politiet auka med totalt 145 mill. kroner. Av denne summen gjekk 40 mill. kroner særskilt til påtalemakta i politiet for å møte eit aukande press og ei større oppgåvemengd. Frå 2024 til 2025 auka talet på påtalejuristar i politiet med 100 årsverk, noko som svarar til ein vekst på 10 prosent.

Følgeevaluering av nye reglar for sivilrettsleg inndraging

Vedtak nr. 789, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen igangsette en følgeevaluering av innføringen av de nye reglene for sivilrettslig inndragning. Evalueringen skal belyse hvilken effekt lovendringen har for omfanget av inndratte formuesgoder som stammer fra kriminalitet, og i hvilken grad de nye inndragningsreglene viser seg egnet til å ramme kriminelle nettverk og bakmenn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling, og heng saman med vedtak nr. 790.

Reglar for å auke inndraging av kriminelt utbyte

Vedtak nr. 790, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen, parallelt med evalueringen av de nye reglene for sivilrettslig inndragning, utrede regler for å øke inndragning av kriminelt utbytte, herunder et forslag om sivil inndragning av formuesgoder med omvendt bevisbyrde innenfor rammene av Grunnloven og våre internasjonale forpliktelser, og legge frem et lovforslag innen utgangen av 2028.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Vidareføring av pilotordning for politiutdanning i Alta

Vedtak nr. 791, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen sørge for at pilotprosjektet for desentralisert politiutdanning i Alta videreføres i full skala, og at det foretas nye opptak av kull årlig i hele perioden fram til våren 2028. Dette for å få godt nok grunnlag for en fullgod evaluering av desentralisert politiutdanning i fremtiden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 8: 84 S (2025–2026) og Innst. 249 S (2025–2026).

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa har utvida opptaket ved den desentraliserte politiutdanninga i Alta med 24 plassar hausten 2026. Regjeringa vil vurdere auka opptak i 2027.

Tryggleik for eit nasjonalt program for avhopparar

Vedtak nr. 793, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre et nasjonalt avhopperprogram og at eksisterende tilbud ikke legges ned før en ny og forutsigbar søknadsordning er på plass.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:95 S (2025–2026) og Innst. 253 S (2025–2026) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å styrke tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak med 5 mill. kroner. Formålet med ordninga vil bli utvida til å gjelde avhopparprogram. Sjå elles omtale under programkategori 06.30.

Utløyse opsjon på tre nye politihelikopter

Vedtak 794, 27. februar 2026

«Stortinget ber regjeringen, senest i forslaget til statsbudsjett for 2027, legge fram et forslag til oppfølging av Politidirektoratets anbefalinger i KVU og KS1 om økt helikopterkapasitet for politiet, herunder igangsetting av et forprosjekt for nye helikopterbaser, hangarfasiliteter og dronesatsing.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:138 S (2025–2026) og Innst. 293 S (2025–2026).

Vedtaket er følgt opp. Arbeidet med å sjå på luftkapasitetane i politiet held fram, men av hensyn til mange saker i justissektoren foreslår regjeringa ikkje å løyve midlar til å utløyse opsjon på nye politihelikopter.

Rettstryggleik for barn

Vedtak nr. 796, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen sende på høring et forslag om hvordan barns rettssikkerhet kan styrkes, herunder om man bør sikre retten til prosessuell representasjon. Forslaget skal sendes på høring innen 1. januar 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 L (2025–2026) og Innst. 291 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Rettstryggleik for barn

Vedtak nr. 797, 26. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan rettighetene til barn som utsettes for vold og overgrep, kan styrkes, med sikte på å fremme forslag om dette for Stortinget. Herunder bes regjeringen vurdere tiltak for styrking av politiets og påtalemyndighetens arbeid samt innføring av rett til bistandsadvokat og selvstendig representasjon i rettsprosessen for barn som er døde som følge av en straffbar handling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 L (2025–2026) og Innst. 291 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Dyrevennleg nyttårsfeiring

Vedtak nr. 839, 1. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen gi kommunene adgang til å regulere eller forby privat fyrverkeri i hele kommunen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:176 S (2025–2026) og Innst. 320 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har fått oppdrag om å greia ut om kommunane skal få utvida fullmakter til å kunne forby privat bruk av fyrverkeri, inkludert å kunne gje totalforbod i kommunen.

Forelding av grov mishandling i nære relasjonar

Vedtak nr. 842, 2. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å avskaffe foreldelse av straffansvar for grov mishandling i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2025–2026) og Innst. 287 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Verne folk mot gjeldsfeller

Vedtak nr. 843

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med implementering av forbrukerkredittdirektivet vurdere rentetak og kostnadstak på usikret forbruksgjeld.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:254 S (2025–2026) og Innst. 332 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Førebyggjande skjulte etterforskingssteg

Vedtak nr. 862, 3. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag som åpner for bruk av forebyggende skjulte etterforskningsskritt ved mistanke om overtredelse av flere straffebud etter erfaringer fra andre nordiske land.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 368 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Fjerne hindre i taushetsplikten om unge i risikosonen for kriminalitet

Vedtak nr. 864, 4. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen raskt fremme forslag om nødvendige lovendringer for å fjerne hindre i taushetsplikten som gjør at vesentlige personopplysninger ikke kan utveksles mellom politi, kommune, fylkeskommune, skole og barnevern om unge i risikosonen for kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 79 L (2025–2026), Innst. 356 L (2025–2026) og Lovvedtak 67 (2025–2026)

Vedtaket er under behandling.

Skjulte tvangsmiddel ved etterforsking av involvering av mindreårige i kriminalitet

Vedtak nr. 908, 9. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som sikrer at mistanke om overtredelse av straffeloven §§ 200 og 200 a gir adgang til skjulte etterforskningsskritt som kommunikasjonsavlytting og dataavlesning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 57 L (2025–2026) og Innst. 351 L (2025–2026) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Endringar i politiregisterloven – barneomsorgsattest (involvering av mindreårige i kriminalitet)

Vedtak nr. 909, 9. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at flere straffbare forhold som har sammenheng med organisert kriminalitet, fremkommer på barneomsorgsattest, herunder blant annet straffeloven §200 om involvering av barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 57 L (2025–2026), Innst. 351 L (2025–2026), Lovvedtak 77 (2025–2026) og Lovmerknad 2 (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Krav om skikkaheit før opptak til årsstudium på Politihøgskolen

Vedtak nr. 911, 9. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at Politihøgskolen også kan fastsette krav om skikkethet før opptak til årsstudie på PHS på lik linje med krav om plettfri vandel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 L (2025–2026), Innst. 382 L (2025–2026) og Lovvedtak 80 (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Samanslåing av klareringsmyndigheitene

Vedtak nr. 912, 9. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen evaluere sammenslåingen av klareringsmyndighetene samt se på tiltak som kan korte ned saksbehandlingstiden og sikre uavhengig klageadgang og økt mulighet for innsyn i egen sak»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 76 L (2025–2026) og Innst. 353 L (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Bruk av ansiktsdekkande plagg i publikumsretta offentlege institusjonar

Vedtak nr. 913, 9. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kartlegging av bruken av heldekkende ansiktsplagg i publikumsrettede offentlige institusjoner, og på grunnlag av kartleggingen vurdere å utvide forbudet mot heldekkende ansiktsplagg for andre publikumsrettede offentlige institusjoner i den hensikt å sikre kommunikasjon og samhandling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:245 S (2025–2026) og Innst. 423 S (2025–2026) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje

Vedtak nr. 975, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke beløpsgrensen for når statsforvalteren overtar forvaltningen av finansielle eiendeler som eies av barn eller annen person med verge, og komme tilbake til Stortinget om ny beløpsgrense.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2025–2026) og Innst. 379 S (2025–2026) frå Finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje

Vedtak nr. 976, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere om det bør åpnes for flere plasseringsalternativer enn bankinnskudd for midler som forvaltes på vegne av en personer med verge.

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2025–2026) og Innst. 379 S (2025–2026) frå Finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Statens sivilrettsforvaltning mottok i 2024 ein rapport frå KPMG, som vurderte alternative modellar for kapitalforvaltning for personar med verje. Statens sivilrettsforvaltning har i 2026, på oppdrag frå departementet, vurdert tilrådingane i KPMG sin rapport. Statens sivilrettsforvaltning støttar tilrådinga frå KPMG om å utvide dagens kapitalforvaltningsmodell til å òg å omfatte ei standardisert fondsløysing.

Forsvarsløftet – Auka rammer og prioriteringar i Langtidsplanen for forsvarssektoren

Vedtak nr. 1001, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen legge frem for Stortinget prinsippene og kriteriene som legges til grunn for hvilke sivile utgifter og tiltak som skal regnes inn under 1,5-prosentmålet til forsvarsrelaterte formål.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 440 S (2025–2026).

Vedtaket er følgt opp. Målet om 1,5 prosent inngår i NATOs overordna mål for byrdefordeling, der medlemslanda skal nytte minst 5 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) til forsvar og tryggleik innan 2035, fordelt på minst 3,5 prosent til militære forsvarsutgifter og inntil 1,5 prosent til andre forsvars- og tryggleiksrelaterte utgifter.

