Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

18 Merknader til dei einskilde føresegnene

18.1 Til endringa i straffeloven

Til § 54 nr. 2 fyrste ledd

Føresegna gjeld brot på vilkåra for vilkårsdom. Ved brot på vilkåra for dom om narkotikaprogram med domstolskontroll og program mot ruspåverka køyring, kan kriminalomsorga bringe saka inn for retten, med oppmoding om omgjeringsdom. Føresegna regulerer kva for prosessuelle reglar som gjeld ved oppmoding om omgjeringsdom. Framlegget inneber at reglane for varsling av domfelte før rettsmøte i straffeprosessloven § 243 vert gjeldande òg for rettsmøte om omgjering av dom på narkotikaprogram med domstolskontroll og program mot ruspåverka køyring. Endringa inneber vidare at kriminalomsorga skal varslast før rettsmøta, på same måte som påtalemakta.

Konsekvensen av regelendringa vil vere at rettsmøte om omgjering kan gjennomførast, trass i at ein av partane ikkje møter opp.

Framlegget er omtala i kapittel 15.

18.2 Til endringane i straffeprosessloven

Til § 163 fyrste ledd

Føresegna regulerer kven som skal peike ut personundersøkarar, dersom dette ikkje er gjort av retten. Framlegget inneber at kompetansen til å peike ut personundersøkarar vert lagt til kriminalomsorga, da dette vil gjeve meir fleksibilitet og effektiv nytting av ressursane enn i dag som kompetansen er lagt til dei lokale friomsorgskontora. Regionkontora i kriminalomsorga har ei overordna oversikt over ressurs- og bemanningssituasjonen i kvar region, slik at desse lettare vil kunne finne fram til kven som i kvart tilfelle bør utføre personundersøkinga. I dei aller fleste tilfella vil personundersøkingane framleis verte utførte av friomsorgskontora, men føresegna opnar for å finne andre løysingar der det er formålstenleg.

Framlegget er omtala i kapittel 3.

Til § 455 fyrste ledd tredje punktum

Ved ein inkurie har ikkje attendeinnsetjing i fengsel for soning av reststraff etter prøvelauslating vore omfatta av straffeprosessloven § 455 fyrste ledd fjerde punktum, som legg avgjerdsmyndigheita for vedtak om soning av subsidiær fengselsstraff til regionalt nivå i kriminalomsorga. Framlegget til lovendring i form av ei vising frå straffeprosessloven § 455 til straffegjennomføringsloven § 44, vil medføre at òg vedtak om fullføring av reststraff etter prøvelauslating, vert fatta av regionalt nivå i kriminalomsorga.

Framlegget er omtala i kapittel 4.

18.3 Til endringane i straffegjennomføringsloven

Til § 7 bokstav i)

Lovframlegget er av reint teknisk karakter og gjeld høve til å informere fornærma i straffesaka eller fornærma sine etterlatne om at den innsette vert prøvelauslaten. Framlegget inneber ei justering som følgje av framlegget om oppheving av § 42 sjette ledd om vilkår om uttransportering ved prøvelauslating av utviste domfelte.

Framlegget er omtala i kapittel 11.

Til § 7a ny overskrift

Framlegget om ny overskrift til føresegna inneber at ein omtalar opplysingsplikt overfor kriminalomsorga generelt, og ikkje avgrensar opplysingsplikta til berre å gjelde for offentlege etatar. Dette er for å omfatte òg private tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett eller kommunikasjonsteneste.

Framlegget er omtala i kapittel 5.

Til § 7a andre ledd ny bokstav d)

Det er teke inn eit nytt unntak frå teieplikta som vil gjeve kriminalomsorga tilgjenge til avtalebasert hemmeleg telefonnummer. Føresegna inneber at det overfor kriminalomsorga vert gjort unntak frå teieplikta som er pålagt tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett eller kommunikasjonsteneste. Dei teiepliktige opplysingane skal nyttast i samband med innkalling av domfelte til soning, da det i nokre tilfelle er vanskeleg å kome i kontakt med domfelte.

Framlegget er omtala i kapittel 5.

Til § 7b

Framlegget gjeld varsling av fornærma og etterlatne om kriminalomsorga sine avgjerder, og er grunngjeve i dei same omstende som endringa i § 7 bokstav i. Framlegget om endring inneber altså berre ei teknisk justering av visinga til § 42.

Framlegget er omtala i kapittel 11.

Til § 11 ny overskrift

Framlegget om endring av overskrifta til § 11, inneber at både fengsel og overgangsbustad vert inkludert på ein tydeleg måte, og er meint å synleggjere at direkte innsetjing i overgangsbustad kan vere eit alternativ til innsetjing i fengsel.

