Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

12 Justering av straffegjennomføringsloven § 44 femte ledd og § 58 siste ledd

Straffegjennomføringsloven § 44 gjeld «Brudd på prøveløslatelsesvilkår i perioden med møteplikt for kriminalomsorgen». Viss prøvelauslatne forsettleg eller aktlaust bryt vilkåra for prøvelauslatinga, jf. § 43 andre ledd, kan kriminalomsorga etter § 44 fyrste ledd påleggje vedkomande å møte til samtale for innskjerping av vilkåra.

Det følgjer av § 44 femte ledd, som syner til straffeprosessloven § 461 tredje ledd, at kriminalomsorga kan oppmode om at politiet hentar den prøvelauslatne viss det er naudsynt for å få satt i verk ein reaksjon etter fyrste ledd. Tilsvarande gjeld etter § 58 fjerde ledd jf. fyrste ledd for iverksetjing av reaksjon ved brot på vilkåra for samfunnsstraff.

Ved lovendring 20. juni 2008 nr. 47 vart straffeprosessloven § 461 endra, slik at tredje ledd no er innarbeida i andre ledd. Departementet foreslo difor i høyringsnotatet at visinga til straffeprosessloven § 461, i både straffegjennomføringsloven § 44 femte ledd og § 58 fjerde ledd, vert endra frå andre ledd til tredje ledd. Justeringa inneber ikkje realitetsendringar.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot framlegget, som er av reint teknisk karakter. Departementet fører vidare framlegget om lovendringa.

Til forsida