Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 84 L (2011–2012)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga

8.1 Forslag om å innføre krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Eit krav om relevant kompetanse for å kunne undervise i fag vil ha betydning for samansetjinga av personalet i skolane. Somme kommunar gir uttrykk for at forslaget vil gi meir kompliserte tilsetjings- og planleggingsprosessar, og KS meiner at det vil bli lagt ned mykje arbeid når det gjeld å få tak i relevant og riktig kompetanse og å vurdere bruk av unntaksføresegner.

Det vil framleis vere tilsetjingskrava i opplæringslova § 10–1 og tilhørande forskriftsføresegner som regulerer kven som kan bli tilsett i undervisningsstilling. I desse reglane er det ikkje foreslått endringar. Skoleeigaren bør likevel ved utlysing og tilsetjing vurdere kva for fag stillinga tek sikte på å dekkje, og kva krav som er stilte til relevant kompetanse for å kunne undervise i desse faga. Skoleeigaren har allereie i dag ei viss plikt til å leggje vekt på dette etter regelverket, jf. opplæringslova § 10–5 og kapittel 14 i forskrifta. Etter departementet si vurdering kan derfor ikkje tilsetjingsprosessane seiast å bli vesentleg meir kompliserte ved innføring av krav om at lærarar skal ha relevant fagkompetanse i undervisningsfaga sine.

Skoleeigaren vil måtte ta omsyn til kravet om relevant undervisningskompetanse ved planlegging av undervisninga. Kravet vil likevel ikkje gjelde lærarar som tilfredsstiller kompetansekrava for å bli tilsette i skolen før ny § 10–2 om relevant undervisningskompetanse blir sett i kraft. Det vil derfor ikkje gjelde lærarar som arbeider i skolen i dag, og krava vil på den måten bli innførte gradvis, etter kvart som nye kull med lærarstudentar er klare til å søkje jobb i skolen. Krava vil heller ikkje gjelde for mellombels tilsette, vikarar eller dei som er tilsette på vilkår. Det er vidare foreslått at skoleeigaren skal kunne fråvike krava der det ikkje lèt seg gjere å finne lærarar med rett kompetanse. Avgjerder om dette vil ikkje vere enkeltvedtak, og ved skolar med små ungdomstrinn vil det verken være nødvendig å vurdere dette kvart år eller for kvar enkelt lærar. Unntaka tek omsyn til at det kan vere vanskeleg for mange skoleeigarar å få tak i rett kompetanse, og departementet meiner at dei løysingane som er valde, vil sørgje for at dei nye reglane er så lite tidkrevjande som mogleg. Det har vore viktig å finne løysingar som ikkje vil ha store administrative konsekvensar for skoleeigarane.

Etter departementet si vurdering vil forslaget samla sett derfor ikkje medføre meirarbeid i den grad at det vil utgjere auka administrative konsekvensar av vesentleg betydning.

Skolenes landsforbund, Kristne Friskolers Forbund og Landslaget for nærmiljøskolen meiner at forslaget kan føre til auka skolesentralisering. Der det ikkje er mogleg å tilfredsstille dei nye krava, gjer unntaksordningane at det likevel vil vere mogleg å gjennomføre opplæring utan å endre skolestrukturen. Departementet vurderer det derfor slik at forslaget ikkje vil medføre auka skolesentralisering.

Enkelte høringsinstansar uttaler at forslaget heng saman med etter- og vidareutdanning på ein slik måte at forslaget vil måtte ha økonomiske konsekvensar. Skoleeigaren har i dag eit generelt ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda, og for å ha eit system som gir lærarane høve til nødvendig kompetanseutvikling. Kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget vil ikkje medføre plikt til etter- og vidareutdanning utover dagens system, og etter departementet si vurdering inneber forslaget derfor ikkje økonomiske konsekvensar som følgje av dette.

Somme av høringsinstansane meiner at forslaget vil kunne medføre auka lønnskostnader. Undervisningspersonell blir lønt etter tariffavtalar som i hovudsak gir lønn etter formalkompetanse (grunnlønn) og ansiennitet. Så lenge allmennlærarutdanninga har vore fireårig, har dei uteksaminerte hatt kompetanse og grunnlønn som adjunktar. Ettersom dei nye grunnskolelærarutdanningane også er fireårige, innebar ikkje bortfallet av allmennlærarutdanninga auke av lønnskostnadene. Det foreslåtte kravet om relevant kompetanse i undervisningsfaget føreset ikkje andre eller lengre lærarutdanningar, og skulle derfor i seg sjølv heller ikkje medføre auke i lønnskostnadene.