Regjeringa legg til grunn NATO sine kriterium og retningslinjer for kva utgifter som kan inngå i 1,5-prosentmålet. Justis- og beredskapsdepartementet har, i samarbeid med dei andre departementa, kartlagt utgifter som kan inngå i 1,5-prosentmålet. Kartlegginga viser at Noreg i 2026 vil nytte om lag 1,5 prosent av BNP til slike føremål. Det inneber at målet blir oppfylt allereie i inneverande år. Beløpet består mellom anna av løyvingar knyte til veg, jernbane og maritim infrastruktur, løyvingar til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, delar av verksemda til politiet og tiltak retta mot førebygging av terrorhandlingar, tryggingstiltak knyte til kritisk infrastruktur slik som drift av gassbehandlingsterminalar og flysikringstenester for både sivil og militær luftfart, utgifter til krigskirurgisk kapasitet og det nasjonale beredskapslageret for legemiddel. Det er òg rapportert inn utgifter til tiltak som skal styrke evna samfunnet har til å førebyggje og handtere cyberåtak, sabotasje og andre samansette truslar. Rapporteringa viser at Noreg har betydelege sivile bidrag til totalforsvaret som styrker både nasjonal og alliert forsvarsevne.

Beredskapsevna til kommunane

Vedtak nr. 1026, 16. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen legge frem en helhetlig gjennomgang av kommunenes beredskapsevne, herunder sivil beredskap, helseberedskap, kritisk infrastruktur og forsyningssikkerhet, samt forslag til nødvendige tiltak og finansiering.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 94 S (2025–2026) og Innst. 448 S (2025–2026).

Vedtaket er under behandling.

Sjå til at PST er riktig dimensjonert for å møte den tryggingspolitiske situasjonen

Vedtak nr. 1052, 18. juni 2026

«I lys av Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i politiets sikkerhetstjeneste (PST) ber Stortinget regjeringen sørge for at PST er riktig dimensjonert med hensyn til organisering, styring og rammevilkår for å møte den sikkerhetspolitiske situasjonen, særskilt med hensyn til kjerneoppgaver som kontraterror, kontraetterretning og beskyttelse av myndighetspersoner i Norge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 3:6 (2025–2026) og Innst. 445 S (2025–2026)

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2027 å auke løyvinga til PST med 250 mill. kroner. Tiltaka som er naudsynte for å sikre at PST er riktig dimensjonert, handlar om rammevilkår som mellom anna budsjett og regelverk, det krev derfor oppfølging over fleire år.

Regjeringa meiner at denne styrkinga vil gjere PST rusta til å møte den tryggingspolitiske situasjonen. Samstundes er trusselbiletet komplekst og stadig i endring, og utviklinga har vore negativ dei siste åra. Vi må derfor arbeide kontinuerleg med å vidareutvikle tenesta slik at PST kan møte eit trusselbilete i utvikling og fylle rollene sine innanfor både kontraterror, kontraetterretning og vern av myndigheitspersonar i Noreg.

Justis- og beredskapsdepartementet følgjer og opp at PST har dei riktige rammevilkåra i form av regelverk; her er varsla forslag til endringar i politilova og straffelova viktige tiltak. Vidare vil vi følgje opp at PST er riktig dimensjonert i både fred, krise og krig gjennom arbeidet med langsiktig planlegging for PST. Her vil til dømes ytterlegare regelverksendringar, planverks- og teknologiutvikling inngå.

Sikre at PST si oppgåveløysing innan trygging av myndigheitspersonar ikkje går ut over andre kjerneoppgåver

Vedtak nr. 1053, 18. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen etablere tiltak for å sikre at PSTs oppgaveløsning innenfor beskyttelse av myndighetspersoner ikke går på bekostning av andre kjerneoppgaver som kontraterror og kontraetterretning, fore eksempel ved et organisatorisk skille, samt vurdere ytterligere tiltak for å begrense PSTs kostnader ved myndighetspersoners reiser til høyrisikoland.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 3:6 (2025–2026) og Innst. 445 S (2025–2026).

Vedtaket er følgt opp. PST må kunne organisere verksemda si og prioritere ressursane sine slik at tenesta kan oppfylle samfunnsoppdraget på en best mogleg måte. Derfor er det ikkje formålstenleg å innføre eit organisatorisk skilje av PST sine oppgåver innanfor vern av myndigheitspersonar utover det som allereie finst. Under kontrollhøyringa vart også dette diskutert, der det kom fram at det å skilje det ut frå PST, vil ha fleire uheldige sider. Eit slikt skilje vil gjere drifta av PST mindre fleksibel og avgrense handlingsrommet til verksemda. Regjeringa jobbar også med tiltak for å sikre at oppgåvene blir gjennomførte så effektivt som mogleg.

Senter for motstandskraft i nord

Vedtak nr. 1145, 19. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede statens EBA-behov i Kirkenes som følge av etableringen av Senter for motstandskraft i nord, og i den forbindelse også vurdere synergier med kommunens arbeid med et beredskapens hus. Stortinget ber regjeringen også bidra til en utredning av en felles satsing på beredskap i Kirkenes for blant annet spesialisthelsetjenesten, brann og redning, DSB og politiet. Det skal særlig vektlegges fokus på totalberedskap og et felles øvings- og treningssenter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026)

Vedtaket er under behandling. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for motstandskraft i nord med 15 mill. kroner. Som ein del av arbeidet med å vidareutvikle senteret vil EBA-behov og moglege synergieffektar med andre lokale aktørar vurderast.

9.2 Stortingssesjonen 2024–2025

Vurdering av endringar i namnelova

Vedtak nr. 26, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere endringer i navneloven, slik at etterkommere av urfolk og/eller nasjonale minoriteter lettere kan ta tilbake sin families opprinnelige etternavn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 19 (2022–2023) og Innst. 30 S (2024–2025) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Departementet har vurdert dei aktuelle reglane i lova og tilhøyrande rundskriv. Det blir ikkje foreslått lovendringar. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert at regelen i namnelova § 4 første ledd nr. 9, som gir høve til å ta eit etternamn ein har «særlig tilknytning til» sjølv om namnet elles er beskytta, gir tilstrekkeleg moglegheit til å ta namn som er gått ut av bruk i slekta. Forarbeida til føresegna legg til grunn at namnemyndigheitene må utøve eit særleg romsleg skjønn der eit namn har gått ut av bruk i slekta på grunn av fornorsking.

Det er generelt ikkje ønskjeleg å lage eigne lovreglar for enkelte etniske grupper. Departementet har gått gjennom praksis for å vurdere om reglane blir praktiserte slik det er føresett. Tilbakemeldingane frå statsforvaltarane, som er klageinstans for skattekontora sine vedtak i namnesaker, tilseier at dei eksisterande unntaka i lova er tilstrekkelege til å sikre at det er mogleg å ta tilbake gamle slektsnamn, samtidig som nasjonale minoritetar i størst mogleg grad får same vern for sine beskytta etternamn som majoritetsbefolkninga har. Departementet vil vurdere om ein bør gi nærare føringar i rundskriv til lova.

Oppretthalde flyfraktkapasiteten mellom fastlandet og Svalbard

Vedtak nr. 47, 21. november 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at flyfrakt-kapasitet mellom fastlandet og Svalbard opprettholdes inntil en permanent løsning er på plass.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, og Innst. 36 S (2024–2025) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa foreslo i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet å auke løyvinga på kap. 0003, post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre på svalbardbudsjettet med 15 mill. kroner, til støtte for å halde oppe flyfraktkapasiteten mellom Svalbard og fastlandet. Den auka løyvinga vart foreslåttsom eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kunne skaffe til vegar naudsynt flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane hadde komme fram til ei langsiktig løysing. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å løyve 10,0 mill. kroner til å vidareføre tiltaket. Departementet greier ut korleis ein skal sikre ei varig ordning som sikrar fraktkapasiteten mellom Svalbard og fastlandet.

Gjere det enklare å inndra verdiar som er eit resultat av kriminelle handlingar

Vedtak nr. 473, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag for å gjøre det enklere for påtalemyndigheten å inndra verdier som er frembrakt ved kriminelle handlinger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa la 5. desember 2025 fram forslag om endringar i straffelova, jf. Prop. 27 L (2025–2026). Det viktigaste forslaget i proposisjonen gjekk ut på å innføre ei ny ordning for inndraging utan straffedom – kalla sjølvstendig inndraging. I tillegg vart det foreslått nokre mindre justeringar i dei andre inndragingsreglane. Stortinget har gjort lovvedtak i tråd med forslaget frå regjeringa, jf. Innst. 214 L (2025–2026) og lov 12. juni 2026 nr. 28.

Skjerping av straffenivået for ulovleg våpenhald

Vedtak nr. 474, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovendringsforslag for å sikre en skjerpelse av straffenivået for ulovlig våpenbesittelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 87 S (2024–2025), Dokument 8:10 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sende 17. desember 2025 på høyring forslag til skjerping av straffene for ulovleg omgang med skytevåpen, eksplosiv m.m. Høyringa vart avslutta i mars 2026.

Kriminalisering av utnytting av barn og unge i kriminell verksemd

Vedtak nr. 475, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å kriminalisere utnyttelse av barn og unge til ulovlig virksomhet i et eget straffebud. Lovverket bør gjøre det straffbart å rekruttere, betale, instruere, overlevere eiendeler til eller på annen måte involvere noen som er under 18 år, i kriminell virksomhet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025), Dokument 8:10 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Etter forslag frå regjeringa i Prop. 57 L (2025–2026) vedtok Stortinget ved endringslov 23. juni 2026 nr. 71 eit nytt straffebod i straffelova om involvering av mindreårige i kriminalitet. Straffebodet rettar seg mot den som involverer ein mindreårig i nærmare fastsette straffbare handlingar eller straffbare handlingar som kan medføre fengsel i 3 år eller meir. Etter forslag frå justiskomiteen i Innst. 351 L (2025–2026) rammar straffebodet også den som rekrutterer ein mindreårig til å gjere ei straffbar handling som nemnd. Strafferamma i det nye straffebodet er bot eller fengsel inntil 3 år. I tillegg vart det vedteke ei eiga føresegn om grovt brot med ei strafferamme på fengsel inntil 6 år. Lovendringane vart sette i kraft 1. juli 2026.

