Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

19 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til forslaget om ny tittel på lova

Tittelen på lova er endra til lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). I lova får skolane nemninga private skolar. Slik endring medfører endringar i lovtittelen og i §§ 1-1, 1-2, 2-1 til 2-3, 3-1, 3-7, 3-8, 6-1 og 6-3.

Til § 1-1 første ledd

Tilvisinga til § 2 nr. 2 i lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) er fjerna. Dette har samanheng med at Noreg har oppfylt sine plikter etter mellom anna Europarådskonvensjonen 4. november 1950 om vern av menneskerettane og dei grunnleggande fridommane (EMK), protokoll 1, artikkel 2 ved det offentlege skoleverket og høvet til å etablere private skolar etter opplæringslova § 2-12.

Til § 1-2

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett.

Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande tredje ledd, men presiserer at lova ikkje gjeld skolar som er omfatta av fagskolelova. Som følgje av endring av tittelen på lova blir gjeldande andre ledd ikkje vidareført.

Tredje ledd presiserer at lova ikkje opnar for fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester.

Fjernundervisning omfattar også desentralisert undervisning, nettbasert undervisning og undervisning som skjer per brev. Føresegna vil ikkje vere til hinder for at det ved for eksempel langvarig sjukdom blir gitt opplæring andre stader enn på skolen, for eksempel basert på Internett. Føresegna gjeld ikkje for elevar som får tilskot til kompletterande undervisning etter § 6–4.

Kjøp av opplæringstenester omfattar kjøp av heile eller delar av opplæringstilbodet av andre aktørar, for eksempel ved å betale skolepengane for elevane ved andre private eller offentlege skolar i Noreg eller i utlandet. Føresegna vil ikkje vere til hinder for eksternt samarbeid og annan praksis som er føresett gjennomført i den godkjende læreplanen. Føresegna er heller ikkje til hinder for nødvendig samarbeid mellom grunnskolar og vidaregåande skolar og vidaregåande skolar og universitet/høgskolar, for eksempel programfag til val på ungdomstrinnet og prosjekt til fordjuping på vidaregåande trinn.

Til § 1-3

Det er tilføydd ei tilvising til opplæringslova § 13-2. Tilføyinga inneber ingen endringar i gjeldande rett.

Til §§ 1-4 og 1-5

Føresegnene blir oppheva. Departementet viser til merknadene til høvesvis § 2-2 og § 2-5.

Til § 2-1

Første ledd første punktum inneber at det ikkje ligg føre rett til godkjenning etter lova, men at departementet etter ei skjønnsmessig vurdering kan godkjenne nye skolar og driftsendringar ved allereie eksisterande skolar. Den skjønnsmessige vurderinga bør mellom anna byggje på kva konsekvensar godkjenninga vil få for den offentlege skolestrukturen, på skolefaglege omsyn, behovet for skolen og budsjettmessige omsyn. Ei skjønnsmessig opning for å godkjenne nye skolar og driftsendringar gir departementet høve til å stille vilkår for godkjenninga i den enkelte saka.

Første ledd andre punktum inneber at det må sendast søknad dersom ein grunnskole ønskjer å flytte verksemda til ein annan kommune eller ein vidaregåande skole ønskjer å flytte verksemda til eit anna fylke.

Første ledd tredje punktum slår fast at vertskommunen eller vertsfylket skal gi fråsegn før det blir gjort vedtak om godkjenning av ein skole eller flytting av ein skole. Fråsegna frå vertskommunen eller vertsfylket er ikkje avgjerande for om ein søknad skal innvilgast eller ikkje, men det vil vere relevant å leggje vekt på ei slik fråsegn i vurderinga av kva konsekvensar ei eventuell godkjenning vil få for den offentlege skolestrukturen. I første ledd tredje punktum blir det også presisert at vertskommunen og vertsfylket har rett til å klage på departementet sitt vedtak.

Første ledd fjerde punktum presiserer at skolar som er godkjende etter føresegna, har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter privatskolelova.

Andre ledd slår fast at skolane må drive verksemd på eit særskilt grunnlag for å kunne bli godkjende etter lova. Dette inneber at skolane i tillegg til å gi elevane jamgod opplæring, jf. § 2-3, må dokumentere at dei skal ha/har eit særskilt grunnlag. Bokstavane a til f gir ei uttømmande liste over alternative grunnlag. Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.2.

