Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

14 Offentleg tilskot og skolepengar

14.1 Offentleg tilskot til skolar og skolepengar

14.1.1 Gjeldande rett

Skolar som er godkjende etter friskolelova, har rett til statleg tilskot utrekna etter kapittel 6 og tilhørande forskrifter. Det er forskjellige tilskotsordningar for kvar skoletype. Hovudregelen er at skolane får statstilskot med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev, jf. §§ 6-1 og 6-3. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Tilskotsgrunnlaget blir korrigert for utgifter som den offentlege skolen har, men som ikkje skal inngå i tilskotsgrunnlaget.

Tilskotsgrunnlaget blir utrekna særskilt for barnetrinnet, ungdomstrinnet og dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Små grunnskolar får eit høgare tilskotsgrunnlag per elev enn store skolar. Vidare blir tilskotsgrunnlaget for grunnskolane justert slik at det blir teke omsyn til forskjellar mellom utgiftene i den kommunen der skolen ligg og utgiftene på landsbasis. For dei frittståande grunnskolane varierer tilskotsgrunnlaget ut frå både kor stor skolen er og i kva for ein kommune skolen er lokalisert (kommunekorreksjonsfaktoren). Denne justeringa av tilskotet skal liggje innanfor ei maksimal ramme på +/– 7 prosent.

Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole får tilskot tilsvarande 85 prosent av eit godkjent budsjett.

Lova har eigne føresegner om statstilskot til skolar for funksjonshemma og til skolar som er godkjende etter kapittel 6A, jf. §§ 6-6 og 6A-8.

14.1.2 Om særskilde budsjettvedtak

Enkelte skolar får, i tillegg til lovheimla tilskot etter friskolelova, tilskot etter særskilt budsjettvedtak. Wang og Norges Toppidrettsgymnas får toppidrettstilskot for maksimalt 810 elevar i tillegg til det lovheimla tilskotet. Kongshaug musikkgymnas har også i fleire år fått eit ikkje-lovheimla statstilskot i tillegg til tilskotet etter friskolelova.

Det har vore stilt spørsmål ved om skolar for funksjonshemma har lovheimla krav på tilskot til husleige. Departementet finn det klart at skolane for funksjonshemma ikkje har krav på offentleg tilskot til dekning av husleigeutgifter. Etter 2003 er det ikkje løyvd midlar til auke av husleigeutgifter over statsbudsjettet, med unntak av den kortvarige ordninga med tilskot til kapitalkostnader hausten 2005.

14.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«I Soria Moria-erklæringen har Regjeringen sagt at de vil gjennomgå støtteordningene knyttet til private skoler.

Dagens ordning med statstilskudd til frittstående skoler med differensiert tilskuddsgrunnlag er forholdsvis komplisert. Departementet har vurdert om det er hensiktsmessig å foreta endringer i dagens ordning. Departementet mener at tilskuddsgrunnlaget fortsatt bør være gjennomsnittlige driftsutgifter per elev i den offentlige skolen. Videre bør en ordning med differensiert tilskuddsgrunnlag likebehandle private skoler som er godkjent på samme grunnlag. Departementet vil ikke foreslå endringer i dagens ordning med differensiert tilskuddsgrunnlag.

For de frittstående grunnskolene varierer tilskuddsgrunnlaget både ut fra i hvilken kommune skolen er lokalisert og hvor stor skolen er. Begrunnelsen for å innføre kommunalt differensierte satser var at man ønsket størst mulig likebehandling av en offentlig og en frittstående skole som lå i samme kommune. Departementet har mottatt tilbakemelding fra enkelte frittstående skoler om at ordningen med kommunalt differensiert tilskuddsgrunnlag oppleves som lite forutsigbar og urettferdig. Departementet ønsker fortsatt størst mulig grad av likebehandling av offentlige og private skoler med rett til statstilskudd og vil ikke forslå endringer i ordningen med kommunalt differensiert tilskuddsgrunnlag.

