Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 21.60 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Post Tilskott til hamnesamarbeid

For å stimulere hamnene til å utnytte infrastrukturen betre oppretta departementet i 2015 ei ny tilskottsordning for hamnesamarbeid. Det blei løyvd 10 mill. kr til ordninga. I 2015 har 10 prosjekt som er vurdert å liggje innafor tilskottsordninga, fått tilskott på i alt 5 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyninga på kap. 1360, post 71 Tilskott til hamnesamarbeid, med 5 mill. kr.

Tilføying av stikkord

Alle prosjekta som har fått tilsegn om midlar frå ordninga med tilskott til hamnesamarbeid, vil truleg ikkje bli ferdige i tide til at midlar kan utbetalast i 2015. For at desse skal få utbetalt tilskotta når prosjektet er ferdig, foreslår departementet at kap. 1360, post 71 Tilskott til hamnesamarbeid, får føydd til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

I samband med lønnsoppgjeret 2015 blei Kystverket tildelt m.a. 3,5 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter. Delar av Kystverkets verksemd som inngår i utgiftene på kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, er avgiftsfinansiert. Kap. 5577, post 74, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med 3,5 mill. kr.

Til toppen
Til forsida av dokumentet