Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

13 Kva for straffegjennomføringsreglar som gjeld for innsette i varetekt mv.

13.1 Gjeldande rett og høyringsnotatet

Straffegjennomføringsloven kapittel 4 har særreglar for gjennomføring av «Varetekt og andre reaksjonar når det er særskilt bestemt i lov». Det er likevel naturleg at òg einskilde andre føresegn i lova vert nytta når det gjeld desse gruppene innsette. Straffegjennomføringsloven § 52 gjev ein uttømmande oversikt over kva for føresegn dette gjeld.

Departementet drøfta i høyringsnotatet om det er straffbart å unndra seg varetekt eller andre reaksjonar særskild bestemd ved lov. Det følgjer av straffegjennomføringsloven § 40 åttande ledd at den som forsettleg unndrar seg gjennomføring av fengselsstraff, forvaring eller strafferettslege særreaksjonar, samt medverknad til dette, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil seks månader.

Problemstillinga om det å unndra seg frå varetekter straffbart er ikkje uttrykkeleg omtala i forarbeida til straffegjennomføringsloven Ot.prp. nr. 5 (2000-2001). Ordlyden i § 40 åttande ledd (tidlegare sjuande ledd) omtalar berre den som forsettleg unndrar seg gjennomføring av «fengselsstraff, forvaring eller andre strafferettslige særreaksjoner» eller medverknad til dette.

Departementet peika i høyringsnotatet på at straffeheimlar ikkje skal tolkast utvidande, og la til grunn at § 40 åttande ledd ikkje omfattar innsette i varetekt og andre innsette som nemnd i straffegjennomføringsloven kapittel 4.

Medverknad til unndraging frå varetekt er likevel straffbart etter straffeloven § 131, som òg omfattar unndraging frå straffegjennomføring. Den innsette, medrekna varetektsfengsla, kan ikkje straffast etter denne føresegna. Etterfølgjande bistand til unndraging er heller ikkje straffbart for personar som har til hensikt å unndra seg sjølve eller sine nærmaste frå «forfølgning, straff eller særreaksjon», noko som òg omfattar varetektsfengsling, jf. straffeloven § 132 tredje ledd.

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å endre straffegjennomføringsloven § 52 andre punktum. Framlegget går ut på å leggje til § 40 åttande ledd i opprekninga over føresegn som ikkje gjeld for varetektsinnsette og andre innsette som nemnd i kapittel 4. Det vil da gå klårt fram av § 52 at straffeheimelen for å unndra seg «fengselsstraff, forvaring eller strafferettslige særreaksjoner» i § 40 åttande ledd, ikkje gjeld for innsette i varetekt og andre reaksjonar som nemnd i straffegjennomføringsloven kapittel 4.

13.2 Høyringsinstansane sitt syn

Fleirtalet av høyringsinstansane støttar framlegget. Nokre instansar har gjeve uttrykk for at dei støttar framlegget fordi det synes å vere riktig juridisk, men dei er meir kritiske til tanken om at unndraging frå varetekt ikkje er straffbart. Kriminalomsorga Telemark fengsel avdeling Skien uttalar til dømes at «det kan stilles spørsmål ved om det ikke på en eller annen måte burde få konsekvenser å unndra seg varetektsfengsling. Grunnlaget for varetektsfengsling er tross alt at domstolen har funnet godt nok grunnlag for beslutning om fengsling.»

13.3 Departementet si vurdering no

Straffeheimelen i straffegjennomføringsloven § 40 åttande ledd signaliserer gjennom ordlyden at føresegna ikkje gjeld for innsette i varetekt, da ordlyden berre omtalar «gjennomføringen av fengselsstraff, forvaring eller strafferettslige særreaksjoner». Departementet meiner difor, som fleire av høyringsinstansane, at det er klårt at føresegna ikkje gjeld innsette som er omtala i kapittel 4, altså mellom anna varetektsinnsette. Departementet ynskjer på bakgrunn av dette å vidareføre framlegget om lovendring.

Einskilde høyringsinstansar i kriminalomsorga har kome med innvendingar mot framlegget. Dei har gjeve uttrykk for at det er underleg om det ikkje skal vere straffbart å unndra seg varetekt, og at unndraging frå varetekt bør få konsekvensar. Departementet vil ikkje innføre straff for unndraging frå varetekt. Unndraging frå varetekt vil likevel ikkje vere utan betyding for eventuell seinare straffegjennomføring, men kunne vere ei omstende det er relevant å leggje vekt på ved vurdering av behov for tryggingstiltak.

Til forsida av dokumentet