I forhold til Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime videregående skole vil departementet arbeide videre med å vurdere tilskuddsordningen, se punkt 16 i Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskoleloven og punkt 2.3 i Innst. O. nr. 80 (2002–2003) med samme tittel.

Departementet foreslår en del redaksjonelle endringer i kapittel 6 i loven. Endringen er i all hovedsak en sammenslåing og flytting av bestemmelser [...]

Videre foreslår departementet at forskriftshjemlene i gjeldende friskolelov presiseres i §§ 6–1 og 6A–8. Etter forslaget skal forskriftshjemlene være dekkende med hensyn til å gi forskrifter om rapportering av elevtall og dokumentasjon for elevtall, herunder at elevene følger godkjent opplæring.»

14.2.1 Synspunkta frå høringsinstansane

Av dei høringsinstansane som har uttalt seg, støttar eit stort fleirtal forslaget og er positive til å føre vidare ei tilskotsordning differensiert etter skoletype.

Av dei høringsinstansane som har uttalt seg om ordninga med kommunekorreksjonsfaktor, er det eit stort fleirtal som ønskjer at denne ordninga blir avvikla. Motførestellingane mot ordninga kjem frå Kristne Friskolers Forbund, Norsk Montessoriforbund, Bjerkely skole, Katolske skoler i Norge, Ryenberget skole, Halden friskole, Skauen kristelige skole, Romsdals Ungdomsskole, Granly skole, Norsk Lærerakademi og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon.

Fleire av dei som har motførestellingar mot kommunekorreksjonsordninga, meiner at ho er lite føreseieleg for skolane. Vidare blir det peikt på at skolane har heile landet som inntaksområde, og derfor ikkje bør ha lokal tilskotsordning.

Kristne Friskolers Forbund uttaler mellom anna:

«Vi mener at skoleslag som har hele landet som inntaksgrunnlag ikke skal ha en lokal tilskuddsordning. Det logisk riktige vil være å bruke landsgjennomsnitt som tilskuddsgrunnlag.»

Norsk Montessoriforbund seier:

«Norsk Montessoriforbund er skeptisk til praktiseringen av kommunekorrigert tilskudd til privatskolene. En viktig grunn er kvaliteten på KOSTRA-tallene. Dersom systemet med å korrigere statstilskotet for utgiftene til grunnskolene i den kommunen friskolen ligger i skal opprettholdes, må det legges til rette for gode rutiner for oppretting av feil som skyldes feilkilder i KOSTRA. Det er fremkommet flere eksempler på slike forhold. Privatskolene må ikke lide for feilrapportering fra kommunene ».

Bjerkely skole uttaler:

«Positivt at tilskuddsordningene i hovedsak opprettholdes. Men de siste års praksis med kommunekorreksjonsordning har vist seg å føre til svært liten forutsigbarhet for skolene. Kommunefaktoren varierer ofte svært mye fra år til år. Vi foreslår at denne ordningen fjernes».

Dei høringsinstansane som ønskjer å føre vidare ordninga med kommunekorreksjonsfaktor, er Utdanningsforbundet, KS og Barneombodet. Elevorganisasjonen seier at han ønskjer at ei tilsvarande ordning bør innførast for utrekning av tilskot til dei frittståande vidaregåande skolane.

14.2.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Ordninga i dag, med statstilskot til frittståande skolar med differensiert tilskotsgrunnlag etter skoletype, er forholdsvis komplisert. Departementet har vurdert om det er formålstenleg å gjere endringar i ordninga. Departementet meiner at tilskotsgrunnlaget framleis bør vere gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Vidare bør ei ordning med differensiert tilskotsgrunnlag behandle skolar som er godkjende på same grunnlag, likt. Departementet vil derfor ikkje foreslå endringar i den ordninga vi har i dag, med tilskotsgrunnlag differensiert etter skoletype.

