Ot.prp. nr. 3 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel)

Til innhaldsliste

2 Vurdering og framlegg

Innkrevjing av gebyr og avgift for offentlege tenester og kontrollordningar er i dag gjennomførd på ulike område.

Slike ordningar byggjer normalt på det generelle prinsippet at brukarane av offentlege tenester/ytingar også skal betale for dei kostnadane dei påfører samfunnet. Dette prinsippet set grenser for kor stort gebyret eller avgifta kan vere. Som utgangspunkt skal dei ikkje samla overstige kostnadane ved det arbeidet forvaltinga gjer.

Fiskeristyresmaktene krev i dag gebyr for å handsame ein del typar søknader som gjeld fiskefartøy og eit årleg gebyr for å ha eit fartøy registrert i registeret over fiskefartøy. Desse gebyra er knytte til konkrete arbeidsoppgåver som fiskeriforvaltinga utføre - handsaming av søknader og føring/vedlikehald av registeret - med heimel i deltakarlova av 26. mars 1999 nr 15 § 25.

Fiskeressursane er ein fellesressurs som skal kome alle til gode. Men fiskeressursane er avgrensa, og skal forvaltast med sikte på å sikre størst mogleg utbytte innanfor dei fastsette måla for fiskeripolitikken.

Det er i lys av dette vi må sjå det omfattande arbeidet fiskeriforvaltinga legg ned knytt til reguleringa av fisket. Reguleringane handlar om kvotefastsetjing, reglar om bifangst o.l., som skal avgrense det kvantumet ein haustar. Dei handlar også om tekniske reguleringar for korleis fisket skal gjennomførast, så som krav til utforming av fiskereiskapar, reglar om stenging av havområde for å verne ungfisk, krav til rapportering av aktivitet eller fangst osv.

All erfaring viser at det trengst kontroll med at slike reglar vert respekterte. Styresmaktene har ansvar for å forvalte ressursane på vegne av fellesskapet, og må gjennomføre kontroll for å sjå til at ingen tek seg til rette når dei haustar av fellesressursen.

I Fiskeri- og kystdepartementet sin budsjettproposisjon for 2005, vert det i eit vedlegg gjort greie for ein del element i kontrollarbeidet. Det vert særleg peika på ein del tiltak som er tenkt sett i verk for ytterlegare å styrke og effektivisere arbeidet med ressurskontroll.

Fiskeriforvaltinga legg alt i alt ned eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid for å sikre at haustinga av fiskeressursane skjer på ein berekraftig måte. Budsjettproposisjonen til Fiskeri- og kystdepartementet for 2005 gjer greie for det samla ressursforvaltingsarbeidet og kostnadane ved dette. Målet med dette arbeidet er å sikre eit best mogleg langtidsutbytte frå fiskerinæringa, til beste for den einskilde næringsutøvar, den samla næringa og samfunnet som heilskap.

Når fiskerinæringa har fått gratis tilgjenge til å drive næringsverksemd med utgangspunkt i denne ressursen, meiner Regjeringa det er rimeleg at næringa også dekkjer ein del av samfunnet sine utgifter med å forvalte ressursane. Det er særleg nærliggande å peike på det omfattande arbeidet med bestandskartlegging og - overvaking, kvoteforhandlingar med andre land og arbeidet med fordeling av den nasjonale kvoten og fastsetjing av kvotar for dei einskilde fartøya. Dette arbeidet er heilt naudsynt for å kunne gjennomføre eit forsvarleg og berekraftig fiske, og det kjem heile næringa til gode. Arbeidet som ligg til grunn for den årlege tildelinga av kvotar, er direkte avgjerande for kvar einskild si næringsverksemd og økonomiske gevinst både på kort og lang sikt.

Det fell også naturleg å peike på at dei utgiftene samfunnet har til kontroll med fiskeriaktiviteten, i alle fall delvis bør dekkast av næringa. Det er handlingar frå næringsaktørane sjølve som har utløyst desse kontrollutgiftene og kontrollarbeidet er naudsynt for å sikre at haustinga skjer korrekt i høve til dei reglane som gjeld, særleg for uttaksavgrensingar.

Det kan nemnast at det er andre land som allereie har innførd slik heil eller delvis kostnadsdekning. Dette gjeld til dømes New Zealand, medan Namibia har innførd ei ressursrente som dekkjer alle forvaltningsutgifter.

På denne bakgrunn vert det gjort framlegg om ein heimel i saltvassfiskelova for å pålegge ei avgift for oppgåver som offentlege styresmakter utføre innanfor verkeområdet for saltvassfiskelova.

Til forsida