Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 3 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel)

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Regjeringa gjer framlegg om at det vert gjeve heimel i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. for innkrevjing av ei avgift som dekkjer utgifter styresmaktene får ved å utføre ulike forvaltingsoppgåver innanfor verkeområdet til saltvassfiskelova.

Slik kostnadsdekning er gjennomførd på ulike område, og Regjeringa meiner at det innanfor ressursforvaltingsområdet er særleg godt grunnlag for å innføre slike avgifter. Dette fordi fiskerinæringa har fått gratis tilgjenge til å drive næringsverksemd med utgangspunkt i ein fellesressurs.

Fiskeriforvaltinga gjennomfører eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid for å sikre at fiskeressursane vert hausta på ein berekraftig måte. Målet med dette arbeidet er å sikre eit best mogleg langtidsutbytte frå fiskerinæringa, til beste for den einskilde næringsutøvar, den samla næringa og samfunnet som heilskap. Då er det ikkje urimeleg at næringa sjølv dekkjer ein del av utgiftene ved dette arbeidet.

Ei slik avgift kan krevjast inn utan særlege økonomiske og administrative konsekvensar, dersom ein legg avgifta på førstehandsverdien av omsett fangst og salslaga får i oppgåve å krevje avgifta inn i samband med avrekning av fangstoppgjer til fiskar. For næringa vil derimot ei ny avgift innebere ein ekstra kostnad.

Til toppen
Til forsida av dokumentet