Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

Det laupande arbeidet med revisjon av lovverket om straffegjennomføring har vist behov for einskilde endringar i mellom anna straffegjennomføringsloven. Nokre endringar er òg etterspurde av kriminalomsorga sjølve. I tillegg inneheld proposisjonen framlegg om endring av straffeloven § 54, ved at ei vising til straffeprosessloven § 243 vert teken inn. Dette framlegget gjeld konsekvens ved manglande frammøte til rettsmøte ved brot på vilkåra for narkotikaprogram med domstolskontroll. Dette lovframlegget har ikkje vore på høyring, da departementet meiner dette openbert ikkje er naudsynt.

Departementet vurderer laupande behovet for framlegg av ytterlegare proposisjonar for oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2007-2008). Tidlegare proposisjonar i samband med oppfølginga av stortingsmeldinga er Prop. 151 L (2009-2010) om behandling av personopplysninger i kriminalomsorgen, innsyn i benådningssaker mv., Prop. 82 LS (2010-2011) om overføring av domfelte mv. og vedtak om samtykke til inngåelse av avtale mellom Norge og Romania av 20. september 2010 om overføring av domfelte, og Prop. 93 L (2010-2011) om endringer i straffegjennomføringsloven mv. (bøtetjeneste som alternativ til fengsel hvis boten ikke betales).

2.1 Høyringsbrev av 16. januar 2012

Høyringsbrevet omfatta fyrst og fremst framlegg om endring av einskilde føresegner i straffegjennomføringsloven, men òg eit par mindre endringar i straffeprosessloven. Departementet nytta i samband med arbeidet med høyringsbrevet ei referansegruppe sett saman av representantar frå ulike nivå i kriminalomsorga.

Høyringsbrevet vart sendt på høyring 16. januar 2012. Følgjande instansar vart bedne om å uttala seg:

  • Finansdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD)

  • Domstoladministrasjonen

  • Kriminalomsorga si IT-teneste (KITT)

  • Kriminalomsorga sine regionkontor

  • Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS)

  • Politidirektoratet

  • Riksadvokaten

  • Statens sivilrettsforvaltning

  • Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo

  • Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen

  • Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø

  • Høgskolen i Bodø

  • Høgskolen i Oslo

  • Høgskolen i Stavanger

  • Institutt for kriminologi og rettssosiologi

  • Akademikerne

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • For Fangers Pårørende (FFP)

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO)

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Juss-Buss

  • Kirkens bymisjon

  • Kriminalomsorgens Lederforbund

  • Kriminalomsorgens Yrkesforbund

  • LO Stat

  • Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF)

  • Norsk forening for kriminalreform (KROM)

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Politijuristene

  • Politiets Fellesforbund

  • Straffedes organisasjon i Norge (SON)

  • WayBack

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Følgjande instansar har uttala seg om realiteten i framlegget:

  • Samferdselsdepartementet

  • Kriminalomsorga region aust

  • Kriminalomsorga Østfold friomsorgskontor

  • Kriminalomsorga Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt

  • Kriminalomsorga Halden fengsel

  • Kriminalomsorga region sørvest

  • Kriminalomsorga Bergen fengsel

  • Kriminalomsorga senter for narkotikaprogram med domstolskontroll, Oslo

  • Kriminalomsorga region nordaust

  • Kriminalomsorga Ullersmo fengsel

  • Kriminalomsorga Akershus friomsorgskontor

  • Kriminalomsorga Hedmark og Oppland friomsorgskontor

  • Kriminalomsorga Hedmark fengsel

  • Kriminalomsorga Ila fengsel og forvaringsanstalt

  • Kriminalomsorga region sør

  • Kriminalomsorga Telemark fengsel Skien avdeling

  • Kriminalomsorga Ringerike fengsel

  • Kriminalomsorga Drammen overgangsbustad

  • Politidirektoratet

  • Politiet si utlendingseining

  • Riksadvokaten

  • Den Norske Advokatforening

  • Fellesorganisasjonen

  • For Fangers Pårørende (FFP)

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • JussBuss / Rettspolitisk forening

  • Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF)

Følgjande høyringsinstansar har uttala at dei ikkje vil gje fråsegn i saka, eller at dei ikkje har merknader til framlegget:

  • Domstoladministrasjonen

  • Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS)

Til forsida av dokumentet