Tredje ledd første punktum fører vidare § 2-1 andre ledd tredje punktum om at grunnskolar som hovudregel skal ha norsk eller samisk som undervisningsspråk. For vidaregåande skolar inneber føresegna ei presisering i høve til gjeldande rett.

Tredje ledd andre punktum inneheld eit unntak frå første punktum, og er for grunnskolane ei vidareføring av § 2-1 andre ledd tredje punktum. For vidaregåande skolar inneber føresegna ei presisering i høve til gjeldande rett. Føresegna slår fast at kravet om norsk eller samisk som undervisningsspråk ikkje gjeld internasjonale skolar i Noreg. Undervisningsspråket i desse skolane skal vere eit framandspråk som flest mogleg av innbyggjarane i Noreg beherskar. Skolen kan ikkje stille krav til elevane om eit visst kunnskapsnivå i det språket som undervisninga skal skje på. Dette har samanheng med at alle skolar som er godkjende og driv verksemda etter privatskolelova, skal stå opne for alle, jf. § 3-1 første ledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 8.2.6.

Tredje ledd tredje punktum inneber at alle dokument som er viktige for skoleverksemda skal vere tilgjengelege på norsk eller samisk. Føresegna gjeld for alle skolar som er regulerte i § 2-1, og medfører at inntaksreglement, ordensreglement, læreplanar, rekneskap m.m. for skolen må liggje føre på norsk eller samisk.

Fjerde ledd første punktum slår fast at godkjenning med rett til tilskot fell bort dersom skolen ikkje har starta opp innan tre skoleår etter at godkjenninga er gitt.

Fjerde ledd andre punktum inneber at godkjenninga også fell bort når skoledrifta etter lova blir lagd ned. Ein skole kan såleis ikkje ta pause og deretter starte opp att utan at det ligg føre ny godkjenning. Likeeins må det søkjast om ny godkjenning dersom eit anna rettssubjekt ønskjer å drive skoleverksemda vidare. Sjå også departementet sine vurderingar i kapittel 8.4.2.3.

Femte ledd første punktum inneber at krava i andre ledd om særskilt grunnlag ikkje gjeld for skolar som var i drift etter lova 31. desember 2007. Føresegna omfattar likevel berre skolar som var i drift etter friskolelova per 13. desember 2005, eller som er innvilga unntak etter tidlegare §§ 2-1 andre ledd eller 2-2 andre ledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 8.3.3.

Femte ledd andre punktum slår fast at departementet berre kan godkjenne driftsendringar som er nødvendige ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd. Med nødvendige driftsendringar er meint endringar i læreplanen som følgje av endringar i den offentlege læreplanen eller i strukturen for den offentlege 13-årige grunnopplæringa. Dette inneber at lova ikkje opnar for godkjenning av driftsendringar i form av auka elevtal, nye trinn og nye utdanningsprogram for dei aktuelle skolane.

Sjette ledd er ei vidareføring av §§ 2-1 sjette ledd og 2-2 sjuande ledd. Føresegna gir departementet heimel for å fastsetje fristar i samband med behandlinga av søknader om godkjenning.

Til § 2-2

Første ledd første punktum er ei vidareføring av § 1-4 første ledd første punktum. Føresegna inneber at skolar berre kan drive skoleverksemd etter privatskolelova. Formålet med føresegna er å sikre at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode, og at det ikkje skjer kryssubsidiering til verksemd som ikkje har rett til tilskot, jf. §§ 6-3 og 6A-8. Som skoleverksemd i samsvar med lova er mellom anna rekna verksemd som er formålstenleg eller nødvendig for å nå måla i den læreplanen skolen har fått godkjenning etter. Departementet viser til vurderinga i kapittel 10.2.3.

Første ledd andre punktum er ei vidareføring av § 1-4 første ledd andre punktum. Føresegna inneber at det ansvarlege rettssubjektet i tillegg til skoleverksemd likevel kan drive internat og skolefritidsordning som er knytt til skolen. Paragraf 1-4 andre og tredje ledd er ikkje foreslått vidareførte. Sjå departementet sine vurderingar i kapittel 10.2.3.

