Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

18 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaget

Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaget blir vurderte i høve til friskolelova slik denne lydde fram til 9. juni 2006.

Det er forventa at dei foreslåtte krava til grunnlag for å bli godkjend med rett til statstilskot etter lova vil føre til færre private skolar og lågare utbetaling av tilskot i åra framover enn om friskolelova hadde blitt vidareført. Ein auke i talet på elevar i private skolar vil ha lite å seie for dei samla utgiftene for staten, fordi tilskota i hovudsak blir finansierte ved trekk i overføringane til kommunane og fylkeskommunane.

Forslaget om å oppheve skyss- og innlosjeringsføresegna for elevar ved skolar i utlandet vil gi innsparing for staten.

Forslaget om at enkelte private vidaregåande skoler ikkje lenger skal ha same høve til å ta inn vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, inneber at fylkeskommunane i mindre grad vil bli trekte i rammetilskotet for ei gruppe som ikkje er prioritert gjennom individuelle rettar i opplæringslova.

Eventuelt administrativt meirarbeid i samband med overgangsordningane er føresett dekt innanfor gjeldande rammer.

Til forsida