Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 89 (2002-2003)

Om lov om endringar i folketrygdlova (refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat praksis)

Til innhaldsliste

7 Merknader til lovforslaget

§ 5-11 om trygderefusjon til kommunane for rettleiing i familieplanlegging og svangerskapsomsorg i helsestasjon blir etter framlegget oppheva. Verksemda vil i staden bli betalt etter forskrifter til §§ 5-4 og 5-12.

§ 5-12 gjev etter framlegget heimel for refusjon for kontrollundersøkingar under svangerskap hos jordmor som driv eigen praksis eller er tilsett i kommunen. Ved svangerskapskontroll hos privatpraktiserande jordmor er det ein føresetnad at jordmora har driftsavtale med kommunen. Slik avtale skal sikre at jordmortenesta går inn som ein integrert del av det kommunale helsetenestetilbodet, jf. §§ 1-3 og 5-1 i kommunehelsetenestelova. Refusjon for svangerskapskontrollar utførte av kommunalt tilsett jordmor vil gå til kommunen. Takstar og øvrige vilkår vil bli fastsette i eiga forskrift.

Til toppen
Til forsida av dokumentet