Departementet meiner etter dette at forslaget om krav om relevant undervisningskompetanse, med dei unntak og høve til å fråvike krava som er foreslått, ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

8.2 Forslag om å lovfeste høve til å tilsetje på vilkår

Departementet foreslår ein ny § 10–6a i opplæringslova som vil gi høve til å tilsetje på vilkår om at påbyrja utdanning blir fullført, der det ikkje er aktuelle søkjarar som fyller alle kompetansekrav for tilsetjing. Forslaget er ei utviding av dagens føresegn § 14–5 i forskrift til opplæringslov, og vil erstatte denne.

Forslaget vil gi skoleeigaren noko meir fleksibilitet og handlefridom i samband med tilsetjing av undervisningspersonell. Skoleeigaren blir ikkje pålagd nye plikter ved innføringa av ei slik føresegn.

Departementet meiner såleis at ei slik lovfesting av høve for skoleeigaren til å tilsetje på vilkår ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

8.3 Innføringstilbod

Forslaget vil ikkje i seg sjølv ha økonomiske og administrative konsekvensar. Skoleeigaren får med dette lovforslaget høve til å tilby nykomne minoritetsspråklege elevar eit innføringstilbod. Kommunane og fylkeskommunane får ikkje pålegg om å tilby elevane dette. Dersom skoleeigaren vel å gi innføringstilbod, må dei eventuelle ekstra kostnadene ved dette dekkjast innanfor gjeldande ramme.

Klage på vedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12 for elevar i vidaregåande opplæring skal etter lovforslaget behandlast av departementet (delegert til fylkesmannen). Fylkeskommunen vil med dette få frigjort ressursar, og ikkje lenger vere klageinstans for denne typen enkeltvedtak. Fylkesmannen vil med dette få tilført denne oppgåva. Fylkesmannen er kjend med temaet, sidan embetet allereie er klageinstans for denne typen vedtak på grunnskoleområdet, jf. opplæringslova § 2-8.

I årsrapporten for 2010 har fylkesmannen rapportert å ha behandla totalt 24 klagar på bakgrunn av vedtak etter § 2-8. Dette betyr i snitt 1,3 klagesaker per embete. Departementet meiner at dette kan gi ein indikasjon på omfanget også for klagar etter § 3-12 for elevar i vidaregåande opplæring, sjølv om det er fleire elevar i grunnskolen enn i vidaregåande opplæring. Sidan omfanget av klagar ikkje synest å vere stort, meiner departementet at det ikkje er behov for å kompensere fylkesmannen særskilt for denne oppgåva.

Etter privatskolelova § 3-5 er det ”heimkommunen eller heimfylket til eleven som gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring”. Det er ikkje foreslått endringar knytte til finansieringa av særskild språkopplæring. Det vil vere opp til kommunen og fylkeskommunen å vurdere omfanget av utgiftene i samband med eit vedtak om innføringstilbod. Det er ikkje foreslått ei eiga statleg tilskottsordning for finansiering av innføringstilbod, utover den eksisterande kommunale finansieringa av særskild språkopplæring.

8.4 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Forslaget om å innføre ei eiga lovføresegn om opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon er ei presisering av gjeldande rett og inneber ikkje at det blir innført nye rettar. Forslaget vil derfor ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar.

8.5 Små og verneverdige handverksfag

Departementet legg til grunn at eventuelle nye elevplassar/-tilbod som får godkjenning som små og verneverdige handverksfag, skal utløyse statstilskott etter gjeldande reglar for tilskott til private vidaregåande skolar, jf. privatskolelova og forskrifter. I samsvar med hovudregelen i privatskolelova § 6-1 får godkjende tilbod tilskott med 85 % av eit tilskottsgrunnlag per elev. Grunnlaget for tilskottet er gjennomsnittlege driftsutgifter per elev ved tilsvarande utdanningsprogram i den offentlege vidaregåande skolen.

Det er vidare lagt til grunn at elevar ved nye tilbod blir inkluderte i trekk- og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skolar i inntektssystemet. Dette inneber at det blir gjort ei årleg justering i den samla inntektsramma for kommunane i høve til endra elevtal i private skolar, og ein korreksjon i utrekningane av rammetilskottet til den enkelte kommunen, for at fylkeskommunar ikkje skal ha ein gevinst eller eit tap i høve til om dei har elevar i private skolar.

For elevar med rett til opplæring etter opplæringslova er det lagt til grunn at forslaget ikkje vil medføre vesentlege meirkostnader, verken for staten eller fylkeskommunane. For elevar utan rett til opplæring kan det innebere meirkostnader for fylkeskommunen tilsvarande trekksatsen i trekk- og korreksjonsordninga. Dette vil dreie seg om svært få elevar, og eventuelle meirkostnader for fylkeskommunane vil derfor vere rimelege. Departementet viser elles til at fylkeskommunane også skal gi tilbod til vaksne som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 13-3 andre ledd.

Til toppen
Til forsida av dokumentet