Andre ledd første punktum er ei vidareføring av §§ 2-1 fjerde ledd og 2-2 femte ledd. Føresegnene slår fast at skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register. Skolen må vere registrert på søknadstidspunktet. Søkjaren vil følgjeleg vere eit rettssubjekt, for eksempel ein stiftelse, ei foreining eller eit aksjeselskap. Føresegnene må sjåast i samanheng med første ledd første punktum om at skolen ikkje har høve til å drive anna verksemd enn skole som er omfatta av godkjenninga etter privatskolelova, sjå likevel første ledd andre punktum. For å hindre samanblanding med anna verksemd må skolen organiserast som eige rettssubjekt. «Skoleeigaren» er det registrerte rettssubjektet som har fått godkjenning til å drive skole etter privatskolelova. Det er likevel ikkje nødvendig at det rettssubjektet som utgjer skolen sjølv, eig lokale og utstyr som blir brukte til skoledrifta. Formålet med føresegna er å få klar identifisering av skolen og oversikt over styret og andre registrerte nøkkelopplysningar. Etter einingsregisterlova skal mellom anna medlemmer av styret, dagleg leiar og revisor registrerast. Ved dette får ein ekstra notoritet om slike viktige forhold. Føresegna opnar for anna form for registrering enn registrering i Einingsregisteret, under føresetnad av at denne gir tilsvarande notoritet.

Andre ledd andre punktum inneber at nye skolar som søkjer om godkjenning, må kunne dokumentere at skolen har ein innskotskapital som minst tilsvarer minimumsbeløpet i aksjelova § 3-1 første ledd før det kan givast godkjenning. Føresegna gjeld ikkje for søknad om driftsendringar.

Tredje ledd første punktum inneber at godkjenninga med rett til statstilskot etter privatskolelova fell bort for skolar som har færre enn 15 elevar i alle rapporteringane av elevtal tre skoleår på rad.

Tredje ledd andre punktum fastset at den tilsvarande minimumsgrensa for norske skolar i utlandet er 10 elevar. Dette inneber at godkjenninga med rett til statstilskot etter privatskolelova fell bort for skole i utlandet som har færre enn 10 elevar i alle rapporteringane av elevtal tre skoleår på rad.

Tredje ledd tredje punktum slår fast at departementet i særlege tilfelle etter søknad kan gjere unntak frå kravet til elevtal. Dette er ein smal unntaksheimel for spesielle tilfelle, som kan nyttast i ein situasjon der kravet om høvesvis minimum 15 eller 10 elevar for å få halde fram med godkjenning etter privatskolelova står som urimeleg. Unntak kan vere aktuelt for eksempel i ein utbyggingsfase der ein skole kan dokumentere eller sannsynleggjere at han i løpet av eit visst tidsrom kan oppfylle kravet om respektive 15 eller 10 elevar. I slike tilfelle vil unntaket normalt vere tidsavgrensa. I tillegg kan det vere aktuelt med permanent unntak for skolar som berre tilbyr små og verneverdige handverksfag og andre små fag, der minimumskravet til elevtal vil medføre at slike fag ikkje lenger blir tilbodne i Noreg.

Til § 2-3

Første ledd første til fjerde punktum er ei vidareføring av gjeldande rett.

Første ledd femte punktum er nytt og slår fast at departementet i samband med godkjenninga av læreplanen har heimel for å fastsetje kva slags tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet. Departementet viser til vurderingane i kapittel 11.4.

Andre ledd første punktum fører vidare gjeldande forskriftsheimlar. I tillegg er departementet gitt heimel for å gi forskrift om krav til læreplanen. Andre ledd andre punktum er nytt og slår fast at departementet har heimel for å gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemål for grunnskoleelevar som får særleg språkopplæring, godskriving av tidlegare gjennomført vidaregåande opplæring eller praksis og fritak for den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen. Departementet viser til vurderingane i kapittel 11.4.

Til § 2-4

Første ledd er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Første ledd første punktum presiserer at departementet skal godkjenne skoleanlegget. Omgrepet skoleanlegget omfattar både undervisningslokale, andre lokale som blir brukte av elevane og uteareal. Godkjenninga etter første ledd første punktum omfattar ikkje lenger utstyr. Første ledd andre punktum er nytt og presiserer at skoleanlegget må liggje samla. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.2.4.

Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett.

Til § 2-5

Føresegna opnar for at departementet, etter søknad frå ein allereie godkjend skole, kan gi løyve til unntak frå lova og forskriftene til lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske og/eller organisatoriske forsøk. For å kunne innvilge ein søknad om forsøk må dette dreie seg om eit reelt forsøk: Formålet med forsøket må vere å finne ut om skolen kan finne fram til ei betre ordning på det aktuelle området ved å prøve ut alternative pedagogiske og organisatoriske løysingar. Det er føresett at forsøk skal evaluerast. På grunnlag av dei røynslene som blir gjorde, kan det så vere aktuelt å endre regelverket. Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.4.5.3.

