2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 S (2025–2026) meinte ikkje var kvitterte ut. Tabellen nedanfor viser òg om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket no er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettproposisjonen neste år òg.

Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (Ja/Nei)

2025−2026

42

Endringar i lov om pensjonstrygd for fiskarar

Ja

2025−2026

70

Auka fribeløp for uføre

Ja

2025−2026

73

Ikkje foreslå endringar i sosialtenestelova som opnar for at barnetrygd kan reknast som inntekt ved utmåling av sosialhjelp

Ja

2025−2026

82

Legge til rette for auka bruk av gradering i uføretrygd og andre helserelaterte ytingar

Nei

2025−2026

85

Utgreie behovet for og konsekvensen av å la tilsette med VTA-plass jobbe ut over pensjonsalder

Nei

2025−2026

163

Forbetra kompensasjonsnivå for kjemikalieskadde oljepionerar

Ja

2025−2026

164

Utgreiing av tiltak mot samordningsfella

Ja

2025−2026

515

Representantforslag om å gjere det enklare for unge å komme i jobb

Nei

2025−2026

517

Utvida ekspertgruppe som skal gjennomgå Nav

Ja

2025−2026

540

Tiltak som sørger for at flyktningar blir buande lenger i busettingskommunen

Nei

2025−2026

645

Motsegn mot sjukemeldingar

Nei

2025−2026

647

Vidare drift av klagenemnda for trygdeskandalen

Ja

2025−2026

648

Legge fram for Stortinget den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014 usladda og med vedlegg

Ja

2025−2026

649

Legge fram for klagenemnda for EØS-saker den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014 usladda og med vedlegg

Ja

2025−2026

655

Pilotprosjekt i utvalde sektorar for å redusere sjukefråvær knytt til overgangsalder

Nei

2025−2026

774

Kunnskap om følgene av endringane i regelverket for arbeidstid frå 2015

Nei

2025−2026

814

Alderstilpassa hjelp til barn i fare for negativ sosial kontroll eller æresmotivert vald

Ja

2025−2026

815

Styrke kompetanse i tenesteapparatet om negativ sosial kontroll og æresmotivert vald

Ja

2025−2026

816

Vurdering av breiare målgruppe for integreringserklæringa

Nei

2025−2026

817

Vurdering av sanksjonar ved brot på integreringserklæringa

Nei

2025−2026

818

Vurdering av konsekvensar ved manglande oppfylling av integreringsforplikting

Nei

2025−2026

1018

Etablering av hurtigspor for godkjenning av yrkessjukdom

Nei

2025−2026

1019

Evaluering av endringane i folketrygdloven om nytt arbeidsulykkesomgrep og tydeleggjering av bevisbyrda

Nei

2024−2025

220

Særskild kompensasjonsordning for oljepionerane

Ja

2024−2025

539

Initiativ til fleire bilaterale samarbeidsavtalar mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland

Ja

2024−2025

611

Fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre

Ja

2024−2025

614

Legge til rette for ein saumlaus overgang frå vidaregåande skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Ja

2024−2025

617

Trappe opp VTA med 1 000 plassar i året

Ja

2024−2025

619

Komme med forslag som styrker opptrappingsplanen for VTA ytterlegare, med mål om 1000 nye plassar i året

Ja

2024−2025

621

Prioritere ideelle og offentlege aktørar i arbeidsmarknadstiltak for å sikre best mogleg kvalitet i tiltaka for brukarane

Nei

2024−2025

791

Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot

Ja

2024−2025

795

Greie ut krav om skriftleg arbeidskontrakt frå første arbeidsdag

Nei

2024−2025

796

Greie ut ei digital løysing for arbeidskontraktar for å sikre enklare kontroll av rettane til arbeidstakarane og at lønnskrav blir ivaretatte

Ja

2024−2025

798

Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot, slik at gjengangarane blir sanksjonerte strengare

Ja

2024−2025

802

Innføre eit prikksystem, eit rullebladregister eller ei tilsvarande ordning for juridiske og fysiske personar som er dømde for arbeidslivskriminalitet

Ja

2024−2025

804

Utvide ordninga med HMS-kort til fleire utsette bransjar og forsterke korta

Ja

2024−2025

805

Inkludere fleire sanntidsopplysningar i HMS-kortet og sørge for at sannsynlege brot på reglane automatisk blir rapporterte til den aktuelle tilsynsmyndigheita

Nei

2024−2025

806

Krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utferding av HMS-kort

Nei

2024−2025

807

Heimel for Arbeidstilsynet til å handheve lønnstjuveri

Ja

2024−2025

811

Fjerne unntaket for psykiske og fysiske belastningslidingar i folketrygdlova § 13-3 tredje leddet

Nei

2024−2025

812

Endre det avdempa ulykkesomgrepet i folketrygdlova § 13-3 andre leddet

Ja

2024−2025

813

Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at kreftformene som rammar kvinnelege brannkonstablar (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkane), blir godkjende som yrkessjukdom

Nei

2024−2025

814

Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at brystkreft som rammar arbeidstakarar i turnus/nattarbeid, blir godkjende som yrkessjukdom

Nei

2024−2025

815

Tydeleggjere presumsjonsregelen, slik at bevisbyrda blir snudd i favør av den sjuke

Ja

2024−2025

816

Endre arbeidsulykkeomgrepet for å forhindre at tilsette i risikofylte yrke har dårlegare yrkesskadedekning

Ja

2024−2025

817

Endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedekning skal gjelde under øvingar og trening pålagt av arbeidsgivaren har pålagt

Ja

2024−2025

818

Endre arbeidsulykkeomgrepet slik at tilsette i risikable yrke ikkje står utan dekning under øving

Ja

2024−2025

819

Oppdatere yrkessjukdomslista slik at krefttypane der IARC har funne ein samanheng mellom brannyrket og kreft (sju diagnosar) blir godkjende for brannfolk og feiarar

Nei

2024−2025

820

Etablere eit hurtigspor for å sikre at dei sju kreftformene der IARC har funne ein samanheng med brann- og feiaryrket, blir godkjende som yrkessjukdom i tråd med klassifiseringa til IARC

Nei

2024−2025

923

Vurdere behovet for å gjere endringar i arbeidsmiljølova for å sikre at styrkeforholdet og interessene til arbeidstakarane i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberekning av arbeidstid blir ivaretatte på ein god måte

Nei

2024−2025

951

Tiltak for å motverke at busette flyktningar flyttar frå busettingskommunen etter avslutta introduksjonsprogram