Det har vore stilt spørsmål ved om skolar for funksjonshemma har lovheimla krav på tilskot til husleige. Departementet finn det klart at skolane for funksjonshemma ikkje har lovheimla krav på statstilskot til dekning av husleigeutgifter, og viser til at det etter 2003 ikkje er løyvd midlar til auke av husleigeutgifter over statsbudsjettet, med unntak av den kortvarige ordninga med tilskot til kapitalkostnader hausten 2005.

Når det gjeld Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime videregående skole, vil departementet arbeide vidare med å vurdere tilskotsordninga, sjå kapittel 16 i Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskolelova og kapittel 2.3 i Innst. O. nr. 80 (2002–2003) med same tittel.

Departementet viser til forslaget i høringsbrevet om å føre vidare ei ordning med kommunekorreksjonsfaktor i utrekninga av tilskotssatsane til grunnskolane. Til dei argumenta høringsinstansane legg fram mot ordninga, vil departementet gjerne kommentere argumentet om at skolar som har heile landet som inntaksområde, ikkje bør ha lokal tilskotsordning. Dette argumentet meiner departementet er mindre relevant, fordi utgiftene for skolane ikkje er avhengige av kvar i landet elevane kjem frå, men av lokale forhold. Departementet ser likevel at ordninga med kommunekorreksjonsfaktor kan verke lite føreseieleg for skolane, og at ordninga er sårbar for feilføringar i KOSTRA. Departementet meiner det er viktig å leggje til rette for ei føreseieleg ordning for desse skolane, og vil derfor sjå nærmare på ordninga med kommunekorreksjonsfaktor.

I lys av desse vurderingane og dei erfaringane departementet gjorde i samband med framlegginga av St.prp. nr. 39 (2006–2007) om endringar på statsbudsjettet for 2007 under Kunnskapsdepartementet (omhandlar forslag til endring av satsane for dei frittståande grunnskolane i 2007), ønskjer departementet å setje i gang ei gjennomgåing av heile modellen for utrekning av tilskot til grunnskolar som er godkjende etter lova, både sjølve modellen for utrekning av satsar for små, mellomstore og store skolar fordelte på barnetrinn og ungdomstrinn, og ei gjennomgåing av ordninga med kommunekorreksjonsfaktor. Arbeidet vil bli gjort i samarbeid med friskoleorganisasjonane.

Departementet legg etter dette fram forslag om at den lovheimla kommunekorreksjonsfaktoren i § 6-1 blir teken ut av lova. Vidare foreslår departementet at denne føresegna blir erstatta av ein forskriftsheimel, slik at departementet kan gi ei tilsvarande føresegn i forskrift. Når gjennomgangen av utrekningsmodellen er gjennomført, og Stortinget er orientert på eigna måte, vil departementet ta stilling til om forskriftsføresegna skal førast vidare.

Av omsyn til det brukarvennlege foreslår departementet ein del redaksjonelle endringar i kapittel 6 og § 6A-8. Endringa er i all hovudsak ei samanslåing og flytting av føresegner. Departementet foreslår vidare at forskriftsheimlane i §§ 6-1 og 6A-8 blir presiserte. Etter forslaget skal forskriftsheimlane vere dekkjande for å gi forskrifter om rapportering av elevtal og dokumentasjon for elevtal, under dette at elevane følgjer godkjend opplæring. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Når det gjeld lovfesting av ansvar for nødvendige trykte og digitale læremiddel i vidaregåande opplæring, vil det bli fremma forslag om dette i ei anna proposisjon.

14.3 Krav til korleis skolane bruker offentlege tilskot og skolepengar

14.3.1 Gjeldande rett

Det går fram av friskolelova §§ 6-2 første ledd, 6-4 første ledd og 6A-8 første ledd at

«Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode.»