Framlegget er omtala i kapittel 6.

Til § 11 nytt femte ledd

Framlegget gjeld høve til å setje domfelte direkte inn i overgangsbustad dersom vedkomande er idømd inntil 1 år fengselsstraff. Ved deldom er det den vilkårslause delen av straffa som er avgjerande. Ordninga vil vere særleg aktuell for unge domfelte og domfelte som ein antek at treng butrening, samt domfelte som har helsemessige problem som gjer soning i fengsel vanskeleg. Ordninga vil gjeve auka moglegheiter for at domfelte kan halde kontakt med familie og arbeid eller skule under straffegjennomføringa. Direkte innsetjing i overgangsbustad skal ikkje finne stad dersom formålet med straffa eller omsynet til tryggleik talar mot det, eller dersom det er grunn til å tru at domfelte vil unndra seg straffa.

Framlegget er omtala i kapittel 6.

Til § 14 fyrste ledd bokstav c

Framlegget inneber ei endring av framgangsmåten ved overføring av innsette til anna fengsel på bakgrunn av at vedkomande har særleg negativ innverknad på miljøet i fengselet. Uttrykket «skriftlig advarsel» vert fjerna frå ordlyden. Før innsette kan overførast til anna fengsel, skal kriminalomsorga i staden gjennomføre åtferdssamtale og inngå åtferdsavtale med den innsette. Overføring kan likevel finne stad dersom slike tiltak er forsøkt eller funne openbert nyttelaust.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 14 fyrste ledd ny bokstav f

Føresegna gjeld heimel for overføring av innsette til anna fengsel når omsynet til konkrete tilsette tilseier det. Bruk av føresegna vil avhenge av eit skjøn kor mellom anna omsynet til den tilsette og omsynet til den innsette vil spele inn. I tillegg vil òg mellom anna habilitetsomsyn kunne vere relevante i vurderinga. Bruken av føresegna vil måtte avgrensast mot overføring på bakgrunn av omsynet til «ro, orden og sikkerhet» etter § 14 fyrste ledd bokstav d. Overføring av omsyn til konkrete tilsette vil kunne finne stad sjølv om det ikkje er påvist omstende som tilseier at tilsette sin tryggleik er svekka eller sjølv om det ikkje er grunnlag for at den innsette vert sikta i ei straffesak.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 14 fyrste ledd ny bokstav g

Framlegget gjeld heimel for overføring av innsette til anna fengsel dersom det er naudsynt for å unngå ei uheldig samansetjing av innsette. Heimelen kan vere aktuell dersom einskilde grupperingar i fengselet er for dominerande overfor andre innsette, slik at til dømes moglegheita for rehabilitering vert svekka. Dette kan til dømes dreie seg om dominerande kriminelle miljø og grupperingar. Føresegna kan òg takast i bruk dersom fleire innsette som er dømde i same straffesak av ein viss alvorsgrad sonar i saman, og samansetjinga av innsette vert rekna som uheldig.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 14 nytt andre ledd

Framlegget inneber at kriminalomsorga kan overføre innsette til anna fengsel dersom overføringa vil ivareta innsette sine behov på ein formålstenleg måte. Føresegna er særleg aktuell for overføring av unge innsette til ungdomseining, men vil òg kunne nyttast overfor til dømes kvinnelege innsette som sonar i avdeling der det elles er menn, eller langtidssonarar som sonar i eit fengsel med mindre aktivitetstilbod. Vidare vil føresegna mellom anna vere aktuell som heimel for overføring av innsette med helsemessige problem til anna fengsel som er betre rusta til varetaking av helsemessige behov. Dersom innsette motset seg overføringa, må det i kvart tilfelle vurderast kor formålstenleg overføringa er, viss det er grunn til å tru at innsette ikkje ynskjer å gjere nytte av ei eventuell tilrettelegging i eit anna fengsel.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 14 nye tredje til åttande ledd

§ 14 andre til sjuande ledd vert nye tredje til åttande ledd. Framlegget er ei teknisk justering, som følgje av andre endringar i § 14. Endringa inneber ikkje realitetsendringar.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 14 fjerde ledd

Departementet gjer framlegg om ei teknisk justering av § 14 fjerde ledd, på bakgrunn av tilvisingar og framlegg om endring av nokre andre ledd i føresegna.

Framlegget er omtala i kapittel 7.

Til § 36 andre ledd andre punktum

Framlegget går ut på at ein inkluderer uttrykket «blant annet» i føresegna, for å signalisere at opplistinga av kva for vilkår ein kan setje ved permisjon og straffavbrot, ikkje er uttømmande.

Framlegget er omtala i kapittel 9.

Til § 37 fyrste ledd bokstav a

Føresegna regulerer bruk av utelating av innsette frå fellesskapet som førebyggjande tiltak, dersom innsette har særleg negativ innverknad på miljøet i fengselet. Framlegget inneber at uttrykket «skriftlig advarsel» vert fjerna som vilkår for å utelate innsette frå fellesskapet. Det skal framleis vere vilkår om at innsette er gjord kjend med korleis fengselet oppfattar innsette si åtferd og kva for konsekvens åtferda kan få. Denne varslinga skal fortrinnsvis vere skriftleg. Varslinga kan òg etter omstenda skje munnleg, men det er da ei føresetnad at innhaldet i samtala vert dokumentert i ettertid. Endringa må sjåast i samanheng med endringa i § 14 fyrste ledd bokstav c.

Framlegget er omtala i kapittel 8.

Til § 40 sjuande ledd andre punktum

Endringa inneber at unnlating av å møte opp til gjennomføring av samfunnsstraff ikkje skal meldast til politiet, men heller vert rekna som brot i straffegjennomføringa som gjev grunnlag for reaksjon etter straffegjennomføringsloven § 58. Lovendringa bringer lova i samsvar med praksis etablert ved rundskriv frå Sentralforvaltninga for kriminalomsorga.

Framlegget er omtala i kapittel 10.

Til § 42 sjette ledd

Framlegget til lovendring inneber at det ikkje kan setjast vilkår om effektuering av utvisingsvedtak ved prøvelauslating av utviste innsette. Dette gjeld ved prøvelauslating både når halve straffa og to tredjedelar av straffa er gjennomført. Innsette skal då heller verte fengsla med heimel i utlendingslovgivinga eller eventuelt lauslatast. Innsette skal likevel ikkje lauslatast dersom det etter ei samla vurdering vil vere utilrådeleg. Lovendringa vil fjerne tvil om forholdet mellom straffegjennomføringslova sine reglar for prøvelauslating og EMK artikkel 5, og bringe lova i samsvar med praksis etablert ved rundskriv frå Sentralforvaltninga for kriminalomsorga.

Framlegget er omtala i kapittel 11.

Til § 44 andre ledd nytt tredje punktum

Framlegget må sjåast i samanheng med framlegget om endring av straffegjennomføringsloven § 58 andre ledd andre punktum. § 44 syner til føresegna i § 58, og framlegget inneber at regionalt nivå i kriminalomsorga, òg ved brot på vilkåra for prøvelauslating, tek avgjerd om anke til lagmannsrett, fullbyrding etter straffeprosessloven § 455 og utsetjing av fullbyrding utover seks månader etter straffeprosessloven § 459.

Framlegget er omtala i kapittel 4.

Til § 44 femte ledd

Føresegna gjeld kriminalomsorga sitt høve til å be politiet om å hente prøvelauslatne for å få gjennomført samtale for innskjerping av vilkåra for prøvelauslatinga. Føresegna syner til straffeprosessloven § 461 tredje ledd, som er endra til andre ledd. Framlegget gjeld ei endring i syninga frå tredje ledd til andre ledd, og inneber difor ikkje realitetsendringar.

Framlegget er omtala i kapittel 12.

Til § 52 andre punktum

Framlegget om endring av § 52 andre punktum inneber ei presisering av at det ikkje er straffbart å unndra seg varetekt. Dette har bakgrunn i at innsette i varetekt ikkje er omfatta av føresegna om straff i straffegjennomføringsloven § 40 åttande ledd. Framlegget inneber ikkje realitetsendring, men vert gjort av pedagogiske omsyn.

Framlegget er omtala i kapittel 13.

Til § 58 andre ledd tredje punktum

Forskrift av 19. mars 2010 om innkalling og utsettelse ved fullbyrding av straff inneber at kompetansen til å avgjere spørsmål om utsetjing av soninga etter straffeprosessloven § 459 vart lagt til lokalt nivå i kriminalomsorga. Utsetjing lengre enn seks månadar vert likevel avgjort av regionalt nivå. Framlegget om endring av § 58 andre ledd andre punktum tek sikte på at den praksis ein har i dag skal reflekterast i lovteksten, og inneber ikkje realitetsendringar.

Framlegget er omtala i kapittel 4.

Til § 58 siste ledd

Framlegget er grunngjeve i dei same omstende som grunngjev endring av § 44 femte ledd, og inneber ikkje realitetsendringar.

Framlegget er omtala i kapittel 12.

18.4 Ikraftsetjing

Endringa i straffeprosessloven § 163 fyrste ledd krev endringar i påtaleinstruksen kapittel 14 før endringa kan tre i kraft. Denne endringa tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastset.

Endringane elles i proposisjonen kan tre i kraft straks.

Til forsida