Til § 3-1 første og andre ledd

Første og andre ledd fører vidare gjeldande rett. Det er tilføydd ei tilvising til opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. Tilføyinga inneber ingen endringar i gjeldande rett.

Til § 3-1 femte ledd

Føresegna fører vidare den gjeldande forskriftsheimelen om inntak av utanlandske søkjarar. I forskriftsheimelen om inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring er det gjort ei endring som inneber at heimelen gjeld i særskilde tilfelle. Slike særskilde tilfelle vil mellom anna vere inntak til opplæring i små, verneverdige fag, og behov samfunnet har for kompetanse på bestemte område, mellom anna innanfor landbruks- og gartnarnæringa og enkelte omsorgsutdanningar. Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 12.4.

Til § 3-1 sjuande ledd

Føresegna fører vidare gjeldande rett.

Til § 3-3 tredje og fjerde ledd

Føresegnene inneber vidareføring av gjeldande rett. I fjerde ledd er det presisert at det er eleven sitt heimfylke som gjer vedtak om omval, jf. § 1-3.

Til § 3-4

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett.

Andre og tredje ledd er nytt, og skal forstås på same måte som § 8-2 i opplæringslova om organiseringa av elevane i grupper.

Føresegna i andre ledd om at elevane må delast inn i grupper med forsvarleg storleik, er likevel ei presisering av allereie gjeldande rett. Kva som er pedagogisk forsvarleg i den konkrete opplæringssituasjonen, må vurderast etter skjønn. Behovet for tilpassing må vurderast konkret ut frå at alle elevar skal ha tilfredsstillande læringsutbytte. I den skjønnsmessige vurderinga må ein sjå gruppestorleiken i høve til ulike faktorar. Det vil for eksempel kunne avhenge av elevsamansetjinga, der det er lagt vekt på både individuelle og kollektive eigenskapar og aldersblanding. Vidare vil føresetnadene hos og talet på det pedagogiske personalet, det temaet det skal givast opplæring i, kva for ei arbeidsform som blir nytta og dei fysiske rammevilkåra ha betydning. Vurderinga vil derfor kunne variere over tid. Målet er heile tida å setje saman grupper slik at det gir det best moglege utgangspunktet for læring for alle elevane. Omgrepet trygt er på tilsvarande måte av same skjønnsmessige karakter. Kravet om sosialt tilhør skal ta vare på det behovet elevane har for sosial tryggleik og stabilitet.

Tredje ledd inneber at elevar i private skolar som har godkjenning etter § 2-1, får same rett som elevar i offentlege skolar til å vere knytte til ein kontaktlærar som har eit særleg ansvar for ein del sentrale gjeremål.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 13.

Til § 3-5 fjerde ledd

Føresegna er ny og presiserer at retten til særskild norskopplæring ikkje gjeld for elevar ved norske grunnskolar i utlandet. I dei tilfella da ein elev ved ein norsk skole i utlandet ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på grunn av manglande norskkunnskapar, vil eleven ha rett til spesialundervisning etter § 3-6.

Sjå også vurderingane frå departementet i punkt 17.3.4.

Til § 3-6 andre ledd første punktum

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Tilvisinga til § 1-3 er teken bort da ho er sedd som overflødig.

Til § 3-6 femte ledd

Endringa i ordlyden inneber inga endring i gjeldande rett.

Til § 3-7

Første og andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett. Andre ledd tredje punktum presiserer at det er heimfylket til eleven som er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar, jf. § 1-3.

Gjeldande tredje ledd er ikkje ført vidare. Dette inneber at norske grunnskolar i utlandet ikkje lenger har krav på statstilskot til delvis dekning av skyss og innlosjering for elevane. Departementet viser til merknaden til § 6-1 og departementet si vurdering i kapittel 14.3.3. Gjeldande fjerde og femte ledd er nytt tredje og fjerde ledd.

Til § 3-8

Endringa i føresegna har ikkje sjølvstendig rettsleg betydning, men klargjer at kommunehelsetenestelova med forskrifter ikkje gjeld i utlandet. Dette følgjer allereie av kommunehelsetenestelova med forskrifter og av alminnelege prinsipp om verkeområdet til lover.

