Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

9 Fastsetjing av vilkår ved permisjon og straffavbrot

Kriminalomsorga skal, etter gjeldande rett, fastsetje særlege vilkår for permisjon eller straffavbrot, viss dette er naudsynt for ei sikker og forsvarleg straffegjennomføring, jf. straffegjennomføringsloven § 36 andre ledd.

Departementet drøfta i høyringsnotatet at ordlyden i § 36 kan tyde på at opplistinga av vilkår er uttømmande. Det går likevel fram av Ot.prp. nr. 5 (2000-2001) Om lov om gjennomføring av straff mv. side 241 at opplistinga ikkje er meint å vere uttømmande: «Oppregningen er ikke uttømmende. Andre vilkår kan fastsettes når det anses nødvendig.»

Departementet gjorde framlegg om å føye til «bl.a.» i § 26 andre ledd andre punktum av praktiske omsyn, samt for å unngå tvil om kva for innhald regelen har.

Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot framlegget. Departementet fører vidare framlegget, men går inn for å skrive «blant annet» framfor forkortinga «bl. a.».

Til forsida