Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

5 Oversikt over grunnopplæringa i Noreg

5.1 Offentleg og privat grunnopplæring

Omgrepet grunnopplæring omfattar grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Det er plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1 første ledd første punktum. Plikta til grunnskoleopplæring kan oppfyllast på fire forskjellige måtar:

  • Offentleg grunnskole (regulert i opplæringslova)

  • Frittståande grunnskole (regulert i friskolelova)

  • Privat grunnskole (regulert i opplæringslova § 2-12)

  • Privat heimeopplæring (regulert i opplæringslova § 2-13)

Den private opplæringa skal tilsvare den som blir gitt i den offentlege grunnskolen, jf. opplæringslova § 2-1 første ledd andre punktum. Grunnskolar som er i privat eige, skal vere godkjende av departementet. I motsetning til frittståande grunnskolar har verken private grunnskolar eller føresette som gir barna sine grunnskoleopplæring, rett til offentleg tilskot til drifta.

Unge har etter søknad rett til offentleg vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå, jf. opplæringslova §§ 3-1 første ledd første punktum og 3-3 første ledd. Det er ikkje krav om at vidaregåande skolar skal vere godkjende av offentleg myndigheit. For dette skoleslaget er det dermed fri etableringsrett. Vi har følgjande typar vidaregåande skolar:

  • Offentlege (regulert i opplæringslova)

  • Frittståande (regulert i friskolelova)

  • Private (ikkje regulert i utdanningslovgivinga)

Det er berre dei to førstnemnde som har såkalla eksamensrett, det vil seie at dei kan skrive ut vitnemål/kompetansebevis, under dette fastsetje standpunktkarakterar. Elevar ved private vidaregåande skolar må ta eksamen som privatistar.

I motsetning til dei frittståande vidaregåande skolane har ikkje private vidaregåande skolar rett til offentleg tilskot.

Når det gjeld opplæring spesielt organisert for vaksne, viser departementet til opplæringslova kapittel 4A.

5.2 Val av privat skole

Når foreldre og elevar vel ein privat skole, inngår dei ein privatrettsleg avtale. Den eine parten – ­skolen – forpliktar seg til å utføre ei teneste som den andre parten – foreldre og elev – forpliktar seg til å betale for.

Staten godkjenner enkelte private skolar med rett til statstilskot etter friskolelova. Godkjenninga inneber at det er stilt krav til korleis verksemda blir driven. Dersom skolen ikkje blir driven i samsvar med krava, har staten ulike sanksjonsmiddel – den alvorlegaste sanksjonen er å trekkje tilbake godkjenninga. Etter gjeldande forvaltningspraksis blir denne sanksjonen nytta berre ved kvalifisert brot på regelverket, det vil seie gjentaksbrot, fleire brot eller alvorlege brot.

Staten fører tilsyn med verksemda etter friskolelova, jf. § 7-2. Formålet med tilsynet er å kontrollere at elevane får eit kvalitativt godt skoletilbod, under dette å kontrollere at statstilskotet og eventuelle skolepengar kjem elevane til gode.

Godkjenning etter friskolelova er ikkje tidsavgrensa, og skolen er ikkje forplikta til å drive verksemda innanfor ein gitt tidsperiode. Det er dermed etter lova ikkje noko til hinder for at skolen kan leggje ned verksemda når han sjølv ønskjer, også midt i skoleåret.

Konsekvensane for elevane i ein situasjon der private skolar blir nedlagde, blir ulike, avhengig av kva skoleslag det gjeld:

Dersom ein grunnskole blir lagd ned, skal heimkommunen sørgje for at elevar i opplæringspliktig alder straks får eit offentleg tilbod ved nærskolen, jf. opplæringslova §§ 2-1 og 8-1. Dersom ein vidaregåande skole blir lagd ned, kan elevane på lik linje med andre elevar søkje om inntak i ein offentleg vidaregåande skole innanfor den søknadsfristen som gjeld, jf. opplæringslova § 3-1, eventuelt søkje om inntak i ein annan privat vidaregåande skole. Det finst ingen særordningar for elevar i private skolar sjølv om skolen blir lagd ned midt i eit skoleår. Elevar ved vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. kap. 6A, har ikkje rett til å fullføre opplæringa ved ein offentleg skole. Det er heller ikkje sikkert at andre private skolar tilbyr tilsvarande yrkesretta opplæring.

Foreldre og elevar bør vere merksame på dette når dei vel skole. Ved ei skolenedlegging kan dei berre rette eventuelle krav mot skolen i samsvar med den privatrettslege avtalen.

Til forsida av dokumentet