Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

14 Avgjerdsmyndigheit ved soningsutsetjing

I samband med at kriminalomsorga 1. april 2010 tok over ansvaret for å kalle domfelte inn til soning, er myndigheita til å avgjere utsetjing av soning i inntil seks månader lagt til lokalt nivå i kriminalomsorga. Regionalt nivå i kriminalomsorga behandlar saker om utsetjing av soninga i meir enn seks månader. Kompetansefordelinga er regulert i § 5 i forskrift om innkalling og utsettelse ved fullbyrding av straff, 19. mars 2010 nr. 408.

Ifølgje straffegjennomføringsloven § 58 andre ledd andre punktum er det regionalt nivå i kriminalomsorga som avgjer søknad om soningsutsetjing når søknaden gjeld soning av subsidiær fengselsstraff etter brot på vilkåra for samfunnsstraff. Departementet gikk i høyringsnotatet difor inn for å endre føresegna, slik at ho samsvarar med ovannemnde praksis på området. Vidare vart det foreslått å leggje inn ei vising til regelen i straffegjennomføringsloven § 58 andre ledd i § 44 andre ledd tredje punktum, slik at regelen i § 58 andre ledd vert gjeldande òg ved brot på vilkår for prøvelauslating.

Fleirtalet av høyringsinstansane som har valt å kommentere framlegget, meiner det er positivt at lova vert endra, slik at ho speglar noverande praksis. Departementet fører vidare framlegget.

Til forsida av dokumentet