Nei

2023–2024

16

Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjende sjukepleiarar tilsette i bemanningsføretak

Nei

2023–2024

52

Strategi for å styrke rolla og tilbodet til ideell sektor på arbeids- og velferdsfeltet

Nei

2023–2024

147

Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet

Nei

2023–2024

801

Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høgkvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland

Ja

2023–2024

842

Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse

Nei

2022–2023

37

Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)

Nei

2022–2023

491

Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og staduavhengige arbeidsplassar

Nei

2022–2023

604

Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging

Ja

2021–2022

813

Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt

Nei

2020–2021

1200

Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre

Ja

2019–2020

627

Rettshevdinga til å stanse køyretøy

Nei

2017–2018

42

Særaldergrenser for tilsette i staten

Nei

2.1 Stortingssesjon 2025–2026

Endringar i lov om pensjonstrygd for fiskarar

Vedtak 42, 2. desember, 2025

«Stortinget ber regjeringen sette ned et bredt partssammensatt utvalg, for å vurdere om fiskerpensjonen bør moderniseres i retning av Pensjonsordningen for arbeidstakere til sjøs, til en innskuddsbasert ordning, løpende finansiert av fiskerne og næringen, med en videreført statsgaranti. Ordningen må kunne ivareta både ansatte og selvstendige medlemmer og tilpasses vedtatt pensjonsreform. Ved utformingen av ordningen kan utvalget komme med forslag som hensyntar fiskeres status som selvstendig næringsdrivende og fiskeryrkets særegenheter, og andre hensyn som utvalget mener bør tas i utformingen av en innskuddspensjon for fiskere. Utvalget må ha god fremdrift i arbeidet slik at et omforent forslag til modernisering av pensjonstrygden for fiskere legges frem for Stortinget våren 2027».

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2024–2025), Innst. 37 L (2025–2026).

Regjeringa sette i juli 2026 ned eit breitt partssamansett utval for å vurdere ei modernisering av fiskarpensjonen. Utvalet skal levere rapporten sin til Arbeids- og inkluderingsdepartementet innan 22. desember 2026.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Auka fribeløp for uføre

Vedtak 70, 5. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen øke fribeløpet i uføretrygden til 1 G med iverksettelse 1. oktober 2026. De to første årene etter at man har fått innvilget uføretrygd, skal den uføretrygdede kunne tjene inntil 0,4 G uten avkorting av trygd. De påfølgende årene skal fribeløpet økes til 1 G. Dette gjelder for løpende og nye saker. Forholdet til tjenestepensjonsordningene skal vurderes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2025–2026), Prop. 1 S (2025–2026), Innst. 2 S (2025–2026).

Departementet la fram forslag til lovendringar om auka fribeløp for uføre i Prop. 62 L (2025–2026) for å følge opp stortingsvedtaket. Dette omfatta uførepensjon frå tenestepensjonsordningar. Endringane blei vedtatte av Stortinget i lovvedtak 45 (2025–2026). For nærmare omtale, sjå programkategori 29.50, kapittelomtalen under kap. 2655 Uførleik.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Ikkje foreslå endringar i sosialtenestelova som opnar for at barnetrygd kan reknast som inntekt ved utmåling av sosialhjelp

Vedtak 73, 5. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen om å ikke foreslå endringer i sosialtjenesteloven som åpner for at barnetrygd kan regnes som inntekt, ved utmåling av sosialhjelp i hele stortingsperioden.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2025–2026), Prop. 1 S (2025–2026), Innst. 2 S (2025–2026).

Regjeringa vil, som det går fram av vedtaket, ikkje foreslå endringar i sosialtenestelova som opnar for at barnetrygd kan reknast som inntekt ved utmåling av sosialhjelp i denne stortingsperioden.

Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Legge til rette for auka bruk av gradering i uføretrygd og andre helserelaterte ytingar

Vedtak 82, 5. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt bruk av gradering i uføretrygd og andre helserelaterte ytelser som sykelønn og arbeidsavklaringspenger og sikre at graderte og ugraderte ytelser står i forhold til hverandre.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2025–2026), Prop. 1 S (2025–2026), Innst. 2 S (2025–2026).

I Prop. 62 L (2025–2026) peikte departementet på at det auka fribeløpet for uføre, sjå omtalen av vedtak 70, trekker i motsett retning av ønsket om auka bruk av gradering i uføretrygda. Den vedtatte ventetida bidrar likevel til å dempe risikoen for dette noko. Departementet varsla at ein vil vurdere andre moglege tiltak for å dempe risikoen for at auka fribeløp fører til auka uføregrader og mindre bruk av gradering. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Departementet peikte bl.a. på at auka fribeløp inneber at fleire uføre vil kunne få rett til sjukepengar frå folketrygda samtidig som dei mottar uavkorta uføretrygd for det same inntektstapet, og at dette er urimeleg. Som varsla har departementet greidd ut saka nærmare og foreslår i statsbudsjettet for 2027 at retten til sjukepengar blir avgrensa til nivået på inntekt etter uførleik. Forslag til tilhøyrande lovendringar vil bli lagt fram i løpet av hausten. Sjå nærmare omtale under programkategori 29.50, kapittelomtalen under kap. 2650 Sjukepengar.

Utgreie behovet for og konsekvensen av å la tilsette med VTA-plass jobbe ut over pensjonsalder

Vedtak 85, 9. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for og konsekvensen av å la deltakere på varig tilrettelagt arbeid (VTA) jobbe ut over 67 år og komme tilbake på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:17 S (2025–2026), Innst. 48 S (2025–2026).

Ei utgreiing av behovet for og konsekvensane av å la deltakarar på varig tilrettelagt arbeid jobbe ut over 67 år blei send på høyring 22. juni. Høyringsfristen er 30. oktober 2026.

Forbetra kompensasjonsnivå for kjemikalieskadde oljepionerar

Vedtak 163, 16. desember 2025

«Stortinget ber regjeringa komme tilbake med forslag om forbetra kompensasjonsnivå for kjemikalieskadde oljepionerar med budsjettverknad frå 2027. Forslaget må leggjast fram for Stortinget seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 7 L (2025–2026), Innst. 53 L (2025–2026), Lovvedtak 8 (2025–2026).

Saka blei behandla i budsjettforhandlingane i samanheng med revidert nasjonalbudsjett, sjå Prop. 96 S (2025–2026).