Prøveprosjekt for automatisk skotdeteksjon i Oslo

Vedtak nr. 476, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et prøveprosjekt for automatisk skuddeteksjon i Oslo.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politiet arbeider no med å førebu eit stort, fleirårig omstillingsarbeid knytt til heilskapleg digitalisering av politiet, der det bl.a. skal etablerast ein ny digital grunnmur. Når ein framtidsretta, sikker og robust digital grunnmur er etablert, er det formålstenleg å vurdere utviklinga av nye strategiske og operative kapasitetar som legg til rette for effektar som kjem både samfunnet, publikum og politiet til gode.

Eit automatisk skotdeteksjonssystem vil krevje tilknyting til politiet sine datasystem og må ha ein robust digital grunnmur som har kapasitet til å handtere eit slikt system. Oppfølginga av vedtaket om eit prøveprosjekt vil derfor bli sett i samanheng med heilskapleg digitalisering.

Raskare bortvising eller utvising av utlendingar som har utført, eller som det er grunn til å tru vil komme til å utføre, kriminalitet

Vedtak nr. 478, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at utlendinger som har begått eller som det er grunn til å tro at vil komme til å begå kriminalitet, bortvises eller utvises fra landet raskere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Gjennom instruks GI 01/2026 av 23. januar 2026 klargjorde departementet handlingsrommet for utvising av ein utlending som er omfatta av EØS-regelverket, dersom utlendingen har tilknyting til eit kriminelt nettverk og representerer ein ekstraordinær kriminalitetstrussel, utan vilkår om at utlendingen tidlegare er straffa.

Våren 2026 hadde departementet òg på høyring eit forslag til nye reglar for utvising av utlendingar som det er grunn til å frykte vil gjere konkrete straffbare handlingar, eller som elles utgjer ein trussel mot offentleg orden eller tryggleik. Departementet arbeider no med oppfølging i ein lovproposisjon.

Politiet og Utlendingsdirektoratet har vidare hatt i oppdrag å gjennomgå saksflyten i utvisingssaker for å identifisere og følgje opp eventuelle effektiviseringstiltak.

Gjennomgangen har vist at saksflyten i saker om utvising på grunn av ilagd straff som utgangspunkt er svært god. Blant tiltaka som er identifiserte og følgde opp våren 2026, er mellom anna at utvisingssak blir oppretta og sett i gang tidlegare, også i dei tilfella der utlendingen skal sone lengre fengselsstraff, og at fleire saker enn tidlegare blir innlemma i ein allereie etablert hurtigprosedyre.

Visitasjonssoner for våpenkontroll

Vedtak nr. 479, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen innen 1. september 2025 fremme de nødvendige lovendringsforslag for å sikre innføring av visitasjonssoner for våpenkontroll.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Ei utgreiing med lovforslag vart sendt på høyring 9. mars 2026, med frist 9. juni.

Fri rettshjelp i barnevernssaker

Vedtak nr. 517, dato 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i rettshjelploven som vil gi private parter rett til fri rettshjelp fra og med undersøkelsesfasen i barnevernet i samværssaker og i tvangssaker som går for Barneverns- og helsenemnda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Departementet viser til Rettshjelputvalet si utgreiing NOU 2020: 5 punkt 27.6.6, der det vart lagt til grunn at dersom alle som var gjenstand for ei undersøking skulle få rettshjelp, ville dette omfatte svært mange, bli svært kostbart og heller ikkje verke konfliktdempande. Departementet sluttar seg til vurderingane frå Rettshjelpsutvalet og vurderer det ikkje formålstenleg å gå vidare med slike endringar no. Departementet viser òg til at det allereie er rett til fri sakførsel utan behovsprøving etter rettshjelplova § 17 tredje ledd nr. 2 i saker som blir behandla av barneverns- og helsenemnda etter kapittel 14 i barnevernslova, at partane har rett til fritt rettsråd i nærmare bestemte tilfelle etter rettshjelpslova § 11 nr. 2 bokstav a og b, at det kan søkjast om rettshjelp etter skjønnsføresegna i rettshjelpslova § 11 fjerde ledd, og at det i tillegg hender at barnevernstenesta dekker advokatbistand for partar i barnevernssaker dersom dei meiner dette er formålstenleg for å oppnå god dialog, jf. NOU 2020: 5 punkt 27.6.6.

Barnets beste i krise- og beredskapslovar

Vedtak nr. 600, 29. april 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå alle krise- og beredskapslover og, der det er naturlig, fremme forslag om en bestemmelse som sikrer at hensynet til barnets beste og å bevare en mest mulig normal hverdag for barn og unge skal vektlegges i all krisehåndtering.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 151 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa er opptatt av å ivareta barns behov i oppfølginga av det nasjonale arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og legg til grunn at bestemmingar om barns rettar og krav til beskyttelse er retningsgivande for dette. I direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps nasjonale rettleiar om kommunar og fylkeskommunars roller og ansvar i tryggleikpolitisk krise og krig er det fastslått at barns rettar etter Grunnlova §104 og FNs barnekonvensjon skal leggjast til grunn for arbeidet med beredskap og krisehandtering.

Dekningsrom – bruk av eksisterande infrastruktur

Vedtak nr. 624, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan man kan ta i bruk eksisterende infrastruktur som tunneler og underjordiske stasjoner på jernbane og T-bane, som mulige tilfluktsrom.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa sende 19. juni 2026 på høyring eit utkast til ny forskrift om tilfluktsstader, der det blir foreslått fleire tiltak. Eitt av forslaga er å gjere det mogleg for kommunane å setje i gang arbeid med å kartleggje og peike ut dekningsrom i eksisterande bygningar.

Stortingsmelding om langtidsplan for politiet

Vedtak nr. 626, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen basert på politidirektørens faglige råd og politirolleutvalget fremme en stortingsmelding om langtidsplan for politiet så snart som mulig og gi en orientering om fremdrift i forbindelse med statsbudsjettet for 2026.».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket er under behandling. Den kommande utgreiinga til politirolleutvalet vil vere eit sentralt bidrag, saman med anna relevant kunnskapsgrunnlag som blir utarbeidd, mellom anna Politidirektørens faglege råd. Fleire av utgreiingsoppdraga kjem fram i eit eige styringsdokument til politidirektoratet, som er vedlegg til tildelingsbrevet for 2026. Den langsiktige planen vil bli lagd fram for Stortinget. Sjå elles omtale under kategori 06.40.

Organisasjonar med omsorgsberedskap i kriser og katastrofar

Vedtak nr. 627, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med organisasjoner som står for omsorgsberedskap i kriser og katastrofer, deriblant Norske Kvinners Sanitetsforening og Norges Bygdekvinnelag, og etablere ordninger som bedre ivaretar deres økonomiske behov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa innførte i 2026 ei tilskotsordning for til mat- og måltidsberedskap, omsorgsberedskap og psykososial støtte ved ulukker, kriser og katastrofar. Tilskotsordninga skal medverke til å styrkje kapasiteten i frivillige organisasjonar til å planleggje, byggje opp, halde ved lag og mobilisere ressursar for å vareta grunnleggjande behov hos råka og sårbare grupper.

Kartlegging av frivillige beredskapsressursar

Vedtak nr. 628, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen kartlegge de frivillige beredskapsressursenes omfang, kapasitet og tilgjengelighet, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom samarbeidet mellom Hovudredningssentralen, politiet og dei frivillige organisasjonane god og løpande oversikt over dei frivillige ressursane som inngår i redningstenesta. Felles ressursregister gir oppdatert informasjon om personell, materiell, geografisk plassering og tilgjengelegheit. Oversikta blir supplert gjennom øvings- og samvirkeaktivitet. Regjeringa arbeider samstundes for at frivillige beredskapsressursar skal inngå i beredskapsplanlegginga på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Kommunar, regionale aktørar og frivillige organisasjonar er oppmoda om å styrke samarbeidet og nytte etablerte samhandlingsarenaer. Organisasjonane er òg oppmoda om å delta aktivt i øvingar i Totalforsvarsåret 2026. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til de frivillige organisasjonane i redningstenesta med 10 mill. kroner i 2027.

Tilfluktsrom – forenkling i regelverk

Vedtak nr. 633, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre forenklinger i relevant forskrifts- og regelverk for å sikre kostnadsreduserende tiltak som tilsvarer om lag de økte kostnadene ved å innføre en plikt til å bygge tilfluktsrom.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket er under behandling. Forslag til ny forskrift om tilfluktsstader prioriterer dei raskaste og mest kostnadseffektive tiltaka for auka vern for sivilbefolkninga. Konkrete og lokale behovsvurderingar, kartlegging og vedlikehald av eksisterande tilfluktsrom og klassifisering av dekningsrom vil være dei viktigaste første grepa for å auke vernet for befolkninga. Det blir ikkje foreslått å gjeninnføre ein allmenn plikt til å byggje tilfluktsrom i nybygg over 1000 m2.

Dispensasjon frå plikt til å byggje tilfluktsrom

Vedtak nr 634, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen, når nytt regelverk og kriterier er vedtatt, oppheve den gjeldende midlertidige dispensasjonen fra plikten til bygging av tilfluktsrom gitt i forskrift om tilfluktsrom, for offentlige og private tiltakshavere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025), Innst. 242 S (2024–2025)

Vedtaket er under behandling. Regjeringa har 19. juni 2026 sendt på høyring eit utkast om ny forskrift om tilfluktsstader. Det blir ikkje foreslått å gjeninnføre ei allmenn plikt til å byggje tilfluktsrom i nybygg over 1000 m2. Forholdet til gjeldande regulering om byggjeplikt og tilhøyrande dispensasjonsregime vil bli vurdert nærmare før fastsetting av ei forskrift.

