Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

15 Manglande frammøte til rettsmøte ved brot på vilkåra for narkotikaprogram med domstolskontroll og program mot ruspåverka køyring

Straffeprosessloven § 243 gjeld varsling av sikta i straffesak før rettsmøte under etterforskinga og konsekvens av at vedkomande eventuelt ikkje møter. Føresegna er ved vising i straffeloven § 28b gjort gjeldande òg ved rettsmøte om omgjering etter brot på vilkåra for samfunnsstraff.

Departementet meiner at reglane om varsling før rettsmøte er passande òg for rettsmøte om brot på vilkåra for narkotikaprogram med domstolskontroll og program mot ruspåverka køyring.

Departementet går difor inn for å leggje inn ei vising til straffeprosessloven § 243 i straffeloven § 54. Framlegget har ikkje vore på høyring. Endringa er av reint teknisk karakter, og høyring må reknast som openbert ikkje naudsynt.

Til forsida av dokumentet