Til § 3-10

Første og andre ledd fører vidare gjeldande rett. I første ledd er omgrepet klassetrinna erstatta med årstrinna som følgje av endringa i § 3-4. I andre ledd er det presisert at det med fylkeskommunen er meint heimfylket til eleven, jf. § 1-3. Andre ledd siste punktum er nytt og presiserer at dei norske vidaregåande skolane i utlandet sjølv skal gjere vedtak om bortvising. Departementet er klageinstans ved vedtak om mellom anna bortvising, jf. § 3-10 siste ledd.

Tredje og fjerde ledd fører vidare fjerde og femte ledd. Gjeldande tredje ledd blir ikkje ført vidare. Dette inneber at manglande betaling av skolepengar ikkje kan grunngi vedtak om bortvising etter § 3-10. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.5.4.

Til § 3-11 andre punktum

Endringa i ordlyden inneber inga endring i gjeldande rett.

Til § 3-12

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Det er gjort endringar i føresegna som følgje av endringar i § 2-1 andre ledd.

Til § 3-13

Første punktum fører vidare gjeldande rett. Andre til fjerde punktum er nytt og slår fast at departementet er klageinstans for enkeltvedtak om permisjon i grunnskolen. Departementet viser til kapittel 17.6.

Til § 4-2 tredje ledd

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Det er gjort endringar i første og andre punktum som følgje av endringar i § 2-1 andre ledd. I tredje punktum er det tilføydd ei tilvising til diskrimineringslova. Tilvisinga til diskrimineringslova §§ 4 og 7 er tilføydd som følgje av at diskrimineringslova tredde i kraft 1. januar 2006. Tilvisingane er ikkje uttømmande. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.7.4.

Til § 4-3 fjerde ledd

Endringa i ordlyden inneber inga endring i gjeldande rett.

Til § 4-4

Endringa i ordlyden inneber inga endring i gjeldande rett.

Til § 5-1

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Gjeldande første ledd tredje punktum er nytt andre ledd. Gjeldande andre og tredje ledd er nytt tredje og fjerde ledd.

Til § 5-2 andre ledd bokstav c

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett, men presiserer at styret skal vedta både budsjettet og rekneskapen for skolen.

Til § 5-2 andre ledd bokstav f

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett, men presiserer at styret har ansvaret for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning.

Til § 5-2 andre ledd bokstav j

Føresegna er ny, og slår fast at styret skal tilsetje dagleg leiar. Myndet kan ikkje delegerast, jf. § 5-2 fjerde ledd. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.8.4.

Til § 5–2 tredje ledd andre punktum

Endringa er ei følgje av endringane i § 7-2.

Til § 5-3 første ledd

Endringane er ei følgje av endringane i § 3-4 andre ledd.

Til § 6-1

Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande §§ 6-1, 6-3 og 6-6 om statstilskot til høvesvis grunnskolar, vidaregåande skolar og særskilde skolar for funksjonshemma. Føresegna omfattar ikkje skolar som er godkjende etter § 6A-1, jf. siste ledd andre punktum og § 6A-8 andre ledd.

Tredje ledd andre punktum gir departementet heimel for å gi forskrift om kommunekorreksjonsfaktoren. Dette har samanheng med at gjeldande 6-1 nr. 1 andre ledd siste punktum om at det skal «takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen der skolen ligg og utgiftene på landsbasis» (kommunekorreksjonsfaktoren), ikkje er vidareført. Departementet viser til vurderingane i kapittel 14.1.5.

Gjeldande § 6-1 nr. 2 andre ledd om tilskot til skyss og innlosjering i utlandet er ikkje vidareført. Departementet viser til § 3-7 og vurderingane i kapittel 14.3.3.

Fjerde ledd presiserer gjeldande forskriftsheimlar i §§ 6-1 nr.1 siste ledd og 6-3 siste ledd. Det er presisert at departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for elevtal og om rapportering av elevtal.

Til § 6-2

Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande §§ 6-2 andre og tredje ledd og 6-4 andre og tredje ledd om høvet til å krevje skolepengar ved grunnskolar, vidaregåande skolar og særskilde skolar for funksjonshemma. Føresegna omfattar ikkje skolar som er godkjende etter § 6A-1, jf. § 6A-8 tredje ledd.

Til § 6-3

Føresegna er ei vidareføring av §§ 6-2 første og fjerde ledd og 6-4 første og fjerde ledd.

Til § 6-4

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande § 6-5 første og tredje punktum om statstilskot til kompletterande undervisning. Det er presisert i føresegna at statstilskot til kompletterande undervisning ikkje kan givast til elevar ved skolar som er godkjende etter privatskolelova.