Tilgang til flyplasstenester for beredskapsressursar

Vedtak nr. 637, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre beredskap på flyplasser som gjør at redningshelikoptre, luftambulanser og andre helikoptre som bidrar i søk, redning og transport av skadde og syke, har en forutsigbarhet når det gjelder tilgjengelighet av flyplasstjenester»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025), og Innst. 242 S (2024–2025).

Vedtaket er under behandling. HRS har gjennomført ei kartlegging av døgnkontinuerleg tilgang til drivstoff for redningstenesta og luftambulanse. Samferdselsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Helse-og omsorgsdepartementet, vil følgje opp utgreiinga HRS har gjort.

Innstrammingar på innvandringsområdet

Vedtak nr. 721, 22. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med konkrete forslag til innstramminger på innvandringsområdet som kan iverksettes raskt ved behov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:94 S (2024–2025) og Innst. 282 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp gjennom fleire lov- og forskriftsendringar. I 2025 kom fleire innstrammingar i retten til permanent opphaldsløyve og familieinnvandring på plass, og i mai 2026 avgrensa regjeringa mellombels kollektivt vern mot menn mellom 18 og 60 år. Det er også gjort endringar i saksbehandlingsreglane for mellombels kollektivt vern. Vidare er relevante delar av Eurodac-forordninga 2024, forordninga om asyl- og migrasjonshandtering og kriseforordninga gjennomført i norsk rett. Regelverket er ein del av EUs Pakt for migrasjon og asyl («Pakten») og innfører fleire tiltak for å bekjempe ulovleg migrasjon og forhindre sekundærmigrasjon i Europa. Departementet vurderer også å foreslå eit språkkrav som vilkår for familieinnvandring. Departementet arbeider elles med førebuingar til gjennomføringa av den nye returforordninga, som skal erstatte det gjeldande returdirektivet frå 2008. Politisk semje mellom dei lovgivande institusjonane i EU (Rådet og Europaparlamentet) vart oppnådd 1. juni 2026, og det er grunn til å tru at rettsakta vil bli formelt vedteken i løpet av hausten 2026. Returforordninga vil bidra til eit meir heilskapleg og effektivt system for retur av personar utan lovleg opphald i EU og Schengen-området. Departementet tek sikte på å fremje Prop. LS for Stortinget i første halvår 2027. Departementet har også gitt to instrukser som strammer inn reglene om utvising; GI 01/2026 om utvising etter EØS-regelverket i tilfeller hvor det ikkje er ilagt straff og GI 03/2026 om tolkning av utlendingslovens bestemmelse om utvising av mindreårige EØS-borgere. Vidare er det sendt på høyring eit forslag til lovendring om utvida adgang til å utvise utlending utan opphaldsløyve før straffbar handling faktisk er begått. I tillegg har UDI og politiet på oppdrag frå departementet gjennomgått saksflyten i saker om utvising og har identifisert enkelte forbedringstiltak, av desse er fleire sette i verk.

Vedtaket bør sjåast i samanheng med vedtak nr. 722 frå 22. mai 2025.

Samanlikning med andre land om innvandring

Vedtak nr. 722, 22. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av hvilke områder på innvandringsfeltet der Norge skiller seg ut fra sammenlignbare land, for eksempel i Norden og Europa, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag om innstramminger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:94 S (2024–2025) og Innst. 282 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp, og må sjåast i samanheng med anmodingsvedtak nr. 721 frå 22. mai 2025. I arbeidet med lov- og forskriftsendringane nemnt der er det gjort ei vurdering av tilsvarande regelverk i andre land.

Innstramming på familieinnvandringsområdet

Vedtak nr. 724, 22. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å stramme inn vilkårene for familieinnvandring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:156 S og Innst. 284 S (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Det er gjort endringar i bestemmelsen som gir foreldre og søsken rett til familiesameining med barn under 18 år som har fått vern i Noreg, jf. Prop. 113 L (2024–2025). Endringane skal bl.a. motverke utøving av bigami. I juni 2026 fremma regjeringa forslag til endringar i reglane om foreldre og søskens rett til familiesameining med mindreårig barn i Noreg, jf. Prop. 108 L (2025–2026). Forslaga skal bl.a. hindre at foreldre og søsken gis opphaldsløyve dersom personen i Noreg har etablert seg med eigen kjernefamilie gjennom ekteskap e.l. Det er også forslag om at opphaldsløyve i familiesameining mellom einsleg mindreårig med vern i Noreg og deira foreldre og søsken kan nektast dersom omsynet til barnets beste tilseier det. Vidare er det forslag om eit krav til samtykke dersom eit mindreårig søsken søker familiesameining med barnet, og berre ein av foreldra får opphaldsløyve i Noreg. Formålet er å sikre at norsk regelverk om familieinnvandring ikkje legg til rette for barnebortføring eller i realiteten avgjer konfliktar mellom foreldre om barnefordeling. I Plan for Noreg står det at regjeringa vil skjerpe vilkåra for familieinnvandring, og eitt forslag som er til vurdering er å krevje språkkunnskapar for å få familieinnvandring. Regjeringa vil óg vurdere å heve underhaldskravet i familieinnvandring. Samla vil desse og andre tiltak føre til innstramming i regelverket om familieinnvandring.

Informasjonsdeling om økonomisk kriminalitet

Vedtak nr. 782, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag og utarbeide forskrifter som gjør det mulig for politiet, Skatteetaten, registerenhetene, finansinstitusjoner, teleoperatører og Nav å dele informasjon ved berettiget mistanke om økonomisk kriminalitet, hvor hensynet til personvern også ivaretas.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:129 S (2024–2025) og Innst. 364 S (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa etablerer eit nasjonalt senter mot økonomisk kriminalitet (ø-krimsenteret), med planlagt verknad frå 1. januar 2027. I senteret vil ressursar frå offentleg og privat sektor jobbe saman i Økokrim sine lokale, for å kjempe mot økonomisk kriminalitet. Vidare er forslag til forskrift om deling av opplysingar omfatta av teieplikt og behandling av personopplysningar i arbeidet mot økonomisk kriminalitet (ø-kriminformasjons-forskrifta) sendt på høyring. Forslaget skal sikre at relevante offentlege organ får naudsynt tilgang til å dele og behandle slike opplysningar, slik at ein kan førebyggje og kjempe mot økonomisk kriminalitet på ein effektiv måte. Høyringsfristen er 20. november 2026.

Politiutdanning innan økonomisk kriminalitet

Vedtak nr. 783, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå politiutdanningen og vurdere hvordan etterforskningskompetansen innen økonomisk kriminalitet kan styrkes og spesialiseres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:129 S (2024–2025) og Innst. 364 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Det er gjort fleire grep ved Politihøgskolen for å sørge for betre kompetanse om økonomisk kriminalitet i politiet. I samarbeid med Skatteetaten er det utvikla ein ny studieplan om avdekking av og bistand til etterforsking av økonomisk kriminalitet. Målgruppa er tilsette i sivile kontrolletatar, og første gjennomføring av vidareutdanninga er planlagd i 2026. Politihøgskolen er òg i dialog med Universitetet i Søraust-Noreg om moglegheitene for at studium om økonomisk kriminalitet kan inngå i bachelorgradar ved universitetet, som kan vere eigna for etterforskarar/kontrolletater.

Vidare er det etter oppdrag frå departementet oppretta eit etterforskingsstudium ved Politihøgskolen, for personar utan politiutdanning. Studiet har 60 plasser og hadde oppstart hausten 2026. Det kom inn 1919 søknader til studiet. Vidare har Politihøgskulen inngått et samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kunnskap gjennom eit bransjeprogram for finansnæringa. Politihøgskolen skal her utvikle to vidareutdanningar for tilsette i bank, knytte til avdekking og oppfølging av svindel og kvitvasking. På denne måten kan høgskolen bidra til å styrke privat sektor sin kompetanse i arbeidet mot økonomisk kriminalitet. Første gjennomføring var våren 2026.

Politiet si deltaking i A-krimsamarbeidet

Vedtak nr. 789, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for fullverdig deltakelse i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og komme tilbake til Stortinget senest innen revidert nasjonalbudsjett for 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. I regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet frå august 2025 er tiltaket «Styrke og vidareutvikle det tverretatlige samarbeidet for å forebygge og kjempe mot arbeidslivskriminalitet» sentralt. Oppfølging av tiltaket er leidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i samråd med Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Det er allereie innført betre heimlar for Arbeidstilsynet sine verkemiddel, der det bl.a. er gjort tydeleg at politiet kan vere til hjelp med å gjennomføre vedtak. Jf. Prop. 80 L (2025–2025) som tredde i kraft 1. juli 2025.

Politiets deltaking i A-krimsamarbeidet

Vedtak nr. 794, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre tiltak, herunder eventuelle nødvendige regelverksendringer, for å sikre at politiet deltar i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene gjennom gode og effektive ansvars- og oppgavedelinger med de øvrige akrim-etatene, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789 frå same sesjon.

Politiet si deltaking i A-krimsamarbeidet

Vedtak nr. 800, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for fullverdig deltakelse i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og komme tilbake til Stortinget senest innen statsbudsjettet for 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789 frå same sesjon.