Det er presisert i føresegnene at dette mellom anna inneber forbod mot utbetaling av utbytte eller andre former for overføringar til eigarane eller deira nærståande. Som det går fram av ordlyden, gjeld restriksjonane berre midlar som stammar frå offentlege tilskot, og skolepengar. Retten til å drive anna verksemd enn skole etter lova, er avgrensa, jf. friskolelova § 1-4. Departementet viser elles her til kapittel 10.1.

14.3.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet:

«Kontrollhensyn og hensynet til å begrense muligheten for kommersiell drift taler for å fastsette et generelt forbud mot overføringer til eierne. Formålet med endringen vil i tilfelle være å få en bestemmelse som gir et klart og tydelig forbud mot overføringer til eier eller deres nærstående, og som er enkel å kontrollere gjennom tilsyn. En slik bestemmelse vil videre være i samsvar med lovens generelle utgangspunkt om at alle bidrag skal komme elevene til gode. Strammere restriksjoner på bruken av midlene vil dessuten bidra til å forebygge mulig kommersielt motivert skoleetablering og lekkasje av offentlige tilskudd.»

I høringsforslaget bad departementet om høringsinstansane sitt syn på om lova bør leggje ytterlegare restriksjonar på høvet til uttak av midlar frå skolen.

14.3.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Fleirtalet av dei høringsinstansane som har uttalt seg på dette punktet, støttar forslaget. Dei frittståande skolane og friskoleorganisasjonane har ein del innvendingar, men støttar i hovudsak prinsippet om at vederlagsfrie overføringar til eigar eller nærståande skal vere forbode.

Fleirtalet av kommunane støttar forslaget. Oslo kommune skriv mellom anna:

«Oslo kommune mener at det er viktig å unngå spekulasjoner om motiv for etablering av private skoler. Lovens bestemmelser knyttet til disse forhold bør derfor være restriktive.»

Skolenes landsforbund uttaler mellom anna:

«Det er viktig med sterkest mulig bestemmelser for å forebygge mulig kommersielt motivert skoleetablering og lekkasje av offentlige tilskudd.»

Barneombodet viser til den eksisterande føresegna om at «Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode», og skriv mellom anna:

«I den grad det er tegn som tyder på at dette forbudet kan uthules eller at det ikke overholdes, vil Barneombudet støtte et mer eksplisitt og generelt forbud mot overføring til eierne. Videre er det viktig at et slikt forbud følges av enkle og vanntette kontrollrutiner.»

Kristne Friskolers Forbund (KFF) meiner at ei eventuell føresegn uansett ikkje må ramme tilfelle der eigaren leiger ut lokale til skolane for ein pris som tilsvarar marknadsleige. Forbundet meiner vidare at føresegner som hindrar at skolane kan betale eigaren for tenester som eigaren yter, gir friskolane eit handicap samanlikna med fellestenester i fylke og kommunar.

KFF skriv mellom anna:

«Vi støtter fullt ut at det ikke skal overføres midler fra en friskole til eier, men å stenge for overførsel av gaver gitt til skolen og reelle priser på tjenester, mener vi er helt unødvendig.»

Vidare uttaler KFF:

«Hvis det skjer «kommersielt motivert skoleetablering og lekkasje av offentlige tilskudd i dag», så skjer det fordi noen bryter loven og myndigheten ikke klarer å avsløre dette lovbruddet. Å innføre nye lovregler vil ikke forandre denne situasjonen. De som bryter nåværende lov vil ikke i mindre grad bryte loven om nye lovregler innføres.»

Forbundet foreslår at det heller blir stilt krav om at berre non profit-eigarar kan eige friskolar, eventuelt at skolane er sjølveigande (stiftelsar eller non profit-organisasjonar).