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Utgreiing av tiltak mot samordningsfella

Vedtak 164, 16. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for at ingen offentlig ansatte taper offentlig tjenestepensjon ved å stå, eller ha stått, lengre i jobb enn 67 års alder (etter oppnådd alder hvor levealdersjustering er fullt ut kompensert for), at dette skal gjelde fra kullene født fra og med 1944, samt hva budsjettkonsekvenser og samfunnsøkonomiske effekter vil være om dette innføres fra 1.1.2027.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:19 L (2025–2026), Innst. 54 L (2025–2026).

Departementet har greidd ut konsekvensane av å sette ei nedre grense for kva forholdstal som blir lagt til grunn i berekninga av samordningsfrådraget som er lik den nedre grensa for kva forholdstal som blir lagt til grunn i berekninga av brutto tenestepensjon, slik at bruken av forholdstala i samband med levealdersjustering og samordning av brutto tenestepensjon med alderspensjon frå folketrygda blir «symmetrisk». Departementet oppfattar at ei slik løysing svarar på det representantforslaget om å avvikle samordningsfella ønsker å oppnå. Departementet peiker likevel på at eit slikt tiltak først og fremst vil auke pensjonen til personar fødde i årskulla 1943–1953, som allereie i all hovudsak ikkje lenger er i arbeid, og ha svært liten effekt på arbeidstilbodet. Om tiltaket skulle innførast frå 1. januar 2027, ville den budsjettmessige konsekvensen i 2027 beløpe seg til om lag 550 mill. kroner.

I statleg sektor blir utbetalingane finansierte løpande, slik at dei auka utbetalingane kvart år ville påverke budsjettet same år. I kommunal sektor vil tiltaket utløyse behov for auka forsikringsmessige avsetningar (premiereserve) på i storleiksorden 3,9 mrd. kroner som umiddelbart må betalast inn, men vil ikkje ha konsekvensar for dei rekneskapsmessige kostnadane i 2027. Endringa vil derfor ikkje få budsjetteffekt i 2027, men vil bli fordelt over dei sju påfølgande åra. På kort sikt vil tiltaket først og fremst påverke likviditeten til kommunane. Dei totale budsjettmessige konsekvensane av tiltaket fram mot 2050 – statleg og kommunal sektor sett under eitt – ville utgjere om lag 9,2 mrd. kroner.

Departementet foreslår ikkje ytterlegare endringar i regelverket for levealdersjustering og samordning av brutto tenestepensjon med alderspensjon frå folketrygda enn dei som allereie er gjennomførte. Sjå nærmare omtale av oppfølginga av oppmodingsvedtaket i del II Programkategori 09.50, kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Representantforslag om å gjere det enklare for unge å komme i jobb

Vedtak 515, 5. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede handlingsrommet for å, innenfor Norges folkerettslige forpliktelser, gi noen flere unntak og følgelig la flere ungdommer under 15 år arbeide noe mer enn to timer på skoledager.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:61 S (2025–2026), Innst. 112 S (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet.

Utvida ekspertgruppe som skal gjennomgå Nav

Vedtak 517, 5. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen utvide ekspertgruppen som skal gjennomgå Nav, slik at gruppen har representasjon fra både ansatte og brukere av Nav, innen 1. april 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:64 S (2025–2026), Innst. 143 S (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp, og brukarrepresentant og tilsetterepresentant deltar i ekspertgruppa.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Tiltak som sørger for at flyktningar blir buande lenger i busettingskommunen

Vedtak 540, 12. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med tiltak som sørger for at flyktninger blir boende lenger i bostedskommunen»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:48 S (2025–2026), Innst. 150 S (2025–2026).

Oppmodingskriteria for busetting for 2027 er justerte for å bidra til at flyktningar blir buande lenger i busettingskommunen. Det skal leggast større vekt på arbeidsmarknaden, tenestetilbodet i regionen og kommunane sin kapasitet. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) arbeider òg med å betre treffsikker busetting og rettleiing til flyktningar og kommunar. Forslag om å regulere sekundærflytting skal etter planen sendast på høyring hausten 2026.

Motsegn mot sjukemeldingar

Vedtak 645, 23. april 2026

«Stortinget ber regjeringen kartlegge utviklingen i omfanget av bestridelser av sykemeldinger, og i hvilke bedrifter og bransjer bestridelser hyppigst skjer, med mål om å forhindre at bestridelse av sykemelding blir misbrukt.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:125 S (2025–2026), Innst. 212 S (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vidare drift av klagenemnda for trygdeskandalen

Vedtak 647, 23. april 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre videre drift av klagenemnda for trygdeskandalen etter juni 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:132 S (2025–2026), Innst. 213 S (2025–2026).

Klagenemnda for EØS-saker fekk 23. april 2026 forlengd funksjonsperiode med eitt år fram til 30. juni 2027.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Legge fram for Stortinget den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014 usladda og med vedlegg

Vedtak 648, 23. april 2026

«Stortinget ber regjeringen, på egnet måte, fremlegge for Stortinget den interdepartementale utredningen «Eksport av velferdsytelser» fra 2014 usladdet og med vedlegg innen 1. mai 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:132 S (2025–2026), Innst. 213 S (2025–2026).

Stortinget fekk 23. april 2026 oversendt den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014, usladda og med vedlegg.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Legge fram for klagenemnda for EØS-saker den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014 usladda og med vedlegg

Vedtak 649, 23. april 2026

«Stortinget ber regjeringen fremlegge for klagenemnda for EØS-saker den interdepartementale utredningen «Eksport av velferdsytelser» fra 2014 usladdet og med vedlegg.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:132 S (2025–2026), Innst. 213 S (2025–2026).

Klagenemnda for EØS-saker fekk 23. april 2026 oversend den interdepartementale utgreiinga «Eksport av velferdsytelser» frå 2014, usladda og med vedlegg.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Pilotprosjekt i utvalde sektorar for å redusere sjukefråvær knytt til overgangsalder

Vedtak 655, 23. april 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere pilotprosjekter i utvalgte sektorer for å redusere sykefravær knyttet til overgangsalder, og rapportere om resultatene til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:80 S (2025−2026), Innst. 191 S (2025−2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Kunnskap om følgene av endringane i regelverket for arbeidstid frå 2015

Vedtak 774, 21. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene i arbeidslivet, innhente kunnskap om hvordan endringene i regelverket for arbeidstid fra 2015 har påvirket arbeidstakernes arbeidstid, helse og innflytelse over egen arbeidssituasjon samt se dette i sammenheng med øvrige bestemmelser om arbeidstid i arbeidsmiljøloven, og på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag til eventuelle endringer.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:157 LS (2025–2026), Innst. 247 L (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Sjå òg omtalen av oppmodingsvedtak 923 (2024–2025).

