Forsida

Migrasjon og integrering 2021–2022

Rapport frå Noreg til OECD.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten Migration and Integration 2021–2022 – Report for Norway to the OECD er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2021 og langt på veg 2022, særleg med omsyn til ny politikk. Rapporten inneheld bidrag frå åtte departement: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet,  Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Rapporten inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering som i all hovudsak byggjer på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for migrasjon, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, bustadspørsmål, helse, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar, og politikk som gjeld migrasjon og utvikling. Det høge talet på flyktningar frå Ukraina i 2022 og nye tiltak i samband med dette, blir omtala i relevante kapittel.

Rapporten for Noreg og liknande rapportar om dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon