Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

7 Overføring mellom gjennomføringsformer

7.1 Innleiing

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for dei ulike heimlane for tvungen overføring av innsette til anna fengsel. Heimlane finst i § 14 fyrste ledd.

«Kriminalomsorgen kan overføre innsatte til et annet fengsel dersom
  • a) det er sannsynlig at innsatte har begått eller vil begå en straffbar handling,

  • b) det er grunn til å anta at innsatte vil unndra seg gjennomføringen,

  • c) innsatte til tross for skriftlig advarsel har særlig negativ innflytelse på miljøet i fengslet,

  • d) overføring er nødvendig for å opprettholde ro, orden og sikkerhet i fengslet, eller

  • e) bygningsmessige eller bemanningsmessige forhold eller plassmangel gjør det nødvendig.»

Overføring i samsvar med bokstavane a, b og c er grunngjeve i omstende innsette kan lastast for, medan overføring med heimel i bokstav e er grunngjeve i behov i kriminalomsorga. Overføring med heimel i bokstav d kan vere grunngjeve i omstende knytt til både den innsette og kriminalomsorga.

Innsette skal etter § 14 sjuande ledd ikkje overførast til meir restriktive fengsel enn kva som er naudsynt. Overføringa kan likevel skje på tvers av regionane, og til meir, same eller mindre restriktive soningsregime.

Framlegga om endring av § 14 har sin bakgrunn i forslag frå kriminalomsorga. Det er gjort framlegg om endring av reglane for overføring ved «særlig negativ innflytelse på miljøet i fengselet», samt av omsyn til tilsette, av omsyn til fangesamansettinga og for å vareta innsette sine behov.

7.2 Særleg negativ innverknad på miljøet

7.2.1 Gjeldande rett

Kriminalomsorga kan i dag overføre innsette til anna fengsel etter § 14 fyrste ledd bokstav c «hvis innsatte til tross for skriftlig advarsel har særlig negativ innflytelse på miljøet i fengslet». Formålet med føresegna er at dei innsette vert merksame på uynskt åtferd, og samstundes vert åtvara om kva for konsekvensar det kan få om åtferda ikkje vert endra.

Det er eit vilkår for overføring at innsette trassar ei skriftleg åtvaring. Lova presiserer ikkje kva som utgjer «skriftlig advarsel» og kva for reglar som gjeld for sakshandsaminga. Det er vidare uklårt om ei skriftleg åtvaring er eit enkeltvedtak, etter forvaltningsloven § 2 fyrste ledd bokstav b, og dermed gjenstand for klage.

7.2.2 Høyringsnotatet

Departementet gav i høyringsnotatet uttrykk for å vere kjend med at føresegna vert praktisert ulikt. Nokre einingar i kriminalomsorga praktiserer til dømes føresegna slik at dei innsette ikkje får uttale seg før åtvaringa, og dermed ikkje har moglegheit til å tilbakevise påstanden før ei eventuell overføring til anna fengsel. Ein slik praksis står i kontrast til framgangsmåten ved brot som kan medføre reaksjon etter § 40, kor innsette har rett til å uttale seg før fengselet eventuelt ilegg reaksjon.

Departementet meinte difor at omsynet til rettstryggleik og likebehandling tilsa at føresegna burde endrast, og la i høyringsnotatet fram to alternative formuleringar.

Alternativ 1

Alternativ 1 går ut på at uttrykket «skriftlig advarsel» i § 14 fyrste ledd bokstav c endrast til «skriftlig irettesettelse», etter mønster av § 40 andre ledd bokstav a, om reaksjon på brot.

Alternativet legg opp til at irettesetting er eit enkeltvedtak, slik at sakshandsaminga vil følgje dei same reglane som ved brot. Innsette skal dermed få høve til å uttale seg i eit avhøyr, og det vert skriven rapport etter avhøyret før vedtak vert fatta, slik det følgjer av forskrift til straffegjennomføringsloven § 3-38 fyrste ledd.

På den andre sida vert ei skriftleg irettesetting rekna som meir alvorleg enn skriftleg åtvaring. Den uynskte åtferda treng likevel ikkje å kvalifisera til reaksjon for at overføring i samsvar med § 14 fyrste ledd bokstav c kan verte aktuelt.

Alternativ 2

Alternativ 2 inneber at «skriftlig advarsel» vert fjerna frå lovteksta. Vilkåret i lova vert erstatta av retningslinjer frå Sentralforvaltninga for kriminalomsorga, kor det vert presisert at fengselet må forsøkje andre tiltak for å korrigere uynskt åtferd før overføring er aktuelt. For at innsette skal kunne overførast mot si vilje, vil det kunne krevjast at kriminalomsorga har gjennomført åtferdssamtale og inngått åtferdsavtale med den innsette, eventuelt at dette er forsøkt eller er funne openbert nyttelaust.

Åtferdssamtala skal gjeve innsette informasjon om kvifor åtferda vert oppfatta som negativ. I åtferdsavtala vert det etablert klåre «køyrereglar» for korleis åtferda skal vere for at innsette kan unngå overføring til anna fengsel. Det er ikkje alltid at innsette sjølve er merksame på deira negative innverknad på miljøet. Åtferdssamtale og -avtale kan difor vere nyttige korrektiv for endring av åtferd.

7.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Fleire av høyringsinstansane har teke stilling til om dei meiner alternativ 1 eller alternativ 2 er den beste løysinga.

Fire av desse høyringsinstansane ynskjer at «skriftlig advarsel» vert byta ut med «skriftlig irettsettelse» i samsvar med alternativ 1.

Ti av høyringsinstansane meiner at alternativ 2 er best eigna. Desse høyringsinstansane ynskjer at ein fjernar uttrykket «skriftlig advarsel» frå ordlyden, og at det vert etablert alternative tiltak. Fleire av høyringsinstansane innafor kriminalomsorga opplyser at dei òg i dag praktiserer åtferdssamtale og åtferdsavtale med dei innsette.

Advokatforeningen, Juss-Buss, Ullersmo fengsel og Hedmark fengsel meiner at alternativ 1, med dei formelle rettssikkerheitsgarantiane som ligg i eit enkeltvedtak, er den beste løysinga. Forma enkeltvedtak set krav til grunngjevinga for åtvaringa, og den innsette har rett til å klage på vedtaket. Departementet peika i høyringsnotatet på at skriftleg irettesetjing er rekna som meir alvorleg enn skriftleg åtvaring. Dette er likevel, etter Advokatforeningen sitt syn, ikkje tilstrekkeleg til å gå bort frå alternativ 1, då tvungen overføring til anna avdeling berre bør skje når det ligg føre eit sterkt behov, og det har vore ein prosess kor rettstryggleiken er vareteken.

Eit klårt fleirtal av høyringsinstansane ynskjer ei endring i samsvar med det framlagte alternativ 2. Dei støttar at vilkåret «skriftlig advarsel» vert fjerna frå lovteksten, og at kriminalomsorga heller skal gjennomføre andre tiltak, mellom anna åtferdssamtale og åtferdsavtale, med sikte på å endre den innsette si åtferd før ei tvungen overføring kan finne stad. Fleirtalet av høyringsinstansane legg avgjerande vekt på at omsynet bak krava i § 14 fyrste ledd bokstav a er at innsette vert gjort merksame på deira problematiske åtferd, samstundes med at dei får ei tydeleg åtvaring om kva konsekvensane vert dersom dei ikkje endrar åtferda. Kriminalomsorga region sør uttalar at «Det er dermed et poeng at man kan gå inn og justere atferden før den blir så alvorlig at den kvalifiserer for reaksjon etter straffegjennomføringsloven § 40».

Akershus friomsorgskontor meiner at ei skriftleg avtale mellom kriminalomsorga og den innsette i større grad vil sikre likebehandling enn ordninga i dag.

Einskilde høyringsinstansar gjer framlegg om ein kombinasjon av dei to alternativa, slik at ein praktiserer både åtferdssamtaler og eventuelt skriftleg irettesetting. Telemark fengsel avdeling Skien og JussBuss ynskjer fyrst og fremst bruk av åtferdssamtale og -avtale, men likevel òg ein moglegheit for å ty til skriftleg åtvaring, med dei fordelar for rettstryggleiken ei slik ordning har.

7.2.4 Departementet si vurdering no

Fleire av høyringsinstansane har, som departementet, framheva at alternativ 1 sikrar rettstryggleiken. Forma enkeltvedtak fører til dømes med seg krav om førebels varsling etter forvaltningsloven § 16, og at vedtak skal grunngjevast i samsvar med forvaltningsloven § 24. Alternativ 1 krev samstundes at det skal vere grunnlag for å ileggje reaksjon for brot i straffegjennomføringa før overføring kan finne stad.

Eit stort fleirtal av høyringsinstansane ynskjer likevel at lova vert endra i tråd med alternativ 2.

Omsynet bak uttrykket «skriftlig advarsel» i § 14 fyrste ledd bokstav c er at innsette skal gjerast merksame på at vedkomande har ein særleg negativ påverknad på miljøet i avdelinga, og kva for konsekvensar det vil få, om vedkomande ikkje endrar åtferd. Den innsette vil da sjølv få moglegheit til å ta eit val om å justere åtferda. Departementet ser det som ein fordel å oppmuntre til korrigering og justering av dei innsette si åtferd, før det er grunnlag for å konstatere brot og gjeve ein formell reaksjon i samsvar med § 40. Departementet ynskjer på bakgrunn av dette å leggje inn eit vilkår om at «adferdssamtale» skal vere gjennomført før overføring kan finne stad med heimel i denne føresegna.

Departementet er av den oppfatning at innsette sin rettstryggleik vert godt vareteken ved val av denne framgangsmåten. På bakgrunn av at tvungen overføring er eit inngripande tiltak, er det naturleg at den uynskte åtferda er av eit visst alvor før overføring vert aktuelt. Dette er vareteke av uttrykket «nødvendig» i føresegna. Vidare vil innsette kunne klage på vedtak om høvesvis tvungen overføring etter § 14 og reaksjon på brot etter § 40, dersom åtferda, etter fengselet si vurdering visar seg å krevje slike tiltak.

I samband med innsette sin rettstryggleik er det òg sentralt at innsette i ei åtferdssamtale vert gjort merksame på kva for åtferd dei må utvise, og kva dei sjølve må gjere, for ikkje å verte overførte til anna fengsel. Åtferdssamtala vil kunne stimulere til auka kontakt og forståing mellom den innsette og dei tilsette i fengselet. Samstundes vil «køyrereglar» for åtferda kunne gå tydeleg fram i ei skriftleg åtferdsavtale dersom dette er formålstenleg. Gjennom ei klår, skriftleg åtferdsavtale vil ein òg vareta behovet for etterprøving og dokumentasjon.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen å endre føresegna til «dette er nødvendig for å hindre at innsatte, til tross for at adferdssamtale er gjennomført, fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte». Nærmare reglar for bruk av åtferdssamtale og åtferdsavtale vert gjevne i retningslinjer til straffegjennomføringsloven.

7.3 Av omsyn til konkrete tilsette

7.3.1 Gjeldande rett

Det er i dag ikkje nokon utrykkeleg heimel for overføring av ein innsett på bakgrunn av omsynet til ein konkret tilsett. I einskilde tilfelle, til dømes ved vald og truslar mot tilsette, kan det likevel vere grunnlag for å overføre med heimel i straffegjennomføringsloven § 14 fyrste ledd bokstav d, for å oppretthalde ro, orden og tryggleik i fengselet.

7.3.2 Høyringsnotatet

Departementet greia i høyringsnotatet ut om at praksis har vist behov for høve til å overføre ein innsett av omsyn til konkrete tilsette i fengselet. Dette kan til dømes vere i situasjonar kor den tilsette sjølv, eller tilsette sin nærmaste familie, er fornærma eller etterlatne i innsette sin straffesak. Fordi fengselet er den tilsette sin arbeidsplass, og det vil vere sterkt urimeleg om den tilsette må møte og omgåast gjerningspersonen på arbeidsplassen, gjorde departementet framlegg om ny lovføresegn.

Andre aktuelle eksempel kor føresegna kan vere aktuell, er tilfelle kor den tilsette og den innsette er i nær familie, eller dersom det er andre sterke band mellom dei, til dømes tidlegare sambuarskap.

I tillegg til omsynet til den tilsette, vil òg habilitetsomsyn kunne spele inn i slike tilfelle. Slike band mellom tilsett og innsett kan, i tillegg til å vere ei belastning for både den tilsette og den innsette, òg svekkje tilliten til kriminalomsorga.

Det vart frå departementet si side presisert at ein slik heimel for overføring må vere snever, og avgrensa til å gjelde i alvorlege straffesakar som gjeld lovbrot mot liv og helse.

I høyringsnotatet vart det òg vist til at ein i dansk rett har ein generell heimel for flytting av innsette, slik at ein unngår at innsette sonar i fengsel der innsette sine nærståande arbeidar, jf. den danske lov om fuldbyrdelse af straf mv. § 26 nr. 8.

Departementet foreslo på denne bakgrunn ein ny heimel for overføring av innsette til anna fengsel viss det er «nære bånd mellom en innsatt og en tilsatt», samt «hvis den tilsatte eller noen av dennes nærstående er fornærmet eller etterlatt i straffesaken mot innsatte».

Departementet drøfta i høyringsnotatet kven som skal ha avgjerdskompetanse i desse sakene. Kryssande omsyn mellom tilsette og innsette kan skape uro på arbeidsplassen og kan tale for å leggje avgjerdskompetansen til regionalt nivå. Sentralforvaltninga for kriminalomsorga vil då vere klageorgan. Samstundes vil ei slik kompetansedeling bryte med den generelle kompetansedelinga mellom dei ulike nivåa i kriminalomsorga. Erfaring med fengsla som avgjerdsmyndigheit underbyggjer òg at lokalt nivå er rusta til å handtere denne typen saker. Departementet gikk på bakgrunn av dette inn for å leggje avgjerdskompetansen til lokalt nivå, med regionalt nivå som klageinstans.

7.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Alle dei høyringsinstansane som har funne grunn til å kommentere framlegget, meiner at det er behov for ein slik heimel for overføring av innsette. Kriminalomsorga region nordaust peikar på at sjølv om framlegget inneber ei nyvinning innanfor kriminalomsorga sitt regelverk, er problemstillinga kjent frå tidlegare.

Kriminalomsorga region aust meiner at «det praktiske utgangspunktet må vere at den innsatteflyttes», når tilsette eller tilsette sine nærståande er utsett for overgrep mot liv og helse frå ein som er innsett på den avdelinga kor den tilsette arbeider. JussBuss meiner på si side at flytting av den innsette må vere siste løysing, og Advokatforeningen peikar på at «skjønnsutøvelsen også må gjenspeile den innsattes behov». Fleire av einingane i kriminalomsorga meiner at ein må ha klåre retningslinjer for skjønsutøvinga, slik at ein sikrar lik praksis i heile etaten.

Fleire høyringsinstansar, medrekna Kriminalomsorga region sør og region sørvest, Hedmark fengsel, Telemark fengsel avdeling Skien og Ringerike fengsel har gjeve uttale om at departementet sitt framlegg er for snevert. Desse meiner at òg tidlegare straffesakar bør vere omfatta av ei slik føresegn, og Hedmark fengsel syner til behovet for å vareteke dei tilsette og konsekvensane det inneber for ein tilsett å måtte byte tenestestad.

Kriminalomsorga region aust meiner at føresegna må utformast slik at òg omsynet til arbeidsrettslege føresegn og prinsipp vert varetekne, i tillegg til omsynet til dei innsette. Regionen syner til to grunnleggjande prinsipp: Arbeidsgjevarane sin styringsrett og utgangspunktet om at arbeidstakarane ikkje skal utsetjast for uheldige psykiske belastningar. Vidare syner regionen mellom anna til arbeidsmiljøloven § 4-3 nr. 4, som seier at arbeidstakarane, «så langt det er mulig», skal vernast mot vald, truslar og «uheldige belastninger som følge av kontakt med andre».

Nokre av høyringsinstansane har uttala seg om kven som bør ha kompetanse til å fatte vedtak i denne typen saker. Fire høyringsinstansar, Kriminalomsorga region nordaust, region sørvest, Akershus friomsorgskontor og Ringerike fengsel gjev uttrykk for at det er ynskeleg at lokalt nivå har kompetanse til å avgjere denne typen spørsmål. JussBuss meiner på si side at kompetansen bør liggje på regionalt nivå i kriminalomsorga.

7.3.4 Departementet si vurdering no

Kriminalomsorga har erfart at det er behov for ein heimel for overføring av innsette på bakgrunn av omsynet til konkrete tilsette. Heller ingen av høyringsinstansane er negative til ein slik moglegheit. I tillegg til omsynet til den tilsette, kan òg omsynet til habilitet og profesjonalitet tilseie at relasjonar mellom ein innsett og ein tilsett gjer ei overføring av den innsette naudsynt.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om heimel for overføring av innsette, mellom anna der det er «nære bånd mellom en innsatt og en tilsatt». Føresegna vart rekna som aktuell til dømes dersom det er, eller har vore, familieære eller venskapelege band mellom ein innsett og ein tilsett, eller dersom dei har, eller har hatt, ein annan type nær relasjon.

Departementet har vurdert ordlyden i framlegget, og meiner at dette er noko for snevert, samanlikna med dei faktiske behov som har vist seg. Departementet ynskjer difor heller at føresegna skal gjelde «når særlige forhold foreligger som gjør overføring nødvendig av hensyn til en tilsatt eller vedkommendes tjenesteutøvelse eller omstendighetene for øvrig gjør det påkrevet». Føresegna vil da omfatte eit vidare spekter av omstende ved forholdet mellom ein innsett og ein tilsett, men likevel vere avgrensa til omstende som har påverknad på den tilsette eller utøving av tenesta. Dette kan til dømes vere i form av psykiske belastningar, at den tilsette sin habilitet og tillita til kriminalomsorga vert svekka eller andre omstende som kan hindre ei forsvarleg tenesteutøving.

Framlegget vil òg gjeve heimel for overføring når tilsette eller tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne i innsette si straffesak. Departementet uttala i høyringsnotatet at høve til overføring av innsette på dette grunnlaget må «være snever og begrenset til alvorlig straffesak som gjelder forbrytelser mot liv eller helse». Avgjerda vil likevel avhenge av eit skjøn, kor mellom anna den tilsette si subjektive oppleving av belastninga vil vere eit tungtvegande moment. Det må difor òg i andre typar straffesaker, etter omstenda, kunne vere grunnlag for overføring av innsette.

Vidare vil òg omstende knytt til vald og truslar mot tilsette kunne tilseie flytting av den innsette, sjølv om omstenda ikkje er eigna til å grunngjeve flytting etter § 14 fyrste ledd bokstav d, om «ro, orden og sikkerhet». Det same gjeld dersom vedkomande innsette, trass i kriminalomsorga si praksis med å politimelde vald og truslar, ikkje har vorte sikta for handlingane.

For den tilsette vil belastninga ved å måtte møte og omgåast den aktuelle innsette på arbeidsplassen kunne vere like aktuell, trass i at den idømde straffa er ferdig sona. Departementet meiner difor at òg tidlegare domfellingar, kor den tilsette eller nokon av den tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne, vil kunne gjeve grunn til overføring av innsette. Det same kan òg gjelde dersom den innsette er sikta for eit straffbart forhold, til dømes vald eller truslar, kor den tilsette sjølv eller tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne. Omstende rundt siktinga kan vere av ein slik belastande karakter at innsette bør kunne overførast, trass i at straffesaka framleis ikkje er rettskraftig avgjord.

Praktiske erfaringar frå kriminalomsorga si verksemd har vist at det òg i andre situasjonar enn dei som er nemnde ovanfor, kan vere behov for å flytte innsette av omsyn til tilsette. Dette kan til dømes vere i tilfelle kor det vert gjort unntak frå tilsette si teieplikt for at vedkomande skal kunne vitne i rettssak etter barnevernloven, kor den innsette er part.

Fordi det er grunn til å anta at det òg i framtida vil kunne oppstå andre tilfelle kor flytting av innsette er naudsynt av omsyn til tilsette og eventuelt deira habilitet, ynskjer departementet å leggje inn i føresegna at kriminalomsorga i denne samanhengen skal kunne flytte innsette når «omstendighetene for øvrig gjør det påkrevet». Dette er meint som ein snever unntaksregel, kor ein etter ei vurdering av til dømes omsynet til den tilsette, den innsette og eventuelt tilliten til ei uhilda tenesteutøving, finn det naudsynt å flytte den innsette.

Departementet uttala i høyringsnotatet at ein ynskjer lokal avgjerdmyndigheit òg i denne typen saker, trass i at det kan oppstå kryssande omsyn mellom tilsette og innsette. Å leggje avgjerdmyndigheita til lokalt nivå er i tråd med den generelle kompetansefordelinga i kriminalomsorga, og lokalt nivå har betydeleg erfaring med å ta avgjerd i vanskelege saker, kor ulike omsyn må vegast mot kvarandre. Departementet fører vidare framlegget om at denne typen saker skal avgjerast av dei lokale einingane, med regionalt nivå som klageinstans.

Sentralforvaltninga for kriminalomsorga vil gjeve nærmare retningslinjer for skjønsutøvinga ved overføring av innsette. Plassering og flytting av tilsette internt i dei ulike einingane ligg innafor arbeidsgjevar sin styringsrett.

7.4 Samansetjing av grupper av innsette

7.4.1 Gjeldande rett

Kriminalomsorga har i dag ikkje høve til å overføre innsette til anna fengsel aleine på bakgrunn av omsynet til fangesamansetjinga. Fangesamansetjinga kan likevel vere eit av momenta som er relevante å vurdere ved ei overføring på bakgrunn av omsynet til ro, orden og tryggleik etter straffegjennomføringsloven § 14 fyrste ledd bokstav d.

7.4.2 Høyringsnotatet

Det går fram av høyringsnotatet at praksis har vist behov for eit heimelsgrunnlag for overføring av innsette på bakgrunn av omsynet til fangesamansetjinga i fengselet. Departementet vurderte det slik at det kan vere uheldig at fleire domfelte frå same straffesak sonar i same fengsel, særleg når straffa er idømd for alvorlege forhold av eit visst omfang. Departementet meinte òg at det i enkelte tilfelle kan vere formålstenleg å «splitte miljøet» i ei avdeling eller eit fengsel, ved at innsette vert overført til andre fengsel. Dette kan til dømes vere aktuelt dersom ein innsett eller ei gruppe innsette er styrande overfor resten av dei innsette i ei avdeling eller eit fengsel. Einskilde innsette kan til dømes ha ei svært dominerande rolle i ei avdeling, og gjennom den styrande posisjonen gjere rehabilitering, holdningsendringar og positiv utvikling vanskelegare for andre innsette.

Kriminalomsorga har erfaring med at det kan vere behov for å flytte innsette av omsyn til fangesamansetjinga, utan at det kan påvisast konkrete negative hendingar eller dokumenterast at overføringa er naudsynt av omsyn til ro, orden og tryggleik, jf. § 14 fyrste ledd bokstav d.

Departementet gjorde på bakgrunn av dette framlegg om ein ny heimel for overføring av innsette når «det er nødvendig for en hensiktsmessig fangesammensetning».

7.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Dei fleste av høyringsinstansane, særleg innanfor kriminalomsorga, støttar framlegget om høve til å overføre innsette av omsyn til fangesamansetjinga. Kriminalomsorga region nordaust uttalar til dømes at «Hjemmelen er etterlyst i lang tid» og Ullersmo fengsel har gjeve fråsegn om at ein slik heimel har vore sakna. Sjølv om òg Telemark fengsel Skien avdelingstøttar framlegget, vert det likevel peika på at eit vidt skjøn gjev svært stort rom for ulike haldningar hos fengselsleiarar. Det store spelerommet for skjøn er òg nemnd av For Fangers Pårørende og JussBuss. Advokatforeningen uttalar at forslaget er «prinsipielt betenkelig, og dessuten unødvendig», da kriminalomsorga allereie har heimel for overføring av innsette ved særleg negativ innverknad på miljøet i fengselet og for å oppretthalde ro, orden og tryggleik.

7.4.4 Departementet si vurdering no

Departementet meiner at det er behov for ein heimel for overføring av innsette til ei anna avdeling når det er naudsynt av omsyn til fangesamansetjinga. Heimelsgrunnlaget kan til dømes vere aktuelt dersom fleire innsette som er dømde i same straffesak, sonar på same avdeling, eller dersom fleire innsette i ei bestemd avdeling er med i same kriminelle nettverk. Behovet kan òg oppstå dersom ein eller fleire innsette på ein negativ måte opptrer styrande overfor andre i avdelinga, slik at andre innsette sine moglegheiter for rehabilitering vert svekka. Kriminalomsorga har erfaring med at det i slike tilfelle vil kunne vere naudsynt å flytte innsette utan at omsynet til ro, orden og tryggleik, eller særleg negativ innverknad på miljøet, er dekkjande for situasjonen.

Departementet har vurdert framlegget i lys av kommentarane frå høyringsinstansane og meiner at det er grunn til å formulere ordlyden noko annleis enn framlegget i høyringsnotatet. Departementet finn det vidare naturleg å nytte uttrykket «innsatte» framfor «fange», da dette harmonerer betre med språkbruken elles i straffegjennomføringsloven.

Departementet foreslår i staden ordlyden «dersom det er nødvendig for å unngå en uheldig sammensetning av innsatte» og ordlyden vert dermed stramma noko inn. Dette på bakgrunn av at tvungen overføring av innsette er eit inngripande tiltak i tilvera deira.

Ordlyden vil, i tillegg til kravet om at overføringa må vere naudsynt, stille eit tydeleg vilkår om at det ligg føre ei «uheldig» samansetjing av innsette. Det er dermed ikkje tilstrekkeleg at fangesamansetjinga kunne tenkjast å vere meir formålstenleg, viss ho ikkje kan karakteriserast som «uheldig». Departementet meiner at moglegheita til overføring vil dekkje kriminalomsorga sitt behov.

Ved praktisering av overføring av omsyn til fangesamansetjinga, må kriminalomsorga i vedtaket syne til konkrete omstende som gjer at fangesamansetjinga er uheldig. Å konstatere at samansetjinga av innsette ikkje er heldig, er i seg sjølve ikkje tilstrekkeleg for å grunngjeve overføringa etter krava i forvaltningsloven § 24. Dersom vilkåra i straffegjennomføringsloven § 7 bokstav d jf. bokstav c er oppfylt, kan ein likevel vurdere å nekte innsette innsyn i grunngjevinga.

7.5 Varetaking av innsette sine behov

7.5.1 Gjeldande rett og høyringsnotatet

Gjeldande rett gjev ikkje rom for å overføre innsette til anna fengsel aleine på bakgrunn av at det vil vere formålstenleg for den innsette sjølve.

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om ein ny heimel for overføring av innsette til anna fengsel, når dette oppfyller den innsette sine behov på ein formålstenleg måte.

Overføring med heimel i omsynet til innsette sitt behov er til dømes særleg aktuelt for barn og unge. Det følgjar av barnekonvensjonen artikkel 37 at barn og unge som utgangspunkt ikkje skal sone saman med vaksne. Ein heimel for overføring av innsette av omsyn til innsette sine behov, vil mellom anna kunne heimle overføring av unge innsette til ei ungdomseining.

Ei ungdomseining har sidan 1. september 2009 vore i drift i midlertidige lokalar i Bergen fengsel. Ei ungdomseining med fire plassar vil bli etablert ved Bjørgvin fengsel til erstatning for den midlertidige eininga. Departementet arbeider òg med å etablere ei ungdomseining på austlandet. Arbeidet i ei ungdomseining byggjer på tverrfagleg samarbeid og intensivt endringsarbeid, slik at mest mogleg av straffegjennomføringa kan finne stad utanfor fengselet.

Overføring av unge innsette til ei ungdomseining mot deira vilje vil byggje på ei totalvurdering. I denne vurderinga vil omsynet til «barnets beste» og behov for rehabiliterande tiltak vege tungt. I tillegg vil òg deira særlege behov for kontakt med nærståande, og behovet for geografisk nærleik til hjelpeapparatet, vere viktig. Endeleg må det òg vurderast om det er formålstenleg å overføre unge innsette til ei avdeling kor rehabiliteringsarbeid står sentralt, viss den unge ikkje er motivert for opphald ved avdelinga.

Departementet gjorde vidare framlegg om at òg andre grupper innsette kan overførast til anna fengsel mot si eiga vilje etter denne heimelen. Dette kan til dømes gjelde kvinner, som vil kunne overførast til kvinneavdelingar. Vidare vil langtidssonarar som er innsette i små anstaltar med lite aktivitetstilbod, kunne overførast til fengsel med eit meir formålstenleg tilbod når det gjeld til dømes sysselsetjing og skule.

Av andre grupper innsette som kan tenkjast å vere aktuelle for overføring med heimel i denne regelen, er psykisk utviklingshemma og domfelte med behov for særleg oppfølging frå helsevesenet. I ein del av desse sakene vil utfordringane kunne vere ukjende for kriminalomsorga ved innsetjing i fengsel, og ein ynskjer difor eit heimelsgrunnlag for seinare under soninga å kunne overføre innsette til ei eigna avdeling.

Departementet drøfta at det jamleg kjem opp nye behov på dette området, og gjorde difor framlegg om ein vid heimel. Formålet er at framtidige behov kan dekkjast til beste for både den einskilde innsette og kriminalomsorga.

7.5.2 Høyringsinstansane sitt syn

Fleire av høyringsinstansane, òg blant dei som støttar framlegget om overføring på bakgrunn av dei innsette sine behov, meiner at ordlyden er svært vid og opnar for eit vidt skjøn. Dei meiner difor at høvet til overføring må regulerast ytterlegere i retningslinjer, og at det må seiast meir om uttrykket «hensiktsmessig».