Det strafferettslege vernet til vektarar

Vedtak nr. 927, 6. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere helhetlig hvorvidt vektere og andre yrkesgrupper bør omfattes av det særlige strafferettslige vernet i straffeloven §§ 265 og 286 eller om det bør innføres et generelt sterkere vern av yrkesutøvere med særlig risiko for å utsettes for trusler, vold og kroppskrenkelser i forbindelse med utøvelse av yrket.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:203 S (2024–2025) og Innst. 507 S (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Effekten av endringane i valdtektsføresegna

Vedtak nr. 928, 6. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen igangsette en systematisk følgeforskning, herunder studier av rettspraksis, bevisvurdering samt effekten på rettssikkerheten av endringene i voldtektsbestemmelsene i straffeloven, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en vurdering av hvordan loven fungerer etter at den har vært i kraft en tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 132 L (2024–2025) og Innst. 451 S (2024–2025).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil lyse ut eit forskingsprosjekt med tentativ oppstart tidleg i 2027. På det tidspunktet vil dei endra valdtektsføresegnene ha verka i eitt og eit halvt år, og det vil vere eit grunnlag for å hente inn kunnskap om korleis føresegnene verkar. Prosjektet skal mellom anna gi kunnskap om domstolane sine bevisvurderingar i valdtektssaker, fornærma si stilling etter ny lovgiving, varetaking av tiltalte sin rettstryggleik, kva for erfaringar og synspunkt politi, påtalemakt, forsvararar, bistandsadvokatar, dommarar og eventuelt andre har med dei endra føresegnene, og moglege forklaringar på eventuelle endringar i kriminalstatistikken. Departementet vil, som oppfølging av resultat av forskingsprosjektet, komme tilbake til Stortinget på eigna vis med ei vurdering av korleis lova fungerer.

Førstelinjeteneste for rettshjelp

Vedtak nr. 930, 6. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen følge opp utredningen om en førstelinjetjeneste for rettshjelp fra 2023 og komme tilbake til Stortinget på egnet vis med forslag til etablering av en førstelinjetjeneste for rettshjelp.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 103 L (2024–2025) og Innst. 468 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling. Statens sivilrettsforvaltning er gitt i oppdrag av departementet å greie ut korleis ein kan innrette ei digital og telefonisk førstelinjeteneste for rettshjelp. Fristen for utgreiinga er 15. oktober 2026.

Endringar i forvaringsstraffa

Vedtak nr. 931, 6. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av forvaringsstraffen, herunder innstramning i reglene for å begjære prøveløslatelse, krav til bruk av elektronisk kontroll ved permisjon og prøveløslatelse og en sikrere risikovurdering av domfelte med forvaringsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:209 L (2024–2025) og Innst. 482 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Saksbehandlingstida i klareringssaker

Vedtak 948, 6. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte og innen rimelig tid komme tilbake til Stortinget med konkrete tiltak for å redusere saksbehandlingstiden i klareringssaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 7 (2024–2025), Innst. 393 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til Stortinget si behandling og innstillinga frå justiskomiteen til Prop. 76 L om endringar i tryggingslova (organisering av klareringsmyndigheita). Justis- og beredskapsministeren, saman med forsvarsministeren har sett i gang eit arbeid med å modernisere klareringsarbeidet i Noreg – det såkalla «Klareringsløftet». Det er avgjort å opprette eit felles sivil-militært klareringsdirektorat (Klareringsdirektoratet (KDIR)). Endring i organisering er eit naudsynt steg på vegen mot ein meir framtidsretta, sikker og effektiv klareringsinstitusjon. Andre viktige føresetnader for å redusere saksbehandlingstida er auka digitalisering i saksbehandlinga og vidare utvikling av regelverket. Dette vil òg føre til betre samordning og likebehandling, heilskapleg fagutvikling og modernisering i takt med samfunnsutviklinga. Sjå nærmare omtale i programkategori 06.50.

Endringar i straffelova og legemiddellova

Vedtak nr. 960, 10. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen, innen våren 2026, utrede og sende på høring et lovforslag som sikrer at politiet ikke straffeforfølger narkotikaovertredelser etter legemiddelloven og mindre alvorlige overtredelser av straffeloven § 231, der lovbryteren yter assistanse, er til stede eller tilkaller nødetater i akutte nødsituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold, med sikte på deretter uten unødig opphold å komme tilbake til Stortinget med et lovforslag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.

Vedtaket er under behandling.

Endringar i straffelova og legemiddellova

Vedtak nr. 963, 10. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre regelverket om tilbakekall av førerrett på grunn av rusmiddelbruk og gi veiledning om praksis for å sikre at hensynet til rettssikkerhet og forholdsmessighet ivaretas.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.

Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet, i samråd med Samferdselsdepartementet, som har forvaltningsansvaret for vegtrafikklova, har bede om Politidirektoratets vurdering og forslag til ei slik tydeleggjering og rettleiing om praksis som Stortinget oppmodar om i vedtaket.

Politiet sin tvangsmiddelbruk i narkotikasaker

Vedtak nr. 964, 10. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennom tildelingsbrev legge til rette for at Den høyrere påtalemyndighet følger med på politiets tvangsmiddelbruk i mindre alvorlige narkotikasaker, herunder ved å føre en åpen statistikk over omfanget og resultatene av narkotikatesting. Videre bes regjeringen legge til rette for at Den høyere påtalemyndighet gjennomfører en undersøkelse av tvangsmiddelbruk, tilsvarende den som ble gjennomført i 2022, etter at de foreslåtte endringene i legemiddelloven har virket i ett år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.

Vedtaket er følgt opp. Det er i tildelingsbrev til Den høgare påtalemakta for 2026 gitt oppdrag med tilhøyrande rapportering.

Forvaltningslova – Personalsaker i interkommunale selskap som enkeltvedtak

Vedtak nr. 966, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere om personalsaker i interkommunale selskaper og oppgavesamarbeid fortsatt skal defineres som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, eller om det er mest hensiktsmessig at det utelukkende reguleres gjennom arbeidsmiljøloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Forvaltningslova – beredskapsheimel

Vedtak nr. 967, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene for bruk av beredskapshjemmelen i forvaltningsloven og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Forvaltningslova – automatisert saksbehandling

Vedtak nr. 968, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen evaluere virkningene av lovendringene i forvaltningsloven om automatisert saksbehandling og automatiserte avgjørelser innen tre år etter lovens ikrafttredelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Forvaltningslova – rettleiingsplikta

Vedtak nr. 969, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen følge opp overfor forvaltningen gjennom forskrift, veiledninger etc. og understreke at veiledningsplikten først kan anses som oppfylt når informasjonen er mottatt og forstått av den enkelte.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket blir følgt opp gjennom veiledning og opplæring knytt til ny forvaltningslov.

Forvaltningslova – saksbehandlingstid

Vedtak nr. 970, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte innskjerpe overfor forvaltningen at forvaltningslovens bestemmelser vedrørende krav til saksbehandlingstid og personer og virksomheters rett til svar blir ivaretatt.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket blir følgt opp gjennom veiledning og opplæring knytt til ny forvaltningslov.

Forvaltningslova – administrative sanksjonar

Vedtak nr. 971, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sørge for at rettssikkerheten ivaretas når staten ilegger privatpersoner og virksomheter administrative sanksjoner, og ber regjeringen utrede hvordan kravene til saksbehandling som EMK artikkel 6 oppstiller for slike saker, kan ivaretas.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Generell væpning av norsk politi

Vedtak nr. 1061, 12. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige lovendringer for å innføre generell bevæpning av politiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:89 S (2024–2025) og Innst. 523 S (2024–2025).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa foreslo oppfølging av vedtaket i Prop. 81 L (2025–2026) om endringar i politilova for generell væpning av politiet. Endringa erstattar heimelen Politidirektoratet har til å avgjere at politiet skal vere væpna i den daglege tenesta, med ei føresegn om at politiet som hovudregel skal vere væpna med skytevåpen i tenesta. Lovendringa er vedteken, og vil bli sett i kraft snarleg.

Strengare og meir effektiv praksis for bortvising, utvising og utsending

Vedtak nr. 1219, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen påse at utlendingsmyndighetene sammen med politiet foretar en gjennomgang av mulighetene for en strengere og mer effektiv praksis for bortvisning, utvisning og utsendelse av utlendinger uten lovlig opphold og uten sterk familietilknytning, som politiet har konkrete holdepunkter for at også er involvert i kriminalitet, herunder narkotikakriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025).

Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har saman med politiet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda gått gjennom sentrale sider ved regelverket og praksisen for utvising av utlendingar som kan knytast til kriminalitet i Noreg. Som del av dette arbeidet har etatane gått gjennom saksgangen i dei aktuelle sakene og vurdert moglegheitene for forbetringar.

Departementet gav 27. januar 2026 ut instruks GI-01/2026 Utvising etter EØS-regelverket i tilfelle der det ikkje er ilagd straff. Vidare gav departementet 29. mai i år ut GI-03/2026 Instruks om tolking av utlendingslova si føresegn om utvising av mindreårige EØS-borgarar.

Departementet sende òg 16. mars 2026 på høyring eit framlegg om utvida heimel for utvising av utlendingar som det er grunn til å frykte vil gjere seg skuldige i kriminalitet, og vil fremje ein lovproposisjon som følgjer opp dette framlegget så raskt som mogleg.

Det er også varsla at det blir arbeidd med ei rekkje andre innstrammande tiltak som vil bli lagde fram fortløpande så snart dei er tilstrekkeleg førebudde.

