Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

13 Organisering av elevar i grupper

13.1 Gjeldande rett

Med verknad frå 1.august 2003 vart det gjort endringar i kapittel 8 i opplæringslova, der mellom anna føresegna om klassar og klassedelingstal vart oppheva og erstatta med ei føresegn i opplæringslova § 8-2 om at elevane kan delast inn i grupper etter behov. Ifølgje § 8-2 må gruppene ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal ta vare på elevane sitt behov for sosialt tilhør, og til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Kvar elev skal vere knytt til en lærar (kontaktlærar) som har eit særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.

Kva som er pedagogisk forsvarleg i den konkrete opplæringssituasjonen, må vurderast etter skjønn. Behovet for tilpassing må vurderast konkret ut frå at alle elevar skal ha tilfredsstillande læringsutbytte. I forarbeida til føresegna er det peikt på at ein i den skjønnsmessige vurderinga må sjå gruppestorleiken i høve til ulike faktorar. Det vil for eksempel kunne avhenge av elevsamansetjinga, der det er lagt vekt på både individuelle og kollektive eigenskapar og aldersblanding. Vidare vil føresetnadene til og talet på det pedagogisk personalet, det temaet det skal givast opplæring i, kva for arbeidsform som blir nytta og dei fysiske rammevilkåra ha betydning. Vurderinga vil derfor kunne variere over tid.

Målet er heile tida å setje saman grupper slik at det gir eit best mogleg utgangspunkt for læring for alle elevane. Sjå også departementet sine vurderingar i kapittel 2.4 i Ot.prp. nr. 67 (2002–2003) om endringar i opplæringslova, «Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa».

Føresegna i opplæringslova § 8-2 gjeld tilsvarande for private grunnskolar godkjende etter opplæringslova, jf. opplæringslova § 2-12 tredje ledd.

Friskolelova har ingen regel som tilsvarer opplæringslova § 8-2 om organisering av elevane. Etter friskolelova § 3-4 skal likevel opplæringa «tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven». Opplæringslova har ein tilsvarande regel om tilpassa opplæring i § 1-2 femte ledd. Sjølv om det ikkje er uttrykkeleg uttalt i friskolelova, inneber kravet om tilpassa opplæring at elevane må delast inn i grupper som har forsvarleg storleik.

13.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at det er ei rekkje føresegner i opplæringslova som også er gjorde gjeldande for friskolane. Men dei tidlegare reglane om klassedelingstal som gjaldt for den offentlege skolen, vart ikkje gjorde gjeldande for friskolane:

«Bakgrunnen for dette er at departementet mente at de klassedelingstallene som gjaldt for den offentlige skolen ikke uten videre vil passe for de frittstående skolene. Se vurderingene fra departementet i punkt 6.4 Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskoleloven.

Da den tidligere bestemmelsen i opplæringsloven om klasser og klassedelingstall ble opphevet og erstattet med en skjønnsbasert reguleringsform, jf. opplæringsloven § 8-2, ble det ikke samtidig vurdert om det skulle inntas en tilsvarende bestemmelse i friskoleloven.

Departementet foreslo i høringsbrevet at det også i privatskoleloven § 3-4 presiseres at gruppestørrelsen må være pedagogisk og trygghetsmessig forsvarlig. Som følge av forslaget om å lovfeste krav om forsvarlig gruppestørrelse, er det naturlig at det også lovfestes for de private skolene at organiseringen skal ivareta elevene sitt behov for sosial tilhørighet og at organiseringen til vanlig ikke skal skje etter faglig nivå, kjønn eller etnisk tilhørighet. Som følge av forslaget foreslås det også en endring i § 5-3 om elevråd, jf. også opplæringsloven § 11-2 om elevråd ved grunnskoler.

Opplæringsloven har i § 8-2 annet ledd en bestemmelse om at hver elev skal være knyttet til en kontaktlærer. Departementet gjorde i høringsbrevet oppmerksom på at det vurderer å lovfeste en tilsvarende bestemmelse for private skoler, og ba særskilt om høringsinstansenes syn på dette spørsmålet.»

13.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit klart fleirtal av høringsinstansane er positive eller har ingen merknader til høringsforslaget.

Vest-Agder fylkeskommune , som er blant dei fylkeskommunane som støttar forslaget, uttaler:

«Elever i private skoler bør så langt det er mulig ha de samme rettigheter som i offentlige skoler. Bestemmelsen om kontaktlærer bør derfor også gjelde for private skoler.»

Dei av friskoleorganisasjonane og friskolane som uttaler seg, er også samde i forslaget. Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) seier:

«Selv om det ikke er fremsatt påstander om at manglende formuleringer i dagens friskolelov har skapt problemer, så er det for NFFL helt innlysende at elevene skal ha likeverdige rammer for sin opplæring, uavhengig av om skoleeieren er offentlig eller privat.»

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) har følgjande kommentar til spørsmålet om kontaktlærar:

«FUG støtter at ordningen med kontaktlærer også skal gjelde skoler etter denne lov. Det er viktig for foreldrene å vite at ansvaret som en kontaktlærer har i den offentlige skolen, bl.a. når det gjelder kontakten med hjemmet, også finnes ved disse skolene. Det gir trygghet for foreldrene å kjenne til hvem en skal forholde seg til fra første dag barnet er på skolen.»

13.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår i samsvar med høringsforslaget at det blir presisert i § 3-4 andre ledd at elevgruppene ikkje må vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. I samsvar med høringsforslaget foreslår departementet også at det blir lovfesta i den same føresegna at organiseringa skal ta vare på elevane sitt behov for sosialt tilhør, og at organiseringa ikkje skal skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.

På bakgrunn av fråsegnene frå høringsinstansane går departementet inn for at det blir teke inn ei føresegn i § 3-4 tredje ledd om at kvar elev skal vere knytt til ein kontaktlærar. Elevar i private skolar får såleis same rett som elevar i offentlege skolar til å vere knytte til ein lærar som har eit særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.

Departementet legg etter dette fram forslag til nytt andre og tredje ledd i § 3-4. Som følgje av dette forslaget foreslår departementet også ei endring i §§ 5-3 første ledd om elevråd og § 6A-7. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Til forsida av dokumentet