Alderstilpassa hjelp til barn i fare for negativ sosial kontroll eller æresmotivert vald

Vedtak 814, 28. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn og unge som står i fare for negativ sosial kontroll eller æresmotivert vold, får tidlig, trygg og alderstilpasset hjelp, og at hensynet til barnets beste tydeliggjøres i veiledning og praksis etter loven.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 69 L (2025–2026), Innst. 307 L (2025–2026), Lovvedtak 49 (2025–2026).

Kompetanse i tenesteapparatet er avgjerande for at barn som er utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, får hjelp som er tilpassa alderen deira. Barn og unge oppheld seg store delar av kvardagen i skolen, barnehagen og SFO. Regjeringa vil bidra til at kommunar, fylkeskommunar og private eigarar av barnehagar, skolar og SFO får god tilgang til pedagogiske ressursar for å styrke kompetansen på dette feltet blant dei tilsette (tiltak 19 i handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028)). Regjeringa vil òg utarbeide kompetansehevande materiell for tilsette i helsestasjons- og skolehelsetenesta (tiltak 22) og utvikle ein rettleiar for barnevernet sitt arbeid med undersøkingar og hjelpetiltak i barnevernssaker som omfattar ulike former for vald, inkludert negativ sosial kontroll og æresmotivert vald (tiltak 15).

I supplerande tildelingsbrev nr. 2 for 2026 til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har regjeringa bede om at omsynet til barnets beste blir gjort tydeleg i rettleiar til lov om særskilt innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Styrke kompetanse i tenesteapparatet om negativ sosial kontroll og æresmotivert vald

Vedtak 815, 28. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre styrket kompetanse i tjenesteapparatet om negativ sosial kontroll og æresmotivert vold, inkludert forståelse av traumer, psykisk helse og relasjonsbrudd.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 69 L (2025–2026), Innst. 307 L (2025–2026), Lovvedtak 49 (2025–2026).

Kompetanseheving i tenesteapparatet skjer og må skje kontinuerleg. Dei særskilde tenestene som arbeider mot negativ sosial kontroll, det nasjonale kompetanseteamet, mangfaldsrådgjevarane og spesialutsendingane for integreringssaker, har i mandatet sitt å bidra til kompetanseheving i det ordinære tenesteapparatet. I tillegg finst det kompetanseretta innsats innanfor ulike sektorar. Desse er bl.a. skildra i handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028). Planen inneheld fleire tiltak som skal styrke kompetansen om negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, bl.a. i barnevernet, politiet og påtalemakta, helse- og omsorgstenestene, barnehagen, skolen og skolefritidsordninga (SFO).

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Vurdering av breiare målgruppe for integreringserklæringa

Vedtak 816, 28. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av å inkludere en bredere målgruppe enn den som er foreslått i integreringserklæringen, jf. Prop. 70 L (2025–2026), etter modell av den danske oppholds- og selvforsørgelseserklæring.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 70 L (2025–2026), Innst. 309 L (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vurdering av sanksjonar ved brot på integreringserklæringa

Vedtak 817, 28. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av ulike sanksjoner ved brudd på integreringserklæringen, og hvordan dette eventuelt kan sees i sammenheng med rettigheter knyttet til permanent oppholdstillatelse og statsborgerskap.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 70 L (2025–2026), Innst. 309 L (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vurdering av konsekvensar ved manglande oppfylling av integreringsforplikting

Vedtak 818, 28. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av konsekvenser ved manglende oppfyllelse av integreringsforpliktelser, inkludert økonomiske sanksjoner og betydning for oppholdstillatelse i grove tilfeller.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 70 L (2025–2026), Innst. 309 L (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Etablering av hurtigspor for godkjenning av yrkessjukdom

Vedtak 1018, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre at pågående og avgjorte saker etter 2. juni 2025 blir vurdert etter intensjonene i Vedtak nr. 820 (2024–2025) når regjeringen følger opp dette vedtaket om etablering av hurtigspor.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 93 L (2025–2026), Innst. 443 L (2025–2026), Lovvedtak 90 (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Evaluering av endringane i folketrygdloven om nytt arbeidsulykkesomgrep og tydeleggjering av bevisbyrda

Vedtak 1019, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen evaluere endringene i folketrygdloven om nytt arbeidsulykkesbegrep og tydeliggjøring av bevisbyrden innen 3–4 år og om disse praktiseres i henhold til intensjonene, inkludert følgeforskning.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 93 L (2025–2026), Innst. 443 L (2025–2026), Lovvedtak 90 (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

2.2 Stortingssesjon 2024–2025

Særskild kompensasjonsordning for oljepionerane

Vedtak 220, 17. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen, i arbeidet med kompensasjon for oljepionerene, legge en særskilt kompensasjonsordning til grunn, i tråd med anbefalingene fra NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8: 16 S (2024–2025), Innst. 101 S (2024–2025).

I samanheng med behandlinga av statsbudsjettet for 2026, vedtok Stortinget den 16. desember 2025 kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar slik ho blei foreslått av regjeringa, sjå Prop. 1 S (2025–2026) og Prop. 7 L (2025–2026).

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Initiativ til fleire bilaterale samarbeidsavtalar mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland

Vedtak 539, 1. april 2025

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til flere bilaterale samarbeidsavtaler mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland, for å oppnå mer strategisk og operativt samarbeid, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 8 LS (2024–2025), Innst. 182 S (2024–2025).

Regjeringa vidarefører Fondet for trepartssamarbeid og sosial dialog som ein del av EØS-midlane. Dette gir grunnlag for å finansiere tiltak innan tilsyn, informasjon og erfaringsdeling mellom Arbeidstilsynet og tilsynsmyndigheitene i mottakarlanda. Det er også høve til tilsvarande samarbeidstiltak med land utanfor EØS-området som grenser til mottakarland. Arbeidstilsynet vil legge vekt på tiltak innan informasjon, rettleiing og tilsyn overfor arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området som kjem til Noreg for å arbeide.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre

Vedtak 611, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).

Vedtaket var under vurdering i departementet da Prop. 1 S (2025–2026) blei lagd fram, og departementet varsla at regjeringa ville komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt. Stortinget vedtok likevel å auke fribeløpet til 1 G, sjå vedtak 70 (2025–2026). For å følge opp dette, blei forslag til lovendringar om auka fribeløp lagt fram i Prop. 62 L (2025–2026). Sjå nærmare omtale under vedtak 70 (2025–2026).