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) meiner at overføring til eigarar bør kunne skje når dette er betaling for tenester som eigarane yter. I høringsfråsegna skriv NFFL mellom anna:

«Vårt råd til lovgiverne er altså at det skal være et forbud mot å ta utbytte i aksjelovens forståelse av begrepet, eller overføre eller låne ut penger fra virksomheten til skoleeier eller dens nærstående. Men samtidig bør det åpnes for at en godkjent privat eid skole må kunne delta i eller stå ansvarlig for et bredt spekter av aktiviteter knyttet til skolevirksomheten, forutsatt at slike aktiviteter dokumenteres og rapporteres på forsvarlig måte. Og skoleeier må kunne selge sine tjenester til skolevirksomheten, for priser som er vurdert som markedstilpassede. Eventuelt bør det kunne vurderes et pålegg om å innhente anbud, dersom tjenesten er av en slik art at den kan konkurranseutsettes.»

14.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Føresegna om at «Alle offentlege driftstilskot og skolepengar skal kome elevane til gode», inneber at midlar frå desse inntektskjeldene ikkje kan overførast til eigar eller nærståande eller på annan måte førast ut av skoledrifta. Høvet til å drive anna verksemd enn skole er sterkt avgrensa. Lova gir likevel skolane høve til framleis å drive skolefritidsordning og internat. Skolane kan dessutan ha andre inntekter i skoledrifta enn statstilskot og skolepengar, for eksempel inntekter frå sal av elevprodukt. Det vil derfor vere mogleg for skolane å ha inntekter som ikkje blir ramma av dei restriksjonane som er knytte til offentlege driftstilskot og skolepengar.

Kontrollomsyn tilseier at det bør vere restriksjonar på alle overføringar frå skolane. I somme tilfelle kan det vere vanskeleg å dokumentere om midlane stammar frå offentlege tilskot eller skolepengar. Eit totalforbod vil vere enklare å handtere, fordi det da vil vere klart at alle overføringar som ikkje er vederlag for kjøp av varer eller tenester, er forbodne. Departementet meiner dessutan at også andre inntekter i skoledrifta enn statstilskot og skolepengar bør komme elevane til gode.

Risikoen for misbruk er størst ved overføringar til eigar eller nærståande. Dette forholdet bør derfor ha spesiell merksemd. Eit generelt forbod mot overføringar til eigar eller nærståande er dessutan ei markering av at skolar som får statstilskot etter lova, ikkje skal vere kommersielle. Forbodet vil fjerne kommersielle motiv for drift etter lova. Departementet vil presisere at overføring til eigaren heller ikkje vil vere aktuelt når skolen er registrert som stiftelse eller foreining, fordi desse rettssubjekta er eigarlause og det følgjeleg ikkje er eigarar å overføre til.

Dei innvendingane som er komne i høringsrunden, har oftast gått på at forbod mot overføringar ikkje må ramme høvet til å ta betaling for varer og tenester. Departementet vil streke under at ein ikkje ønskjer å hindre reelle kjøp av varer og tenester på dokumenterte marknadsmessige vilkår. Marknadsmessige vilkår betyr i denne samanheng også vilkår som ikkje gir nærståande forteneste utover det som er normalt. På den andre sida er det klart at for eksempel transaksjonar mellom nærståande eller i konsernforhold som elles er tillatne etter aksjelova, kan føre til at offentlege tilskot eller skolepengar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. Eit typisk døme på noko som vil vere ulovleg etter §§ 6-3 og 6A-8, er «konsernbidrag» frå tilskotsmottakar etter aksjelova § 8-5, eller gåver frå tilskotsmottakar til utanforståande etter aksjelova § 8-6. Slike transaksjonar vil vere forbodne, fordi lova krev at offentlege tilskot og skolepengar frå elevane skal komme elevane til gode.

Departementet ser elles at eit generelt lovforbod mot overføringar til eigar eller nærståande kan ramme skolane ulikt. Det er derfor nødvendig å ha full oversikt over konsekvensane for dei enkelte skolane før ei slik føresegn blir vedteken. Konsekvensane av ei slik lovføresegn må greiast nærmare ut. Departementet legg vekt på å sikre at enkeltaktørar ikkje kjem urimeleg ut. Føresegner om generelt forbod mot overføringar til eigar eller nærståande er derfor ikkje tekne inn i lovforslaget. Departementet foreslår likevel nokre redaksjonelle endringar i kapittel 6 og § 6A-8, jf. kapittel 14.1.5.