9.3 Stortingssesjonen 2023–2024

Advokatordning for innsette i fengsel

Vedtak nr. 83, 21. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen opprette en advokatordning for innsatte i norske fengsler innen 1.1.2025, og komme tilbake til hvordan en slik ordning kan innrettes i løpet av 2024.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa kom tilbake til Stortinget med forslag til oppfølging i Prop. 103 L (2024–2025) Endringer i rettshjelpsloven mv. (prioriterte sakstyper for rettshjelp) punkt 5. Ved lov 20. juni 2025 nr. 82 om endringer i rettshjelpsloven mv. (prioriterte sakstyper for rettshjelp mv.) er innsette gitt rett til advokatbistand i nærmare definerte tilfelle av utelukking frå fellesskap, bruk av tryggingsseng og tryggingscelle. Desse sakene er valde ut fordi dei er dei viktigaste sakstypane, og fordi det er ein avgrensa ressurssituasjon. For saker som ikkje er omfatta av det som er teke inn som prioriterte område etter rettshjelpslova, vil det vere mogleg å søke om rettshjelp etter unntaksføresegna i rettshjelpslova § 11. Det er presisert i forarbeida til denne føresegna, jf. Prop. 103 L (2024–2025) punkt 14.4, at det er fleire sakstypar knytte til gjennomføringa av straff som det kan vere aktuelt å søkje om rettshjelp i, til dømes klage på andre tvangsmiddel eller kontrolltiltak som inneber element av tvang, klage over vedtak om ufrivillig overføring til eit anna fengsel, klager i saker om avbrot i straffa grunngitt i den innsette si fysiske eller psykiske helse med vidare. Det går vidare fram at departementet legg til grunn at vilkåra for å innvilge fritt rettsråd etter unntaksføresegna oftare vil vere oppfylte for innsette under 18 år.

Lovendringane er sette i kraft, og det er løyvd midlar til kriminalomsorga for å leggje til rette for at innsette skal bli informerte om og kunne nytte seg av advokatbistanden. Kriminalomsorgsdirektoratet har informert dei ulike regionskontora om endringane i rettshjelpslova, og fengsla skal sørge for at føresegna blir gjort kjend for dei innsette. Direktoratet har òg oppdatert malverket for relevante vedtak, med informasjon om retten til advokatbistand i desse sakstypane.

Behovet befolkninga har for advokatbistand som heilt eller delvis blir finansiert av det offentlege, bør i hovudsak søkast dekt gjennom rettshjelpsordninga. Rettshjelpsordninga rettar seg ikkje mot grupper, men mot nærmare bestemte sakstypar. Dersom alle sakstypar som innsette kan ha behov for bistand i, skulle vore prioriterte sakstypar etter rettshjelpsordninga, ville det vore svært kostbart. I fleire sakstypar er det likevel, for innsette som for store delar av befolkninga elles, behov for bistand av eit meir avgrensa omfang. I tråd med det departementet skriv i Prop. 103 L (2024–2025) punkt 3, er departementet i gang med å vurdere om det finst høve til å levere lett tilgjengeleg rettshjelp av avgrensa omfang til eit breiare lag av befolkninga. Såkalla «førstelinjebistand» til befolkninga, mellom anna innsette, blir derfor følgd opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 930, 6. juni 2025.

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Vedtak nr. 109, 7. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot markedsføring av kreditt (usikret lån) og forbrukslån.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2023–2024) og Innst. 81 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nytt direktiv om forbrukarkredittavtalar, (EU) 2023/2225, som bl.a. inneheld reglar om marknadsføring av kredittavtalar. Frist for iverksetjing av direktivet i EU er 20. november 2026. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med eit høyringsnotat.

Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Vedtak nr. 136, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av omvendt voldsalarm før beslutning om at barn må flytte og bo på hemmelig adresse/kode 6.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. På bakgrunn av ei risikovurdering i den enkelte sak, avgjer politiet kva slags vernetiltak som er mest eigna og minst inngripande for den som skal vernast. Dersom omvend valdsalarm blir vurdert som eigna i ei sak, er det dette vernetiltaket som vil bli sett i verk. I andre tilfelle der trusselbiletet tilseier at omvend valdsalarm ikkje gir tilstrekkeleg vern, må andre tiltak, t.d. adressesperre eller bruk av fiktiv identitet vurderast.

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Vedtak nr. 137, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om at det skal fremgå direkte av loven at hensynet til barn skal ha særlig vekt i vurderingen av om elektronisk kontroll ved besøksforbud er nødvendig og forholdsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Det følgjer av Grunnlova § 104 at kva som er best for barnet, skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som vedkjem barn. Prinsippet om barnet sitt beste er òg slått fast i Barnekonvensjonen artikkel 3. Her går det fram at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn, inkludert handlingar som blir gjorde av domstolar eller andre offentlege myndigheiter. Barnekonvensjonen er gjort til norsk lov gjennom menneskerettslova, og har ved motstrid forrang framfor føresegner i anna lovgiving, jf. § 3 i lova. Ved brev 20. mars 2024 har riksadvokaten gitt nærmare retningslinjer for påtalemakta sine vurderingar av om elektronisk kontroll ved besøksforbod er naudsynt og forholdsmessig. Her blir det understreka at moglege konsekvensar for involverte barn veg tungt, og at påtalemakta så langt det er mogleg må kartleggje om det er behov for flytting, skulebyte, opphald på krisesenter, eller om barnet sitt kvardagsliv på annan måte blir påverka negativt utan elektronisk kontroll, sjå punkt 4.2. Desse retningslinjene legg til rette for at den lovfesta norma om at det beste for barnet skal tilleggjast særleg vekt, vert følgd opp i praksis. Heimelen for å ileggje elektronisk kontroll ved besøksforbod er straffeprosesslova § 222 g. Det vil vere lovteknisk uheldig å ta inn omsynet til barnet sitt beste direkte i denne føresegna, sidan det allereie følgjer av andre føresegner at barnet sitt beste er eit særleg tungtvegande omsyn. Det vil òg kunne skape ein meir uoversiktleg og uklar rettstilstand, og reise spørsmål om kva vekt omsynet til barnet sitt beste skal ha i vurderingar etter andre lovføresegner.

Betre reintegrering av ekstremistar

Vedtak nr. 140, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre bedre reintegrering av ekstreme gjennom forbedrede exit-program, blant annet gjennom å oppdatere veilederen for exit-arbeid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket har blitt følgt opp. I Noreg har vi ikkje eit eige nasjonalt exit-program for enkeltpersonar som søker bistand for å trekkje seg ut av ekstreme miljø. Dette arbeidet blir handtert i dei etablerte strukturane som har ansvar for og kompetanse til å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Exit-arbeidet blir skreddarsydd til den enkelte som ønskjer seg ut av eit ekstremistisk miljø eller tankesett, og blir gjennomført på tvers av etatar og fagmiljø. Regjeringa vil, som nemnt i Meld. St. 13 (2024–2025), gi relevante underliggjande verksemder i oppdrag å oppdatere rettleiaren for exit-arbeid.

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel med og produksjon av mat i kriser

Vedtak nr. 562, 18. april 2024

«Stortinget ber regjeringen sikre at kritiske samfunnsfunksjoner gis fortrinn ved kriser slik at blant annet handel og produksjon av matvarer går mest mulig normalt under en krise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer vedtaket i samband med arbeidet med oppfølginga av Totalberedskapsmeldinga og regjeringa sin nye Nasjonale tryggleiksstrategi. Regjeringa har identifisert ni kritiske samfunnsområde som vi er avhengige av også i krise og krig. Matforsyning er eitt av desse. Eit hovudformål med utpeikinga er å sikre evna til å oppretthalde funksjonalitet innanfor desse ni områda i krise og krig. Dette arbeidet er i gang, og blir bl.a. sett i samanheng med utarbeidinga av den første langtidsplanen for sivil beredskap som regjeringa vil fremje i 2026.

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Vedtak nr. 613, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til lovfesting av kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner og sende lovforslag på høring innen våren 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Det har vore sett ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe med oppdrag å utgreie lovfesting av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. I tillegg til å utgreie moglegheitene for lovfesting av kommunale handlingsplanar, har arbeidsgruppa òg vurdert andre tiltak som kan bidra til at kommunane utviklar slike planar. Den tverrdepartementale arbeidsgruppa leverte sin rapport i 2025. Parallelt med arbeidet med forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar, har regjeringa sett ned ein kommisjon som skal foreslå endringar i staten sin styring av kommunesektoren. Forslag til endringar skal leggje til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen leverte sin første rapport NOU 2026: 1 En bærekraftig kommunesektor ved årsskiftet, og andre delrapport er venta i løpet av 2026. Den vidare oppfølginga av vedtaket blir sett i samanheng med oppfølginga av kommunekommisjonen sitt arbeid, og vil etter planen fortsetje våren 2027.

Utvide målgruppa for barnehusa

Vedtak nr. 616, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av planperioden (2024–2028) utvide målgruppen for barnehusene til å gjelde mistenkte barn, innenfor de lovbruddstyper som gjelder for utsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Frå 2024 er målgruppa for barnehusa utvida slik at mistenkte under 16 år i saker som gjeld seksuelle overgrep, òg er omfatta. Vidare utviding av målgruppa vil blir vurdert når det er henta inn et breiare erfaringsgrunnlag.

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Vedtak nr. 617, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvdel av planperioden (2024–2028) utrede og komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide målgruppen for barnehusene, slik at også barn mellom 16 og 18 år kan få tilrettelagte avhør på lik linje med andre barn».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket krev ei nærmare utgreiing som førebels ikkje er sett i gang. Det må bl.a. greiast ut om ei utviding av målgruppa for tilrettelagt avhøyr vil innebere ei utviding av tilgangen til å forklare seg utanfor retten òg, sidan fleire då vil bli omfatta av føresegna om tilrettelagde avhøyr.