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Legge til rette for ein saumlaus overgang frå vidaregåande skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Vedtak 614, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig fremme forslag som legger til rette for en sømløs overgang fra videregående skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA) for personer som fullfører videregående skole, og som har behov for varig tilrettelagt arbeid.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).

Som bidrag til å sikre ledige VTA-plassar for unge uføre som har fullført videregåande skole, har departementet gitt Arbeids- og velferdsdirektoratet ei føring om å prioritere unge uføretrygda ved inntak til varig tilrettelagt arbeid i førehandsgodkjente og ordinære verksemder.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er også i dialog med Kunnskapsdepartementet om korleis det kan bli lagt til rette for å styrke samarbeidet mellom fylkeskommunane og Arbeids- og velferdsetaten om dei aktuelle gruppene.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Trappe opp VTA med 1 000 plassar i året

Vedtak 617, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen trappe opp antallet nye varig tilrettelagte arbeidsplasser (VTA) med 1 000 plasser i året, med oppstart i forslaget til statsbudsjett for 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).

I Prop. 1 S (2023–2024) la regjeringa fram ein langsiktig plan for å styrke varig tilrettelagt arbeid (VTA) med om lag 2 000 plassar i perioden 2024–2027. Planen følger opp oppmodingsvedtak 605 frå 18. april 2023. Planen er følgt opp med løyvingar som svarer til om lag 500 nye plassar i statsbudsjetta for 2024 og 2025, om lag 700 i 2026 og forslag til løyving som svarer til om lag 300 plassar i 2027.

Det er usikkert om Arbeids- og velferdsetaten vil klare å etablere 1 000 nye plassar i året. Dette heng saman med både administrative forhold og at omfanget av opptrappinga vil vere avhengig av kommunal medfinanisering. Arbeids- og inkluderingsdepartementet si prinsipielle haldning er at løyvingane til arbeidsmarknadstiltak bør følge den årlege budsjettprosessen. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.

Styrking av opptrappingsplanen for varig tilrettelagt arbeid

Vedtak 619, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som styrker opptrappingsplanen for varig tilrettelagt arbeid (VTA) ytterligere, med mål om 1 000 nye plasser per år.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).

Vi viser til vedtak 617, 6. mai 2025. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.

Prioritere ideelle og offentlege aktørar i arbeidsmarknadstiltak for å sikre best mogleg kvalitet i tiltaka for brukarane

Vedtak 621, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen prioritere ideelle og offentlige aktører i arbeidsmarkedstiltak for å sikre best mulig kvalitet i tiltakene for brukerne.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).

Departementet ser oppfølging av vedtaket i lys av korleis Avkommersialiseringsutvalget blir følgt opp. Regjeringa har vidareført innsatsområda i Strategi for økt innovasjon og bedre tjenester på arbeids- og velferdsfeltet frå Solberg-regjeringa. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot

Vedtak 791, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede et prikksystem hos Arbeidstilsynet, hvor sanksjonene blir hardere etter gjentatte brudd, slik at gjengangerne sanksjoneres strengere, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Informasjon om gjentatte brot hos verksemder er tilgjengeleg for Arbeidstilsynet gjennom systemet deira. Gjentatte brot er såleis ein del av vurderinga deira vedrørande sanksjonsbruk allereie i dag. Innføring av eit prikksystem vil ikkje tilføre noko nytt, utover auka administrasjon.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Greie ut krav om skriftleg arbeidskontrakt frå første arbeidsdag

Vedtak 795, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om skriftlig arbeidskontrakt fra første arbeidsdag, og som minimum innføre krav om at lønnsopplysninger og de mest sentrale arbeidsvilkårene skal være gitt skriftlig fra dag én, og komme tilbake til Stortinget i løpet av 2025.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet, og det er planlagt å sende forslag om lovendring på høyring. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Greie ut ei digital løysing for arbeidskontraktar for å sikre enklare kontroll av rettane til arbeidstakarane og at lønnskrav blir ivaretatte

Vedtak 796, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede en digital løsning for arbeidskontrakter for å sikre enklere kontroll av arbeidstakernes rettigheter og at lønnskrav blir ivaretatt, og komme tilbake til Stortinget innen statsbudsjettet for 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Arbeidstilsynet, i dialog med Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten, greidd ut ulike sider ved ei eventuell innføring av digitale arbeidsavtalar. Som omtalt i handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, vil departementet på bakgrunn av utgreiinga vurdere eventuelle tiltak for å forbetre den digitale informasjonen om arbeidskontraktar og arbeidsforhold, bl.a. om dette kan sjåast i samanheng med pågåande arbeid med digitale lommebøker.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot, slik at gjengangarane blir sanksjonerte strengare

Vedtak 798, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede et prikksystem hos Arbeidstilsynet, hvor sanksjonene blir hardere etter gjentatte brudd, slik at gjengangerne sanksjoneres strengere, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Departementet viser til omtala av vedtak 791 av 27. mai 2025 og ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Innføre eit prikksystem, eit rullebladregister eller ei tilsvarande ordning for juridiske og fysiske personar som er dømde for arbeidslivskriminalitet

Vedtak 802, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen innføre et prikksystem, et rullebladregister eller en tilsvarende ordning for juridiske og fysiske personer som har blitt dømt for arbeidslivskriminalitet, der gjentatte grove brudd medfører karantene eller tap av rettighet til å eie og drive en bedrift.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Departementet viser for øvrig til omtala av vedtak 791 og 798 av 27. mai 2025 som også gjeld prikksystem. Dette vedtaket rettar seg mot juridiske og fysiske personar som er dømde for arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet har ikkje oversikt over personar dømde for arbeidslivskriminalitet, på same måte som politiet. Informasjon om gjentatte brot hos verksemder er derimot tilgjengeleg for Arbeidstilsynet gjennom deira system. Gjentatte brot er såleis ein del av Arbeidstilsynet si vurdering vedrørande sanksjonsbruk allereie i dag. Departementet kan ikkje sjå at innføring av eit prikksystem vil tilføre noko nytt, utover auka administrasjon. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.

Utvide ordninga med HMS-kort til fleire utsette bransjar og forsterke korta

Vedtak 804, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utvide ordningen med HMS-kort til flere utsatte bransjer og forsterke kortene med biometriske data og formelle kvalifikasjoner, og deretter utvide kortenes gyldighetstid, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Ordninga med HMS-kort blei 1. januar 2026 utvida til å omfatte varebiltransport. Regjeringa har vidare lagt til rette for ei meir effektiv ordning ved at det er innført ein heimel for å pålegge oppdragsgivarar å kontrollere at leverandørane deira oppfyller kravet til HMS-kort. Lovendringa trådde i kraft 1. juli 2026. Resten av punkta i oppmodingsvedtaket vil bli behandla i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak 805 (2024–2025) og 806 (2024–2025).

