Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

10 Unnlating av å rette seg etter pålegg om oppmøte til fullbyrding av straff

Det følgjer av straffeprosessloven § 461 fyrste ledd at kriminalomsorga skal gjeve domfelte som er på frifot, pålegg om å møte til fastsett tid og stad for fullbyrding av fridomsstraff eller samfunnsstraff. Forsettleg eller grov aktlaus unnlating av å følgje pålegg som nemnt i straffeprosessloven § 461 fyrste ledd, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil 3 månader, jf. straffegjennomføringsloven § 40 sjuande ledd. Føresegna gjeld altså, etter ordlyden, både for fengselsstraff og samfunnsstraff.

Departementet greia i høyringsnotatet ut om at unnlating av oppmøte til samfunnsstraff i praksis ikkje vert meld til politiet, men i staden vert rekna som brot i straffegjennomføringa som gjer grunnlag for reaksjon etter straffegjennomføringsloven § 58. Praksisen er i samsvar med rundskriv 2/2007 frå Sentralforvaltninga for kriminalomsorga. For å bringe lova i samsvar med gjeldande praksis, gjorde departementet framlegg om å ta bort unnlating av oppmøte til samfunnsstraff frå straffegjennomføringsloven § 40 sjuande ledd.

Dei høyringsinstansane som har uttala seg om problemstillinga, støttar framlegget. Kriminalomsorga region aust syner til at «Samfunnsstraff forutsetter samtykke frå domfelte, og da er det naturlig at unnlatt oppmøte blir behandlet som brudd og ikke anmeldelse». Kriminalomsorga region sør uttalar på si side at «Etter vår oppfatning er det allerede innarbeidet praksis at unnlatt oppmøte til samfunnsstraff behandles som brudd».

Departementet vidarefører framlegget i høyringsnotatet.

Til forsida av dokumentet