Gjeldande § 6-5 andre punktum om statstilskot til delvis dekning av skolepengar blir ikkje ført vidare. Departementet viser til vurderingane i kapittel 14.4.4.

Til § 6A-1

Første ledd første punktum slår fast at skolar som var i drift etter kapitlet 13. desember 2005 framleis kan drive verksemda etter lova. Føresegna omfattar også skolar som blir godkjende etter gjeldande unntaksføresegn i § 6A-1 og som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet viser til § 8-2.

Første ledd andre punktum slår fast at departementet i særlege tilfelle kan godkjenne driftsendringar ved skolar som er omfatta av første punktum.

I andre ledd er det gjort endringar som følgje av endringane i første ledd.

Departementet viser til vurderingane i kapittel 9.4.

Til § 6A-2

Første ledd første til tredje punktum er ei vidareføring av gjeldande rett.

Første ledd fjerde og femte punktum er nytt. Fjerde punktum presiserer at opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Departementet viser til vurderingane i kapittel 8.4.4.3. Femte punktum slår fast at departementet i samband med godkjenninga av læreplanen har heimel til å fastsetje kva slags tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet. Departementet viser til vurderingane i kapittel 11.4.

Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett.

Til § 6A-3 sjette ledd

Som følgje av at det ikkje finst særskilde skolar for funksjonshemma som driv verksemda etter kapittel 6A, er ikkje føresegna ført vidare.

Til § 6A-4 tredje ledd

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Det er tilføydd ei tilvising til diskrimineringslova §§ 4 og 7 som følgje av at denne lova tredde i kraft 1. januar 2006. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.7.4.

Til § 6A-6 tredje og fjerde ledd

Tredje og fjerde ledd fører vidare gjeldande fjerde og femte ledd. Gjeldande tredje ledd blir ikkje ført vidare. Dette inneber at manglande betaling av skolepengar ikkje kan grunngi vedtak om bortvising etter § 6A-6. Departementet viser til vurderingane i kapittel 17.5.4.

Til § 6A-7

Departementet viser til merknadene til §§ 2-2, 2-4, 3-4, 7-1 og 7-2a.

Til § 6A-8

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Departementet viser til vurderingane i kapittel 14.1.5.

Til § 7-1

Første ledd slår fast at alle skolar som får tilskot etter denne lova, skal følgje rekneskapslova og bokføringslova, sjølv om dei ikkje er rekneskapspliktige etter rekneskapslova. Tilsvarande skal alle skolane ha revisjon i samsvar med revisorlova. Føresegnene om krava til å følgje norsk rekneskaps- og revisjonslovgiving gjeld også for norske skolar i utlandet som får tilskot etter denne lova.

Andre ledd gir departementet heimel for å gi forskrifter om rapportering frå private skolar. Det kan vere aktuelt med forskrifter om mellom anna heimel for å krevje rapportering, innhaldet i rapporteringa, krav til spesifikasjon av rekneskapen og gjennomføringa av rapporteringa.

Til § 7-2

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande første ledd. Andre og tredje ledd er ei vidareføring av gjeldande fjerde og femte ledd.

Til § 7-2a

Første og andre ledd er ei vidareføring av § 7-2 andre og tredje ledd.

Tredje ledd slår fast at første og andre ledd også gjeld der det blir oppdaga forhold som står i strid med andre lover eller forskrifter, for eksempel marknadsføringslova, likestillingslova eller aksjelova, og brot på konvensjonar som Noreg er bunde av. Vilkåret for at første og andre ledd skal gjelde i slike tilfelle, er at forholdet svekkjer tilliten til skolen hos departementet. Kriteriet er retta mot dei tilfella der brot på andre regelverk er relevante for drifta av skolen etter privatskolelova, og såleis for departementet sin tillit til skolen som tilbydar av opplæring til elevane og som mottakar av statstilskot.

Til § 7-4

Føresegna fører vidare gjeldande rett. Det er berre gjort endringar i ordlyden.

Til § 8-1

Første ledd inneber at departementet ikkje kan godkjenne nye særskilde skolar for funksjonshemma før 1. juli 2009.

Andre ledd gir departementet heimel for å fastsetje nærmare overgangsreglar i forskrift.

Til § 8-2

Første ledd første punktum inneber at kapittel 6A i lova blir oppheva 1. juli 2010. Første ledd andre punktum inneber at også den nemnde føresegna blir oppheva 1. juli 2010. Departementet viser her til vurderinga i kapittel 9.4.

Til forsida av dokumentet