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Inkludere fleire sanntidsopplysningar i HMS-kortet og sørge for at sannsynlege brot på reglane automatisk blir rapporterte til den aktuelle tilsynsmyndigheita

Vedtak 805, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen inkludere flere sanntidsopplysninger i HMS-kortet, herunder lage en kobling til a-ordningen (lønn og skattetrekk), OTP-innbetalinger og ytelsesutbetalinger fra Nav, samt sørge for at sannsynlige brudd på reglene automatisk rapporteres til den aktuelle tilsynsmyndigheten, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utferding av HMS-kort

Vedtak 806, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utstedelse av HMS-kort og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Heimel for Arbeidstilsynet til å handheve lønnstjuveri

Vedtak 807, 27. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede å gi Arbeidstilsynet hjemmel til å håndheve lønnstyveri.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).

Reguleringa av lønnstjuveri finst i straffelova. I Noreg er det politi, påtalemyndigheit og domstolane som er gitt myndigheit til å handheve strafferettslege føresegner. Departementet legg til grunn at det på prinsipielt grunnlag ikkje er aktuelt å gi Arbeidstilsynet myndigheit til å handheve strafferettslege føresegner. Når det gjeld Arbeidstilsynet si rolle i handheving av føresegna om lønnstjuveri, viser departementet også til handlingsplanen mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Der går det fram at regjeringa vil evaluere føresegna om lønnstjuveri i straffelova for å undersøke om ho verkar etter si hensikt. I 2026 blir det gjennomført ei omfangsundersøking med fokus på arbeidslivskriminalitet og lønnstjuveri. Regjeringa vil, med bakgrunn i bl.a. informasjon frå denne undersøkinga, evaluere føresegna om lønnstjuveri og vurdere om det er behov for å gjere endringar i regelverket og/eller andre tiltak hos politi, påtalemyndigheit og andre etatar som er involverte. Arbeidstilsynet si rolle når det gjeld handheving av lønnstjuveri bør sjåast i samanheng med denne evalueringa.

Departementet ser med det oppmodningsvedtaket som følgt opp.

Fjerne unntaket for psykiske og fysiske belastningslidingar i folketrygdlova § 13-3 tredje leddet

Vedtak 811, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre folketrygdloven § 13-3 tredje ledd, slik at unntaket for psykiske og fysiske belastningslidelser fjernes.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Endre det avdempa ulykkesomgrepet i folketrygdlova § 13-3 andre leddet

Vedtak 812, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge frem et forslag til endring av det avdempede ulykkesbegrepet i folketrygdloven § 13-3 annet ledd, slik at sammenligningen med hva som er normalt i arbeidet, strykes, for å sikre at skader som skyldes egenskaper ved arbeidet eller arbeidsstedet, også fanges opp.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025). Dette oppmodingsvedtaket og oppmodingsvedtaka 816, 817 og 818, gjeld alle ulykkesomgrepet. Regjeringa viste i Prop. 134 L (2024–2025) Endringer i folketrygdloven (yrkessykdommer og elektronisk melding av yrkesskade) til at arbeidsulykkeomgrepet inneber at enkelte kan oppleve at dei ikkje får skaden godkjend som yrkesskade fordi dei har eit risikofylt arbeid. Ei endring av omgrepet kan vere viktig for denne gruppa. Regjeringa varsla derfor i proposisjonen at departementet tok sikte på å sende på høyring eit forslag om endringar i arbeidsulykkeomgrepet våren 2025. I Prop. 93 L (2025–2026) Endringer i folketrygdloven (utvidet arbeidsulykkesbegrep og tydeliggjøring av bevisbyrden), blei det lagt fram forslag om endringar i omgrepet som gjer det enklare å få ein skade godkjent som yrkesskade. Forslaget blei einstemmig vedtatt. Sjå òg vedtak 816, 817 og 818.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at kreftformene som rammar kvinnelege brannkonstablar (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkane), blir godkjende som yrkessjukdom

Vedtak 813, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at kreftformene som rammer kvinnelige brannkonstabler (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkene), godkjennes som yrkessykdom.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at brystkreft som rammar arbeidstakarar i turnus/nattarbeid, blir godkjende som yrkessjukdom

Vedtak 814, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at brystkreft som rammer arbeidstakere i turnus/nattarbeid, godkjennes som yrkessykdom.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tydeleggjere presumsjonsregelen, slik at bevisbyrda blir snudd i favør av den sjuke

Vedtak 815, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen foreslå å tydeliggjøre presumsjonsregelen, slik at bevisbyrden snus i favør av den syke. Dersom andre forklaringer er mer sannsynlige enn eksponering i yrket, er det Nav eller forsikringsselskapet som får bevisbyrden.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

I Prop. 93 L (2025–2026) Endringer i folketrygdloven (utvidet arbeidsulykkesbegrep og tydeliggjøring av bevisbyrden), blei det lagt fram forslag om endringar i reglane i folketrygdlova om yrkessjukdom, for å gjere bevisbyrda tydeleg i favør av skadelidde. Forslaget blei einstemmig vedteke.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Endre arbeidsulykkeomgrepet for å forhindre at tilsette i risikofylte yrke har dårlegare yrkesskadedekning

Vedtak 816, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i arbeidsulykkebegrepet for å forhindre at ansatte i risikofylte yrker i realiteten har dårligere yrkesskadedekning enn ansatte i lite risikofylte yrker.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818 gjeld alle ulykkesomgrepet. Departementet viser til omtale under vedtak 812.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedekning skal gjelde under øvingar og trening arbeidsgivaren har pålagt

Vedtak 817, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedekning skal gjelde under øvelser og trening pålagt av arbeidsgiver.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025). Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818 gjeld alle ulykkesomgrepet. Departementet viser til omtale under vedtak 812.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Endre arbeidsulykkeomgrepet slik at tilsette i risikable yrke ikkje står utan dekning under øving

Vedtak 818, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre arbeidsulykkebegrepet slik at ansatte i risikable yrker ikke står uten dekning under øvelse som følge av krav om at selve hendelsen som forårsaker ulykken, er uventet, eller at hendelsen ikke kan ansees som usedvanlig for yrket. Forslaget bør ikke begrense seg til enkelte yrkesgrupper, men gjelde generelt for alle.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818 gjeld alle ulykkesomgrepet. Departementet viser til omtale under vedtak 812.

Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Oppdatere yrkessjukdomslista slik at krefttypane der IARC har funne ein samanheng mellom brannyrket og kreft (sju diagnosar) blir godkjende for brannfolk og feiarar

Vedtak 819, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at krefttypene der IARC har funnet en sammenheng mellom brannyrket og kreft (7 diagnoser), godkjennes som yrkessykdom for brannfolk og feiere.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte

Etablere eit hurtigspor for å sikre at dei sju kreftformene der IARC har funne ein samanheng med brann- og feiaryrket, blir godkjende som yrkessjukdom i tråd med klassifiseringa til IARC

Vedtak 820, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen etablere et hurtigspor for å sikre at de syv kreftformene der IARC har funnet en sammenheng med brann- og feieryrket, godkjennes som yrkessykdom i tråd med IARCs klassifisering.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vurdere behovet for å gjere endringar i arbeidsmiljølova for å sikre at styrkeforholdet og interessene til arbeidstakarane i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberekning av arbeidstid, blir ivaretatte på ein god måte

Vedtak 923, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen, i tett dialog med partene i arbeidslivet, vurdere om det er behov for å gjøre endringer i arbeidsmiljøloven § 10-5 første og andre ledd for å sikre at arbeidstakeres styrkeforhold og interesser i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberegning av arbeidstid ivaretas på en god måte. Dette må vurderes opp mot øvrige bestemmelser i arbeidsmiljøloven § 10-5 samt § 10-12 fjerde ledd.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:210 LS (2024–2025), Innst. 466 L (2024–2025).

Oppfølginga av vedtaket blir sett i samanheng med Stortingets behandling av Dokument 8: 157 LS (2025–2026) Representantforslag om å reversere tidlegare svekkingar i arbeidsmiljøloven og styrke tillitsvalde si myndigheit (sjå oppmodingsvedtak 774 (2025–2026)). Departementet vil sette i gang eit FoU-prosjekt for å få betre forståing av kva effektar lovendringane i 2015 hadde og korleis gjennomsnittsberekninga blir praktisert i dag. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tiltak for å motverke at busette flyktningar flyttar frå busettingskommunen etter avslutta introduksjonsprogram

Vedtak 951, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre tiltak for å motvirke at bosatte flyktninger flytter fra bostedskommunen ved endt introduksjonsprogram.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:181 S (2024–2025), Innst. 330 S (2024–2025).

Oppmodingskriteria for busetting for 2027 er justerte for å bidra til meir treffsikker busetting for å motverke at flyktningar flyttar frå busettingskommunen. Det skal leggast større vekt på arbeidsmarknaden og tenestetilbodet i regionen og kommunane sin kapasitet. Forslag om å regulere sekundærflytting skal etter planen sendast på høyring hausten 2026. Departementet arbeider òg med å vurdere ytterlegare tiltak for å motverke at flyktningar flyttar frå busettingskommunen. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

2.3 Stortingssesjon 2023–2024

Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjende sjukepleiarar tilsette i bemanningsføretak

Vedtak 16, 7. november 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede om offentlig godkjente sykepleiere ansatt i bemanningsforetak og som leies ut til institusjoner under sykepleierpensjonsloven, også bør være medlemmer i pensjonsordningen for sykepleiere.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).

Regjeringa har prioritert å få på plass nye pensjonsreglar for yrkesgrupper som har særaldersgrenser, inkludert sjukepleiarar. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedtatt nye pensjonsreglar. Dei nye pensjonsreglane likebehandlar inntekt frå bemanningsføretak og andre arbeidsgivarar for pensjonerte sjukepleiarar. Departementet arbeider framleis med å følge opp vedtak nr. 16, 7. november 2023, bl.a. i lys av dei nye pensjonsreglane, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Strategi for å styrke rolla og tilbodet til ideell sektor på arbeids- og velferdsfeltet

Vedtak 52, 28. november 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme en strategi for å styrke ideell sektors rolle og tilbud på arbeids- og velferdsfeltet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:261 S (2022–2023), Innst. 61 S (2023–2024).

Departementet ser oppfølginga av vedtaket i lys av korleis Avkommersialiseringsutvalget blir følgt opp. Regjeringa har vidareført innsatsområda i Strategi for økt innovasjon og bedre tjenester på arbeids- og velferdsfeltet frå Solberg-regjeringa. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet

Vedtak 147, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringa gjennomgå og forbedre regelverket for pårørendes permisjonsmuligheter i arbeidslivet for å sikre likestilling og bedre mulighetene til å kombinere arbeid og omsorg uten å pådra seg økonomiske problemer eller falle ut av arbeidslivet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 24 (2022–2023), Innst. 112 S (2023–2024).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslo å utkvittere vedtaket i Prop. 1 S (2025–2026), men dette blei ikkje vedtatt, jf. Innst. 15 S (2025–2026). Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet arbeider vidare med oppfølging av vedtaket og kjem tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt.

Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høgkvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland

Vedtak 801, 17. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede forenklinger i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakere fra tredjeland, utrede om regelverket for selvstendig næringsdrivende bør justeres, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 23 (2023–2024), Innst. 360 S (2023–2024).

Regjeringa oppnemnde 5. juni 2026 medlemmene til arbeidsinnvandringsutvalet som skal gjennomgå arbeidsinnvandringspolitikken og vurdere behov for endringar, bl.a. om vi klarer å rekruttere den utanlandske arbeidskrafta vi har behov for. Rapporten frå utvalet blir lagd fram ved årsskiftet 2027/2028, og regjeringa vil deretter vurdere korleis tilrådingane skal følgast opp. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når dette er vurdert. Departementet ser oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse

Vedtak 842, 20. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere et avgrenset unntak fra arbeidsmiljøloven slik at selvstendige IT-rådgivere og konsulenter med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:154 S (2023–2024), Innst. 449 S (2023–2024).

Ei partssamansett arbeidsgruppe har sett på midlertidig unntak frå godkjenningsordninga for bemanningsføretak som driv utleige av rådgivings- og konsulenttenester innanfor IKT. Arbeidsgruppa har kartlagt korleis konsulent- og rådgivingsverksemd blir organisert, identifisert behova til oppdragsgivarar og oppdragstakarar, og belyst eventuelle utfordringar. Arbeidsgruppa la fram vurderingane sine i ein rapport til Arbeids- og inkluderingsdepartementet 27. mars 2026. Rapporten har vore på høyring. Innspela frå høyringa og den vidare prosessen er no til vurdering i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

2.4 Stortingssesjon 2022–2023

Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)

Vedtak 37, 26. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en avklaring av forholdet mellom folketrygdlovens bestemmelser og EØS-retten.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 71 L (2021–2022), Innst. 33 L (2022–2023), Lovvedtak 2.

Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og staduavhengige arbeidsplassar

Vedtak 491, 21. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget, på et egnet tidspunkt, med en oppsummering av kunnskapsinnhentingen og om utviklingstrekk for hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser i arbeidslivet samt en vurdering av behovet for ytterligere tiltak i lys av dette.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:34 S (2022–2023), Innst. 188 S (2022–2023).

Departementet følger opp kunnskapsbehov når det gjeld omfanget og konsekvensane av heimekontor og nye måtar å organisere arbeidet på for arbeidstakarar og verksemder, gjennom tre forskingsprosjekt finansierte av midlar frå Forskingsrådet. To av prosjekta blir gjennomførte ved Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet (CROSSBOW 2021–2026, REFLEX 2023–2027) og eitt prosjekt ved Universitetet i Søraust-Noreg (REMOTE 2021–2026). Vidare gjennomførte Fafo i 2025, på oppdrag frå departementet, eit forskingsprosjekt om arbeidstakarane sin rett til å kople frå. Prosjektet kartla omfanget og konsekvensane av at arbeidstakarane har kontakt med og tilknyting til jobben utanom ordinær arbeidstid, i ulike yrke og næringar. Departementet har god dialog med partane i arbeidslivet om oppfølginga av kunnskapsbehova. Departementet avventar resultata frå forskingsprosjekta (det siste varer til desember 2027) før eventuelle nye tiltak blir vurderte. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna vis.

Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging

Vedtak 604, 18. april 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for nødvendige regelendringer for å gi personer med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging, uavhengig av hvilket fylke man bor i, og med et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED. Oppfølgingen må kunne gis også av andre enn Nav, eksempelvis HELT MED eller vekst- og attføringsbedriftene, gjerne ved at dagens tilskudd erstattes med varig oppfølging av både arbeidstaker og arbeidsgiver. Regjeringen bes komme tilbake med sin oppfølging i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).

Nye reglar i forskrift om arbeidsmarknadstiltak tredde i kraft 1. september 2026. Dei nye reglane i forskrifta legg til rette for varig oppfølging av deltakarane i varig tilrettelagt arbeid i ordinære verksemder. Arbeids- og velferdsetaten vil kunne drive oppfølging med eigne tilsette eller kjøpe oppfølginga som ei teneste frå førehandsgodkjende verksemder som oppfyller krava i tiltaksforskrifta § 14-5. Som regel vil dette vere aksjeselskap med kommunal eller fylkeskommunal aksjemajoritet, men forskrifta opnar òg for ideelle organisasjonar som har som hovudverksemd å drive sosiale aktivitetar for vanskelegstilte personar.

Departementet ser oppmodningsvedtaket som følgt opp.

2.5 Stortingssesjon 2021–2022

Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt

Vedtak 813, 16. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av problemstillingen om at arbeidsfolk som blir syke, men som ønsker å fortsette i inntektsbringende arbeid utover 50 pst., får lavere uføretrygd dersom de på et seinere tidspunkt må søke uføretrygd fordi arbeidskapasiteten blir ytterligere redusert, og komme tilbake på egnet måte til Stortinget.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:189 S (2021–2022), Innst. 424 S (2021–2022).

Denne saka inneber avvegingar mellom sentrale omsyn som regelverket for uførepensjon frå tenestepensjon og uføretrygd frå folketrygda skal ivareta. Oppmodingsvedtaket er derfor framleis til vurdering i departementet, og departemenet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

2.6 Stortingssesjon 2020–2021

Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre

Vedtak 1200, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2020–2021), Innst. 625 L (2020–2021), Lovvedtak 173-174 (2020–2021).

Departementet viser til at ein som hovudregel vil komme betre økonomisk ut ved å ta på seg (eller halde fram med) fosterheimsoppdrag enn ved å berre motta uføretrygd. Dette gjeld i større grad enn før etter at fribeløpet i 2026 auka frå 0,4 G til 1 G. Dei som mottar KS’ rettleiande sats på 1 G for arbeidsgodtgjering (grunnstøtte) beheld denne uavkorta, så framt dei har mottatt uføretrygd i minst to år. Grunnstøtte frå fosterheimsoppdrag gir opptening til alderspensjon i folketrygda. Uføre fosterforeldre får i tillegg utgiftsdekning, barnetrygd, og dei kan ha rett til behovsprøvd barnetillegg. Oppmodingsvedtaket frå Stortinget inneber ein overkompensasjon for uføre som er fosterforeldre samanlikna med andre uføre som har pensjonsgivande inntekt, og ulik behandling av ulike former for pensjonsgivande inntekt. Regjeringa vil derfor ikkje foreslå eigne reglar for kombinasjon av uføretrygd og pensjonsgivande inntekt for uføre fosterforeldre, og foreslår å oppheve oppmodingsvedtaket. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655.

2.7 Stortingssesjon 2019–2020

Rettshevdinga til å stanse køyretøy

Vedtak 627, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide og legge frem for Stortinget forslag om at Statens Vegvesen skal gis håndhevingsrett til å stanse kjøretøyer etter vedtak fra Arbeidstilsynet.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).

I handlingsplanen til regjeringa mot sosial dumping i transportsektoren frå 2022 varsla regjeringa at ho vil legge fram forslag om å gi Statens vegvesen myndigheit til å reagere mot køyring i strid med stansingsvedtak som Arbeidstilsynet har fastsett. Arbeidstilsynet og Statens vegvesen leverte på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet ein rapport i mai 2025, der dei greidde ut forslaget, bl.a. nødvendige regelverksendringar og praktiske løysingar. Regjeringa tar sikte på å ta stilling til den vidare oppfølginga av vedtaket seinhausten 2026 og vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

2.8 Stortingssesjon 2017–2018

Særaldersgrenser for tilsette i staten

Vedtak nr. 42, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere, i samråd med partene i arbeidslivet, om dagens system med særaldersgrenser for ansatte i staten og statlige virksomheter bør endres, i tråd med utviklingen i samfunns- og yrkesliv.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2017–2018), Innst. 2 S (2017–2018).

I avtalen om nye pensjonsreglar for personar med særaldersgrense frå august 2023 går det fram at partane er innforståtte med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort kompetansen til personar som i dag har særaldersgrenser. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt og på eigna måte.