14.4 Tilskot til skyss og innlosjering i utlandet

14.4.1 Gjeldande rett

Kapittel 7 i opplæringslova omhandlar skyss og innlosjering. Formålet med reglane er å sikre elevane lik rett til opplæring, uavhengig av foreldra sin økonomi og bustad. Retten til skyss for elevar i frittståande skolar i Noreg er regulert i friskolelova § 3-7 første ledd.

Det går fram av friskolelova §§ 3-7 tredje ledd og 6-1 siste ledd at norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering for elevane. Departementet kan gi forskrifter om utrekning av skyssavstanden og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering. Slik forskrift er ikkje gitt.

14.4.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget vart det vist til at gjeldande ordning er:

«[...] skyssatsen [er] kr 42 kr pr. skoledag og innlosjeringssatsen er inntil kr 17,20 per elevdøgn. Statstilskuddet utgjør 85 prosent av disse satsene.»

Vidare vart det vist til at

«Utregningen av skyssavstand og utgiftsgrunnlag for skyss og innlosjering innebærer en forholdsvis omfattende administrasjon for skolene i utlandet og staten v/Fylkesmannen i Oslo og Akershus.»

Det vart også peikt på at

«[...] norske borgere som velger å bosette seg i utlandet må som hovedregel benytte de offentlige tjenestene i det landet de flytter til. Dersom det finnes en norsk privat skole på stedet og foreldrene ønsker at barna skal benytte dette tilbudet, mener departementet at det er rimelig at foreldrene selv dekker ev. kostnader i forbindelse med skyss og innlosjering.»

Departementet foreslo på denne bakgrunn at tilskotsføresegnene i friskolelova §§ 3-7 tredje ledd og 6-1 siste ledd ikkje skulle førast vidare. Departementet foreslo også at det vart presisert i § 3-7 om skyss m.m. at føresegna ikkje gjeld for elevar ved norske skolar.

14.4.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane har ingen merknader eller uttaler seg ikkje til dette forslaget.

Av dei høringsinstansane som har uttalt seg, går eit fleirtal imot forslaget. Dei som går imot forslaget, er Norske Utenlandsskolers Forening, Kristne Friskolers Forbund (KFF), Norsk Luthersk Misjonssamband, Den norske skole Costa Blanca, Den Norske Skole Grand Canaria, Den Norske Skolen i Rojales og Norsk Lærerakademi. KFF uttaler seg slik:

«KFF mener at når norske elever har rett til skyss ved en friskole i Norge, må norske elever også ha rett til skyss ved en godkjent utenlandsskole og/eller innlosjering. Departementet argumenterer med at ordningen er kostbar. Det har vi vanskelig for å forstå all den tid det er et svært lavt antall elever dette gjelder hvert år. KFF foreslår at gjeldende ordning videreføres.»

Den norske skole Costa Blanca uttaler:

«Det er diskriminerende å utelukke noen elevgrupper. Både elever på norske grunn- og videregående skoler bør få skysstilbud.»

14.4.4 Departementets vurderingar og forslag

Norske borgarar som vel å busetje seg i utlandet, må som hovudregel nytte dei offentlege tenestene i det landet dei flytter til. Dersom det finst ein norsk privat skole på staden, og foreldra ønskjer at barna skal nytte dette tilbodet, meiner departementet det er rimeleg at foreldra sjølv dekkjer eventuelle kostnader i samband med skyss og innlosjering.