Alle høyringsinstansane sluttar seg til framlegget om born. JussBuss stiller spørsmål ved kven som skal ta avgjerda om overføring av borna, og meiner at eit tverrfagleg team bør vere inne i biletet.

Når det gjeld andre grupper innsette, uttalar JussBuss at dei er «svært skeptiske» til eit høve til overføring på bakgrunn av kva kriminalomsorga oppfattar som «hensiktsmessig» for den innsette. JussBuss uttalar vidare at det etter deira syn ikkje kan «være adgang til å tvangsoverføre innsatte fordi man ikkje evner å tilrettelegge forholdene for innsatte med spesielle behov».

Fleire høyringsinstansar tek til orde for at kriminalomsorga fyrst bør arbeide med å rettleie, oppmode og motivere innsette til å søkje frivillig overføring til eit fengsel som kan vareta behova deira på ein god måte. Advokatforeningen uttalar at dei støttar framlegget, «men forutsetter at man i vurderingen legger til rette for at domfelte blir hørt, at vedkommendes eventuelle innvendinger tillegges betydelig vekt i vurderingen, og at det ikke kan kreves for mye for at slik tvungen overføring ikke skal skje, der domfelte har gode grunner for å nekte». For Fangers Pårørende er opptekne av at nærleikprinsippet skal vere eit relevant moment for alle grupper innsette, òg for dei som ikkje fell inn under gruppa unge domfelte.

7.5.3 Departementet si vurdering no

Fleire av høyringsinstansane har peika på at framlegget til heimel er vid, og nokre er kritiske til kva for grupper innsette som kan omfattast av føresegna. Departementet meiner framleis at det er behov for ein slik heimel for å overføre innsette mot viljen deira, og fører vidare framlegget i høyringsnotatet. Heimelen vil særleg vere aktuell overfor born. Departementet meiner at det særleg er overfor denne gruppa at det vil vere mest aktuelt å nytte heimelen for ei overføring mot innsette sin vilje. Kriminalomsorga må likevel, òg i desse tilfella, gjere ei konkret vurdering, der òg den innsette sitt syn vil inngå.

Vurderinga av kor og korleis born og unge skal sone, vil avhenge av kva som vil vere det beste for barnet. Vurderinga vil mellom anna omfatte omsynet til nærleik til sosialt nettverk og hjelpeapparat, samt borna sine behov for rehabilitering. Før vedtak om overføring til ungdomseining vert fatta, vil det verte vurdert korleis ein meiner at soning i ungdomseininga vil verke inn på den domfelte si utvikling. Vidare vil ein òg undervegs i soninga i ungdomseininga vurdere om denne soningsforma framleis er formålstenleg for den innsette. I ungdomseininga vil den innsette verte følgt opp av eit tverrfagleg team, kor både tilsette i kriminalomsorga og representantar frå andre etatar tek del i arbeidet.

Føresegna vil òg kunne heimle overføring av andre grupper innsette, dersom overføringa vil vareta deira behov på ein formålstenleg måte. Dette kan til dømes dreie seg om å overføre kvinner frå ei avdeling eller eit fengsel kor det òg finst mannlege innsette til kvinnefengsel, eventuelt tilrettelagte avdelingar kor dei ikkje sonar saman med menn.

Heimelen vil vidare vere formålstenleg for langtidssonarar i avdelingar med lite aktivitetstilbod, eller for innsette med særlege behov for oppfølging av helseproblem. Når det gjeld innsette med omfattande psykiske lidingar, stor grad av avvikande åtferd og lettare psykisk utviklingshemjing, meiner departementet at føresegna vil vere særleg aktuell, da dette er grupper som krev ei tettare og meir individuelt tilpassa oppfølging i tilrettelagt avdeling.

Kriminalomsorga må, i kvart tilfelle, vurdere kor formålstenleg det vil vere å overføre innsette til anna avdeling på dette grunnlaget, dersom dei innsette sjølve ikkje ynskjer overføringa. Vurderinga av om overføring skal skje må baserast på eit skjøn, kor mange omsyn vil kunne vere relevante. Dersom innsette har innvendingar mot overføringa, skal desse vurderast. Vidare vil mellom anna nærleikprinsippet og moglegheita for å legge forholda til rette for den innsette der vedkomande sjølv ynskjer å sone, vere relevant.

Til forsida