Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova).

I Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) Om lov om endringer i friskoleloven og fagskoleloven la departementet m.a. fram forslag til mellombels endringar i friskolelova for å stoppe veksten av friskolar inntil ny lov er på plass. For å leggje grunnlaget for ei god og heilskapleg utgreiing fram mot ny privatskolelov, var det nødvendig med ein generell stans i godkjenninga av nye skolar i ein tidsavgrensa periode. Forslaga til mellombels lovendringar vart vedtekne, og tredde i kraft 9. juni 2006. I samsvar med det som vart varsla i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) legg departementet med dette fram forslag til heilskaplege lovendringar i samsvar med regjeringa sitt syn på private skolar slik dette vart presentert i den politiske plattforma for fleirtalsregjeringa (Soria Moria-erklæringa). Det går fram av erklæringa at

«Regjeringen vil gjennomgå regelverk og støtteordninger for private skoler for å stramme inn utbredelsen av private skoler som ikke utgjør et religiøst eller pedagogisk alternativ til den offentlige skolen.»

Forslaga i proposisjonen omfattar endringar på desse områda:

  • Tittelen på lova (kapittel 6)

  • Verkeområdet til lova ( kapittel 7)

  • Godkjenning med rett til tilskot (kapittel 8)

  • Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar (kapittel 9)

  • Krav til drifta av skolane (kapittel 10)

  • Krav til læreplanar og elevvurdering (kapittel 11)

  • Inntak av vaksne (kapittel 12)

  • Organisering av elevar i grupper (kapittel 13)

  • Offentleg tilskot og skolepengar (kapittel 14)

  • Krav til rekneskapsføring m.m. (kapittel 15)

  • Tilsyn og sanksjonar (kapittel 16)

Andre, mindre forslag til lovendringar er samla i kapittel 17 i proposisjonen.

I kapittel 4 i proposisjonen er det gitt ei oversikt over Noregs folkerettslege plikter, medan det i kapittel 5 er gitt ei oversikt over grunnopplæringa i Noreg. I kapittel 18 er det gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovforslaget.

Til forsida av dokumentet