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Vedtak nr. 618, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene om dødsstedsundersøkelse når barn dør plutselig og uventet, og vurdere behovet for lovendringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. I ei tolkingsfråsegn frå 2009 har Lovavdelinga gitt uttrykk for at det er tvilsamt om ein kan etablere ei ordning med obligatorisk dødsstadsundersøking innanfor ramma av Grunnlova § 102 (og EMK artikkel 8), men det er ikkje gjort ei full ny vurdering av dette spørsmålet. Det kan ikkje utelukkast at det kan vere rom for å gi reglar som opnar for dødsstadsundersøking i fleire tilfelle enn i dag, men det føreset krevjande rettslege vurderingar.

Før det eventuelt blir sett i gang nærmare vurderingar av det rettslege handlingsrommet, må behovet for obligatorisk dødsstadsundersøking, og korleis ei slik ordning bør avgrensast, greiast ut.

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Vedtak nr. 634, 14. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med nytt forslag til endringer i vaktvirksomhetsloven § 2. I arbeidet med et nytt forslag må berørte parter involveres, med hensikt å unngå negative følger for yrkesgrupper som jobber på lufthavner.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2023–2024) og Innst. 275 L (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Justis- og beredskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtaket i samarbeid med Samferdselsdepartementet. Etter ei omfattande involvering av aktørar det vedkjem og framlegging av nytt forslag med justeringar og modifiseringar av det opphavelege forslaget, registrerer departementa framleis ein betydeleg motstand frå NHO Service og Handel, Norsk Arbeidsmandsforbund og Parat mot å gjere endringar i verkeområdet til vaktverksemdslova. Justis- og beredskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet har etter ei samla vurdering konkludert med at det ikkje vil bli fremma eit nytt forslag til endringar i verkeområdet til vaktverksemdlova på noverande tidspunkt. Ein går ut frå at den teknologiske utviklinga på sikt vil auke automatiseringa av den rolla som tryggleikskontrollørar ved flyplassar har når det gjeld mellom anna analyse av røntgenbilete, mens det vil vere behov for menneskeleg kontakt og skjønn ved fysiske kontrollar og handtering av kriser.

Regjeringa foreslår å oppheve vedtaket, jf. forslag til vedtak.

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Vedtak nr. 658, 23. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at det ved familiegjenforening stilles krav om erklæring om at ekteskapet er inngått av egen fri vilje og at man anerkjenner hverandres like rett til skilsmisse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 719, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen forskriftsfeste at forsikringsadvokater kan utøve advokatvirksomhet som en del av rettshjelpforsikringen i tråd med forslag til ny forskrift § 9 som tidligere foreslått i høring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 L (2023–2024) Lov om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.), Innst. 392 L (2023–2024) og Lovvedtak 84 (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd løper ut.

Førehandsdeklarering av inn- og utførsel av kontantar

Vedtak nr. 753, dato 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen stille krav om elektronisk forhåndsdeklarering av større pengeverdier som skal fraktes inn og ut av landet, samt innføre krav om å opplyse om pengenes opprinnelse, og komme tilbake til Stortinget om dette innen revidert nasjonalbudsjett for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet ga hausten 2025 eit oppdrag til Politidirektoratet om i samarbeid med Tolletaten å greie ut moglege løysingar. Svar på oppdraget vart levert 15. juni 2026 og er no til oppfølging i departementet.

Fleirårige planar for politiet

Vedtak nr. 755, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for flerårige planer for politiet og komme tilbake i statsbudsjettet for 2025 med forslag om hvordan dette skal gjennomføres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Sjå elles omtale under vedtak 626 frå stortingssesjon 2024-2025, og omtale under kategori 06.40.

Utgreiing av søknadsplikt ved kjøp av visse eigedommar i Noreg

Vedtak nr. 758, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede en plikt til å søke tillatelse til kjøp av visse eiendommer, herunder om det bør være begrensninger i hvem som kan kjøpe eiendom nær viktige militære installasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I totalberedskapsmeldinga går det fram at regjeringa vil auke kontrollen med eigedom av omsyn til nasjonal tryggleik. Regjeringa vil greie ut pliktig eigarskapsregistrering for å oppnå tilstrekkeleg oversikt over og kontroll med eigarskap til fast eigedom, og vil foreslå naudsynte regelendringar som sikrar ein godkjenningsmekanisme for kjøp av visse eigedommar. Kartverket har gjennomført ei konseptvalutgreiing for pliktig eigarskapsregistrering. Rapporten vart overlevert til kommunal- og distriktsministeren 19. juni 2025. Regjeringa arbeider med å finne ei formålstenleg innretning på ein godkjenningsmekanisme for kjøp av visse eigedommar.

Forelding av krav som er under klagebehandling

Vedtak nr. 766, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå lovendringer for å sikre at foreldelsesfristen ikke begynner å løpe så lenge et krav er gjenstand for klagebehandling i forvaltningen eller gjenstand for klagebehandling hos privat motpart.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:75 S (2023–2024) og Innst. 418 S (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har utgreia spørsmålet, og eit forslag til lovendringar vil bli sendt på høyring hausten 2026 eller vinteren 2027.

Bevisførsel om opplysning som er underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Vedtak nr. 767, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp brev til Stortingets presidentskap fra Sivilombudet av 20.april 2023 om – Oppfølging av Dokument 21 (2020–2021) – bevisførsel om opplysning underlagt taushetsplikt hos Sivilombudet – og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som ivaretar intensjonen i brevet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 352 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Utanlandske kvinner som blir utsette for vald, vidare opphald

Vedtak nr. 771, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med nødvendige endringsforslag vedrørende oppfølgingen av kvinner som utsettes for vold, men som ikke tør å be om hjelp av bekymring for å bli sendt til hjemlandet. Saken må inkludere en vurdering av utlendingsloven § 53 b, som i dag regulerer fortsatt opphold etter samlivsbrudd på bakgrunn av vold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger) og Innst. 427 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling og blir følgt opp i samband med oppfølginga av NOU 2024: 13 Lov og frihet.

Lov om forbrukarleige av ting

Vedtak nr. 916, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget i løpet av vårsesjonen 2026 med forslag om en forbrukerlovgivning for leie av ting, for å sikre et heldekkende forbrukervern for leie, leasing og delingstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 22. desember 2025 eit forslag til ei ny leigelov på høyring. Forslaget vil regulere avtalar om leige av ting mellom forbrukarar og næringsdrivande og skal gi forbrukarane tydelege rettar, skape føreseielegheit for næringslivet og bidra til grøn omstilling. Lovforslaget inneheld òg særskilde reglar om privatleasing. Høyringsfristen var 30. mars 2026. Departementet arbeider no med ein lovproposisjon om ny leigelov.

9.4 Stortingssesjonen 2022–2023

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Vedtak nr. 132, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet er i dialog med den nyetablerte direktoratsgruppa som følgjer arbeidet mot vald mot barn og vald i nære relasjonar, for utforming av eit nasjonalt førebyggingsprogram. Statens sivilrettsforvaltning (SRF), som har sekretariatsansvar for partnardrapskommisjonen, deltek i direktoratsgruppa. Ein tek sikte på å starte arbeidet med programmet i løpet av hausten 2026.

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 133, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Vedtaket blir sett i samanheng med vedtak 613 frå stortingssesjon 2023-2024, sjå omtale under dette vedtaket.

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Vedtak nr. 139, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Eit forslag som følgjer opp oppmodingsvedtaket, vart sendt på høyring 8. mai 2024, sjå høyring av forslag til endring av straffegjennomføringsloven og forskrift om straffegjennomføring mv. (bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i kriminalomsorgen), punkt 7.7. I høyringsnotatet foreslo departementet å opne for bruk av digitale kontrolltiltak, mellom anna sporingsteknologi (til dømes fotlenke med GPS-sendar), dersom slik kontroll er naudsynt for å sikre ein forsvarleg straffegjennomføring, utgang eller prøvelauslating, eller slik kontroll er formålstenleg for å kontrollere føresetnader eller vilkår for den aktuelle straffegjennomføringa, utgangen eller prøvelauslatinga. Høyringsfristen var 2. september 2024. Departementet følgjer no opp høyringa.

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Vedtak nr. 616, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Sakskostnader i sivile saker

Vedtak nr. 618, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort

Vedtak nr. 644, 9. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Tydeleige heimlar for politiets samarbeid på arbeidskriminalitetsfeltet

Vedtak nr. 729, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789, 794 og 800 under Stortingssesjon 2024–2025.

9.5 Stortingssesjonen 2021–2022

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd går ut.

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd går ut.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet ser denne saka i samanheng med forslaget frå EU om å innføre ei tilsvarande plikt, men arbeidet i EU er forseinka, då det ikkje er semje om heile forordninga. Ei mellombels forordning er vedteken, som gir tenestetilbydarane ein heimel til å melde frå om mogleg overgrepsmateriale, og forordninga vil bli teken inn i norsk rett ved ikraftsetjinga av den nye e-komlova. I samband med arbeidet er det gjennomført ein høyring av eit tidlegare utkast frå EU-kommisjonen, og ei interdepartemental arbeidsgruppe har hatt fleire møte, også med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Kripos og Datatilsynet. Oppmodningsvedtaket vil bli følgt opp innanfor den endelege forordninga i EU når denne er vedteken.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Eit forslag om varslingsplikt for kriminalomsorga om straffegjennomføringa til domfelte har vore på høyring. Høyringsfristen gjekk ut 1. april 2025. Regelverksarbeidet er gjennomført og regjeringa tek sikte på å leggje fram eit lovforslag i 2026 om endringar i straffegjennomføringslova.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Forslag til ny forskrift om tilfluktsstader er sendt på alminneleg høyring 19. juni 2026 med frist 30. oktober. Det er foreslått at utsette kommunar skal vurdere behovet for tilfluktsstader og utarbeide konkrete planar. Kommunane skal særleg ta omsyn til behovet for vern i bygg berekna for sårbare grupper som etter folkeretten har krav på særleg vern, slik at mellom anna personar med funksjonshindringar får eit tilfredsstillande vern. Høyringsforslaget er sendt til bl.a. organisasjonar som representerer personar med funksjonshindringar. Omsynet til sårbare grupper, inkludert personar med funksjonshindringar, vil også vere ein del av det pågåande arbeidet med utvikling av nytt vernekonsept. Dette er den delen av arbeidet som er prioritert no.