I samsvar med høringsutkastet legg departementet etter dette fram forslag om at statstilskotet til skoleskyss og innlosjering i utlandet ikkje blir vidareført. Vidare foreslår departementet at det blir presisert i § 3-7 at denne føresegna ikkje gjeld for elevar ved norske skolar i utlandet. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

14.5 Tilskot til skolepengar og kompletterande undervisning

14.5.1 Gjeldande rett

Friskolelova § 6-5 omhandlar offentleg tilskot til kompletterande undervisning og delvis dekning av skolepengar. Offentleg tilskot til kompletterande undervisning kan givast til elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet. Tilskot til delvis dekning av skolepengar kan givast til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller i utlandet. Tilskota kan ikkje givast til elevar i frittståande skolar. Departementet har heimel for å gi nærmare forskrift om tilskotsordningane.

Med heimel i friskolelova § 6–5 har departementet gitt forskrift om offentleg tilskot til skolepengar, jf. § 9–1 i forskrifta til friskolelova. Tilskotsordninga er forvalta av Lånekassen.

Tilskot til delvis dekning av skolepengar er ei utdanningsstøtte til elevar. Etter §§ 4 og 5 i utdanningsstøttelova har departementet heimel for å gi forskrifter om vilkår for godkjenning av utdanning som gir rett til støtte og tildeling av utdanningsstøtte. Vidare går det fram av § 6 første ledd første punktum at

«I tillegg til støtte til livsopphold kan det gis stipend og/eller lån til andre utgifter i forbindelse med utdanningen, herunder skolepenger og reisestøtte.»

Departementet har ikkje gitt forskrift om tilskot til kompletterande undervisning.

14.5.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttalte departementet at det

«[...] mener at tilskudd til delvis dekning av skolepenger naturlig hører hjemme i det regelverket som omhandler utdanningsstøtte, og det er ikke hensiktsmessig at denne utdanningsstøtten reguleres annerledes enn øvrig utdanningsstøtte. Departementet foreslår derfor ikke at forskriftshjemmelen i friskoleloven § 6-5 om delvis tilskudd til skolepenger videreføres i privatskoleloven.

Også tilskudd til kompletterende undervisning er regulert i friskoleloven § 6-5. Når det gjelder denne tilskuddsordningen foreslår departementet at det presiseres i loven at tilskudd ikke kan gis til elever ved private skoler med rett til statstilskudd etter privatskoleloven. Det vises for øvrig til forslag til ny § 6-4.»

14.5.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Få av høringsinstansane har uttalt seg om dette punktet. Dei som har uttalt seg, er Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Norsk Luthersk Misjonssamband, Norsk Nettskole AS og Unio .

Fylkesmannen i Oslo og Akershus, som forvaltar ordninga med statstilskot til kompletterande undervisning, kjem med forslag til ny lovtekst for at det skal komme klarare fram kven ordninga omfattar.

Unio uttaler:

«Unio er einig i at delvis dekking av skulepengar naturleg høyrer heime i regelverket for utdanningsstøtte og støttar at tilskot til kompletterande undervisning ikkje kan gjevast til elevar i private skular med statstilskot.»

Norsk Luthersk Misjonssamband seier dei er glade for at støtta til kompletterande undervisning blir halden oppe.

14.5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet meiner at tilskot til delvis dekning av skolepengar naturleg hører heime i det regelverket som omhandlar utdanningsstøtte, og det er ikkje formålstenleg at denne utdanningsstøtta blir regulert annleis enn anna utdanningsstøtte. Departementet foreslår derfor ikkje at forskriftsheimelen i § 6-5 om delvis tilskot til skolepengar blir ført vidare i lova.

Departementet foreslår at tilskot til kompletterande undervisning framleis skal regulerast i lova, men at det blir presisert i lova at slikt tilskot ikkje kan givast til elevar ved skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova. Av redaksjonelle omsyn foreslår departementet at føresegna blir flytta til § 6-4.

Departementet legg etter dette fram forslag til endra § 6-4 i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Til forsida av dokumentet