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere vedtaket i samanheng med reglar i direktiv (EU) 2021/2167 om kredittenestefirma og kredittkjøparar og direktiv (EU) 2023/2225 om forbrukarkredittavtalar.

9.6 Stortingssesjonen 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300,301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Lovbrot som nemnde i straffelova § 293 (grov valdtekt), § 300 (minstestraff for valdtekt til samleie av barn under 14 år) og § 301 (grov valdtekt av barn under 14 år) var omfatta av avverjingsplikta allereie då oppmodingsvedtaket vart fatta, jf. at § 291 (valdtekt) og § 299 (valdtekt av barn under 14 år) er, og var, nemnde i § 196. Straffelova § 292 er oppheva med verknad frå 1. juli 2025. Resten av vedtaket er under behandling. Lovutvalet om negativ sosial kontroll m.m. har i NOU 2024: 13 foreslått at avverjingsplikta blir utvida til å omfatte lovbrota som er nemnde i straffelova § 261 (omsorgsunndraging). Regjeringa har i handlingsplanen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald for 2025–2028 forplikta seg til å gjennomgå utvalet sitt forslag i løpet av handlingsplanperioden.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159 av 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Kultur- og likestillingsdepartementet sende 30. juni 2026 forslag til lov om antidopingarbeidet og arbeidet mot manipulering av idrettskonkurransar på høyring. Eit lovforslag vil kunne følgje opp vedtaket.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Som nemnt i brevet til justiskomiteen 25. mars 2019, frå dåverande konstituert justis- og innvandringsminister Jon Georg Dale, i fråsegn til det nemnde representantforslaget, er fleire former for omgang med dopingmidlar straffbart, og det strafferettslege ansvaret er vidtrekkande. Som óg uttalt i nemnde brev, kan bruk av dopingmidlar etter tilhøva óg straffast som bedrageri etter straffelova § 371 mv.

Ein idrettsutøvar som vinn ein konkurranse ved hjelp av doping, og dermed tek imot ein premie med økonomisk verdi, kan etter tilhøva gjere seg skuldig i bedrageri. Utøvaren kan seiast å utnytte ein «villfarelse» hos arrangørar og konkurrentar om at utøvaren ikkje er dopa, og dermed skaffe seg ein «uberettiget vinning». Arrangørar kan seiast å bli «forlede[t]» til å feilaktig betale ut ein premie som skulle ha gått til ein konkurrent, mens konkurrentane kan seiast å bli «forlede[t]» til å unnlate å protestere mot sigeren til den dopa utøvaren. Ein eller fleire konkurrentar av utøvaren lir dermed «tap eller fare for tap». Tredjepersonar som bidreg, vil etter tilhøva kunne straffast for medverking til slikt bedrageri. Medverkingsansvaret i norsk strafferett er vidtrekkande, og kan ramme personar frå til dømes sponsorar, forbund, støtteapparat, som hjelper utøvaren i å utføre bedrageri som nemnd, med kjennskap til at vedkommande er dopa. Andre som utfører etterfølgjande bistand for å sikre eller ta i mot utbytte frå slikt bedrageri, kan etter tilhøva straffast for heleri etter straffeloven § 332. Etter regjeringas vurdering er det ikkje behov for nye reglar i straffeloven for å kunne straffeforfølgje desse tilfella.

For handlingar som inneber at tredjepersonar på andre måtar tener pengar som en følgje av idrettsprestasjonane til ein dopa utøvar, til dømes gjennom auka sal av varer, rettar, eller billettar, vil det vere meir usikkert om vilkåra i straffeloven § 332 eller § 371 er oppfylte. Etter regjeringas syn er det likevel ikkje tenleg å gå vidare med ein vurdering av om dette tilseier endringar i straffeloven no. For det første kan det vere usikkert om slike personar i praksis vil vere kjende med at utøvaren er dopa, noko som truleg ofte vil bli heldt skjult for flest mogleg. For det andre bør ein mogeleg vurdering av om straffeansvaret for slike handlingar bør utvidast, ta utgangspunkt straffeloven § 332 og § 371 meir generelt, og ikkje vere avgrensa til vinning og utbytte i samband med bruk av doping i idretten. Regjeringa vurderer fortløpande om samfunnsutviklinga tilseier at det er behov for endringar i straffelova.

Når det gjeld inndraging, vil dei generelle inndragingsreglane i straffelova kunne gi heimel for å inndra utbytte frå bedrageri som nemnd. I tillegg la regjeringa 5. desember 2025 fram forslag om å innføre ei ny ordning for inndraging utan straffedom, jf. Prop. 27 L (2025–2026), som vil gi eit meir effektivt inndragingsregelverk.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det blir lagt til grunn at intensjonen bak oppmodingsvedtaket er å avgrense talet på asylsøkarar med rett til subsidiært vern til Noreg, gjennom å ha eit regelverk for denne gruppa som ikkje fråvik i betydeleg grad frå regelverket i andre land vi naturleg samanliknar oss med (dvs. at Noreg ikkje verkar som eit meir «attraktivt» land å søke asyl i). Noreg er det einaste landet i Europa som har et såkalla «utvida» flyktningomgrep, der det ikkje skilst mellom personar med rett til status som flyktning etter flyktningkonvensjonen og personar med rett til subsidiært vern. Vi har ikkje ei folkerettsleg forplikting til å ha eit felles flyktningomgrep for alle med rett til internasjonalt vern.

Dei aller fleste som i dag får vern, anerkjennast likevel som konvensjonsflyktningar. I 2020 vart det dessutan innført auka mellombelsordningar for alle flyktningar, ved at flyktningar no først kan få rett til permanent opphaldsløyve etter fem års butid (tidlegare var kravet til butid tre år). Det betyr at noko av det ein truleg har ønskt å oppnå, nærmare bestemt utvida bruk av mellombelsordningar og tilgang til å vurdere opphøyr av flyktningstatus og tilbakekall av opphaldsløyve over eit noko lengre tidsrom, allereie er nådd – og det både for konvensjonsflyktningar og for personar med subsidiært vern. Ei eventuell innføring av eit skilje mellom ulike kategoriar av vern vil og innebere auka ressursbruk hos Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE), dvs. at UDI vil bruke noko lengre tid på å avgjera kva kategori søkaren fell i, og dei må truleg og bruke tid på å førebu fleire klager, og at UNE må behandle fleire klager.

Samla sett meiner departementet at effekten av tiltaket vil være svært avgrensa, samtidig som saksbehandlinga vil bli meir ressurskrevjande. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på egna vis.

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 S (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628 av 18. februar 2021.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 S (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar av ulike digitale forenklingsmoglegheiter. I samråd med andre involverte departement vurderer Justis- og beredskapsdepartementet behovet for å utvide barneomsorgsattesten slik at han gir merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627 av 18. februar 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. NOU 2024: 5 Maktens ansikt – Skjermet identitet for ansatte i politiet og kriminalomsorgen?, som vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet 21. mars 2024, har vore på høyring med frist 15. august 2024. Departementet arbeider med forslag til lovproposisjon.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 S (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skulle vurderast nærmare. Fleire endringar i lova, bl.a. i terminologien, vart foreslått i eit høyringsnotat datert 18. november 2024, med høyringsfrist 14. februar 2025. Departementet arbeider no vidare med oppfølginga av høyringa og den vidare gjennomgangen av ordninga. Vidare vart det innført ein ny modell for godtgjering til verjer frå og med 1. januar 2025. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70. Arbeidet med den vidare revisjonen av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Stortinget vedtok i februar 2026 at Forsvaret skal ta over som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø. Dette inneber anskaffing av to nye redningshelikopter av typen AW101 SAR Queen, og etablering av naudsynt bygningsmasse i Tromsø. Det er i 2026 inngått kontrakt om levering av desse nye helikoptera. Basen er planlagd å vere ferdig i 2030.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50 av 3. november 2020.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet tek sikte på å vurdere spørsmålet i samanheng med eit større arbeid knytt til regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet.

9.7 Stortingssesjonen 2019–2020

Reklamasjonsfrist på bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nye forbrukarvernreglar som gjer at ein bør vurdere norske reglar om absolutte reklamasjonsfristar i ein større samanheng.

9.8 Stortingssesjonen 2017–2018

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil i samarbeid med Politidirektoratet setje i gang eit utgreiingsarbeid om eit eige lovverk for Statens barnehus. Oppstarten av ei slik utgreiing vil skje etter at Politidirektoratet har avslutta revisjonen av Felles retningslinjer for Statens barnehus i samarbeid med Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Revisjonen av retningslinjene skal gjerast ferdig innan utgangen av 2026.

9.9 Stortingssesjonen 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om å utvide ansvaret som selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet gav ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og har vore på høyring. Rapporten er til oppfølging i departementet.